-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Min bruk av Nallo 2 er til soloturar og til turar for to. Sjølv om me ikkje har GT synes eg det funkar utmerkt for to. Me er dog ikkje så veldig store av vekst. Skulle eg gått lange turar åleine (fleire veker, langtursprosjekt) ville eg nok kjøpt eit reint 1 mannstelt, pga vekt, men mine åleineturar begrensar seg til 3-4 overnattingar og då gjer den kiloen ikkje så mykje. På det viset utgjer Nallo 2 for meg eit godt fleirbrukstelt. Soloturar og tomannsturar samt eit telt som toler ein del vær, utan at det krev mykje plass og eller er kresent på barduneringsmoglegheiter: Det siste gjer at det også dug fint til padling. Det supplerar også mitt Keron 4 GT fint på dei turane der dei vaksne ikkje vil ligge i ytterteltet (seks stk i eit Keron 4 GT går faktisk, men vil nok ikkje alltid være optimalt).
- 36 svar
-
- nallo 2 gt
- nallo 3
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Lettpakking Små lette turkjøkken/brennere
Tessatroll svarte på Nils Martin sitt emne i Primus og kokesystem
Har sjølv ein Bruntonbrennar (meinar den heiter Brunton Flex) som er nokså lik cruxen, berre at den har fire armar. Får akkurat den og ein gassboks ned i ein liten Primus Litechkjele. Held i lange baner for meg på sommartur og avogtil vårskiturar- 31 svar
-
- 1
-
-
- lettvekt
- lettpakking
- (og 7 andre)
-
Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal - 2-3 dager
Tessatroll svarte på Mantis sitt emne i Fjellvandring
Og då ser du også at moglegheitene for og plukke med seg toppar er nokså nært endeslause...Eit lite knippe: Før Molladalen: Klovetinden. I Molladalen: passerar du toppane Svinetinden og Grønetinden nokså nært når du går over skaret, men har du tid kan du også gå eins ærend på klassikerar som Jønshornet/Ramoen, Randers topp eller Mohns topp (på dei siste ville eg vurdert og ta med ein sykkelhjelm eller klatrehjelm, spesielt om der er mykje folk pga steinsprangfare). Vidare på ferda er du godt i posisjon til og gå på Kolåstinden (kan være greit med litt enkelt breutstyr) Sætretindane og Sylvkallen. Pluss pluss. Skulle eg velt til dømes 3 av desse ville eg gått på Klovetinden, Randers og Sylvkallen, samt plukka med meg Grønetinden i det eg sveiva meg over skaret. Fine bileter å få tatt nedi Molladalen og bort på tindane. Legg ved litt fleire bileter frå ymse stader i området- 10 svar
-
- 6
-
-
Uhøytidelig Fotokonkurranse, Emne "Kulde" Nå med premie
Tessatroll svarte på Phaser sitt emne i Foto/Video
- 23 svar
-
- 5
-
-
Utan GT. Eg har brukt Nallo utan GT i nokre år. No forsvann det ut av hus, og eg skal kjøpe nytt. Det blir også denne gong utan fortelt. Eg likar kontakta det gir meg med det som er utanfor. Kan ikkje fordra og være "innesperra" av eit fortelt, med mindre eg må. Utan fortelt tenar også greit til vinterturar der vekt er av betydning. Er ikkje vekt av betydning, vel eg nok heller Keronet som eg har til slikt bruk.
