Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Høyres supergodt ut!
  2. Bjørnebrød og Snickersbar på vinteren, supergo daddelbar på sommeren. Kan sende oppskrift på PM om du vil ha. Alle desse tre har ulike smaksbileterbog gir fin variasjon
  3. Har du preferansar kring vekt og pris? Bruksområde?
  4. Nokon som har vore borti desse Fauna telta? Om ein ser vekk frå vekta synes eg denne modellen såg litt artig ut også spiselig pris med 3999,-
  5. Myggnettingsdører har vel Exped også?
  6. Om ho er frysepinn; 900. Eg frys ikkje, og har brukt 600-posen ned på 7-8 minus og hatt det fint, dog med ullundertøy eg vel som regel lettare pose for så og supplere med varmeflaske, ull, knevarmerar og varmeskjørt, då desse også har funksjon på dagtid, men det er jo smak og behag. Med alle tiltak sett i verk held 600 til i alle fall 10 minus for meg. Dette føresett sjølvsagt godt liggeunderlag. Med dårleg underlag er det ikkje ein dunpose i heile vide verda som funkar for meg.
  7. Mitt tips er å kjøpe det oppblåsbare du meinar du treng, og så tek du ein therm-a-rest ridgerest z-lite eller SoLite og delar i to, slik at det dekkjer kroppen din frå rompa og opp. Då har du dekt behovet ved evt førstehjelp, du har å bruke ute i lyng og stein, samt ein backup om den oppblåsbare sviktar. Ved delaminering eller hol; Legg sekken din under det flate oppblåsbare i fotenden, og legg skummen oppå. Heilt ok løysing om du skulle være uheldig på tur. Eg har vore saman med ,ed ei som feikk delaminert downmat på skitur ved ei viddekryssing, samt ei vennine som var på Svalbard på skitur eit par veker no som fekk det. Dei løyste det på dette viset, samt brukte alle kolli som ikkje var sårbare for press til å bygge opp under det paddeflate underlaget. Det funka, dei heldt både varmen og sov godt. Litt meirarbeid dog. Trur eigentleg denne problemstillinga er vanskelegare heime enn den faktisk er ute på tur Ein finn som regel løysingane på det. Når du kjem heim får du nytt underlag dersom det er delaminert. Men det er klart, ein ynskjer jo å kjøp noko som funkar. Eg har ein mat-cover pro (med eva-foam). Eller dvs 3. Me brukar dei sjeldan. Større og tyngre enn ei halvt liggeunderlag, og mindre fleksibelt.
  8. Var på tolvdagers tur på Svalbard saman med ei som hadde med dette teltet i fjor. Det såg bra ut. Skal gjere henne merksam på tråden her
  9. Superfint å telte mellom Finse og Rembedalseter. Når de først er i området; de vil ikkje ta turen over Luranuten til Demmevasshytta? Det er ein fantastisk stad!
  10. Kvar på Vestlandet har de tenkt dykk? (Er eit stykke mellom Stavanger og Ålesund )
  11. Nei diverre, eg har fått mine. Men tenkte prøve meg på ej bestilling frå addnature.com eller anna nettbutikk som sel dei
  12. Desse posane i linken var jo gode greier til tørrmaten! Likevel synes eg vakuumpakkeren er genial. Eg pakkar alle middagsrestar med den, og hiv i fryseren. På vinterturar der vekt ikkje spelar ei rolle, typisk med pulk inntil ei veke, er det supert å grave fram desse frå frysaren, og ha med "heimelaga fjordland" på tur. Å slenge en pakke skikkeleg biff stroganoff i gryta og ha den dampende klar etter få minutt er supert!
  13. Sopp og ingefærskiver. Epler.
  14. http://www.ton.no/no/leirvassbu-fjellstue/webkamera
  15. Kva legg du i rimeleg?
  16. Eg har levert inn mitt andre par Nansen. Første par knekt stålkant som etterkvart stod ut i alle retningar. Andre gang knekk og delaminering. Får nye. Likar Nansenskia sine spesifikasjonar, eg har enorm skiglede på dei. Dog vil eg kjøpe meg eit par Fischerski før neste års langtur, då eg rett og slett ikkje tørr stole på desse skia. Det forrige paret varte 4 dagar.
  17. Har tenkt på nett det same, etter å ha gått Josten både med sekk og med pulk. Kom vel fram til at dei typiske babyakebretta (breie, og med "rygg") er perfekt, så slepp ein mekke på brettet. Eg he forøvrig elles berre brukt å slenge sekken på brettet, og festa med den vanlege riggen. Når eg tek brettet på sekken, slår eg ei rein rundt heile sekken samt brukar lasteriggen som er på pulken heile tida.
  18. For meg er m meir enn nok.
  19. Raude telt er ofte hakket varmare, noko som, saman med tryggleiksbiten på vinter (synlegheit) gjer at raudt ofte vert tilrådd til vintersbruk.
  20. Verkar fornuftig det, i alle fall slik eg ser det på kartet. Edit; vart usikker. Den der må eg forske litt på
  21. Den after bite blandinga skal visst funke, ifølge min samboer brukte det med hell på dotter si, den gang det stod på som verst med vannkoppar
  22. Eg har dårleg erfaring med vasstettleiken til Salomon, til tross for at dei elles lagar gode sko og støvlar. Om du skal ha den i variert fjellterreng ville eg også gått for skinn. Eg har berre gode erfaringar frå Skarven, den nuppinga kjenner eg ikkje att i det heile. Totalt sett er også alle Crispisko og støvlar eg har vore borti dei tettaste eg har vore borti.
  23. Utvidar med dette tråden til å gjelde pulverdrikk i det heile Og kan tipse om eit ein variasjon vinterstid; Chai Latte i pulverform på Coopen. Litt søtare enn ein vanleg Chai, men definitivt god ved kalde turar
  24. I Reinheimen finnast det større kartleggingar over desse kulturminna, og ein del litteratur på det. Med litt søking kan ein kanskje finne det same frå andre fjellområder?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.