-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
- 4 598 svar
-
- 10
-
-
Hei Å kjøpe kajakk ut av "det blå" er vanskeleg, så eg forstår godt at du spør. Som nybyrjar har ein få referansar og det vert vanskeleg å gjere val. Greia med kajakk er at der finnast så utruleg mange ulike typar, både med tanke på bruksområde, størrelsar, tekniske dugleikar til padlaren, personlege preferansar osv. Det eg ser, både for meg og andre, er at det å faktisk padle mange ulike typar (om de bur i nærleiken av ein klubb) eller å ta eit kurs gjennom til dømes padleforbundet, gjer at du får eit betre grunnlag for sjølv å vete kva du skal sjå etter/kva du vil ha. Spesifikasjonar og tekniske greier er vel opg bra, men til sjuande og sist er det den som sit i båten som kjenner kva som funkar for seg. Ein skal sitte godt, ha ein kjensle av kontroll, båten skal ikkje vere hverken for stor eller liten. Eg plar samanlikne det med kjøp av fjellsko: Dersom du er i tvil om det er rette støvlane, er dei ikkje rette. Når du stig ned i dei rette støvlane veit du det med ein gong. Kurs og klubbar i dykkar område finn de på Norges Padleforund sin nettstad, Padling.no
-
Ikkje heilt det du spør etter, men har eit lite innspel: Er det barn under 10 år, vil ein sovepose, litt kle og liggeunderlag faktisk være litt å bære, relativt til kroppsvekt. So då er det kanskje ok med bære system likevel? Dei 3-4 kiloane, som eigentleg er lite for oss, skal jo tross alt fordelast på mindre grunnflate? Eg har Deutersekkane til mine, har hatt dei nokre år. Eldste (ungdomsskule til hausten) er klar for ny sekk no (har hatt Fox 40). Eg kunne nok valt lett sekk til ho, men etter at ho har prøvd ulike sortar (inkl lettare greier) fell ho tilbake på dei med litt betre bæresystem, og seier dei er meir "behagelige". Kanskje det er lurt at kiden som skal ha sekken får prøve den med det den skal bære i? Fin tråd, følgjer den vidare, vonar på innspel som er relevante også til den vidare sekkejakten til dotter mi
- 12 svar
-
- 1
-
-
- barn
- lettpakking
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Borna mine har og har hatt "skikkelege" soveposar frå dei var små. Fordi dei har sove ute under alle slags tilhøve. Eg tenkjer som sagt at det handlar litt om kva tilhøve du skal ut i , og kva tiltak elles du er viljug til å sette i verk.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Hei Eg kjenner ikkje til desse posane spesifikt, men kan på generelt grunnlag seie at: Det kjem nett an på kva du meinar med fjellet. Om de skal opp i høgfjellet kan det bli ganske kaldt der til tross for at det er sommar. Men, noko som er vel så avgjerdande som soveposen, er kva ho ligg på. Er ein godt isolert under kan ein sleppe unna med ein lettare pose enn om ein søv med lite isolerande under seg, i alle fall så lenge de ligg i ly for vind. Kva med å teste ei natt i hagen no? Tippar at mange netter no har den samme temperatur som høgfjellet om sommaren. Blir det for lite, kan du prøve med meir isolasjon under, evt breie den ekstra dunjakka eller jervenduk (om du har) over. Eit tiltak er å fylle ei vannflaske med varmevatn og tre ein sokk utanpå, plasser i fotende av posen. Mi erfaring er at dei fleste soveposar held mål i telt om sommaren dersom den har varmekrage, og ein kan spe på med tiltaka skissert ovanfor. Skulle det vise seg at de får andre behov etter kvart er det kanskje enklare å handle, sidan du då truleg vil vite kva du ser etter Kan være verdt å sjekke om posen har innvendig varmekrage.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Arcteryxen har fantastisk passform. Og er slitesterk. Er du våken kan du få den litt nedprisa, og slik til ein spiseleg pris. Verre er det med Klattermusen. Sjeldnare råd å få tak i på salg. Eg kjøpte sjølv Klattermusenbuksa mi på Svalbard, så slapp eg hvertfall momsen...