- 36 svar
-
- 1
-
-
- nallo 2 gt
- nallo 3
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal - 2-3 dager
Tessatroll svarte på Mantis sitt emne i Fjellvandring
Om du melder deg inn i Dnt kan du nytte deg av Ålesund og Sunnmøre turistforening sine hytter i Tafjordfjella. Ein fin tur er start frå Brøste (Bjorli) , gå til Vakkerstøylen, ro vatnet og gå over fjellet til Pyttbua, gå på Puttegga og utatt. Ein anna fin tur er og rusle Habostaddalen inn til Patchellhytta, og gå toppturar der ei helg. Slogen er jo ein klassikar. ELles har eg høyrt frå kjentfolk at delar av Fjordruta på nordmøre er veldig fin, utan at eg kan gå god for den sjølv. Om du vil gå tur med telt er jo moglegheitene endeslause. Eg tilrår ei helgevandring frå Barstadvika, gjennom Molladalen med overnatting der, over skaret til LIsjr Standaldalen, vidare over til Kvanndalen og ned på Standaleidet, overnatte i telt i dalen eller gå ned til Standalhytta som Aast disponerar delar av. Neste dag går du Aklestaddalen (Nøvedalen på kartet trur eg) over Høgreset og ned til Sæbø. Pils på bryggekanten på Sagafjord hotell Legg ved eit par bileter frå nokre av desse stadane.- 10 svar
-
- 1
-
-
Og der var tok du for min del tråden over i noko som for meg er interesant, og som eg ofte har via nokre tankar, både her og ved surfing på sosiale medier: Nemleg det og definere seg sjølv ut frå fritidssyslar, standpunkt eller roller ein skal bekle. Velje Nick deretter osv. "mortilto" "spreking" osv. Innimellom får eg spm eller påstandar som: "Du er no ho fjellgeita". Jau det kan nok stemme at eg trivast i fjellet. Men etter at eg byrja tenkje ekstra på dette med identitet, spesielt knytt til sosiale medier, kjenner eg at protestanten i meg dukkar opp. Nei. Eg er ikkje ei geit. Eg er meg. Eg har eit sett av roller eg skal bekle. Eg har dugleikar, og personlegheitstrekk på godt og vondt, som utgjer meg. Eg likar meg ute, utan at mitt navn er Therese Friluftsliv Moe Øye. Eg er gla i å strikke, men handarbeidsdame er heller ikkje min identitet. Eg er mor, men kan faktisk sjå at det ikkje er min identitet heller (underleg for mange at eg ikkje berre er mor 365 dagar i året). Eg er arbeidstakar, utan at livet mitt fell i fisk om noko på jobb i ikkje fungerar optimalt. Eg er over gjennomsnittet glad i trening og innteresert i folkehelse, men er ingen fanatiker som ikkje et sjokolade og drikk vin. Tvert om . Likar og bære lett når eg kan, men lettpakkar er ikkje min identitet. Greier bære tung bør når eg må, men er ikkje "beksaumar-og-vadmels-fanatiker" av det. Eg likar nostalgiske kaffikoppar, men interiørberte er ikkje min identitet. Likar slitsomme turar, men ekstremtur-utøver eller "ekspedisjonsmenneske" er heller ikkje min identitet. Likar avslappa turar med lata dagar i skuggen ispedd klatring, på stein i Frankrike eller på klipper i Hellas, men min identitet er ikkje klatreboms (takk for det, eg hadde blitt ein dårleg ein med lilla prikkekoffert). Eg går utanom sti, og eg går på raudmerkt sti. Det gjer ikkje at min identitet er "menneske-som-ikkje-kan-orientere-som-ikkje-kan-kalle-seg-ekte-villmarking" (om nokon andre skal få definere det). Eg likar skogen. Fjellet. Sjøen. Hei, eg heiter Therese. Det er meg. TIl slutt: Om nokon skulle lure på relevansen i mitt innlegg, skal eg prøve klargjere det: At ein sjølv identifiserar seg ut frå ei ro9ller, dugleikar eller interesser, er heilt ok. Men det er ikkje ok og definere andre utfrå det. Noko eg synes avogtil skjer når debattane vert oppildna her inne. Zimwalker sitt innlegg som påpeikar kva tid du utøver "lettpakking" synes eg var ein fin innfallsvinkel for eksemplifisering av desse tankane eg ved fleire høver har leika med.
