Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Nøre delar av Langsua er kjent for å vere snøsikkert, om ein til dømes køyrer inn/opp i Skåbu.
  2. Eg har brukt både Deva og Xena, Deva var ikkje noko for min rygg. Men båe er gode sekker, så det vil vere smak og behag. Bestill begge heim og prøv dei på rygg med oppakning, gå med dei litt dersom mogleg. Som eit minimum heime og opp og ned trapper. Minimum ein halvtime tenkjer eg, før ein kjenner eventuelle trykkpunkt som ikkje er god. Det er diverre ingen automatikk i at den sekken som uniddelbart kjennes god ut er den som er best etter ein dag på tur.
  3. Ja spade bør med. Å pakke spade for tur i vinterfjellet bør etter mitt begrep vere ein ryggmargsrefleks Det er for eigen tryggleik og komfort. Det kan like mykje vere for å bevare en trygg situasjon som å berge deg ved ein naudsituasjon. Å få ete lunsj i fred og ro for ragnarokk, kan vere nett det som gjer at kreftene held til ein lengre dagsetappe i rusk. Dårleg ver er etter mi erfaring definitivt ei av dei årsakene som gjer at folk kan finne på å droppe mat, og potensielt gå inn i ein spiral av dårlege avgjerder. I høgfjellet på vinteren handlar det like mykje om å greie å ta rett avgjerd til rett tid for å unngå komme i dårlege situasjonar som det handlar om å kunne handtere ein dårleg situasjon når den først har oppstått. Det er også greit å vere rusta til å hjelpe andre om ein skulle komme over folk i ein naudsituasjon. Til dømes at nokon går seg under eller over eit mindre skavlbrudd i "tjaglete" /formasjonsrikt terreng.
  4. Samd. Eg plar seie, at for kvar skalljakke av ok kvalitet kjøpt til veil pris kan ein person med gjennomsnittleg lønn ta 3 dagar ulønna permisjon. (kviler sjølvsagt på ein føresetnad om at ein har slik type fleksibilitet/tilpassing i jobben). Dette er dog berre ein faktor knytt til balanse turliv/fritid/jobb. Det er no som kjent mange andre faktorar som spelar inn.
  5. Samd. Vil heller legge på lengda litt for å få bæreevne enn å gå med ei "slapp sild" som er krevjande på vekslande føre.
  6. No var det isolasjonsbukse til person med særskilte kuldeutfordringar som var trådens tema. Me held oss til det. Moderator.
  7. Viktigare enn stormmatter er tilstand på duk og stenger, rutine, oppsett og rette avgjerder til rett tid. Så nei, ikkje nødvendig.
  8. Gamme tilsvarar Finnmark
  9. Eg ville sett på Finnmark, som i praksis er Gamme utan stålkant. Ei god allround-ski, med rocka tupp, grei flyt og manøvrerbarheit på same tid som den ikkje blir "heilt daff" på fastare føre, og ein kan ha kantkontroll i skavlete og vindherja snø. Eg personleg får neller når det kjennes ut som eg like godt kunne spent to daue sild under beina. Då vel eg heller å sjå på andre spesifikasjonar som kan hjelpe på flyt, ikkje berre breidde.
  10. Kombinasjonen kulde og vind kan verte en prøvelse for mange, også utan astma. Særskilt over fleire dagar, med fysiske utskeielsar. Er vel fleire som har oppdaga "astmaen sin" for første gang på vidda, Grønland eller i antarktis, og enkelte har måtta avbrutt. Men, mennesker er ulike. Eg nyttar den sjeldan på "vanleg" vintertur, men mellom anna på store brear med konstant motvind og vedvarande kulde er den gull. Den gjer også inntak av mat og drikke litt enklare synes eg, på dei verkeleg grisete dagane, der ispanseret frå brysbeinet og opp er eit faktum. Her på vestlandet brukar eg den sjeldan/aldri, då det ikkje er vanleg å oppleve kulde og mykje vind i kombinasjon.
