-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
pannebandUnder åpen himmel ved Tussavatnet
Tessatroll svarte på Anders Eriksen sitt emne i Turrapporter
Nyyyydelege bileter frå ein del av Sunnmørsalpane eg ikkje har vitja, men definitivt burde oppsøkje Kva gjeld overnatting i duken har det vore ein slager her i heimen i nokre år, og det må dårleg ver til før me trekkjer inn. Det gir ein endå sterkare naturnærleik?- 6 svar
-
- 1
-
-
I dag har eg ikkje kjøpt meg eit Hilleberg Anjan 2 eller Nallo 2 på Black Friday, fordi eg ikkje har råd akkurat no . Skal dog ha eit av desse telta, så vonar at nokon andre gjekk på ein uplanlagt smell, og handla noko dei eigentleg ikkje hadde bruk for. Så kan eg kjøpe det når dei får summa seg
- 658 svar
-
- 1
-
-
Kjem jo litt an på kroppsfasong og bruk. Av mange titalls bukser frå Bergans eg har prøvd (bur nært outlet og er så gnien som berre ein Sunnmøring kan vere) har eg prøvd EI einaste som hadde ei passform eg kan leve med. Den kjøpte eg imidlertid, og er nøgd. Borna mine har kunne hatt Bergans, og eg synes at mykje av det held bra kvalitet. Ift samanlikning til Norrøna kan eg berre snakke for meg sjølv, men meinar at dei siste åra har auke i forskjell. Alt eg har kjøpt av Norrøna siste åra, med unntak av ei Svalbard Ousland edition, ramlar frå kvarandre berre eg ser hardt på dei, og ser ut som eit lappeteppe av gaffa innen kort tid. Har slutta å handle Norrøna. Held dog liv i gaffatapefabrikken, saman med to venniner og samboer, som ofte har det samme, fordi me har samme bruksområder og behov. #gaffagjengen Det eg har av Arcteryx varer og varer i mange år, til tross for juling. Dette med unntak av ei linbukse som vart fort holete nede ved beina. Kan hende var den ikkje berekna på klatringa/buldringa som eg brukte den til, det var ei "fritidsbukse". No er det lenge sidan eg sist skulle handle noko av betydning, trur ikkje eg har handla kle til meg sjølv på eit par år, men den gong var Norrøna godt i ferd med å ta att ARcteryx på pris. Dog ikkje på kvalitet ift mine preferansar.
- 15 svar
-
- 2
-
-
Eg meinar å hugse at den førprisen er reell. På tilbud nermar han seg det samme som eg har gitt for min og min sambuars 600.
- 30 svar
-
- 1
-
-
Har handla direkte og det var heilt uproblematisk. Retur funkar gull.
-
Eksentrisk arbeid for antagonistane til typiske problemmusklar i hendene! Råsmart! Slike kunne eg og trengt. Kva heiter dei? Altså, kva søkjer eg på på eBay?
-
Eg har testa 1200 over litt tid. Første del av testperioden ligg i linken over. Del to vil komme inn i testen om litt, eg har mellom anna hatt han med meg til Grønland på skitur. i haust Det er mykje pose for pengane, som eg allereie har påpeika i testen. På Grønland var både eg og turvennine samde om at den funka gull. Eg er varmare i den enn i Jan Mayen, men mistenkjer at det handlar om fasongen, og at dun har lettare for å legge seg inn til kroppe på ein måte som syntet ikkje gjer.
- 30 svar
-
- 2
-
-
Må berre presisere at eg ikkje gjer narr av opprettinga av trådenaltså, meir innhaldet og frustrasjonens intensitet som gjer at får meg god lått 😆 ikkje vondt meint!
- 46 svar
-
- 3
-
-
-
Hoho, eg veit i alle fall kva tråd eg skal leite opp neste gong eg skal polere eit eller anna! Direkte, konkrete matnyttig tips. Thank you!
-
Ala expedition sku det vere. Antarctic logistics expedition vert vel noko anna gitt
-
Eg har den berre utanpå ein std fjellpulkensele , funkar greit det og. Ser føre meg at det vert litt prakk om ein har ein sele med meir ryggstykke dog, ale expedition.
-
Hehehehe, kan ikkja anna enn skratte litt av denne tråden, beklager! I fullt alvor, eg har ikkje opplevd store flokar med Hillebergtelt. At eg må ha strikken i sving på mine Helsport, Robens m.fl skjønar eg, for bardunane der er håplause på tvinn. MEN, eg har ikkje brukt kuppeltelta til Hilleberg så mykje, utover eit enkelt Niak og ved nokre få høver Allak, og det kan hende det oppfører seg ansleis på desse enn på tunelltelta som på generell basis jo er litt meri "straumlinjeforma" i oppsett og mindre potensielt krøllekrøkk?
- 46 svar
-
- 5
-
-
-
Det er den løysinga eg har brukt, og eg synes vel det funkar ganske greit eigentleg. Då har ein jo også fordelen med å kunne veksle mellom å ha den på ryggen og å stroppe den på pulken.
- 30 svar
-
- 2
-
-
Og der kom modellen. Det er den me skal prøve med tech på også.
-
Hm. Kan virke som nokon ikkje tok sitt ansvar?
