-
Innlegg
3 689 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Finse til Rjukan (eller Haukeliseter) sommer 2023?
Tessatroll svarte på Bamsefaren sitt emne i Fjellvandring
Værvarsel for fjell er generelt utrygge, og stort sett berre etterretteleg for eit par dagar. På en lengre tur kan du då risikere å til dømes stå i sidelengs hagl utan eigna kle. Keisamt i mi bok 😅 dog noko mindre styrete når ein bur på hytte kontra i telt, sidan ein kan få tørka opp.- 16 svar
-
- 3
-
-
- hardangervidda
- finse
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Det trur eg skal gå greit. Eg er 166 cm og kan fint bruke pose med den personlengda der. Det er fint at posen ikkje er for lang, men den bør heller ikkje vere så kort at føtene pressar mot fotenden og lagar kuldepunkt. Kva gjeld temperatur lyt ein nesten berre ta utgangspunkt i seg sjølv, me er skrekkeleg ulike. Eg personleg har tresesongs med nokre få blå som det varmaste eg dreg med meg når det er bart (og også gjerne på vårskiturar) men eg kjenner jo godt eiga grense. Om ho vil ha ein varmare pose så er det kanskje best å kjøpe det og vere på den sikre sida?
- 13 svar
-
- 1
-
-
Ja det er minst like viktig. Og gjerne to i kombinasjon, eit godt oppblåsbart med eit skumplast med struktur på toppen. Type ridgerest classic eller noko slikt.
- 13 svar
-
- 1
-
-
Kvinner er like ulike som menn når det gjeld frysing. Sjølv har eg trivdes godt i null grader i ein sommarpose med comfort-temperatur på 8 grader, i periodar der eg har vore godt trent (det vil seie at eg har greit med muskelmasse relativt til feittemasse). I periodar der kroppsmassebalansen går meir i retning feitt og mindre musklar, frys eg lettare. Eg ville uansett ikkje hatt ein vinterpose. Skal eg råde deg til ein fornuftig balanse som eg opplever at mange kvinner går for, så er det ein tresesongspose som går litt nedpå dei få blå. Kanskje kring 3-4 minus.
- 13 svar
-
- 1
-
-
Under tregrensa med kun Tarp…
Tessatroll svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Hengekøye og tarp
Det går altså heilt fint å sove under presenning eller tarp eller heilt under open himmel om det ikkje regnar. Utan meir hibbel. Er det mykje mygg eller knott kan myggnett vere fint. Elles er det vel større sjangs for å daue i heimen eller i trafikken enn at det skal skje noko farleg knytt til insekt eller dyr på tur. Spenn tarpen over ei line som enkelt kan senkast nær bakken om det vert vind. "sidevind'er ein del av greia i å sove utan telt. Går fint. Du ligg i sovepose. Senk tarpen til bakkenivå. Om du ser lysande auger? Då bør du irritere deg over at du ikkje får sjå på det truleg vakre dyret som er der. Evt lytte godt, å bruke andre sansar for å oppleve tilstedeværelsen. Å sove under open tarp eller himmel er den finaste forma for tur synes eg. Og det er null stress. Du finn ut av det etterkvart.- 36 svar
-
- 8
-
-
- tarp
- åpen himmel
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Meinar det er nokre år sidan. Kanskje du kan sjå det på fargen? Kva farge kjøpte du?
-
Jepp. Om det er tjukkelsen du er ute etter så trur eg ein av dei kraftigare modellane frå ME er gode alternativ, eventuelt bestille semi-custom frå https://roberts.pl/.
-
Eg erstatta nettopp mi 13 år gamle og godt lappa (og merkeleg nok krympa) Rab neutrino +. Eg likar at jakka dekker rumpa, så enda med ei Mountain equipment K7. Dette fordi den skal i sekken avogtil. Skulle eg hovdusakleg hatt den i pulk hadde eg vurdert Bergans expedition light. Endå eit hakk lenger, rimeligare, og høver litt betre dei "gjennomsnittlege" tilhøva i norske fjell (i alle fall i midt og sør). Eg har ei Bergans expedition "ikkje light" , som er forbeholdt dei aller kaldaste turane over tid. Men den er stor og tung og tek plass.
-
Høy vrist, bred lest, skal ha fjellskisko til explorer. Trenger tips.
Tessatroll svarte på KjerstiDU sitt emne i Vinterutstyr
Eg har veldig breie føter, og Crispi plar funke for meg. Har dog ikkje høg vrist. Med omsyn til xplore tenker eg å prøve både crispi og lundhags. @Sig Man har både breie føter og høg vrist og har kjøpt lundhags no i vinter. Kanskje deler han litt erfaringar. Elles kan skomaker hjelpe deg å blokke litt om det er mindre justeringar. -
Det er no alltid høve til å høyre med ein grunneigar om du får telte over ein lenger periode i vedkomande si utmark? Hadde ikkje sett mørkt på å bu slik for ein periode. Har budd ein del i telt den tida eg pendla på jobb, når borna mine var hjå far, rett og slett for å få pause frå pendling den stunda. Ikkje så lange strekk som detta, men hadde ikkje sett mørkt på det trur eg.