  11. Coldavengeren e knall. Eg har den som ikkje e balaclava, den beste maska eg har prøvd.
  12. På alle turar der eg ikkje har behov for gamasjen/og eller ekstra varme, samt turar der eg vil ha best mogleg respons/kanting (Stetind sitt noko betre på foten). Altså brukar eg Stetind langt meir enn Svalbard. Daglegturane i utmarka, vårskiturane med mange høgdemeter, treningsturane med pulken full av vannkanner eller vedsekkar osv osv. Eg brukar Svalbard berre når eg har eit særskilt behov for den skoen, som for meg stort sett er på kalde pulkturar med litt varigheit.
  13. Tilpassa fasongen til ei øltønne med to bein synes eg å hugse 😂 Men ja, slitesterke og tette.
  14. Mi oppleving: Svalbard er varmare, hakket meir krevjande å få snørt skikkeleg, like vridningsstive. Eg har båe par, kunne ikkje tenke meg å ha berre Svalbard.
  15. Ein altfor smal Mountain Hardwear lamina -30f/-34c. Eg e kje hverken smal eller brei, ei heller spesielt klaustrofobisk. Men detta var berre ikkje aktuelt for ein halv gris. Synes eg kjenner panikken slå inn år eg under godt kalde tilhøver (som jo posen er berekna for) skal snøre meg heilt inn i det smale pølseskinnet av ein pose. Så, den går i retur.
  16. Til solobruk ville eg ikkje vurdert noko større enn Keron 3GT.
  17. Eg har ikkje nytta, men fleire av mine ivrigste padlevenner gjer, mellom anna @Morild.
  18. Har budd mykje i båe storleikar. 4 har jo større volum, så det er litt "kaldare". Også meir bråk i vind, om du er var for bråk. Eg er ikkje det, men har sove saman med folk som er det, og som reagerar.
  19. Bib + damemodell + kort beinlengde er nok ei sjeldanheit diverre. Mange (blandt anna Norrøna) vegrar seg også for å legge opp plagg der dei må til å forkorte glidelås 🤷‍♀️ så nokså håplaust
  20. Du vert sikkert nøgd, eit knakande godt telt
  21. Har 4GT sjølv, og har budd mykje i 3GT, og vore på tur der be har vore i bruk og stått "side om side". 4'aren bikkar akkurat det punkt at du får såpass store flater at det bråkar ein del meir enn 3'aren. Så spørsmålet er kor mykje hardt ver du skal ut i/kvar du teltar (skog, høgfjell osv) og kor lydtolerant du er. Eg søv om "halve verda" er i ferd med å ramle ned, men eg veit mange som synes støyen vert i overkant.
  22. Gull tråd. Visste ikkje om hverken FEFO eller Villmarksliv sin!
  23. Skårasalen er grei å gå også om det er litt frost og kanskje eit snødryss. Det same gjeld Sylvkallen. Hellefjellet gir fin utsikt, samt litletinden. Klovetind gir fin utsikt inn i Molladalstindane eine vegen og ut i Sulesund og storhavet andre vegen. Gjennomgangstur Molladalen - Lisje/ytrestandal er kjempeflott, med mykje fin utsikt, og moglegheiter for kjappe avstikkerar opp på småtoppar til dømes i skaret. Keipen nedom Litledalshornet gir fin utsikt ned i Hjørundfjorden, med moglegheit for å gå opp på Litledalshornet om tilhøva tillet det. Saksa som nevnt er fin og grei, men dels ødelagt med sherpatrapper. Elles kan Oktober på Sunnmøre som kjent by på både årets første topptur i pudder og dagar med tilnærma sommar, så det er godt mogleg Slogen er heilt grei i Oktober.
  24. Jentene har tidlegare vore med i Kompani Lauritzen, og ei av dei i 71 grader nord. Også der var det upåklageleg innsats. Jon refererte ofte til Monsen på 71, som ei morsomheit. Så var han gjest hos Monsen under Camp Monsen eller kva svarten det heite, der eg synes dei var artige saman. På slutten kom det eit "kanskje vi sku vore på tur saman". Då kryssa eg fingrane for at me fekk sjå det. Og det fekk me, i eit fint program etter mitt syn. At han framleis refererer til Monsen er jo artig. Likeins at han sjølv eigentleg på mange vis er eit råskinn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.