Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg ser at desse minner veldig om Hyper, som eg har hatt. Der blei faktisk 39,5 litt stort til meg, eg brukar 38,5 til vanleg. Eg burde hatt 39.
  2. Du fekk nokre flotte bileter då i det minste
  3. Plastflasker er supre til gjenbruk. Eg nyttar små smoothieflasker til pulverkaffe, ein skvett solbærsirup, sukker og kanel osv. Når dei er gåen panter eg dei. Me drikk ikkje så mykje ferdig smoothie, men ei flaske i ny og ne på farten, då tek eg alltid vare på dei.
  4. Eg har ikkje den modellen, men generelt må eg opp ein halv til ein storleik i La Sportiva, med unntak av klatresko.
  5. Samd her, prøv deg litt fram før du revurderar behovet ditt
  6. Du er berre heilt utruleg kreativ og flink! Og positiv! Kudos
  7. Denne tek eg i bruk tvert! Har eit heilt jævla fôrbrett (i gammalt kufjøs) med ski. Pinsamt. Men alt er i bruk. Trøster meg med at eg normalt har 2-7 dagar per veke på ski, store delar av vinteren.
  8. Så er ikkje Finor dei enklaste heller, trur eg.... Då synes eg (til tross for at eg er Fischer-fan) at Åsnes har ein hakket meir kundevennleg profil. Eg har i alle fall ikkje opplevd anna enn at dei er lynsnare med behandling av klager, og rause i løysingane. Eg har fått erfare det gjennom 3 par Nansenski, og tre par Horgi teleskopstavar. Fått nye kvar gong. Sist fekk eg eit par expeditionstavar i staden , utan mellomlegg, og lovnad om at dersom det skjedde med fleire av para (kjøpte til heile familien) så skulle dei ordne ut der også.
  9. Hadde i tilfelle vore gull, for faktum er jo at når ein nikappar strikk so vil det stangsettet verte sjukt stramt når det ikkje er kulde, skjedde i alle fall med dei forrige me kappa på Grønland.
  10. Var det ute på tur at dei hadde strekt seg mellom oppsetta? Kor kaldt var det? At strekk i stenger strekker seg når ein møter streng kulde er nokså vanleg, eller kombinasjon kulde/luftfuktigheit, overgang mildt veldig kaldt osv.
  11. Samd i at diffusjonstettleiken ikkje er det eg hadde tenkt mest på for ein kortare tur. Er vel kanskje ikkje så mange som gjer det på lengre turar heller, anna enn i ekstreme naturmiljø der den totale fuktigheita er stor?
  12. Og iflg ymse fjelloppsyn er lause bikkjer eit ikkje ubetydeleg problem for reinsdyra. Lausbikkjer er i det heile eit problem for fleire arter.
  13. Nei det funkar faktisk gull Og tek ikkje så lang tid med tjukke pinnar og dobbel tråd
  14. Samd i det. Balansegangen mellom forsking for artane sitt beste og inngripen i enkeltindivid ekje alltid god nok.
  15. Ja det er vel ikkje noko nytt i det heile at folk gir faen, bandtvang eller ei......her vokta me bikkjene som en smed sjøl om det ikkje e bandtvang. Bur midt i hjorteland, kan jakte frå stoveglaset. Når det e slik som no, så skal i alle fall ikkja kalvane jaktast av ivrige Grønlenderar i tillegg..
  16. Samd. Vert heilt fortvilt når eg ser for eit tilfeldig forhold enkelte har til å la bikkja gå laus uansett kvar dei befinn seg. At det ikkje er bandtvangtid vil ikkje seie at ein ikkje skal bruke hovudet....
  17. Og så kan det nok vere litt meir akillesvennleg, for den som skulle ha trøbbel med hel eller akilles/legg
  18. https://nina.no/Aktuelt/Nyhetsartikkel/ArticleId/4426/Flere-villrein-med-isdannelse-pa-halsband
  19. Nydelege bileter!
  20. .....og til tross for at eg ikkje har min hovudaktivitet i nokon av desse områda, har eg vitja nokre av dei, og kan seie at eg nyttar pulk i tilsvarande områder. Eg seier ikkje at pulk alltid er best. Det er det ingen her som gjer. Det er vel heller så vidt eg ser ingen som meinar at ts skal "selge sekken" og kjøpe pulk. Men at pulk kan vere eit fint supplement. Kva folk meinar er eigna pulkterreng skil seg, som ein kan lese her. Innkjøp av utstyr bør gjerast i henhald til det den som skal kjøpe utstyret tenkjer. Det er mi erfaring at dei fleste langt på veg prøvar sette seg inn i behovet til den som spør, framfor å borge for eigne val, om det er det du meinar folk gjer. Men greia er at det finnast fleire enn eit svar. No skal eg avslutte mitt engasjement i dette, då nyttårsforsettet mitt eigentleg er å slutte med mine uendelege avsporingar.
  21. Ein haug med kart! Den definitivt kjekkaste pakken å få i posten. Eit par Kayland Comet frå finn.no som rauk rett på marknaden igjen då selgar hadde opplyst feil storleik. Note to self; be alltid om bilete av lappen med storleik på.
  22. Fordel med fleece er at det tørkar lettare. Luktar fortare. Veg mindre. Er ein større miljøsyndar. Transporterar fukt betre. Ullfilt bind fukta meir. Varmar uansett. Veg meir. Er meir miljøvennleg (truleg). Tørkar seinare. Luktar mindre. Sjølv har eg strikka posar til mine born. Av eit type syntetgarn (miljøsynder vil eg tru) . Luftig og voluminøs strikk på tjukkepinnar, som gir masse varm og stilleståande luft, er lett og tørkar fort. Får ein slags helseteppeeffekt.
  23. Usikker på om eg skal svare på denne, for eg ser ikkje heilt kva du er ute etter med spm dine. Men ok. Eg skriv ikkje dialekt, men nynorsk. Eg bur på nordvestlandet, nærare bestemt Sunnmøre. Eg har heller ikkje komt med ei uforbeholden tilråding til nokon, eg har sagt noko om kva eg føretrekk mtp sekk/pulk. Parispulk og taudrag har eg ikkje sagt noko om i denne tråden?
  24. Eg ferdast mest på Vestlandet, og mi oppleving er at det skal være jævlig kupert før eg synes sekk er betre enn pulk, og sjeldan/aldri heile vegen.
  25. På tur med sekk går eg for 0,2-0,25 per dag alt etter som
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.