-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Akkurat det eg også tenkjer.
-
Eg har ingen problem med å sjå dette noko nyansert. Eg opererar sjølv som turleiar for den lokale foreininga innimellom, utan at det betyr at eg er gift med Dnt eller ikkje kan være ueinig. Som nokre allereie har vore inn på, er det fleire instansar som skal koplast på når det gjeld forvaltning av arael, også nasjonalparkane. Nasjonalparkstyret skal nok også forhalde seg til fleire i sine prosessar, ein har reglar for høyring og medverknad osv, så det er vel ikkje heilt beinkløyvd, og ikkje berre Dnt som sviktar, når ein begår det enkelte betraktar som overtramp. Sjølv dauar eg ikkje av å gå meg frampå ein raud T, og går gjerne langs rutenettet om det er formålstenleg. Men den aukande andelen av inngrep som er vanskeleg å reversere, ser eg på med bekymring. Både i nasjonalparkane og i randsonene, som openbart i enkelte områder skal utviklast til reine tivolia (dont even get me started kva gjeld den hersens via-ferrata moten). Eg arbeidar også som guide, innanfor reiselivet, i eit lite enkeltmannsforetak. Eg har sagt nei til arbeid, som for meg har vore i strid med å tenke miljø og bærekraftig produktutvikling innanfor reiselivet. Til tross for at det kunne gitt ein pangstart og finare tal i rekneskapen min. Dette er ikkje fordi at eg må ha fjellet for meg sjølv. Det handlar om at eg unner borna mine og komande generasjonar moglegheitene til å å ferdast i og oppleve urørte områder (i den grad dei er att). Mine born kosar seg på Dnthytter, med sosialt liv, nye bekjentskap, hyggeleg stemning osv. Likevel er det ikkje til å kome frå, at veksten eg såg hjå borna mine denne sommaren, eit par veker på tur utanfor alt som heiter alfarveg og sti, var av ein heilt annan karakter. Opplevinga var enorm, og eg trur den er med dei langt inn i vaksenlivet, og dels formar kven dei vert. Eg snakkar ikkje nødvendigvis berre om naturopplevinga "utover", men også det som skjer innover. Eg såg nærast lyspæra gå opp over hovudet på dei, og mange av livets små og store spørsmål fekk nok sine svar, utan at dei nødvendigvis vart stilte. For å ta i bruk ein klisje: det var sjelsettande. Dotter mi sa, på dag to av turen: "Mamma, du likar slike stader der det er lite folk og ingen hus. Eg likar ikkje det så godt. Eg kjenner meg liksom litt liten. Eg trur eg likar betre å sjå litt av sivilisasjonen. Ikkje så mykje, men litt". Vi snakka om det, og eg anerkjente kjenslene hennar. Eg hørte ikkje meir om dei. Det skjedde noko med henne i løpet av turen. Kva gjeld folkehelse er eg usikker på om det i det heile bør være eit gyldig kort i Dnt diskusjonen. Eg arbeidar delvis med folkehelse gjennom mitt virke med frisktrening og til dels rehabilitering. At ein kan bidra i dette perspektivet, ved å senke terskelen for å komme seg avgarde er det ikkje tvil om, men i eit folkehelseperspektiv, skal ein verkeleg få sving på dei som har tungt for det, er det