-
Innlegg
3 689 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ikkje i dag men forrige helg. Flott padletur med nattpadling og telting saman med kjekke folk. Meir bileter og turrapport på blogg. Vedlagt foto: Mildrid Flø.
- 4 598 svar
-
- 14
-
-
Uansett kva du vel, så putt gjerne i terningar av meierismør (500 kaloriar per 100 gr) eller Cocosa (800 kaloriar per 100 gr). Eg tilsett mellom 25 og 50 gr feitt per måltid og får slik opp energiinnhaldEt. Ikkje minst er jo feitt fantastisk for og få i gang den innvendige "motoren" og halde seg varm.
- 57 svar
-
- 6
-
-
Tips til tur: med pulker i Nordmarka
Tessatroll svarte på Navl1 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er jo også særs realistisk og god trening å trekke pulk utanom løypenet, kanskje ta ein kik på flyfoto og sjå kvar det er ope nok til å kunne lage seg runder utanfor sporet også? -
Her tok influensa oss alldeles, så skituren vart utsett. Usikker på kva tid eg kjem meg av, men om eg kjem i fjellet før deg skal eg rapportere.
-
Berre å komme seg på senteret. Veit ikkje kvar du bur, men om det er i Osloområdet er Holmen klatresenter bra for kids, evt Tyrili på Lillehammer om det er nærare, eller ein vil ha Søndagsutflukt. Kjempebra barneavdeling. Bruk vanlege joggesko i starten, evt etterkvert kjøp brukte klatresko eller få nokon til å handle for deg på Decathlon når dei er ute og reiser. (150 kr for eit par til born. Spania, Frankrike, Italia og Hellas). Dei fleste senter har også utleiesko. Få dei i hallen på kos tidlegast mulig, så blir det naturleg for dei. Søndagskos og matpakke, lar dei sjølv bestemme om dei vil buldre eller tauklatre. Det viktigste er KLATREGLEDE! kos dykk
-
Barnepulktur til Dnt- eller annen hytte Norvestlandet?
Tessatroll svarte på trudep sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Trude syns du skal teste ut Grøndalen og Utvikfjell. Dog med telt. Har du litt kjøretid til rådvelde har eg eit hav av tips til fine pulkturar i flatare områder. Kan sende dej ei melding på FB -
Når skal du avgårde? Eg skal inn der Torsdag 12. Kan avgi en førerapport etter det.
-
Haha, trur eg starta på og sammenfatte litt enkle råd og lage ei liste over det eg hadde funne av gode skriftleggjeringar, og så stranda det. Skal vurdere sjå om eg får gripe fatt i det før barmarkssesongen er i gong att Meget mogleg eg lagar eit blogginnlegg av det og deler
-
Dersom de kan være interessert i fellestur: Eg og ei dame til skal leie ein dametur for Ålesund og Sunnmøre turistforening i Tafjordfjella vest i August, 27-30 er datoane. Start på Grotli, enkel ankomst med buss, evt tog til Otta og buss. Hytte til hytte. Avsluttar i Geiranger, enkelt å komme seg opp igjen på Strynefjellet der, til bil eller buss som står parkert. Eg skal nok den vegen att etterpå. Eg har sjuseter.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Eg har Gamme si, ei vennine har Ousland si. Utan at eg vil garantere noko, har eg forstått ut frå våre samtalar at Ousland si bok er meir detaljert på kunnskap som er "sær" for sitt felt, ulike issortar osv, skikkelig nerdebok, for oss nørds! Gamme si har ein del praktiske opplysningar kring organiseringa av vanlege turar, som til dømes Grønlandskryssing osv. Dette forstod eg ikkje at Ouslandboka hadde. Min konklusjon er at eg må ha båe
- 3 svar
-
- 3
-
-
- ekspedisjonsbok
- gamme
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Eg har ikkje ein slik, men har ved nokre høver når det har vore veldig tett (skikkeleg whiteout) over lang tid, tenkt at det kunne vore ok. Ikkje pga problem med å bruke kompasset og sjekke kurs med jamne mellomrom (kvart hundrande steg funkar for meg) , men rett og slett for ¨å ha noko å kvile augene på. Det er ekstremt travelt å gå i whiteout over tid, ein kan verte både svimmel og sjøsjuk. Er ein åleine, eller berre to til å dele på å gå små økter framme, kan det hende eit slikt kompasstativ hadde vore god knall. Over Hardangervidda veit eg likevel ikkje om eg hadde gidda. Det er nokre få dagar på ski, og det kan hende du fleire av desse har fin sikt og kan orientere vanleg. Då er det kanskje litt unødvendig og drakse med seg eit slikt stativ for ein dag eller to? For meg ville det hvertfall føles slik På Grønlandskryssing og andre lange turar kan eg forstå det. Evt som opptrening til ein slik tur, om du har behov for å venje deg til det. Kompasstativ eller ei, god tur
-
For store sko kan ikkje berre gje gnagsår men også gje deg ein sårleg kjøreopplevelse. Forsvinn mykje kraft i for store sko, også enkelt å havne i rare kjørestillingar med kroppen med mindre du er superdisiplinert tidlegare alpinist med supermusklar og teknikk Går du til nokon som kan skotilpassing, vil dei måle foten din, plukke støvel deretter, lære deg å stroppe den i rett rekkefølge slik at du får helen bak. Eit godt utg pkt seier dei er at ein kjenner tåa når stroppene ikkje er på, men ikkje når du har stroppe. Etter dette får du din forhandler til å varmetilpasse dei med ekstra tåkappe på, slik at du får rom til å vigle med tærne og ikkje blir kald. Ein touringstøvel kan være litt større enn en tradisjonell alpinstøvel, nettopp pga varmebiten. Eg er ein 38,5 normalt, og skal ha 24,5 i Scarpa. Hadde blitt 24,5 eller kanskje 25 i Dynafit om eg skulle ha det. Så tenkjer at du kanskje har litt for store støvlar?
