-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Den pumpa ser ikkje dum ut, om enn den ikkje kjem gjennom "må kunne brukast til fleire ting" nåleauget mitt. Kan ein vispe suppe med den? Dette underlaget er for meg berekna til utstyrstunge turar der eg prøvar kutte volum først og fremst, for å kunne nytte sekk med anstendig eigenvekt (sekkar med stort volum har ofte høg vekt). Vekta på sekken vert nokså drøy same kor eg vrir å vrengjer på det, med mykje hardvare. Når sikkerhetsutstyret då går gjennom både ei, to og tre runder for å få "haik" er det vanskeleg å forsvare "dippeduttar" som skal lette kvardagen på "berre" ein måte. Men for alle andre turar, og dersom dette underlaget er "hovudunderlaget" ditt, må jo denne pumpa være gull!- 28 svar
-
- 1
-
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Fann det til 1499 på Xxl i dag. Då er det spiselig. Str vanleg dog. Ønsker meg eigentleg 120 cm- 28 svar
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har handla frå derifrå og det var uproblematisk- 28 svar
-
- 1
-
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
[gallery600x480] [album]448[/album] [/gallery] Produkt Warmpeace Viking 1200 Levert av Hekta På Tur Veiledande pris kr. 5.499 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999 Fakta frå leverandør Vekt: 1.760 g Fyllvekt: 1200 g Volum komprimert: 13 l Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US Fyllratio: 90/10 Temperaturangivning EN standard 13537: T Comfort -10 °C T Limit -18 °C T Extreme -38 °C Fakta frå Fjellforum Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g Vekt kompresjonspose: 135 g Vekt pose: 1.701 g Fakta om testperson Kvinne 34 år. 167 cm og normalvektig. Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen. Testkriteriar Vekt og varme Pakkvolum og dunspent Dunvandring og kvalitet på saumar Komfort og brukarvennlegheit Pris Om posen Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg. Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett. Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side. Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell. Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet. Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta. Ekstrautstyr: For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799 Forklaring av nokre viktige omgrep Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US. Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover. Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris. Tilhøve under testing Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. Vurdering Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom. Vekt og varme Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.) Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg. Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt. Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her. Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget bra. 13 l for ei god natts søvn i minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving. Kompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda. Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt. Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling. Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg. Komfort og brukarvennlegheit Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap. Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin. Det svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig. Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm. Førebels konklusjon Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien. Dette skjedde med posen i det vidare Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.
- 27 kommentarer
-
- 32
-
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Men fy f----- for en pris! Det r lenge sidan eg handla liggeunderlag i Norge ser eg!- 28 svar
-
- 1
-
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Takk folkens. Var skeptisk til dette underlaget pga "gnikselydane" (nynorsk for gnisselyder ), men om de meinar det er noko som forsvinn etter eit tids bruk kan eg leve med det.- 28 svar
-
- 1
-
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll publiserte et emne i Soveposer og liggeunderlag
Hei Er på jakt etter nytt liggeunderlag med lågt volum og låg vekt. Har frå før varme full-storleik vinterunderlag, men synes desse vert for store og tek for mykje plass i sekken på typisk meir alpine turar der ein så langt som råd er vil prøve å greie seg med "liten" storsekk. Har på slike turar til no brukt Exped Downmat 5 Lite, men desse er jo også ganske tunge i forhold til R-verdien. R-verdi må være minimum 4. Erfaringsmessig held dette for meg ned til 10-12 minus dersom eg kombinerar det med eit halvt skumplastunderlag under overkropp. Eg har tidlegare tenkt at løysinga er å kjøpe eit XS underlag, type 120 cm, då det er under overkroppen eg treng det, og så ha fullengde skumplast. Eg ser dog at det kjem fleire og fleire produkt på marknaden, mykjer har skjedd sidan eg kjøpte dei første expedane her i huset. Eg tenkjer at kanskje utviklinga har gått så langt at eg kan få eit fullengde til omtrent same pakkvolum, eller lågare, som til dømes Exped Downmat UL 7 XS. Nokon som har tips? PS: Fiksar ikkje "gnikselydar" nattestid, og det må ha ein viss komfort, då det også kal tene som mitt hovudliggeunderlag når heile familien på 6 er på tur. Me mista eit i fjor, og det er knytt til erstatting av dette at eg vil ha eit som høver meir til denne bruken.- 28 svar
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Flotte bileter!