så mykje anna som må på plass før dette er eit tema. For dei som nyttar seg av eit utbygd alternativ.....vel, så ville dei vel kanskje nytta seg av det utan også. Eg skulle faktisk ynskje meg data på kven som er brukarane av dei ulike tilboda etterkvart, gjerne litt nøyaktige data. Eg har ein mistanke om at folkehelsekortet då hadde blitt sterkt svekka. Edit: 5 minutt etter eg posta dette inlegget for andre gong (det første forsvann, grrrrr) fekk eg denne linken tilsendt av ei vennine på Fb. Som ein link tilbake til mi dotters utsegn? http://harvest.as/artikkel/Kontroll
-
Hei folkens Dotter mi treng nye fjellstøvlar. Ho har omlag same skostørrelse som meg, og kan endeleg bruke damstøvlar/vaksenstøvlar, noko som aukar utvalget litt. Problemet er at eg har "andefot", dvs brei fot, alle tær er like lange. Kunne like godt vore føtene til Magica frå Tryll. Dotter mi har fått ein hybrid variant av min og sin fars fot, det vil seie at den har lengre storetå, typisk europeisk, utan at den er veldig smal. Mine preferansar på strøvlar kjem altså til kort når det gjeld kjøp til henne. Alfa og Crispi er berre å gløyme. La Sportiva har betre passform til ho, men har problem med å finne ein modell frå dei i heilskinn som har dei øvrige speifikasjonane eg leitar etter. Er det nokon der ute som har lang storetå og kan tipse om gode støvlar med følgjande spesifikasjonar: Skinn. Udiskutabelt. Gjerne damemodell då ho har smal hæl. Halvhøg, altså eit eller to snørehol over ankelstrammaren. Kan gjerne ha ein litt mjukare gummisort. Skiftar dei heller ut litt oftare, enn å ha glatte, slitesterke støvlar. Har kika litt på dei nye Bergansstøvlane. God gummi, skinnet verkar bra, og inntrykker er solid. Dog anar eg lite om passforma. Tek gjerne imot nokre erfaringar spesifikt kring Bergans sitt fottøy.
-
September på toppane kan være både og. Det varierar frå år til år, og er vanskeleg å fastslå før det er nokre dagar att. Slik det ser ut no, vil eg tru det er fint å gå desse toppane, sjølv med eit snødryss eller to. Er vel lite truleg at det kjem ei stor snødump. GPS brukar eg veldig lite, men kart og kompass dreg eg aldri utan, uansett kvar ferda går. Om ikkje du treng det for orientering, kan det jo være kjekt å sjå kva ein ser, spesielt i nye områder. Enig med LadMan i at Bukkelægret er fint, kanskje vel så fint som Besseggen. Sett av ei helg å ta båten inn til gjendebu Fredag, gå Bukkelægret Laurdag, overnatte på Memurubu, gå Besseggen Søndag, middag på Gjendesheim før du dreg heim? Alternativt gå Bukkelægret og Besseggen på ein dag. Då kjem du ned til Memurubu og startar turen over Besseggen litt utpå ettermiddagen, og kan unngå "hordane" av folk. Krev dog at ein har litt høgdemeter og kilometer i beina frå før. Kanskje ei haudelykt om ein er utrygg på tidsberekning. God tur
-
Imponerande, alternativt galskap satt i system jesus. Men me hadde ei kanonoppleving, alle sammen! Og turen gav opphav til nye draumar og idear.