- 16 svar
-
- 1
-
-
Får fnatt av innerteltdører meg myggnetting berre øverst, så eg måtta i tilfelle klart modda døra. Full myggnetting er eit krav for meg.
- 70 svar
-
- 1
-
-
Nallo 2 fungerar suverent for meg, dog er eg ikkje lenger enn 167 cm. Unna er dog også eit interessant alternativ, spesielt når eg ser at der er heile stangkanalar, og ingen ting som skal klipsast på. (DET gidd eg berre ikkje dille med, har stått ein gong med influense i sterk kuling på Gaularfjell vinterstid og klipsa teltduken på stengene på eit Allak, med digre vindvottar. Det var ein tanke som stod i hovudet på meg då: Dette er første, og f....meg siste gong). At det ikkje er fortelt på Unna hadde eg ikkje stussa på, eg føretrekk Nallo nettopp fordi at det er enkelt å slå til sides det vesle som er der av fortelt, og få naturen "rett inn". Det er ei vanesak å greie seg utan fortelt (mogleg det er slik for meg fordi eg ikkje er så stor i meg sjølv, og kan kasta pakkposane eg treng i teltet inn i teltet og bruke til å bygge opp under hovud eller kne, eller berre oppbevare i fotenden). Spørsmål: Eg er i ein prosess med å prøve få tak i eit nytt Nallo. Med tanke på Unna, trur eg det kan være eit alternativ for meg også, då blir den endelege avgjerde rett og slett "whatever comes around first at a good price". Greia er at eg er ute etter eit 4-sesongstelt som veg lite, som kabn brukast til to på alpine turar, men er lett nok for meg åleine på andre turar. Når ein ligg to i eit Unna (to normalstørrelse i breidda, litt små på lengd), korleis ligg det an med duken på langsida? Kan sjølvsagt mååle opp breidda på stovegolvet og finne senter for tak og slik få ein idè, men er for lat, og spør i staden
-
Kjem sjølvsagt an på skredsituasjonen. Me har nett hatt ei påske her på Sunnmøre der snøen liknar meir på januarsnø enn stabil vårsnø. Med har framleis lag i snøen, og vindtransportert snø, pluss eit lag nedesnødd/nedefokka rim som er vanskeleg å lokalisere. Så alt kjem an på kva tid de skal rundt og om snøen har byrja stabilisete seg til då, slik at det i hovudsak er soloppvarming de har å bekymre dykk for. Varsom.no har mykje god info om dei generelle snøtilhøva her no, les dykk opp på det, studer kart, og vel rutfrå det når turen er nært foreståande. Tankane de har om ruter verkar grei, om tilhøva er stabile. Er dei ustabile, kan det hende de må legge omvegane om mindre alpint terreng.