-
Noen som har gått Hardangervidda på langs - VINTER?
Tessatroll svarte på loland sitt emne i Generelt om friluftsliv
Planleggingskart 1:100 000 Hardangervidda aust og vest alt etter kva rute de vel å gå. Dersom de skal utanom stikkaløyper er det greit å ha 1:50 000 kart, spesielt ved dårleg sikt er det greit å få med litt meir detaljar. Du kan greie deg fint utan GPS, spørsmålet er heller kor drilla ein er på å ta seg fram i dårleg sikt. For mange (dei fleste vil eg tru) vil det være slik at ein har god hjelp av ein enkel GPS som gjer at du kan sjekke koordinatane du er på dersom du skulle bli i tvil. Då kan du betre ta ut ein nøyaktig kurs att. Dess meir variert terreng dess tettare mellom kursane. Veldig rufsette = ligge stille, uansett kva hjelmpemiddel du har. Er få hjelpemiddel som åtvarar mot 3 meters henget som har bygd seg opp på ein anna måte enn topoen i kartet viser. Kan skjule seg mykje rart mellom 20 meters kotane Ein kan gå i dårleg sikt og dårleg vær utan GPS, ein må berre ta i bruk fleire verktøy for å holde koll på avstand gått osv. Eg har ved to høver opplevd å hatt eit par dagar på tur der eg ville vurdert og lagt stilt om eg ikkje hadde GPSen som dobbeltsjekk. Har gjort det slik at eg har teke kurs, berekna kor lenge eg skal gå på den kursen før eg skal ta ut ny, gått på kurs ved hjelp av korriering av turfølge på linje bak, hundre steg i slengen, korriger retning. Etter endt tid der me har tenkt oss at me har nådd avtalt punkt, er på att med GPSen og dobbeltsjekke at me faktisk er der me har planlagt å være. Ny kurs. Osv. Dette krev at du har eit mentalt bilete av kva du skal møte på av terreng slik at du kan kjenne det att om større endringar i terrenget kjem som du ikkje har "berekna". Til dette har eg ein superenkel gps utan innlagt kart. Funka gull i et par dagar på Josten i fjor som vart rufsette. Traff folk (såg dei i det dei omtrent stod på skituppane våre) med GPS med kart som rømde nedatt frå fjellet ved næraste brefall, sjøsjuke av å stirre i GPSen. Andre grupper låg stille osv. Me tråkla oss sakte men sikkert framover som skissert over. Ved bruk av slik enkel GPS utan kart vert du tvinga til å bruke kartet og kompasset ditt aktivt heile tida, på same tid som du har backupen om du skulle kjenne deg i tvil. Ekstremt mykje god læring i det. Har sjølv gått frå Finse til Haukeliseter utan nokon GPS, og med 1:100 000 kart. Går fint det også, men straks verre ved dårleg sikt. Var heldige og hadde mykje god sikt og godt vær. Gjekk mykje høgt, og berre delvis innom stikkaløype eit par gonger. Gjekk ein anna tur frå Finse til Demmevasshytta via Ramnabergbreen i møkkavær, då var eg gla eg hadde GPSen når eg lite forstod. Vatn her? Slo på GPSen, var på rett stad. Pokker. Flata er for slett og jamn til å være bre. Magekjensla var pyton. Velde å gå 15 min i austleg retning att, før me kryssa over dette "ukjente". Då var det tydeleg bre. Ved hjelp av GPS fekk eg då henta inn posisjonen min att, og teke ny safe kurs frå safe spot. Vart i etterkant fortalt at vatnet hadde utvida seg kraftig frå kartbladet var trykt. Håper du fekk nokre tips til å teste ut, og ha med i bakhovudet mtp orientering på vidda- 15 svar
-
- 7
-
-
Øh, har ei dobbelgarasje, heile peisestua nede, ei lita bud i hovudetasjen, og gangen. Full...