-
Og......alt er relativt og avhengig av tur. I sommar var eg på 12 dagerstur med familien min i isbjørnland. Me er tilsaman 6 stykker, men minstetausa vart att hjå besteforeldre i Lofoten, så me reiste 5 stk. Til tross for at me la ut depot, var 5 menneskje i eit 4mannstelt, ikkje hadde med noko snacks til oss vaksne, var særs disiplinerte på klesmengder, også til borna, vart sekkane første dagane kring 45 og 55 kg. Dei hadde vore 10 kg lettare kvar, hadde ikkje værtilhøva gjort at starten vår vart lenger sør enn planlagt, og me slik bar med oss første depotet i tillegg til utreisematen. Ungane bar 6 ,7 og 9 kg kvar. Gass, kokeutstyr, overnattingsutstyr, utstyr til isbjørnsikring, kommunikasjons/nødutstyr osv for ein familie på 5 så lenge, pluss dei påkravde sikringsdagane frå sysselmannen gjer sitt til at kg aukar uansett. Det me hadde med av luksus var ketchup, syltetøy på plastflaske, svartkjel, ei flaske solbærsirup, kaffi og ein pakke grillpølser til bursdagsfeiring. Kunne kanskje knepe inn 5-6 kg på luksusmaten, men litt må ein unne seg på tur med born over så lang tid, synes eg. Kunne sikkert knepe inn nokre få kg på andre ting og. Lettare rifle, ingen speilrefleks men berre kompaktkamera osv, men eg tvilar på me kunne kutta meir enn 3-4 kg på dette, utan at det hadde gått på bekostning av trivsel og tryggleik. Klesmessig var det akkurat perfekt. Ungane med to ulltrøyer kvar, ein stillongs, tre par sokkar ei varmejakke og skallkle, skallvottar, vottar og lue, kvar si superlette vindjakke. Den siste rein luksus, men du og du, når me fekk så fantastisk vær som me fekk, var det definitivt verdt dei ekstra 600 gr tilsamman. Dersom me fekk lagt ut depot 1, og hadde redusert dei vekk dei 10 kg med "luksus" vindjakker og svartkjel m.m., hadde vel startvekta vore på kring 35 kg og 45 kg i staden, noko som slett ikkje er verst. Ein kan også velje å sjå det frå andre sia. Hadde me ikkje vore so disiplinerte med kle, sovesystem og matplan, hadde det vegd betydeleg meir. Kvar ein minste luksusartikkel var "vegd og vurdert". Med unntak av glaset med pulverkaffi som sneik seg unna i ompakkinga, og aldri kom over på plastflaske Det agregerte nivå til ein familie på lengre tur er enormt!
- 49 svar
-
- 3
-
-
Eg er ingen lettpakker, men er bevisst på kvar eg kan kutte vekt, slik at eg kan ta med meir av "dei viktige' ting uten å ha med eit halvt flyttelass. Til dømes god mat. Nokre ting er dog alltid med: Ei 0,4 l Nalgeneflaske. Kopp til varme og kalde drikker og supper, drikkeflaske, desilitermål og varmeflaske i eit. Knevarmerar heile året og varmeskjørt vinter. Dei siste to gjer at eg kan bruke lettare sovepose. Ein tyngre sovepose gir meg same nattesøvn dog uten ekstra bruksområder på dagtid. Ullnetting vinter. Den tørker så fort på kroppen. Saman med knevarmerane som backup ved streng kulde, og varmeskjørt til pause og under rompa om natta, er nettingen alt eg treng.
- 49 svar
-
- 3
-
-
Hatt nokre fine toppturar med overnatting i det siste, sist i natt med min sønn på en minitopp nokre ekm frå huset. Flotte stjernehimlar for tida! Eit lite utvalg lågkvalitetsbileter frå mobil.
- 4 598 svar
-
- 13
-
-
Bergans har nokre baggar til frakt av sekk.
-
-
Hilleberg Keron 3 GT eller Helsport Svea 3 Camp
Tessatroll svarte på Urwaldjäger sitt emne i Telt og lavvo
Skjønar. Dette med stormmatter er jo som baken Eg har hatt det fint i alt av værtilhøva utan stormmatter i mitt Keron. Ser klart den biten med vinter og lite snø, men då teltet i tillegg til langturstelt for meg/venner/sambuar vert brukt til familietelt både sommar og vinter vert det fort uaktuelt. Kan også sjå for meg at det hadde vore praktisk med stormmatter på enkelte vinterturar der me er 6 personar med to i fortelt, for å få forteltet tettare, men førebels er vinterurane me gjer med alle ungane av ein slik karakter at me fint kan ligge utan. Skulle det ruske til ei natt kan me trekke inn i innerteltet og ligg litt trangt. Fordelen med å være ein familie på 6 i eit firmansstelt er jo at der er mange kroppar til å varme opp, og innimellom er den vinden som snik seg inn alldeles velsigna -
Tips til middagsmeny med bruk av Turistforeningens proviant?