-
Eg har eit Hilleberg Keron 4GT som familietelt. Herleg spacious. Me brukar det faktisk til fire born og to vaksne, då me vaksne glatt får plass i forteltet, evt ein voksen og fire barn i innertelt og ein voksen i fortelt. Mine born er eigentleg mest glade i å ligge ute under open himmel, men dette teltet er godkjent. Det er det einaste av telta våre dotter mi ikkje klagar på at vert "klamt". Eg likar også høvet til å bruke doble stenger, og 360 graders dør med myggnetting. Får heilt fnatt av "små luker" med myggnetting øverst på døra ala Helsport. Helsport sine telt med stormklaffar er heller kanskje ikkje så gunsig sommarstid mtp temperatur og inneklima? Ei vennine av meg har Svea 3 camp, og teltet verkar knallbra, men som heilårstelt veit eg ikkje, ei heller som stort nok telt til 4 + bikkje. Keron verkar større pga like store bogar. Brukar det sjølvsagt til turar utan familie også, blandt anna hadde eg det med som telt på ein skitur på Svalbard i fjor saman med ei vennine, og har brukt det over Josten attmed nokre andre venniner. Det gjekk knallfint, sjølv om eg tenkjer at bruk av eit slikt stort telt i alpin samanheng nok krev at ein er minimum 3, gjerne 4 for å forsvare vekta. Spør om du lurer på noko
- 9 svar
-
- 1
-
-
Lå 8 timer under snøen - reddet ut i live
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Så innmari også det! Her på Sunnmøre, og i Romsdalen har det faderullan meg vore så mykje flaks i omløp i påska mtp skred, at ein kan bli mørkeredd av mindre. Mykje uvettig ferdsel, og mange hundretusen kroner brukt som følge av dette.- 1 svar
-
- 1
-
-
Om du vil ha ei god all-roundski til telemark er det greit å ha ei med medium mål, og litt rocker/løft i tupp, så du ikkje må jobbe så innmari med duppande tuppar i laussnøen, men som på same tid har spesifikasjonar som gjer at du sitt greit på kant i bakken og kan takle det meste av føre. Om du då spanderar på deg ein tusenlapp ekstra når du vel binding, kan du få ein god telemarksbinding med gåfunksjon, så slepp du øydelegge hoftene dine på topptur. Eit oppsett eg ville vurdert om eg var deg, er K2 wayback 88 med ein G3 targa ascent eller ein Voile switchback. Finn du switchbacken til same pris som G3en er switchbackeb å foretrekke, pga mindre problem med ising i låsemekanisme. Eg har G3 og greier løyse det heilt fint, men hadde eg skulle kjøpt nytt hadde eg sjølvsagt prøvd å unngå det. K2 skia får du i 82, 88 og 96 mm under fot. Eg personleg synes 96 mm vert litt mykje om eg skal kjøre alpinstil telemark i bakken, og på vanskeleg føre i fjellet. 82 er kanskje herleg ei stund i bakken, men er litt knapt på dei fine dagane i fjellet, og du får fort kontroll og kjensla av at "søren, det hadde gått heilt fint med litt breiare i bakken og". Så den mellomtingen er altså flott, synes eg Lukke til.
-
Kjem nett an på DINE føresetnader, kor van du er med å gå i ulendt terreng, og kor sterk du er i den muskulatur som skal stabilisere ledd, og kor godt trent dei pittesmå musklane i fotsolane dine er utvikla. Eg har storforbruk av sko, og kan difor ha eit lite utvalg utan dårleg samvit. Eg har vanlege gtx terrengsko i låg og halvhøg versjon, eg har eit låge par vridningsstive anmarsjsko, eit par kraftige skinnstøvlar og eit par tekniske alpine støvlar med stiv sole. Alle saman vetr mykje brukt, men i ulike samanhengar. Heim på Sunnmøre brukar eg dei låge skoa mest, anten dei er vridningsstive (lange toppturar, ur og sva) eller "terrengsko" (typisk kystfjell, lynghei, lågare fjell). Dei høge støvlane høyrer heime på klatre/rangleturar, breturar og vandreturar i ruftsete terreng med tyngre oppakning. Opptil 15-18 kg går greit utan høge støvlar, om terrenget er ok. Tyngre enn dette, eller ruftsete terreng, og eg vel skinnstøvlane. Ikkje så mykje pga anklane men meir pga solane. Gjekk ein gong frå Finse til Demmesvasshytta på ski i Juni, vidare frå Demmevasshytta og ned til Simadal til fots. Eg hadde det meste av breutstyr og felleutstyr, og var oppe på en 27-28 kg. Skinnstøvlane mine var gåen, og eg hadde ikkje råd å kjøpe nye akkurat då, så gjekk i nokre halvhøge gtx "marka"sko. Først marsja me ut til nedstigninga, for å relativt brutalt ta oss ned 1000 høgdemeter til Simadal. Kan seie det slik at eg sakna solane på skinnstøvlane då.