- 31 svar
-
- 4
-
-
Kjørte over Hardangervidda RV 7 denne veka... Nydelege snøforhold og personleg hadde eg blitt lynings frustrert om eg hadde befinne meg der med truger 😂
- 6 svar
-
- 6
-
-
-
Stemmer. Er ski og sledeføre der enno iflg Facebook-bileta som kjentfolk i traktene inn mot Synnervika legg ut .
-
Var nettopp både i Hardanger og Nærøyfjorden. Framleis mykje snø i høgda, og eg tenker at vårskisesongen med stor sannsynlegheit vert sommarskisesong, i alle fall inne i fjordane.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Finnes den ultimate lettvektssekk for Josten på langs?
Tessatroll svarte på TheFlorux sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
OT men nemner det likevel: strålinga oppi der ved godt vêr kan bli absurd, og taper du ein del veske i utgangspunktet kan det vere ein liten idé å ta med nokre slike gluko/veskebalanse tablettar frå Apoteket. Har god erfaring med at det hjelper folk dersom dei sveittar mykje og blir uvel av varme.- 15 svar
-
- 1
-
-
Ta toget eit hakke eller to lenger enn Geilo, og gå dagsturar knytt til Hallingskarvet? Evt tur me utgangspunkt i Fagerheim?
- 3 svar
-
- 2
-
-
Dei trakkar framleis skispor på Sjusjøen så vidt eg fekk med meg andre dagen, og her på Rena har eg ein halvmeter snø i hagen. Skal i dag på skitur frå Skramstadseter eller Åstdalen, så Ringsakerfjellet til fots trur eg blir strevsamt 😅 Trur du må vende nasen lenger sør i landet eller heilt ut mot kysten om du skal finne fotføre.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Tjeneste for å finne rett produkt til deg
Tessatroll svarte på Jonas Åsnes Sagild sitt emne i Alt annet utstyr
Eg for min del ser ei slik teneste som ei undervurdering av kor mange faktorar som spelar inn når folk tek ei avgjerd. Kan ikkje tru at det å sveipe innom ein slik stad, før eg likevel må til å gjere eigne vurderingar, på noko tidspunkt vil bli ein del av min avgjerdsprosess knytt til handel. -
Sliping av stålkanter fjellski før Josten på langs
Tessatroll svarte på TheFlorux sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg har eit slikt, funkar heilt flott. Treng ein meir omfattande slip ein gong i ny og ne er det nok like lønt å levere som å kjøpe utstyr, med mindre ein har ein særdeles omfattande bruk eller lev av å stå på ski på eit vis som gjer vinkel på stålkant avgjerdande. Til vanleg bruk for vanlege folk meinar eg bestemt detta held på det jamne.- 5 svar
-
- 2
-
-
-
Eg har ikkje erfaringar med nett denne soveposen, men har erfart at for stor pose til meg når det er skikkeleg kalt gir varmetap. Men det kjem no an på kor lang ein er og kor brei ein er. Eg er 166 cm og middels bygd, og ville personleg ikkje gått for ein sovepose av denne storleik. Men kanskje har dei han inne i ein butikk slik at du kan prøveligge? Då kjenner du det aller best.
-
Trur også på å gjere hyggeleg tur til alternativ framfor makebyte. Problemet er ikkje gaming og skjerm, men gaming og skjerm åleine slik eg ser det. Å fokusere på at ein skal hygge seg saman og finne ut av ting saman er viktig, og god mat og godteri er ein hyggeleg fellesfaktor....små fiskarar har det triveligere på full mage med ein sjokolade i lomma, der fisket er ei lystetont greie. I det heile trur eg lystbetont er stikkordet her, å unngå å gjere det til ein kamp...for den er ein faktisk dømt til å tape. I høve konkret stad; eg har hatt lyst til å returnere til Lakadalen i området Sandhaug på sommaren å fiske. Har berre vore der på vinter, men ser ut til å kun vere nice område å rote rundt i med fiskestang.
-
Eg har no skilt ut OT-innlegg i to separate trådar, ein om temperatur og soveposar og ein om Warmpeace soveposane. Det ver ikkje berre enkelt å avgjere kva innlegg som skulle splittast ut, då mange innlegg inneheld ein mix av tema. De får heller seie frå om de tenkjer noko hamna på feil plass.
- 52 svar
-
- 7
-
-
-
- reklame
- markedføring
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg vart ein gong fortalt (av ein soveposeprodusent trur eg), at grunnen til at ein lagar varmaare posar for kvinner er at me ofte har større overflate å miste varme frå relativt til muskelmasse. Det er no trass alt ikkje feittet som produserer varme Dette rimar med eigne opplevingar; i periodar der "livet skjer" og eg er i dårlegare form, frys eg lettare. Når eg er i god form, med meir muskelmasse og noko mindre feitt, opplever eg å fryse mindre, sjølv om eg då er "tynnare".
- 12 svar
-
- 1
-
-
- en standard
- t-comfort
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Bergansjakka har vi også vore nøgde med. Slitesterk av typen som gjekk i arv og imponerande tett.