- 217 svar
-
- 8
-
-
Eg var av den oppfatning tidlegare at den optimale dragløysing varierte utfrå terreng. Har difor hatt båe løysingane (tau og fjellpulken) på same Parisbrett, slik at eg kunne velje utfrå terreng. Det viser seg i praksis (har slitt ut nokre slike brett) at eg eigentleg ikkje brukar dei stive draga, då eg opplever dei som ei tvangstrøye. Eg går både snilt og veldig kupert terreng med pulk, og brukar berre taudrag. Snillare for hoftene, meir fleksibelt, og eigentleg ikkje noko vanskelegare å handtere når ein berre venjer seg til det. Edit: Skriv under på bremsetau. Genialt.
- 32 svar
-
- 2
-
-
Og fleire andre eg kjenner.
-
Tafjordfjella frå Bjorli til Grotli. Nokre vil hevde det er mindre pulkvennleg. Det kjem an på auge som ser. Enkelt og komme til og frå. Bil til Otta og tog til Bjorli, buss frå Grotli til Otta. Evt tog heile vegen til Bjorli og buss heilt til Oslo att.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Dovrefjell frå Nord til Sør? Enkelt og komme seg til med kollektivtransport
-
Eg sjølv har velt og investere i nødpeilesendar, av den enkle grunn at SPOT ikkje er godkjent utanfor område 10 på Svalbard, og eg gidd ikkje eige to dingsar. Elles er eg oppteken av og halde gunnleggande dugleikar ved like, og lenar meg i lita grad på tekniske dippeduttar. Likevel kan eg finne på og gjere det, i situasjonar der eg ynskjer og utvide marginane mine, kanskje strekkjer strekken litt, eller har ansvaret for andre folk. At me har ulik risikovilje synes eg me alle skal respektere, i staden for og utøve det eg betraktar som ei form for mobbing. Etter mitt begrep er det ingen som på nokon måte har rett til og definere kvar andre skal gå på tur basert på kva dippeduttar dei nyttar seg av eller ikkje nyttar seg av. Kvar og ein av oss har vel framleis det privilegium at me sjølve er den som kan definere vårt eige friluftsliv? Når det gjeld biten om "meir robust og hardført" er eg jaggu ikkje sikker. Siuasjonen på bilete vedlagt er andre gong i løpet av eit år. Need i say at eg no har bytt til Suunto?
- 44 svar
-
- 2
-
-
Skal du gå litt langt i bratt terreng er hælløftar eit must. Elles spørs det på.bruksområde på dette som med alt anna. Eg skal kjøpe inn nokre sett til bruk i kommersiell øyemed, då kjøper eg Tubbs Flex VRT. Lett, god binding, enkel og få jamn stramming på, hælløftar og verkeleg godt stegjarn og "taggerand" rundt heile.
- 4 598 svar
-
- 1
-
-
Eg personleg hadde valt fjellski med mindre snømengdene tilsei noko anna
-
Ikkje i dag men forrige helg. Flott padletur med nattpadling og telting saman med kjekke folk. Meir bileter og turrapport på blogg. Vedlagt foto: Mildrid Flø.
- 4 598 svar
-
- 14
-
-
Uansett kva du vel, så putt gjerne i terningar av meierismør (500 kaloriar per 100 gr) eller Cocosa (800 kaloriar per 100 gr). Eg tilsett mellom 25 og 50 gr feitt per måltid og får slik opp energiinnhaldEt. Ikkje minst er jo feitt fantastisk for og få i gang den innvendige "motoren" og halde seg varm.
- 57 svar
-
- 6
-
-
Tips til tur: med pulker i Nordmarka
Tessatroll svarte på Navl1 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er jo også særs realistisk og god trening å trekke pulk utanom løypenet, kanskje ta ein kik på flyfoto og sjå kvar det er ope nok til å kunne lage seg runder utanfor sporet også? -
Her tok influensa oss alldeles, så skituren vart utsett. Usikker på kva tid eg kjem meg av, men om eg kjem i fjellet før deg skal eg rapportere.
