Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Stone Glacier kan vere eit merke å sjå på. Lette sekkar med høg lastekapasitet.
  2. To av husets tre pelsar. Den tredje seier mjau og har eige herskap. Når den minste ertelusa avbilda her har fått sin første vinter på baken, kjem det vonleg ein kvalp til. 3 stk fordelt på hushaldningas 2 tofotingar har me funne ut truleg er høveleg. Då bevegar med oss noko lunde likt gjennom terrenget. Fascinerande kor avl virkar, å sjå kor framdriftsønsket skin gjennom tidleg med desse bikkjene.
  3. Eg har K7. Den er lenger enn dei fleste vanlege dunjakker, men ikkje så voldsom som til dømes Bergans expedition (som eg også har).
  4. Var Annapurna som var alternativet ei stund, finnast den ikkje lenger? Evt kan Roberts vere eit alternativ.
  5. Eg har på ingen måte dine problem, eg er motsett, men har i min søken etter korte modellar også sett at både Bergans og Arcteryx har tall modell. Om dei er "tall nok" veit eg dog ikkje. Edit; eg har god erfaring med Arcteryx gamma. Ser den kjem i tall.
  6. Fjellreven har fleire modellar i "raw length". Altså bukser du sjølv legg opp i beinenden. Desse er ofte veldig lange i utgangspunktet. Det kan også vere verdt eit forsøk å google turbukse rålengde å sjå kva som kjem opp.
  7. Har mange timar med den "nye". Den funkar fjell.
  8. Netting innerst. Helst Brynje, men også Dæhlie og Janus fungerer. Aclima synes eg mistar fasong og krympar same korleis eg vaskar det. Av "vanleg" ull kjem det an på årstida. Devold expedition og ymse ullfrottè frå woolpower og Janus når det er kaldt. Mellomtjukk ull mindre nøye. Ulvang, Kari Traa, Devold, smart wool osv funkar like greit 🤷🏼‍♀️ Sommar = tynnare, blanding ull/silke eller ull/tencel. Mange merker har det, eg likar smart wool, PhD og Houdini. Når eg vil ha litt varme og fukttransport men ikkje treng netting/ikkje vil gå berre med netting men heller ikkje vil ha ei trøye utanpå, synes eg ullmesh frå til dømes Devold funkar. Det mest slitesterke eg har er Devold, woolpower og Janus.
  9. Eg brukte i mange år ein Titan650. Meinar å hugse den hadde comfort temperatur på nokre få minus. Den holdt det den lova og vel så det på hausten og vinteren. Men då låg eg gjerne på Exped down 9 og med ein skumplast på toppen. Holdt tilogmed varmen ei nokså kald vinternatt under open himmel (tosifra blå), der eg gav frå meg posen eg hadde utanpå til ei venninne av dotter mi som trengde å forsterke sin pose. Då hadde eg dog meir kle nedi, og heilt sikkert ei varmeflaske tippar eg (nokre år sidan). Det var også heilt vindstille. Så erfaringane er tydelegvis veldig ulike.
  10. Eg dauar 🙉 ... og med den formuleringa burde eg verkeleg sett desse komme 🤷🏼‍♀️😂
  11. Usikker på kvar du vil med innlegget, men eg personleg har nytta ME og synes at dei er gode og relativt etterettelege på temperatur jamført med andre posar. At fem posar frå ein annerkjent produsent skal fortene å nærast bli stempla som ubrukelege, utan nærare forklaring anna enn at ein fraus er litt drygt. Eg kan gå ut barfota og naken frå livet og ned...og hevde at dunjakka eg har på er ubrukeleg fordi eg er kald. Men er den faktisk det gitt dessa føresetnadane?
  12. Utviding veit eg ikkje, har ikkje tenkt over. Men kaldaste eg har brukt dei er kring 30 blå. Då med tynn liner, dampsperre og mellomtjukk sokk.