- 45 svar
-
- 1
-
-
Eg har ei vennine som skada ryggen sin i ei paragliderulukke for nokre år sidan. Etter dette har det vore sit-ski og andre alternativ til turliv. Til vinteren (seinvinteren) har me dog vorte samde om å prøve på nytt med skitur og telt. Då ho ikkje har anklar som fungerar skikkeleg, er planen å rive BCbindingane av dei gamle fjellskia (åsnes av type litt brei, hugsar ikkje modellnamn) hennar, og sette på techbinding, slik at ho kan bruke randostøvlane sine. Då har ho "innebygd" skinne i desse, og med skistavar som krykke, eit par mohairkortfellar for litt "sidevegs kontroll" og evt ein nordisk slede å lene seg til/få drahjelp ved behov, så vonar me å ha funne oppsettet for at ho skal kunne ta til med vinterfriluftslivet att på skikkeleg. Eg er spent på å sjå korleis dette oppsettet vil fungere, og vi gjerne fylje denne tråden om det kjem nokre rapportar etterkvart
- 37 svar
-
- 1
-
-
Eg synes heller ikkje desse barnepulkane er allverda å trekke. Kva eigenskapar er du ute etter i pulk TS? Noko som gjer at tenkjer at du må ha glassfiber eller er det aktuelt med anna også? Eg har faktisk glida parisbrett ved nokre høver. Vert ikkje som ein glassfiberpulk, men det er jo alt etter kva eigenskapar ein er ute etter. Det gode med parisbretta er jo at ein kan dra dei over alt som er. Vert dei skakke så er det berre å legge dei i press heime, og glide oppigjen under, så er dei brukandes att. Har parisbrett som har vore dalga gjennom kilometervis med morener og kryssa slamfylte elvedelta som framleis er i bruk.
-
Men dette med stive kroppar og plassbehov har me jo funne løysinga på før @terka @tronn! Startar på Y og endar på A med ein o og ein g i midten
- 45 svar
-
- 4
-
-
-
Randoekspedisjon Grønland mai 2019
Tessatroll svarte på Curling-generasjonen sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
denne sida gjer ting ein del lettare. Når eg først tok til og orientere meg opp på Grønland var det noko vanskeleg å finne info, og søknad for løyve, radiopermit osv var ikkje digitalisert. Dei digitale løysingane kom for fullt i år meinar eg, men har hatt litt rusk i maskineriet. Om du skulle trenge hjelp og ikkje kjem gjennom på rette staden på tlf eller epost så kan du sende meg ein PM. Har nokre direkte tlf nr og e-postadresser til folk på ekspedisjonskontoret. Om de skulle trenge bistand på andre vis så er det eit stalltips ta kontakt med Lars Ebbesen. Han sel ymse tenester knytt til slike turar.- 3 svar
-
- 1
-
-
- gunnbjørn fjeld
- grønland
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Randoekspedisjon Grønland mai 2019
Tessatroll svarte på Curling-generasjonen sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Ein liten start her. https://exp.gl/- 3 svar
-
- 1
-
-
- gunnbjørn fjeld
- grønland
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
For meg er det slik at den dagen eg har meldeplikt PÅ tur kan eg like godt slutte (trur eg?). LItt av pointet for meg er fridomen. Men så har eg også klare avtalar med dei heime om korleis ein handterar/ikkje handterar ulike sannsynlege scenario, og gjer eit stykke arbeid før tur, sjølvsagt. Men som sagt, på tur vil eg ha "fri". Eg vil også stille spørsmålet, utan å vere kritisk til ei sak eg ikkje kjenner, om det ikkje var nokon i kretsen til desse to som kunne sitte med litt info om kva desse mennene satt på av utstyr og kompetanse? Dei var jo openbart godt rusta, og godt kompetente. Når eg les slike trådar som handlar om andre folks "vurderingar" på godt og vondt, kjem eg ofte i tankar om, vil vi ha det slik at det er andre som skal avgjere kva tid det er uforsvarelg å bevege seg ute i fjellet? Då er me etter mitt sigande inne på feil spor...for kva eg handterar og kva andre meiner er vanskelege tilhøve kan vere veldig ulikt Eg har takka nei til turar med kompisar som har ein annan risikoaksept enn meg. Men eg veit også at dersom eg skulle latt vere å bevege meg ut på dagar der enkelte andre meinar eg skal la vere, så hadde eg mista mange flotte naturopplevingar, som har vore alt anna enn uforsvarlege. På den andre sida krev jo dette at nettop eg kjenner mine grenser, og ferdast etter mine/turfølgets evner, slik at oddsa for å måtte nytte samfunnets ressursar vert minst mogleg.
- 47 svar
-
- 7
-
-
-
Er alldeles samd i den bomull vs syntetkjensla. Er glad i mine bomullsplagg. Men for meg er det som oftast noko som vert lagt att heime om eg skal på fleirdagers tur. Eg har aldri fått til den bomullsgreia over tid i vekslande ver. Kanskje det er noko eg gjer feil? Men når eg skal bu på hytte, eller på dagstur er det ingen tvil om kva som er valget.
- 15 svar
-
- 1
-
-
Det er mi og. Men vert jammen det i bomull også. Konklusjonen min vart vel at då var gtx enklare å få isfri att. Men på linje me gtxen så er jo helle rikkje bomull bomull....så sikkert fleire variantar som kan funke?
-
Har nett prøvd min første multifuel! 🙈
Tessatroll svarte på TonePåTur sitt emne i Primus og kokesystem
Sjå a_aa sin kommentar over -
Tippar at du elles, som barskekarsten er inne på dels, kan få gode tips på typ båtsjappe. Er i alle fall dit eg går når eg skal ha hjelp til rep glassfiberkajakk