-
Berre å komme seg på senteret. Veit ikkje kvar du bur, men om det er i Osloområdet er Holmen klatresenter bra for kids, evt Tyrili på Lillehammer om det er nærare, eller ein vil ha Søndagsutflukt. Kjempebra barneavdeling. Bruk vanlege joggesko i starten, evt etterkvert kjøp brukte klatresko eller få nokon til å handle for deg på Decathlon når dei er ute og reiser. (150 kr for eit par til born. Spania, Frankrike, Italia og Hellas). Dei fleste senter har også utleiesko. Få dei i hallen på kos tidlegast mulig, så blir det naturleg for dei. Søndagskos og matpakke, lar dei sjølv bestemme om dei vil buldre eller tauklatre. Det viktigste er KLATREGLEDE! kos dykk
-
Barnepulktur til Dnt- eller annen hytte Norvestlandet?
Tessatroll svarte på trudep sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Trude syns du skal teste ut Grøndalen og Utvikfjell. Dog med telt. Har du litt kjøretid til rådvelde har eg eit hav av tips til fine pulkturar i flatare områder. Kan sende dej ei melding på FB -
Når skal du avgårde? Eg skal inn der Torsdag 12. Kan avgi en førerapport etter det.
-
Haha, trur eg starta på og sammenfatte litt enkle råd og lage ei liste over det eg hadde funne av gode skriftleggjeringar, og så stranda det. Skal vurdere sjå om eg får gripe fatt i det før barmarkssesongen er i gong att Meget mogleg eg lagar eit blogginnlegg av det og deler
-
Dersom de kan være interessert i fellestur: Eg og ei dame til skal leie ein dametur for Ålesund og Sunnmøre turistforening i Tafjordfjella vest i August, 27-30 er datoane. Start på Grotli, enkel ankomst med buss, evt tog til Otta og buss. Hytte til hytte. Avsluttar i Geiranger, enkelt å komme seg opp igjen på Strynefjellet der, til bil eller buss som står parkert. Eg skal nok den vegen att etterpå. Eg har sjuseter.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Eg har Gamme si, ei vennine har Ousland si. Utan at eg vil garantere noko, har eg forstått ut frå våre samtalar at Ousland si bok er meir detaljert på kunnskap som er "sær" for sitt felt, ulike issortar osv, skikkelig nerdebok, for oss nørds! Gamme si har ein del praktiske opplysningar kring organiseringa av vanlege turar, som til dømes Grønlandskryssing osv. Dette forstod eg ikkje at Ouslandboka hadde. Min konklusjon er at eg må ha båe
- 3 svar
-
- 3
-
-
- ekspedisjonsbok
- gamme
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Eg har ikkje ein slik, men har ved nokre høver når det har vore veldig tett (skikkeleg whiteout) over lang tid, tenkt at det kunne vore ok. Ikkje pga problem med å bruke kompasset og sjekke kurs med jamne mellomrom (kvart hundrande steg funkar for meg) , men rett og slett for ¨å ha noko å kvile augene på. Det er ekstremt travelt å gå i whiteout over tid, ein kan verte både svimmel og sjøsjuk. Er ein åleine, eller berre to til å dele på å gå små økter framme, kan det hende eit slikt kompasstativ hadde vore god knall. Over Hardangervidda veit eg likevel ikkje om eg hadde gidda. Det er nokre få dagar på ski, og det kan hende du fleire av desse har fin sikt og kan orientere vanleg. Då er det kanskje litt unødvendig og drakse med seg eit slikt stativ for ein dag eller to? For meg ville det hvertfall føles slik På Grønlandskryssing og andre lange turar kan eg forstå det. Evt som opptrening til ein slik tur, om du har behov for å venje deg til det. Kompasstativ eller ei, god tur