  13. Har hatt Jan Mayen. Posen er laga romsleg nettopp med tanke på at det er ein ekstrem pose, som skal kunne romme ekstra lag med kle osv. Eg synest det var ein god pose, men litt for romsleg til meg i std.storleik. Solgte den for nokre år sidan. Meinar også at det var posen @Virmai alle år brukte til kiden i oppveksten. Påliteleg og hardfør. Kjøpte i år ny syntetpose. Valget stod mellom en Jan Mayen i mindre storleik (tilpassa meg) og ein Mountain Equipment Aurora VI som er smalare i utgangspunktet. Når eg fann den siste for 2400 kr i outleten til Brukås sport endte eg med den, med pris som det eigentleg einaste utslagsgivande. Hadde eg fått Jan Mayen rimeligare hadde det blitt den.
  14. Har både fotposer i dun frå western mountaineering til turane som ikkje tillet volumet i vanlege fotposar, og fotposer med kartank. Har hatt fotposer til å dra utanpå skisko. Det som blir mest brukt er dei to første (solgte difor fotposane som var store nok til å dra utanpå skisko). Forsvarets/Mittet med såle klipt ut av liggeunderlag, ein såle av tova ull og kartank nedi er ein vinnar til isbjørnvakt. Dunposane er supre til typ holde varmen på føtene når det er min tur med kjøkkentjeneste, ut på do osv når det er "tørre" vintertilhøve.
  15. Ah, mi selektive lesing berre utelot transporter. Om det ikkje er glasfiber er kanskje gelcoat feil ja.
  16. Har nøgda med utstyr, men føler ikkje at eg har mykje utstyr eg ikkje brukar. Eg har eigentleg vore flink å omsette utstyr som vert overflødig. Det vil seie at når eg flytta vekk frå kysten så solgte eg ein del utstyr til fridykking og padling, fordi dei få gongene eg no treng det kan eg låne eller leige. Flyttar eg til kysten skaffar eg nytt/brukt att. Eg har ikkje mange telt, soveposar og brennarar, og lite gadgets då eg generelt blir sint av det meste som handlar om tech og krev ei bruksanvisning ( eg er idiot på slikt). Eg brukar opp utstyret mitt, eller omsett det. Elles har eg i mange år hatt eit bevisst forhold til "optimaliseringssyka" som eg kallar det. Altså at i staden for å spørje seg om ei løysing er optimal, kan ein spørje seg om ho funkar godt nok. Overraskande ofte er svaret ja. Det vil ikkje seie at eg har utstyr eg ikkje kunne greidd meg utan. Eg går på ski mange dagar per veke, i periodar kvar dag. Truleg eit snitt på 3-5 dagar per veke gjennom ein lang sesong. Det gjer at eg har nokre skipar i stallen. Eg kunne greidd meg med eit par til alt eg driv med. Eg har også, av ein eller annan merkeleg grunn, enda opp med eit vanvittig antal sekkar, som eg jamleg prøvar få ned på eit meir anstendig nivå. På same tid synes eg at god sekk og gode sko ikkje er der ein skal spare (eg har i tillegg ein vanskeleg nakke og vanskelege føter). Det er freistande å seie at det er dette eg driv med, og eg handlar fint lite anna (husgreier, ny bil osv.). Men dette tek på ein måte berre fokuset vekk frå at forbruket må ned, samme kor godt vi kan rettferdiggjere det. Til tross for at eg handlar brukt når eg kan, brukar ting til dei bokstaveleg talt ramlar frå kvarandre, handlar ting etter opplevd behov og ikkje tenkt behov (var oppteken av dette når eg starta med jakt, at eg reint faktisk skulle oppleve behovet), unngår optimaliseringssyka og diskuterer dei fleste kjøp i "adressefellesskapet" så er det altså for fullt inni boden (rettare sagt bodene...). Det eg prøver å få fram med mitt innlegg er at det faktum at ein brukar noko ikkje er det same som at ein ikkje kunne greidd seg utan. Ein tanke eg skal bli betre på å huske neste gong eit par ski eller ein sekk er oppbrukt.
