Test av sekk til dame - Gregory Deva 80


Tessatroll

Stendig fleire kvinner får augene opp for friluftslivet, med eit påfylgjande behor for skikkeleg utstyr. Underteikna har, som kvinne sjølv, ofte hatt ei oppleving av dårleg tval i utstyr. Me har ofte måtte klare oss med dårleg utval, og enda opp med "modda" variantar av utstyr berekna for menn. Sjølv om marknaden framleis ikkje flyt over av damespesifikke produkt i "high-end" kategorien, har det etterkvart komt til fleir gode kvalitetsprodukt frå særiøse leverandørar. Så er spørsmålet; funkar dei til oss kvinner? Blandt damespesifikke produkt me har hatt inne tili testing, er tre sekkar. To på over 80 L og ein på 60 L som kan utvidast til 80. Det er ikkje heilt rett og samanlikne dei, så me vel å  omtale desse sekkane kvar for seg, som dei gode, men ulike produkta dei er. Først ut var Osprey Xena 85.

74838-org.jpg.jpg

 Produkt
 Gregory Deva 80 i str S
 Levert av XC Sports Equipment A
 Veiledande pris kr. 3 499,-

 Fakta frå leverandør
 Storleikar: extra small, small og medium.
 Vekt: 2,32, 2,4  og 2,46 kg.
 Volum: 75, 80 og 85 L.

 Fakta frå Fjellforum
 Samme som leverandørens.

 Fakta om testperson
 Kvinne 36 år.
 166 cm og normalvektig
 Van med å bere tung sekk, i variert og til  dels krevjande terreng.

Punkt til vurdering:

  • Vekt mot volum 
  • Bæresystem
  • Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter og pakkbarheit
  • Handtverk og materialar (ver og vind)
  • Brukarvennlegheit og moglegheiter for justering
  • Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar"
  • Passform og bærekomfort
  • Pris

Her kjem Gregory Deva 80. Herrane sin variant av denne heiter Gregory Baltoro 85.

Om sekken

Sekken er omtalt av Gregory som ein heilårssekk med høg lastekapasitet, som møter krava anten du skal gå langt eller høgt, i alt av terreng. Den kjem i tre ulike storleikar, der ein igjen kan tilpasse sekken ved å flytte på skulderreimar, og bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i større eller mindre storleikar.  

Å kjøpe sekk 

Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. 

Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne ein som er maken til den ein vurdere kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. 

Om testen

Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vineter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur.

Vurdering

    Som med dei fleste sekkar som finnast i marknaden i dag, er det mange detaljar og mykje informasjon. I staden for å repetere det ein kan finne på produsentenes eigne sider, vel eg her å omtale dei elementa eg betraktar som relevante å omtake, utfrå test. Vil ein ha lang-lesnad og komplett liste over spesifikasjonar, tilrår eg å vitje Gregroy sin eigen nettstad, Gregorypacks.com. Underteikna har testa sekken i str.small, altså 80 liter.

    Bæresystemet framstår som solid frå byrjinga av, og ein lett sjå føre seg at denne sekken taklar tung last.GMP_Component_Baltoro-Deva_Shoulder-Harness2.png
    I staden for å ha eit full justerbart one-size system, har Gregroy velt å lage denne modellen i tre ulike rygglengder, med moglegheiter for å feste inn skulderreimane i to ulike høgder, også dette solid utført. I tillegg kan ein bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i andre storleikar, og slik i stor grad "skreddarsy".

    Passform kan til ei viss grad likevel tilpassast utan å bytte ut komponentar. I tillegg til moglegheitene for å flytte skulderreimane,  har ein utrusta nedre del av ryggplata, som ligg utanpå hoftebeltet, med ei innvendig lomme, laga for ei borrelåsfesta pute. Denne er meint å gi betre støtte for ryggen, tilsynelatande gjennom å spreie belastninga overeit større parti. Dette skal vere gunstig til dømes for den som har svai rygg. Når sekken er på, plasserar puta seg i området mellom bekkenkanten og nedre del av rygg.

     

    Eg 20907113_10159286045175284_589740503_o.jpger noko usikker på kor vidt dette fungerar i praksis. For meg framstår teorien som "omvendt". Dette då eg gjennom mange år i arbeid med trening, har sett at svai rygg ofte sammenfell med for lite magestyrke, i kombinasjon med stramme hofteleddsbøyerar. Enkelt sagt bidreg korte hofteleddsbøyerar til å trekke "navlen", og slik ryggsøyla, fram og ned mot lårbeinet. Har ein i tillegg litt svake magemusklar er det lite å "halde" igjen med. At ei plate, som bygger ut, og slik ytterlegare bidreg til press mot den delen av ryggen som blir trekt framover, skal hjelpe på dei spenningane som oppstår musklane i nedre del av rygg, finn eg ikkje belegg for anatomisk, og heller ikkje praktisk. Det er mogleg eg vil få kraftig motsvar på denne, frå fagfolk innanfor helse og anatomi. Dette er uansett berre ein detalj ved sekken, og det er ikkje verre enn å plukke vekk den vekk. For nokre kroppar kan det også hende att denne plata har ein misjon.Hoftebeltet er stivt, som forventa i ein sekk berekna for tunge bører, og for meg vert det rett og slett for stivt. Det klemmer på bekkenkanten same korleis eg flyttar på det, og same kor eg puttar plata som høyrer til inn og ut. Ved testing av Baltoro (herresekken) kjenner eg at det samme skjer, og at det har lite med storleik og hoftebeltet og gjere, men rett og slett uforming. Det er viktig å understreke at dette er passforma til MIN kropp, og at den for mange andre kan vere midt i blinken, ja, for mange ER denne midt i blinken.  

    Hoftebeltet har godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir strammemoglegheiter.

     

    Skulderreimane på denne sekken er tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Eg gjorde eit førsøk på å bytte ut skulderreimane til ein større storleik, utan at det eigentleg hjalp stort. Det er innfestinga som er problemet for meg. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare. Dette er ein gjengangar på damesekkar for underteikna.

    74837-org.jpg.jpg

    Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Til liks med Osprey Xena 85, har heller ikkje denne sekken det. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering. Moglegheitene for ulike rygglengder og to innfestningsnivå for skulderreimane gjer likevel at eg tenkjer at dei færraste vil ha behov for det.

    Lommer og festemoglegheiter er både denne sekkens styrke og svakheit, alt etter kva bruksområde du ser føre deg. Alle lommene er rause i opninga, noko som gjer det enkelt å komme til innhaldet. Det einaste unntaket er lommmene på hoftebeltet, som etter mitt syn er for små. Dei rommar ikkje eit større kompatltkamera eller ein ein stor modell av våre smarte telefonar. Den eine er dog vantett, noko som er eit pluss.

    Eg personleg er ikkje gla i desse lommene med ein vertikal glidelås på midten i heile eller  større delar av lommas lengde, då eg synes det gjer dei ueigna til mindre gjenstandar. Til gjengjeld er dei supre for større gjenstandar. Ei slik frontlomme finn ein på denne sekken. Sekkens øvre kompresjonsreimar er festa i denne lomma, og med innhald er den med på å trekke saman og stabilisere hovudrommet på sekken. Reimane frå topplokket går under desse reimane, noko eg synes trekk ned. Kryssande reimar er eit krøkk på dei turane ein har mykje utstyr.  Lomma har glidelås rundt heile i ein u-fasong, og utgjer "lokket" av frontopninga. Den har fire festepunkt for eventuelle ekstrareimar.  

    Ein må då vere budd på at ved å feste noko midt framme på sekken, så mistar ein tilgangen til den store lomma. Dette kunne enkelt vore unngått dersom frontlomma hadde toppopning. Eg har løyst det med å ha typiske volumgjenstandars som ikkje veg så mykje festa der, samt berre på dei nedste to punkta, slik at eg kjem til glidelåsen og opningen øvst, sjå bilete under.

    gmp_deva_detail_duffle-access_2.jpg

    P1030965.JPGP1030854.JPG



    Sidelommene har god opning og funkar greit også når sekken er full. Dog gjer kombinasjonen av lange fulle sidelommer og to sett kompresjonsreimer på sida, med nokså langt spenn, at feste av utstyr på sida vert litt kronglette. Dei øvste kompresjonsreimane er skråstilt for å ikkje komme i konflikt med nettopp lommene. Dette gjer at til dømes ski vert vanskeleg å få festa stødig, og dei lev sitt eige liv under marsj. Toppreim til skia er eit minimum, og ekstra reimar for stabilisering av gjenstandar som skal festast på sida ein etappe eller to er tilrådd.