-
Kan berre på generell basis svare deg, då eg ikkje eig nokon av desse modellane, men har prøvd dei eller har venner eg har vore mykje på tur med som har dei. Eg prøvde Arcteryx sine dunjakker, full av forventningar. Eg har både skallkle og ryggsek frå A, og tenkte at dun kom til å vere i samme liga. For meg var det heilt feil. Passforma var dårleg (for meg), armane korte (utan at eg har utprega lange hender) skuldrane smale og heile jakka generelt for kort. Har også høyrt rykter om at dei lek i overlag mykje dun til å vere ei så dyr jakke frå eit anerkjent merke. Modellen du linkar til har også gjennomgåande saumar. Norrønajakka får frå venner skryt, den toler ein del juling til å vere lettvektsplagg. Den har også box-wall konstruksjon, noko som gjer den varmare. Normal passform slik eg forstår det. Bergansjakka har slik eg ser det, og har prøvd den, bra passform, er varm og god, slitesterk, men noko tyngre komprimerbar har eg forstått, enn Lyngen. Dunkvaliteten er bra, så kanskje er det det slitesterke ytterstoddet som gjer det? Denne jakka har også box-wall. Felles for alle tre jakkene for min del er at eg finn dei litt korte, men det kjem no nett an på kva ein skal bruke dei til Elles: Har du høve til å reise på ein outlet? Sist eg var på Outlet i Langevåg, fann eg Bergans Fonna (4500 kr) til 999,- ... Kjøpte også skibukse til dotter mi for 199,- (tidlegare 3199,-)
-
Har hatt ulike typar skalljakker, men dei eg er definitivt mest nøgd med er Arcteryx Alpha SV og Norrøna Svalbard gtx (Ouslandjakka). Ouslandjakka har ikkje same slitestyrken som Arcteryxjakka, men båe har holdt meg tørr, også på turar med mange og lange bruksdøger. Diverre er ikkje Ouslandjakka lenger å få tak i, med unntak av ei og anna som slyng på outlet.
-
Flott tur til Hellefjellet 1239 moh via Grøthornet i går. Sørvestsida som er smelta frå før fekk aldri nok sol til å bli bra i går, så nordaustsida vart nedfart.
- 4 598 svar
-
- 10
-
-
Nokre veker og fleire turar har passert, ein spontantur i Rondane, ein skogstur med kidsa og ein topptur til Klovetinden.
- 4 598 svar
-
- 15
-
-
Kommersiell men likevel flott: Rallarvegen. Enkel å komme til med tog. Om du er vestpå: øyhopping på nordøyane eller Værlandet og bulandet
- 12 svar
-
- 1
-
-
Og nett i slikt terreng, vil eg i motsetnad til dei fleste, velje taudrag framfor fastdrag. Gir ein heilt anna fleksibilitet mtp manøvrering i slikt terreng.
-
Lukke til med opptrening!
- 4 598 svar
-
- 2
-
-
Eg hiv draget over ei ski, ventar eg skikkeleg rufs snur eg han oppned og grev an delvis ned. Drar ikkje rundt på ekstra greier for og forankre pulken. Kan evt bruke spadeskaft når eg er ferdig med spada for kvelden, eller isøks om det er ein slik tur.
- 6 svar
-
- 2
-
-
- 4 598 svar
-
- 12
-
-
Liten tur til Melshornet Måndag, litt bålbrenning attpå, ein snartur i turløypa i dag. Nydeleg flott om dagen!
- 4 598 svar
-
- 8
-
-
Ein liten kartleggingstur med endomondoen til Krøvelsetra på truger. Tenkt til bruk i Barnas turlag og grupper me turistar. Flott tur til tross for at myra surklar og viser sitt åsyn både her og der.
- 4 598 svar
-
- 7
-