- 8 kommentarer
-
- 1
-
-
- topptur
- trollheimen
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Eg har litt vanskar med denne nettingen, då Aclima definitivt høver mitt bruksområde best, og har god passform. I starten. Så krympar det og vert holete i ein fei. Hola bøter eg, så den er grei. Verre er at det krympar, til tross for korrekt vask. Fekk eit nytt sett med Aclima ved eit høve, men det er snart like ille. Utruleg at eg skal måtte opp ein og ein halv storleik for at det skal passe ved krymp.
- 8 kommentarer
-
- ull
- nettingundertøy
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Ja for meg funkar den godt. Eg bur og ferdast dog i ei steinrøys, så ta høgde for at du kanskje ferdast i anna terreng. Same kor eg vrir og vrengjer på det vert eg sår under føtene om eg spring med alt for tynne og mjuke løpesko. Dette til tross for at eg elles ferdast mykje med låge sko med god kontakt, både med og utan oppakning og i det meste av terreng. Så dette med kontakt/stivheit er noko ein sjølv må kjenne på. Eg er lei av sko som vrir seg sidelengs rundt fotbladet same korleis du snørar dei. I sidebratt/bratt og variert terreng synes eg det stort sett berre er vridningsstive sko som gjeld.
-
Eg har La Sportiva Bushido. Stiv nok i solen til å tole steinete terreng, har differensiert gummiblanding og storleik på knottar på ulike deler av solen, for å kunne takle variert terreng. Lett og god, middels drop, bra passform til meg (har nokså brei lest til å være kvinne) god snøring, særskilt ved snøring med "eseløyrer". Eg har den hovudsakleg til fjelløping, som er dens "spesialitet". Til gjørmete skogsløping/lågland ville eg kanskje velt noko anna.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Sjølv i aude områder anstrenger eg meg for å ferdast sporlaust. Dasspapiret vert brent! Åkken som. Kor vidt eg grev ned sjiten kjem an på antalet menneskjer på tur, og kor sterkt beferda området er. I sommar var eg som tidlegare i tråden nevnt på tur i eit lite beferda område, saman med 11 andre (familar). Me grov ned alt sammen. Det er etter mitt syn ikkje meir enn ei gruppe til seinare på sommaren som skal til, før det byrjar bli utrivelig å gå same veg for den tredje gruppa på hausten. Til tross for at dette er eit område der eg tvilar på at det kjem stort meir enn eit par grupper forskerar og nokre fotturistar i året, er det noko med det aggregerte nivå....sjiten etter tolv menneskjer som har vandra i eit område vil nødvendigvis syne att for dei som kjem etter, i alle fall om dasspapiret ligg der også, som ei umulig hinne, på linje med kvitteringane ein finn i vaskemaskinen. Ikkje sjarmerande. Ikkje eingong her på Vestlandet forsvinn dasspapiret. Molladalen er ein ynda destinasjon for fjellsportfolk og klatrerar. Der har alle tenkt det same. "Gå bak den store steinen, gjer ditt fornødne, og legg mose og stein oppå". Kult. Heilt til neste mann kjem og lettar på steinen som du la oppå, fordi han har tenkt å bruke den oppå sin dritt. Dette blei mange ord for eit kort poeng, jaminsann; Det aggregerte nivå av enkeltindivid sine handlingar er ukjendt for oss. Me har ikkje kontroll på sluttsummen som handlinga vår (legg att dasspapir) er ein del av, med mindre me har kontroll på trafikken i eit område. Då vel eg å opptre på ein måte som gjer at min del av det aggregerte nivå er nada/close to nada.
