Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Dei trakkar framleis skispor på Sjusjøen så vidt eg fekk med meg andre dagen, og her på Rena har eg ein halvmeter snø i hagen. Skal i dag på skitur frå Skramstadseter eller Åstdalen, så Ringsakerfjellet til fots trur eg blir strevsamt 😅 Trur du må vende nasen lenger sør i landet eller heilt ut mot kysten om du skal finne fotføre.
  2. Eg for min del ser ei slik teneste som ei undervurdering av kor mange faktorar som spelar inn når folk tek ei avgjerd. Kan ikkje tru at det å sveipe innom ein slik stad, før eg likevel må til å gjere eigne vurderingar, på noko tidspunkt vil bli ein del av min avgjerdsprosess knytt til handel.
  3. Eg har eit slikt, funkar heilt flott. Treng ein meir omfattande slip ein gong i ny og ne er det nok like lønt å levere som å kjøpe utstyr, med mindre ein har ein særdeles omfattande bruk eller lev av å stå på ski på eit vis som gjer vinkel på stålkant avgjerdande. Til vanleg bruk for vanlege folk meinar eg bestemt detta held på det jamne.
  4. Eg har ikkje erfaringar med nett denne soveposen, men har erfart at for stor pose til meg når det er skikkeleg kalt gir varmetap. Men det kjem no an på kor lang ein er og kor brei ein er. Eg er 166 cm og middels bygd, og ville personleg ikkje gått for ein sovepose av denne storleik. Men kanskje har dei han inne i ein butikk slik at du kan prøveligge? Då kjenner du det aller best.
  5. Trur også på å gjere hyggeleg tur til alternativ framfor makebyte. Problemet er ikkje gaming og skjerm, men gaming og skjerm åleine slik eg ser det. Å fokusere på at ein skal hygge seg saman og finne ut av ting saman er viktig, og god mat og godteri er ein hyggeleg fellesfaktor....små fiskarar har det triveligere på full mage med ein sjokolade i lomma, der fisket er ei lystetont greie. I det heile trur eg lystbetont er stikkordet her, å unngå å gjere det til ein kamp...for den er ein faktisk dømt til å tape. I høve konkret stad; eg har hatt lyst til å returnere til Lakadalen i området Sandhaug på sommaren å fiske. Har berre vore der på vinter, men ser ut til å kun vere nice område å rote rundt i med fiskestang.
  6. Eg har no skilt ut OT-innlegg i to separate trådar, ein om temperatur og soveposar og ein om Warmpeace soveposane. Det ver ikkje berre enkelt å avgjere kva innlegg som skulle splittast ut, då mange innlegg inneheld ein mix av tema. De får heller seie frå om de tenkjer noko hamna på feil plass.
  7. Eg vart ein gong fortalt (av ein soveposeprodusent trur eg), at grunnen til at ein lagar varmaare posar for kvinner er at me ofte har større overflate å miste varme frå relativt til muskelmasse. Det er no trass alt ikkje feittet som produserer varme Dette rimar med eigne opplevingar; i periodar der "livet skjer" og eg er i dårlegare form, frys eg lettare. Når eg er i god form, med meir muskelmasse og noko mindre feitt, opplever eg å fryse mindre, sjølv om eg då er "tynnare".
  8. Bergansjakka har vi også vore nøgde med. Slitesterk av typen som gjekk i arv og imponerande tett.
  9. Når er vi så OT att at vi snart får pris. Skal ila formiddagen prøve å skilje ut ein eigen tråd på varme/frysing i sovepose, det er lenge sidan vi hadde ein tråd på det trur eg (om ikkje nokon kjenner seg kalla til å starte ein).
  10. Det forstår eg, og eg er samd med deg. Det er ikkje til unnsetning eg prøvar kome Warmpeace, men på linje med andre berre seier eg noko om mi oppleving av dei. Eg var absolutt OT.