Tessatroll svarte på palcastberg sitt emne i Mat på tur
+ 1 -
Hilleberg Keron 3 GT eller Helsport Svea 3 Camp
Tessatroll svarte på Urwaldjäger sitt emne i Telt og lavvo
Kan eg få spørje kvifor du ynskjer stormmatter på det? -
Har eit prosjekt på G her med byggrynsgraut. Forvelle heile byggryn og tørke dei att, for å lage porsjonspakkar med byggrynsgraut ti frukost. Godt med tørrmjølk i og salt.Lag til små vakumpakka posar med mørk sirup elle rliknande til å ha på, og pakk desse saman med grauten, som ei alt i eit løysing Enkelt, smakfult og nokså energirikt.
-
Flott rapport fra regionens VAKRASTE område! Sprek paps!
- 7 svar
-
- 1
-
-
Aclima, Smartwool, devold osv har alle tynne tynne tilsittande ullinerar. Men, det beste eg har funne på vantefronten til bruk i våte/kalde forhold der ein treng fingrer som fungerer, er eit par mjuke neoprenhanskar frå Kokatat. Første paret neoprenhanskar eg har kontroll på fingrane i.
-
Denne har vore pakka rimeleg hardhendt av oss, og flytta hit og dit, blitt trakka over, rundt og slengt hit og dit på tur over fleire veker. I telt, med 3 born. Dette var overhovudet ikkje nokon "blåbærtur" (misforstå meg rett, eg elskar blåbæretur), så alt av utstyr har fått juling. Denne har tolt det like godt som alt anna utstyr
-
Har ymse brennerar i heimen, trangia stormkjøkken i ulike storleikar, toppmontert brenner og brennerar til vinter. Problemet med alle mine "sommarbrennerar" er at dei er crap på steiking. Har difor bestemt meg for å kjøpe ny brenner, for skikkeleg matlaging. Landa på Primus Gravity. Stort brennarhaud gir ENORMT mykje betre effekt og steiker jamnare, til dømes pannekaker. Betydelig forskjell faktisk, i tidsbruk. Eg hadde nyrensa gassbrennar i stormkjøkkenet på siste Svalbardtur, og så hadde sambuaren min ein lånt Gravity. Me såg str på hovudet på brennar, og bestemte oss for å "steike omkapp". Innan eg hadde steikt to hadde han steikt opp resten av røra (røre til 10 pannekaker). Hans var og betre og jamnare steikte. Og den som no kjem med ein kommentar om kokken får seg ein slapp
- 19 svar
-
- 5
-
-
Gjekk denne turen, dog frå vest til aust, med born i 2012. Grei tur, men djevelsk med klegg første to dagane på strekka stjørdal - kvitfjellhytta - prestøyhytta. For meg, som har eit lett anstrengt forhold til trøndermyra (beklager trønderar, eg er oppvokst i ura) var første delen av turen eigentleg berre måteleg sjarmerande. Delar av etappen mellom Kvitfjellhytta og Prestøy begyndte det komme seg, likeins vidare til Schultzhytta. Frå schultzhytta og vidare til Ramsjøhytta, Storerikvollen, Nedalshytta og grensa var den definitivt finaste delen av turen. Dei to første dagane av turen er områder eg neppe besøkjer på. Resten var flott, og vert truleg vitja igjen Dog med telt (utruleg mykje sjarmerande områder for telting). Borna har snakka om å gjere turen oppatt, men med ski. Om vi gjer det blir vi nok å gå frå aust til vest.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Min Altra har ikkje noko dreiepunkt, det er vel først på dei større modellane at dei kjem med dei skivene på hoftebltet? Opp til 50 l er der ingen slike dreiepunkt.
