Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Samd i det meste som vert sagt. Val av terreng er relevant også for oss (no har eg nokså store born, elleve og blir tretten, men dei har no eingong vore små). Grusveg er dødens og klyving er topp. "Referanseturar" som ungane kjenner godt har vore viktig for oss på nye turar. "Det er omlag like langt som......" "Me skal gå halvparten så mange høgdemeter som til xxx men over litt lenger distanse. Det vil seie at det er slakare, men lenger enn xxx". Og ja, vegen er målet osv, det må vere grunnsteinen. Men nokre gonger har eg også presentert sanninga for borna mine. At innimellom må me faktisk ha framdrift for å nå eit spesifikt mål me har sett oss. Trur det er viktig å anerkjenne mål som motivasjonsfaktor også, reelle, faktiske og fysiske mål. Det sosiale har kanskje vore den viktigeste nøkkelen for oss, både tidlegare og no. For nokre år sidan gjekk med Norge på tvers langs 63. Me var fire vaksne og sju kids, som gjekk frå Stjørdal til grensa (Sylan). 6 av ungane var i alderen 7-10 år, den siste var 4. Den minste satt ein del på pappa sine skuldre, spesielt når myrane var tunge å gå (vått år, snøen låg lenge). Eg var i utg pkt skeptisk til ein så lang tur med så mange born, og me hadde sjølvsagt exitane klare og stressa lite med målsettinga. Turen gjekk som ein leik. Pga vått år og omklopping vart turen litt lenger enn elles, trur me gjekk omlag 130 km. Ungane hadde kvar sin dag som var litt tung, elles sprang dei fremst jamt over. Ein tur som lærte meg mykje om korleis eg sjølv undervurderte det som bur i ungane mine, og kva det sosiale har å seie. Det er gjennom litt spenstige prosjekt som dette at mine verkeleg har gløda på tur. Har fleire gongar opplevd at det er nett den vesle turen som verkeleg vert eit helsikke å motivere, til tross for all verdas pedagosiske verkemidlar og skøyale påfunn, men den lange, litt i overkant drøye turen går så det grin. Dette gjer at i vinter som har vore har eg nesten ikkje hatt med ungane mine på kvardagsturane. Dei har fått styra med sitt, venner og fritid osv, og så tek me ein overnattingstur eller liknande omlag ein gang per månad, gjerne båltur i skogen. Tur har ei god stund no ikkje vore den viktigste interessa deira og det har eg respektert. At eg har gjort det, og ikkje vore "på dei" har resultert i at dotter mi vil velje friluftsliv som valfag på skulen til hausten. Det har også resultert i at dei vil vere med meg til Svalbard i sommar, på tur. To og ei halv veke der oppe totalt, 10-12 dagar ute på Prins Karls Forland. Til gjengjeld sett eg av ein dag til leikeland med guten min og ein dag shopping med jenta mi (båe deler får det til å rykke hardt i sjela). Eg fekk beskjed med mine (til tider altfor) reflekterte born, om at dersom det er eit felles ansvar å skape trivsel i familien, fekk eg pent bidra utanfor eiga komfortsone også. Gi og ta med andre ord. Til sjuande og sist er det samværet som er viktig, og eg er overtydd om at ungane kjem til å kose seg stort på Svalbard, og eg kjem til å ha det flott på shopping og Leikeland. Ungdomsskulealder gir andre "turutfordringar" enn små born, og eg knip meg sjølv i å tenkje "sukk, kor enkelt alt var den gong dei var 7"
  2. Hah, då er me to, går blandt enkelte venner under kallenavnet "Magica", blandt anna pga desse føtene mine Og alle tærne er i tillegg like lange, så ser ut som nokon har kappa rett av.
  3. Då bør eg kanskje droppe Henessy og satse på eit av dei merka som fungerar med skumplast (?)
  4. Eg brukar liggeunderlag i køye utan mykje kjas og mas Søv som steinar gjer me også Viktig å ta med i reknestykket er at alle kostnadar skal gongast med ti. Så allereie med 10 x Hennesy Explorer er eg (etter kvantumsrabatt) oppe på 15 500,- . Det finnast langt fleire rimeleg skumplastunderlag der ute, eller folk med eigne liggeunderlag, enn det finnast rimelige quiltar. Investeringar opp i 20-30 000 kr klassen er ikkje eit tema
  5. Absolutt en grei måte å gjere det på.
  6. Aha, har vurdert desse, men kom fram til at mekking av tarp osv på eiga hand gadd eg ikkje, var ikkje klar over at dei kome med tilbehør. Takk !
  7. Takk. Var eigentleg dei eg no satt og studerte, så er eg ikkje heilt på jordet
  8. Hei Eg skal gå til innkjøp av eit lite større antal hengekøyer, for bruk til gruppeturar. Knytt til dette må eg spørje om råd mtp kjøp. Frå før har eg nokre hengekøyer som eg likar til eige bruk, men som eg ser som ueigna til kommersielt bruk, pga størrelse, tilbehør og oppsett. Hengekøyene er hovudsakleg meint til sommarsbruk. og bør vere : Enkle å rigge Solide Ha tarp og gjerne myggnetting Ha ein spiseleg pris, slik at prisen etter kvantumsrabatt vert endå meir spieselig Dei treng ikkje være spesielt lette, og eg er ikkje ute etter ekstrautstyr som quilt osv.
