Gå til innhold
  • Bli medlem

Laks

Aktiv medlem
  • Innlegg

    5
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Laks

  1. Takk for alle tilbakemeldingar! Eg får prøve ut andre typar voks før eg tek dei tilbake til butikken då.
  2. Hei Svandal! Det er læret som trekk til seg vatn ja, har ikkje noko mistanke om at det er noko i vegen med GTXen. Har elles sett positive omtalar av både voksen og skoa kvar for seg. Dersom det er nokon som har Meindl Derby sjølv og opplever dei som vasstette vil eg svært gjerne høyre kva impregnering de bruker på dei!
  3. Forleden kjøpte eg meg nye fjellsko av merke og modell Meindl Derby, som er i nubucklær og har GTX. Eg kjøpte også Nikwax waterproofing wax for leather, som eg har sett skoa inn med. Denne voksen er ikkje primært mynta på nubuck, men i følgje teksten på tuba skal voksen vere ideell saman med GTX, og skal tilsynelatande ikkje ha andre konsekvensar for nubuck enn å gjere det mørkt, glatt og mjukt (og moglegvis redusere pusteeigenskapene til læret). Fyrste gong eg tok skoa i bruk, trekte det fort vatn inn i læret då eg gjekk i vått gras, til trass for at eg hadde massert inn voksen med stor omhu og varme hender. Etter det har eg sett inn skoa med den same voksen fleire gonger, og dei vassavstøytande eigenskapane har blitt betre, men eg er framleis ikkje nøgd. På den siste turen eg var på hadde eg på førehand hatt to rundar med voks på dei mest utsette områda, og på dag ein trekte det nesten ikkje vatn inn i læret. På dag to gjekk eg gjennom ein del gjørme, myr og bekkar, og på sluttan av dagen var skoa heilt vasstrokne. Det er ikkje slik at eg kjenner at vatnet strøymer igjennom, men læret blir tydeleg metta av vatn, dei blir tunge og mørke, og det piplar ut vatn frå "rynkene" over tærne når eg går. Dei er også fuktige oppi, men dette kan jo også vere på grunn av svette. Skoa er kjøpt på XXL, og eg vurderer å benytte meg av 100 % fornøyd-garantien og bytte skoa i ein annan modell. Samtidig lurer eg på om det er nokon vits i å bytte, om eg berre kjem til å oppleve det same problemet med andre sko. Eg føler impregnerte fjellsko burde tåle ein del vatn, det er jo veldig ofte slik at det er vått når ein går i fjellet og anna utmark. Men er det eg som har urimelige forventningar? Eller burde eg bruke andre former for impregnering? Må eg rekne med å måtte impregnere skoa grundig for kvar tur eg skal på? Kan eg ha ødelagt læret ved å bruke denne voksen? På førehand mange takk for svar!
  4. Bergans sitt telt er også halv pris, dog både hjå intersport og g-sport. Om ein legg det i handlekorga visest eit reknestykke der det står at ein får 1000 kr i rabatt. Prisen 999,- er markert som nettpris, så teltet kostar då kanskje 1999,- i vanleg butikk? Uansett så gjer den halve prisen for min del at det freistar å kjøpe Nanok eller Bergans heller enn Helsport, men det treng kanskje ikkje å vere slik at dobbelt så dyrt telt er dobbelt så bra telt?
  5. Fin poll! Eg prøvde å poste eit innlegg i går der eg ba om hjelp til å bestemme meg for eit av desse telta, men av ein eller annan grunn vart innlegget berre blankt kvar gong, så eg ga til slutt opp. Tenkte å prøve igjen i dag, men nå trur eg heller berre eg føl spent med her... Men er det litt rart at hverken Bergans eller Nanok sitt telt er å finne på sine respektive produsentar sine nettsider? Er det (dårlige?) billigvariantar av henholdsvis Compact 2 og Domus Duo, som ser heilt like ut som Trillemarka og Arbor?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.