-
Eg var aldri plaga med slikt.....før eg fekk born. Eg drog dit eg ville, kva tid eg ville, og via det ikkje ein tanke. Så fekk eg born. Av ein eller annan grunn tynga ansvaret for ungane meg slik, at eg vart mykje reddare det meste. Desse kjenslene kom totalt overrumplande på meg, og første gong eg kjende på dei (eg og ungane på telttur i Huldreheimen) vart eg liggande med kniven under hovudet heile natta, klar for å stikke ned den første og beste som skulle komme for å ville skade borna mine....(???). Etter den episoden vart eg klar over at dette med å ha fått born hadde gjort noko med meg, og starta å jobbe med den mentale biten av det, systematisk. Gjennom vanleg "HMT" tenkning før turane me skulle på, fekk eg sila reelle og mindre sannsynlege farar frå kvarandre, og gjort tiltak for det som var reelt, og lagt frå meg tankane på dei mindre sannsynlege. Dette gjorde meg tryggare, og i dag gjer eg det aller meste åleine med ungane mine utan å kjenne på slike kjensler. Så kanskje det kan være ein idè for deg også, å sortere "farane" skriftleg på skjema, sjalte vekk dei usannsynlege og sette i verk tiltak/ha ein plan for dei sannsynlige? Eg trur at det å ha tenkt gjennom ting og ha ein plan for relle eventualitetar gir ein ei kjensle av litt kontroll, og då føler ein seg kanskje tryggare?
- 75 svar
-
- 9
-
-
Har eg kjøpt dårlige sko eller har eg urimelege forventningar?
Tessatroll svarte på Laks sitt emne i Fottøy
Nickwax har aldri funka for meg, hverken på kle eller sko eller noko. Har byrja å kjøpe Toko til kle og tekstilsko, og sett skinnskoa mine, inkl nubuck, inn med Mink olje/feitt kjøpt på gul rund boks (hugsakje kvar). Det held læret i skoa mine tørre veldig lenge. Var sist på 12 dagers fottur i vått område, tok mange dagar med tramping i veta før skinnet var skikkeleg vått. Først etter ei god veke burde eg ha sett inn skinnet att, då hadde eg bak meg fleire elvekryssingar. -
Breakdown av kostnader for en "Typisk" ekspedisjon.
Tessatroll svarte på Walle sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Berre ein så enkel post som SAR forsikring kan være ganske dyrt,og skal du kjøpe den som enkeltperson til ei Grønlandskryssing snakkar me fort kring 15 000. Ein tur på Svalbard nokre veker kostar fort alt mellom 2 - 10 000 kr i SAR forsikring. Så kjem sikringsremediar i isbjørnland. Dersom du ikkje eig noko av det som trengs, og skal leige alt du treng vert det fort 10 000 kr berre for to veker. Dette for eit "sett". (ei rifle, ein signalpistol, snublebluss, nødpeilesendar, satelittlf og ammunisjon). Leige av bikkje om ein vil ha det. Skyss inn og ut frå start på Svalbard. Innenlands skyss med helikopter og fly på Grønland. Lønn til guide, gjerne to stk for ei større gruppe. Administrative kostnader. Berre nokre dømer på utgifter ein ikkje tenkjer over- 7 svar
-
- 2
-
-
Han er vel i ein alder no der det mest truleg er lengda som aukar meir enn breidda, så om du kjøper ein som er 150, og så legg du på 4 cm i breidda (tilsaman 8 cm meir rundt) så kan det kanskje være fornuftige mål? Ellers er mi erfaring at dei er veldig flinke med slikt på Isbjørn, om du ringjer dei. Eg har i alle fall fått god hjelp der, både til å handle mindre posar og "oversized" posar til min tidlegare sambuar som var ein røsleg kar.
-
Kan kanskje være vanskeleg å kombinere at den ikkje skal være for lang på same tid som den skal vare i 2 - 3år? Dei første posane til mine born var 150 cm lange. Det var i overkant langt når dei var 110-120 cm, men det løyste eg med å bruke ei lita varmeflaske i fotenden og nokre superbillige duntøflar frå Jysk, slik at lufta stod stille nede i fotenden. Dette gjekk fint då posane ikkje var for vide. No heiter ikkje eg @virrma altså, men delar no mi erfaring likevel
- 12 svar
-
- 1
-