  9. Om du ringer til Ålesund og Sunnmøre turistforening tenkjer eg at dei har oppdatert info
  10. Steigen e fantastisk, å ganske enkelt å nå, om du tek Nordlandsbanen så langt som du kjem.
  11. Eg har ei Alpha SV jakke, og er nødge med den. Dette av to grunnar: Eg ferdast alpint og drar nytte av funksjonane. Eg har andre skalljakker til anna bruk. Når det gjeld rivestyrke og vasstettheit er Arcteryx pro shell glitrande. Eg har ikkje tal på kor monge gonger eg har gått på tur med folk som etterkvart vert våte både her og der, kanskje spesielt på skuldre, medan eg er like tørr.
  12. Sjå tråden Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal 2-3 dager. Der har eg to kommentarar med bileter. Ruta han vil gå kan enkelt forlengast og byggast på, både i lengd og hØgd. Den går langs Hjørundfjorden, som er etter mitt begrep overgår dei fleste fjordar i Vest. Du kan evt starte i andre enden av Fjorden. Gå Hundeidvik, Vellesetra, Trandal, Norangsdalen, Bjørke Edit: ser at eg ikkje har lagt inn bileter frå fjordusikta, men om du googlar Hjørundfjorden...
  13. Ja denne kan du gjere utan tau Kart: Sunnmørsalpane
  14. Hei Det kjem nett an på kva tid du er her. Er eg heime kan eg hente deg og køyre deg, evt bekjente. Alternativt haikar du/tek taxi til Ørsta, og tek Timesekspressen derfrå til Barstadvik att. Tlf nr mitt er 944 98 788. Mvh Therese
  15. Ein ettermiddagskitur til Melshornet, for å teste nye fjellskisko. Dei gamle Skarvet var utslitt, og eg har no kjøpt dei hakket meire kjørevennlege Crispi Stetind. Etter test er dei kåra til vinnarar.
  16. Ein liten bålfyrtur Laurdag og ein tur på Helgehornet Søndag. Snøbyger frå sørvest.
  17. Hei Å kjøpe kajakk ut av "det blå" er vanskeleg, så eg forstår godt at du spør. Som nybyrjar har ein få referansar og det vert vanskeleg å gjere val. Greia med kajakk er at der finnast så utruleg mange ulike typar, både med tanke på bruksområde, størrelsar, tekniske dugleikar til padlaren, personlege preferansar osv. Det eg ser, både for meg og andre, er at det å faktisk padle mange ulike typar (om de bur i nærleiken av ein klubb) eller å ta eit kurs gjennom til dømes padleforbundet, gjer at du får eit betre grunnlag for sjølv å vete kva du skal sjå etter/kva du vil ha. Spesifikasjonar og tekniske greier er vel opg bra, men til sjuande og sist er det den som sit i båten som kjenner kva som funkar for seg. Ein skal sitte godt, ha ein kjensle av kontroll, båten skal ikkje vere hverken for stor eller liten. Eg plar samanlikne det med kjøp av fjellsko: Dersom du er i tvil om det er rette støvlane, er dei ikkje rette. Når du stig ned i dei rette støvlane veit du det med ein gong. Kurs og klubbar i dykkar område finn de på Norges Padleforund sin nettstad, Padling.no
  18. Ikkje heilt det du spør etter, men har eit lite innspel: Er det barn under 10 år, vil ein sovepose, litt kle og liggeunderlag faktisk være litt å bære, relativt til kroppsvekt. So då er det kanskje ok med bære system likevel? Dei 3-4 kiloane, som eigentleg er lite for oss, skal jo tross alt fordelast på mindre grunnflate? Eg har Deutersekkane til mine, har hatt dei nokre år. Eldste (ungdomsskule til hausten) er klar for ny sekk no (har hatt Fox 40). Eg kunne nok valt lett sekk til ho, men etter at ho har prøvd ulike sortar (inkl lettare greier) fell ho tilbake på dei med litt betre bæresystem, og seier dei er meir "behagelige". Kanskje det er lurt at kiden som skal ha sekken får prøve den med det den skal bære i? Fin tråd, følgjer den vidare, vonar på innspel som er relevante også til den vidare sekkejakten til dotter mi
  19. Borna mine har og har hatt "skikkelege" soveposar frå dei var små. Fordi dei har sove ute under alle slags tilhøve. Eg tenkjer som sagt at det handlar litt om kva tilhøve du skal ut i , og kva tiltak elles du er viljug til å sette i verk.
  20. Hei Eg kjenner ikkje til desse posane spesifikt, men kan på generelt grunnlag seie at: Det kjem nett an på kva du meinar med fjellet. Om de skal opp i høgfjellet kan det bli ganske kaldt der til tross for at det er sommar. Men, noko som er vel så avgjerdande som soveposen, er kva ho ligg på. Er ein godt isolert under kan ein sleppe unna med ein lettare pose enn om ein søv med lite isolerande under seg, i alle fall så lenge de ligg i ly for vind. Kva med å teste ei natt i hagen no? Tippar at mange netter no har den samme temperatur som høgfjellet om sommaren. Blir det for lite, kan du prøve med meir isolasjon under, evt breie den ekstra dunjakka eller jervenduk (om du har) over. Eit tiltak er å fylle ei vannflaske med varmevatn og tre ein sokk utanpå, plasser i fotende av posen. Mi erfaring er at dei fleste soveposar held mål i telt om sommaren dersom den har varmekrage, og ein kan spe på med tiltaka skissert ovanfor. Skulle det vise seg at de får andre behov etter kvart er det kanskje enklare å handle, sidan du då truleg vil vite kva du ser etter Kan være verdt å sjekke om posen har innvendig varmekrage.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.