    Topplokket på Deva 80 er supert. Det har to store lommer, med glidelåsretninga frå rygg til front på sekken, i staden for frå side til side. Å kunne stå lett framoverbøygd og opne pittelitt for å få tak i sjokoladen er jo ein artig liten bonus, men det viktigste er at einenkelt får oversikt over innhaldet i lommene når ein opnar dei, utan å måtte stå og grave i "blinde".

    Isøksfesta funkar fint, og  med spade på ei side og isøks på den andre, frigjer ein plass på sida av sekken til dei tyngre tinga som ein gjerne vil ha tettare på kroppen.

    Deva har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein del det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst. Eg tenkjer at ein kunne spart seg for denne opninga når ein har den store frontopninga. På den andre sida burde den være der om eg fekk rådd den store frontlomma til å verte redesigna med toppopning.

    DSC_0174.jpg

    P1060540.jpg

    Eit stort pluss med oppsettet av reimar på denne sekken er dei lange reimane nedst på sekken, som er festa ved ryggplata, og går heile vegen under botnen og vert festa på framsida, over botnopninga. Desse reimane gjer at ein ved behov for stor lastekapasitet, kan feste relativt tunge ting på utsida av sekken, under, utan at den vert topptung eller baktung. Eit telt på 3 kg ggår heilt supert, og bidreg eigentleg berre til å få tyngepunktet endå meir ned, utan at det går utover måten sekken oppfører seg på. 

     

    Glidelåsdragerane går greit å operere med vottar, og glidelåsa kiler seg lite.

     

    Sekken er kompatibel med drikkesystem, som vert oppbevart i ein liten uttagbar ekstrasekk i hovudrommet. Denne er heilt grei i bruk, og vil romme omtrent det samme som eit stort topplokk brukt som hoftesekk, som jo er ei vanleg løysing på mange sekkar til dømes for dagstur vekk frå leir eller hytte.

    Det er lite unødvendig fiksfaks på Deva 80, på same tid som han er grei å justere og få til å sitte bra, noko som gjer han brukarvennleg. Ein av sekkens verkeleg store styrkar er pakkbarheita. Lommene er store og gode, lett tilgjengelege, og det å pakke sekken for ulike typar aktivitet og terreng framstår som ein leik, inkludert å få pakka han med lågt tyngdepunkt for skitur. Det solide bæresystemet gjer at ein også toler litt "udisiplinert" pakking, utan at ein kjenner kvar ein minste lille feil når ein får han på ryggen. Toppopninga er romsleg, og ein får fort den gode pakkekjenlsa ein får ved pakking av store og tunge pakkrammesekkar, til tross for at denne er både mindre og lettare. Å sleppe fleire rundar med "tetris" i løpet av ein fleirdagerstur er tipptopp. I teltet nyt ein godt av den store frontopninga, og ein får "koffert"kjensla. 

    Eg skulle dog ynskje meg meir kontrastar på detaljane fargemessig, noko eg personleg synes hevar brukaopplevinga på ein sekk det siste lille hakket. Når ein har meir eller mindre ein og same farge på alt, må auget sjå det lille nanosekundet lenger for å "sorter" detaljar, noko som er ein gjengangar på ein del sekkar, inkludert den tidlegare omtala Osprey Xena.  

    Praktisk bruk vs målsetting

    Sekken skal i følgje Gregory sin omtale vere eigna til å frakte tung last, i krevjande terreng over tid. Dette er det ikkje tvil om at den fiksar bra, inkludert Gregorys mål om at den skal halde mål til frakt av nødvendige forsyningar og utstyr for ei veke, til ein høgalpin basecamp. Og nettopp med vekt på bsecamp. Eg synes ikkje at dette er den optimale sekken for turar i norsk, alpint terreng som krev bre/klatreutstyr, og som har i seg dagleg forflytning. Til det synes eg sekken er for lite praktisk løyst med omsyn til lommer og reimar. 

    20907237_10159286045240284_977471538_o.jpgMaterialar og kvalitet på saumar framstår som litt i utakt. Saumar, reimer, glidelåsdragerar og strekk verkar bra, men tyet og sjølve glidelåsa verkar noko skjørt. Eg har etter relativt få (omlag 15) bruksdøger greid å få nokre små hol på tyet på sida av sekkerommet, på sidelomma. Holet samanfell med området ski og evt isøks vil ligge og gnisse, og eg vil tru at det er slik det har oppstått. Det er ikkje kritisk på noko punkt, og vil enkelt late seg ordne med ein bit tear-aid eller gaffatape, men det er verdt å merkje seg at det er greit å fare litt varsamt åt. Det er kanskje prisen å betale for ein såpass lett sekk, med ein slik lastekapasitet?

    Prisen på denne Gregorysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 499 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Lastekapasitet på denne relativt lette sekken tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. 

    Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum. Sett opp mot lastekapasiteten og volumet derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet.

     

     

    Oppsummering og konklusjon 

    For underteikna var passforma ikkje optimal. Dette må ikkje sjåast som eit negativt punkt i testen, då det er høgst individuelt kva som høver den einskilde. 

    P1030903 (1).JPG

    For utstyrstunge turar på meir enn 3-4- dagar er ikkje løysingane på sekken utvendig optimale. Med omsyn til lommer og festeanordningar for utstyr og hardvare, kan ein kan fort få ei kjensle av å minne om bilete på framsida av ei bok frå Zappfes verden, eit lett kaos av uorganisert menneske/sekk. Tyet kan også verke til å ikkje tole desse belastningane spesielt godt.

    Bortsett frå det ovanfornemnde "tursegmentet", er Gregory Deva 80 ein bra allroundsekk. Den har eit solid bæresystem og gode, funksjonelle løysingar for meir tradisjonell oppakning, og mange moglegheiter for personleg tilpassing. Med tanke på eigenvekta presterar den særs godt. Pluss for moglegheitene til å kunne "skreddarsy" og tilpasse i stor grad. For den tradisjonelle fjellskiløparen, vandrer og fjellfant, som tilbakelegg både høgdemeter og kilometer er dette ein sekk med stor kapasitet for si vekt.

    Dette skjedde med sekken etter endt testing

    Sekken vert returnert til leverandør.

    Alle foto frå leverandør eller underteikna med turfylgje.

     

     

     

     

     

     

     


      Rapporter Artikkel


    Brukertilbakemelding

    Anbefalte kommentarer

    Hei og takk Tessatroll!

    Mange sekker idag syns jeg er litt tynne i materialet; denne å. Har du noen erfaring av større damesekker som er litt tykkere i materialet?

    Del denne kommentaren


    Lenke til kommentar
    Del på andre sider
    På 9/5/2017 den 21.21, Skaaningen skrev:

    Hei og takk Tessatroll!

    Mange sekker idag syns jeg er litt tynne i materialet; denne å. Har du noen erfaring av større damesekker som er litt tykkere i materialet?

    Hei :)

    Eg er samd. Det er kanskje prisen å betale for lett vekt? 

    Elles synes eg at Bergans sine storsekkar, Alpinist Lady samt Fjellreven Kajka har lang meir solid stoff. Men desse er også i ei anna vektklasse. 

    Del denne kommentaren


    Lenke til kommentar
    Del på andre sider
    På 8/21/2017 den 12.17, Martin HJ skrev:

    Nok en skikkelig test fra deg :) Bra greier!

    Kjekt å høyre :)

    Del denne kommentaren


    Lenke til kommentar
    Del på andre sider


    Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

    Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

    Opprett konto

    Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

    Start en konto

    Logg inn

    Har du allerede en konto? Logg inn her.

    Logg inn nå