  11. Samd i at marknadsføringa er drøy. Her på forumet har dei vel stort sett vore omtala som en pose fin i høve sin pris. Eg har med åra fått brukt 600 og 1200 eindel, og opplever dei framleis som bra pose for pengane. I høve varme er mi erfaring at dei held det dei lovar og vel så det, så har det vel vore plukka litt på tekstilar frå enkelte (i høve fukt) og varmekragen, om eg ikkje hugsar feil. Eg kan ikkje seie eg hadde noko problem med dette under min bruk av 1200 over Grønland eller på andre lengre turar. Eg har brukt ymse posar men har mest erfaring med mountain equipment, og må være ærleg å seie eg ikkje synes dei ekstra kronene frå WP til ME er verdt det. Det er imidlertid med utgangspunkt i dei prisane som var den gong då, kva dei kostar no veit eg ikkje. Men så er eg av typen som det rett og slett ikkje kan falle inn å bruke ei månadslønn på sovepose (til dømes på Western mountaineering, som eg også har vore i kortvarig befatning med). Ikkje fordi eg ikkje kan men fordi eg beint fram meiner det er tullete. Difor er det ikkje utenkjeleg at reale soveposeentusiastar vil ha ei anna oppfatning enn meg om Warmpeace. Eg forheld meg (i grove trekk) til at eg søv godt i dei og held varmen som forventa eller betre. No skal eg kjøpe ny syntetpose til vinter, and i am keeping it simple; landar ein temperatur, finn den som er rimeligast og kjøper (for øyeblikket Mountain equipment Aurora IV) . Eg trur det viktigaste når ein tilrår eit produkt er at ein er ærleg på eige utgangspunkt, korleis ting har vore brukt, kva ein sjølv synes er viktig og kva "særheiter" ein har. Då er det lettare for andre å bedømme produktet ut frå sine preferansar, og ikke minst å sjå kva den som omtalar produktet ikkje har peika på/omtala. No er eg OT, men trøystar meg med at vi var langt ute frå før 🙉
  12. Eg har ikkje vore over og har ingen tips, men følgjer med spenning og vonar på ein turrapport når attende
  13. Hehe, ok. Sikkert litt ulike føresetnader hjå dei ulike, dei har vel kvar sine "ekspertfelt" vil eg tru.
  14. Kva med å spørje kvifor det meiner det er ei bra ski til deg? VPG har mykje flinke folk så dei bør greie å forklare deg og forstå kva som er dine behov.
  15. Normalt kvasse stålkantar skal holde.
  16. Vekt, lengde og oppbygging kan gje veldig ulik kjøreoppleving av ski. Det lille eg finn av informasjon om dine ski tilseier at dei er lite samanliknbare. Så vidt eg greier sjå er K2 skia dine ei relativt mjuk og lettkaurd/svingvillig dameski, vesentleg smalare enn Fischerskia dine. Fischerskia er vesentleg breiare (sjølv om dei ikkje er breie i "pudder-samanheng"), og har nokså mykje rocker og slik eg forstår det lite spenn. I testar les eg også at dei får omtale som ustabile i fart. No veit ikkje eg om problemet ditt er at du opplever dei som ustabile i fart eller om det berre vert "mykje" ski, eg veit heller ikkje kva lengder du har, men kanskje kan du ha meir glede av ei randoski som er noko meir tradisjonelt oppbygd. Eg har registrert at både K2 og Volkl har ein del populære modellar som har meir tradisjonell oppbygging under foten men på same tid har dradd med seg nokre eigenskapar retta mot topptur og offpiste kjøring. Det blir veldig generelt og "tåkete" dette svaret mitt, fordi eg veit for lite om skia dine og korleis du køyrer (eg er heller ingen ekspert på randoski, men går generelt mykje på alle former for ski). Dog trur eg at dersom du går til ein butikk som legg si stoltheit i nøgde kundar, og fortel om opplevinga di, så vil du få hjelp til å finne ei ski som er slik som du likar den. Elles er det å håpe på at det kan komme inn nokon i tråden med erfaring med desse modellane, eller meir inngåande kunnskap. Edit; @Terka plar ha god oversikt over skimarknaden. Kanskje han har meir utfyllande innspel å kome med
  17. Mange ting som kan virke inn. Om du legg ut måla, lengde og evt oppbygging av skia er det litt lettare å prøve hjelpe
  18. Har aldri opplevd at fotenden på Nallo er eit stort problem, har mine netter både i Nallo 2 Nallo 3GT, inkl.vinterbruk når eg synes keron blir for mykje å dra på (typisk breskiturar når sekken likevel blir tung nok og mange høgdemeter skal forserast). Har det vore veldig fuktige tilhøve, har det hendt at eg har hive skalljakka over fotenden på soveposen. Men det høyrer etterkvart til sjeldanheitene og i stort sett i særdeles grisete vær.
  19. Samd med RAS over her, kat 4 kan like godt vere for mørkt store delar av ein tur over Josten, og då endar ein som regel med å ha med to par. Det er også lite vits med kategori 4 dersom dei ikkje sitt godt nok, slik at du likevel får lysinnslepp...då er det betre med ei kategori 3 med skikkeleg tetting. Og så kjem ein til mitt poeng; eg synes nesten det viktigaste er nettopp passform, og då må dei prøvast. Eg er på mitt andre par med nokre gamle Bollè Travers, som sitt veldig godt på meg, men har no fleire knekte delar og den er diverre er ute av produksjon. Av erfaring har eg vondt for å finne briller som sitt godt og tettar greit (smalt ansikt og lav naserygg). Prøvar difor briller overalt der eg er. Har difor konkludert med at så lenge eg ikkje finn ei som sitt som som eit skudd, så brukar eg heller ei vanleg brille i kat. 3 og mekkar solskydd med sportstape. Dog ramla eg over ei brille på VPG i påska som eg ikkje har prøvd før, ei SMITH briller som satt som eit skudd og kjem med fotokromatiske linser og sideskydd. Den skal eg vurdere som arvtager til mine Bollè, nett fordi den er fotokromatisk og eg kan sleppe å dra på to par briller.
  20. Mange som har gode fjellski, mellom anna Åsnes. Om du ser inne på deira heimesider har dei tilrådingar for lengde og vekt. Eit alternativ til ei god allroundski som er lettstyrt og grei er Nansen. Han vil truleg trenge både korte og lange fellar, om han skal avgårde på tur med pulk eller tung sekk.
  21. Nydelege foto! Eg vart umiddelbart Hardangerviddasjuk! Fin balanse mellom foto og tekst. Ned frå Mannevatn har eg sjølv bala nattestid ein gong, for å nå att ei dame i forvegen. Mykje mikroterreng gjer det til ei heller langtrekt tålmodsprøve ja.
  22. Hei Eg endra tittel til å bli litt meir informativ. Moderator Elles tenkjer eg at eg båe deler funkar, men at utan bikkje hadde eg gått for ski med stålkantar. At fellane klabbar kan ein alltids gjere noko med, ved hjelp av impregnering og voks. Mi erfaring er at dersom impregnering ikkje hjelp, så klabbar det meste, og eg er i tvil om smørjefrie vil klabbe noko mindre om det først er så ille.
  23. Har nytta både babyakebrett og parisbrett på dette viset, men dette syns eg såg snertnare ut!
  24. Litt fuel brukar ein sjølvsagt, men kva var det som ikkje funka når du prøvde? Eg har nytta eggepulver til å lage omelett på langtur, synes det funka veldig ok.
  25. Kan ikkje forstå at du skal ha bruk for broddane men det kjem an på kva rute du skal gå mellom Finse og Haukeli og om du skal oppom nokre toppar eller ei. Vekta høres fornuftig ut for den turen etter mitt begrep. På Finse Haukeli har eg brukt ligge på 30-35, men då har eg delt telt og kok. I tillegg brukar min kjærast påpeike at fordi eg er lita så veg alle mine personlege greier (liggeunderlag, sovepose, kle, bedding osv) langt mindre enn ein mann med LW utstyr😅 Elles; god tur. Finse - Haukeli er ein veldig flott tur!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.