  17. Her er du inne på fleire vesentlege poeng @Gal Krokfot. Takk. Reinsjakta er ikkje berre "rekreasjon og moro". Jakta er også ein del av forvaltninga. I tillegg står jakta for store mengder verdifulle data, både på skrantesjuke og anna. Hadde vore interessant å vite kor mange årsverk ein snakkar om i innhenting av data (relativt omfattande prøvetaking og regime etter fall, med innsending av reingjort underkjeve, lymfe- og hjerneprøve osv., i tillegg til andre fall- og slaktedata). Eg har sitti i fjellet og sett effekten både av fotturistar og grupper med syklistar på rein. Sjølv om datagrunnlaget mitt er tynt, har det for meg sett ut som at syklistar støkker meir "brutalt" (reinen reiser lenger). Kanskje fordi ein har høgare fart og ofte kan komme eit hakk meir uforvarande på? Dette er meir synsing enn fakta altså 😅 At jerven skal fikse skrantesjuke har eg også problem med å forstå. Nøyaktig korleis skal det gå til? Nedskyting av stammen var eit forsøk på å stogge sjuka, og det var eit ærleg forsøk. Kunnskapen ein satt med og erfaringane frå USA tilsa at det var lurt å prøve og ta grep tidleg. Det er også viktig å hugse at dette ikkje berre handlar om reinen, men kan smitte til andre hjortedyr også. Derfor har ein til dømes sett i verk tiltak kring jakt på hjortedyr i omlandet til Hardangervidda. ....at "ein urett ikkje legitimerar ein annan" er for meg trådens beste oppsummering!
  18. Ja. Om skruhola ikkje stemmer pluggar ein hol og borar nye. Går heilt fint.
  19. Har hatt Åsnes expedition med teleskop i mange år, ein favoritt til fjellskitur. No treng eg eit par nye, og det blir med fastlengde. På fjellski treng eg mindre variasjon i lengde enn på topptur, stort sett berre for å endre litt belastning eller få lågare grep (meir varme i fingrane). Då held det stort sett med langt skumgrep. Dei i karbon/kevlar er stive og bra, og etter å ha brukt det i nokre år blir det ikkje tilbake til alu på fjellskistav. Den kontante responsen (stive) i kombinasjon med den låge vekta synes eg gir god pendel og stavbruk.
  20. Denne har eg altså ikkje sett før no. Kan no svare for trådens skuld. Ja det er stor forskjell, både med og utan kablar (kan tas av og på). Hugsar ikkje om det var magnum eller vanleg, har gått med nokre bc-bindingar her i hus. Merkar dog heilt ærleg lite forskjell mellom desse vanleg og magnu. Kva bc-støvlar ein har er meir avgjerande. Gåkomforten var super, spesielt i Andrew St.Moritz. Dog blir 75 mm no bytta ut med xplore. Rett og slett fordi eg har problemstillingar i føter som gjer at eg ikkje lenger toler 75 så godt.
  21. Mountain works har mykje bra som ser ok ut og som ein ofte finn pent brukt eller på tilbud.
  22. Då kan kanskje Harkila sine varmehanskar vere eit alternativ? Dei er noko tynnare, utan at eg har testa førlegheit.
  23. Hei Eg har god erfaring med Heat experience sine hanskar, og tenker å prøve vottane au. Dei har "vanlege" hanskar og vottar men også modellar der du kan stikke ut fingrane for finjustering av fotoutstyr, for så å smette dei raskt inn i varmen att. Eg har ganske varianten av desse til jakt, der kan eg få ut pekefinger. På vottane kan du få ut alle fingrane. Eg har diverre ikkje erfaring med andre merke.
  24. Dei kjem i ulike storleikar til småsko/støvlar/store støvlar. Som sagt usikker på funksjon førebels, og valde prøve då prisen ikkje er avskrekkande. Kan komme med ei attendemelding når eg har fått testa meir
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.