- 76 svar
-
- 6
-
-
Kjøp økonomi-dopapir som brenn godt, grav latrine/dohull, brenn papiret og grav over jord att. Då ligg det minimalt att etter dykk. Eg brenn alltid dopapiret, men kor vidt me grev latrine eller ikkje varierar etter landskap og gruppestorleik. Me var fleire familiar på forttur over lengre tid i sommar sm var, me kjørte strengt opplegg med ei lita hagespade og latrine med dobrenning. Ikkje eit spor att etter leiren vår nokon stad.
- 76 svar
-
- 10
-
-
Frå Helleggi såg eg langt sydover i Breheimen. Har og prata med andre som har vore lenger syd. Tilhøva er dei same; vinter og nysnø.
-
Eg veit ikkje korleis tilhøva på nevnte brear er, men var i helga på Grotli og på ski i området kring der. Tippar det godt skiføre i ein månad til, og på breane og i høgda endå lenger. Full vinter med nysnø og minusgrader der no.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Samd. Jakker utan hette er for meg useless i tursamanheng. Lett tilgjenge til å stoppe/fremje varmetap/ventilering gjennom topplokket er praktisk synes eg. Spes når temperaturane er for høge til lue/pannebånd osv, men vinden innimellom er plagsom.
-
Skjønar. For lengre tur på sommaren vert det nok for tungt å gjere det på "Fjordland"måten ja. Eg har ved nokre høver då brukt matthermos. Kokt opp det som skal kokast, putta det i matthermosen, latt den ligge i sekken/pulken gjennom dagen, og gitt middagen eit oppkok att på kvelden. EIn matthermosveg litt ekstra, men kva ber ein ikkje for å kunne sleppe REAL og andr uhumskheiter.
-
Evt kok vakuumpakken som du gjer med Fjordland
- 18 svar
-
- 1
-
-
Noen som kjenner Husky Extreme Fighter? (utskilt)
Tessatroll svarte på Stonis sitt emne i Telt og lavvo
Har spm kring innog ut av teltet. På ein del dometelt vert sjølve døropning, i alle fall på ei side, ofte låg. Kor høgt er det "unde døri" på dette teltet? -
Hei Dersom du skal være kort på tur kan det kanskje være like greit å lage middagen heime, kjøle ned, vakuumpakke den i porsjonar og varme den kjapt opp i kokande vatn ala Fjordland? Saman med ein pakke hurtig boil-in-bag ris eller byggrynsris? Berre eit tips
- 18 svar
-
- 2
-
-
Alt etter kva luksus de skal unne dykk kan ein rekne frå 500 - 800 gr mat per dag pluss sjølvsagt då drivstoff om de ikkje skal proviantere/ha depot. Eg trur nok at ein halv kilo mat er eit minimum for ein lengre vandretur (?) med mindre ein skal fiske og fangste.
-
Adventure food vs. real turmat/ mountain house
Tessatroll svarte på Kleppeliten sitt emne i Mat på tur
Blå Bånd har nokre gode cous cousar, dersom ein kan beteikne pulvermat som godt i det heile. -
Har sunderslitte fjellsko som er blankslitte under, som framleis held tørt pga GTX. Så dette trur eg varierar litt, kanskje mellom anna stegavvikling og fotanatomi påverkar måten ein slit sko, også innvendi? Mine v ert hverftall berre degraderet til "markastøvlar" når dei er sunde, då eg har vondt for å kaste sko som framleis held tørt..
-
Haha, who would have guessed, har eg potensiale? Men frå spøk til alvor; forsåvidt samd med @ost når det gjeld stupid light osv. Så er berre spm kva som skjer når breutstyret, medicen osc ryk ut. For faren er stor for at den då vert erstatta av ikkje-turvande luksus Med andre ord stupid heavy
- 227 svar
-
- 2
-
-
- pakking
- lettpakking
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Akkurat! Cho Oyo er eit eindukstelt som veg 2,5 kg. Då er ein nede på den vekt eg tenkjer er spiselig, gjerne endå litt lettare.
- 31 kommentarer
-
- kuppeltelt
- telt
-
(og 4 andre)
Merket med: