Gå til innhold
  • Bli medlem

Curling-generasjonen

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    47
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Curling-generasjonen

Nylige profilbesøk

1 137 profilvisninger
  1. Eg syns ikkje folk bør skamme seg så voldsomt. Det hadde kanskje vore grovt uansvarleg for 50 år sidan å reise ut på ein sånn båttur uten meir rasjonar, men det fins jo tross alt ressursar i dag i back-up som gjer at ein heldigvis kan unngå alvorlege konsekvensar av feilvurderingar. På samme måte som heile ekspedisjonen i dag er mogeleg med det sikkerhetsnettet satelitt-telefonen utgjer. Eg syns det har vore spennande å følge ekspedisjonen frå båten og VG sitt synspunkt, og ikkje minst sjå på reaksjonane til "vanlege folk" som normalt ikkje ville ha interessert seg for ein sånn ekspedisjon i
  2. Eg vil tippe du hadde likt deg på eit par blizzard zero g 95 med dynafit superlite 2.0 som binding. Då har du eit rimeleg lett oppsett som samtidig tåler å køyre bra på. Eg har sjølv tilsvarande oppsett med "veslebroren" zero g 85, og dei skia fungerer rikeleg bra for min del, både i pudder og skare ned ei renne frå Gaustatoppen. Eg har 3 ulike par toppturski som eg brukar, men om eg skulle ha hatt eitt par trur eg at eg ville ha gått for noko rundt 95 mm. Litt avhengig av om du tenkjer deg mest i laussnø eller på avblåste fjell. Bindinga superlite 2.0 på 175 gram har overraska meg veldig posi
  3. No begynner eg å syns litt synd på VG sine journalistar på Lance. Dei var nok ikkje forberedt på å feire jul på Lance då dei mønstra på! Det gjeld vel ein del andre om bord óg.
  4. [Hidden Content] Her får dei verkeleg testa seg virkar det som. Håpar dei klarer å fullføre turen uten å trenge å bli redda ut!
  5. Hei! Eg har bachelor i friluftsliv frå Sogndal, samt ppu frå Sogndal. Eg var heldig og fekk jobb som friluftslivslærar på folkehøgskule etter endt utdanning. Andre eg har gått i klasse med jobbar som lærarar, innanfor reiseliv, fri flyt, friluftslivsbarnehage, og ting som ikkje har med friluftsliv i det heile tatt. Generelt krevst det nok litt ekstra flaks og/eller innsats for å få seg jobb innafor friluftsliv, men det er ein veldig kjekk (og altoppslukande) jobb. Eg må av og til minne meg sjølv på at eg får betalt for dette når eg sit til fjells rundt bålet, men også når eg går og regnar ne
  6. [Hidden Content] Ein del bra rabattar ute og går på telt her!
  7. Eg meinar å hugse at guiden min hadde nokre sko litt i samme gata som dei skoa du nevner, så det er sikkert fint å gå med. Men som sagt funka jo Besseggen for meg, så det er jo mogeleg å spare ein del plass i sekken. Eg reiste berre med ein 55l sekk pluss handbagasje, så eg hadde mest mogeleg klede som kunne brukast både i låglandet og på toppstøtet. Det er påbudt med guide på toppar med bre på i Ecuador, ja. Eg hadde ikkje utstyr eller makker til at eg prøvde å finne eventuelle smutthull i regelverket der. Har forstått at iliniza sur og norte er fine turar på så vidt 5000m der det
  8. Hei Roar! Eg brukte Crispi Besseggen. Eg hadde brukt desse på blåis i Norge nokre gongar før, så eg visste at dei fungerte med stegjern. Guiden min var veldig skeptisk til dei skoa og meinte dei spesielt ville bli for kalde, i tillegg til at dei er i overkant mjuke. Eg hadde brukt dei i - 15 i Norge frå før, så eg visste dei ville vere varme nok. Ville nok ha anbefalt nokre litt stivare sko, og testa om dei er varme nok for å ha på ein heil dag i 10-15 minusgrader. Eg brukte gamasjane som skallbuksa har innebygd, og det aukar temperaturen litt i skoa. Å satse på toppstøt på ei
  9. Ta heller med for mykje enn for lite første turen! Om det gjer flytta litt mindre elegante så får det heller være. Eg høyrte på anbefalingar frå ein erfaren venn før mi første lange rute (via Lara). Då endte eg opp med å ha mindre utstyr enn ønskeleg og måtte ha større avstand mellom sikringene enn eg var komfortabel med. Det motsatte er nok å foretrekke i starten
  10. Før eg seier køyr på, er det mogeleg å søke eit års permisjon frå jobben? Kor vanskeleg er det å få ein jobb tilsvarende det du har i dag etter eit år fri? Er det eventuelt aktuelt å finne seg ein jobb på ein meir interessant plass/arbeidsplass? Sånn. Då seier eg det. Køyr på, god tur!
  11. Wow! Takk for veldig utfyllande og godt svar! Her var mange bra tips, tusen takk!
  12. Etter å ha oppdaga Peak Lenin 7134moh som blir sett på som eit av dei lettare fjella over 7000m (i den grad det kan vere lett) har eg sett ein del på Kirgisistan som ein spennande destinasjon. Det ser litt vanskeleg ut med tanke på å bestige fjellet allereie til sommaren, men eg er interessert i å ta meg ein tur til Kirgisistan i 14 dagar-3 veker til sommaren for å gå/springe rundt i fjella rundt omkring. Er det nokon som har vore på tur i dette landet og gått tur før? Er det eit land der det kan vere trygt å haike og sove i telt i fjellet utan å forvente å bli rundstjelt? Er det nok
  13. Når du seier du skal springe opp og ned på 24t, kor høgt skal starten vere? Om du er ein O2-snappar, som eg mistenkjer deg for å vere så kan det jo kanskje vere interessant med ei aktiv tilvenning? F.eks ta nokre dagar i Iten (2400) i Kenya som er populært for idrettsutøvarar, deretter reise til området ved Mount Kenya [Hidden Content] og gå i området der, før du reiser til Kilimanjaro. Dette er på ingen måte den raskaste måten å akklimatisere seg på, men då får du sett litt meir enn berre Kilimanjaro i løpet av turen. Sikkert uansett lurt å gå delar av eller heile turen
  14. No veit eg ikkje heilt kva forberedelsar du skal ha, men eg syns det virkar skummelt/lite gjennomførbart å skulle akklimatisere seg på 3000 meter og deretter køyre på med 5800m på 24 timar? Då ville eg i alle fall som eit minimum testa f.eks Mont Blanc eller tilsvarande med relativt lite akklimatisering for å kjenne om du tåler høgda godt. Mi erfaring er i alle fall at 5500 med akklimatisering er meir krevande enn 4000m uten akklimatisering
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.