- 30 svar
-
- 3
-
-
Endeleg friske born igjen, strålande sol, skredfare som har minka og godt med snø. Då får kontorarbeid være kontorarbeid. Fellane og telemarkskia må luftast. Flott tur frå Brudavollen (100 moh) i Ørsta til Sandhornet 909 moh. Perfekt første tur etter sjukdom både her og der.
- 4 598 svar
-
- 11
-
-
Kjøpte Romsdalshorn når eg fekk born eg skulle ha med på tur. Dette vart kjapt utrangert av av andre, rett og slerr pga takhøgde og kraftig innsmalning på breidda. Trangt telt, blir i dag brukt til "herjetelt" i hagen av kidsa, eller når me vel to telt framfor eit stort når heile familien er med (5-6 stk). Vill mykje heller lagt pengane i brukt Hilleberg Nallo om eg fann det. Evt eit kuppeltelt. Om pris av betydning, Norheim Vassfaret (tungt dog) eller Norheim TY3 (lettare)
- 12 svar
-
- 1
-
-
Ja men ein kan traversere på ulike måtar
-
Pulk går fint også i kupert terreng. Det handlar om korleis ein lastar han, kva drag ein vel og korleis ein angrip sidebratt terreng.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Smak og behag. Ein parispulk med taudrag veg 2,5 kg omlag, og kan fint stroppast på sekk i brattene om nødvendig. Evt rigg deg med bremsestau for bratt nedover. Er du komfortabel med sekkebæring er det kanskje like greit å bruke det. Har du problem med litt tung sekk over tid er det greit å bruke pulk. Altså, som eg sa: smak og behag
-
Spørsmål om Grønlands kryssing
Tessatroll svarte på SigurdTG sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Forsikringsselskap stiller strenge krav til kryssing, og blir stadig strengare. Siste eg fikk vite var at minimum ein i følget burde ha ha kryssa isen før, evt gjort tilsvarande greier, og alle må vise til brei erfaring med turar på bre og i røft terreng. Edit: eksplisitt uttalt at turar på små alpine brear (som det meste her til lands) og typr kryssing av Hardangervidda osv ikkje var nok. -
Det går fint an å bruke gamleskia dine. Korleis twintipski er bygd opp varierar, men om du har brukt dei i heile skianlegget, og veit at du kan kjøre dei på det meste av underlag, er det berre å få hola plugga og montert på ny binding Eg trur tilogmed du kan få montert techsole på dine gamle alpinstøvlar, slik at dei vert dynafitkompatible
-
Crispi Skarven - bytte til en str større eller en annen sko?
Tessatroll svarte på ahakstun sitt emne i Fottøy
Same for min del. Den støvelen kan eg hoppe inni og traske avgårde, rett på langtur -
Etter mi erfaring er parisbrettet nok inntil 50 kg, med best mogleg lågt tyngdepunkt sjølvsagt. Min er rigga for både taudrag og stivt drag. Det siste kan eg ikkke fordra (tvangstrøye) og blir minimalt brukt. Det eg også har lagt merke til er at den veltar fortare med stive drag enn taudrag. Dette fordi du med taudrag brukar ulike teknikkar, posisjonerar pulken etter terrenget. Det går ikkje med stive drag. Edit: las litt fort og trudde ts også etterspurte parisbrettergaring. Sorry
-
Mammuten er god og slitesterk pose. Bra liggecomfort og anstendig volum for syntet/pris. Det som er synd er at dei i fjor endra litt på modellen. Den eine posen me har har vanleg hette og krageløysing. Den siste, kjøpt til gutongen i fjor, har ein "tynn" varmekrage. Nærast berre kanal for strammesnora. Går ut i frå at det er fordi ein også har endra hetta til skikkeleg mumiehette, smal berre med plass til hovudet, og går ut på skuldrane som ei jakke. Ville likevel foretrekt den forrige løysinga, då det verkar som det er vanskeligere å få den nye løysinga til å slutte tett inntil enn den gamle.
-
fjellski for toppturer, men kun opp eller bortover
Tessatroll svarte på herogder sitt emne i Vinterutstyr
Sjå om du kan finne deg nokre eldre modellar av Fischer e99 eller liknande på sportslageret, smell på ein binding og finn sko på bruktmarked. Då kan du sleppe unna med 2500 kr ish. Alternativt kjøpe ny pakke av typen Madshus Voss, men då får du eigentleg berre dårlegare ski for same pris som du med litt anstrengelse kan få eit greit oppsett. Dei eldre E99 er gode gåski, og har greide kjøreeigenskapar om du skulle trenge det litt likevel