-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Hvilke storsekker (100L+) bruker damene på forumet?
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Samd i at dette verkar som ein god sekk. Eg prøvde 100 l ein gong og synes den var noko av det bedre eg har kjent på. Dog opplevde eg at han "kollapsa" litt når eg fekk i meir enn 25 Kg. Men opp til 25 Kg er det etter mitt omgrep ein av sekkane ein verkeleg bør bvurdere! -
Dtte kan nok tenkast å være korrekt. Likevel vil eg tru sjølve fellen er gåen før den tid? Hjå meg varer eit par kortfellar varar meg berre ein sesong uansett, maks to, så dette er forbruksvare (diverre). Det einaste eg tenkjer er ein føremun med Åsnes sine er at vedhøgt forbruk kan ein gjenbruke metalldingsen og lafe fellar sjølv. Om ein er spesielt interessert.
-
Madshus intelligrip har eg negative erfaringar med, samt andre eg har vore på tur med har hatt negative erfaringar med dei, så desse kjem ikkje i hus. Men eg trivast veldig godt med Åsnes sitt kortfellesystem, så om fischer funkar like bra er det nok eit argument på plussida for Fischer
-
Har du denne skia? EVt korleis synes du den oppfører seg samanlikna med den gamle e99?
- 50 svar
-
- 1
-
-
Kva skidugleikar har du? Eg slår eigentleg eit slag for Åsnes Nansen spesifikasjonsmessig, berre synd kvaliteten har vore so som so på dei siste åra. Ei god allroundski som gir dei fleste skiglede og ei kjensle av kontroll på same tid som den gir deg att littegranne på bortoverstrekka. Om turane dine er dominert av flatt terreng kan det være du vil ha ei meir gåretta ski som gir deg meir respons for energi lagt ned. Likevel kjenner eg fleire som har velt denne skia til langsing og tversing av både det eine og det andre på grunn av allsidigheita. Sjølv er eg veldig glad i den, og sjølv om eg no kjøper eit par ski til, vert det som eit tillegg, for i kuppert norsk fjellheim er det lite som slår denne skia si allsidigheit. Flyt godt gjer den og, til tross for at den ikkje er så brei. Truleg på grunn av det moderate langspennet. Eg har brukt mine til alt frå viddekryssingar til skitur på Svalbard og bratte fjellskiturar på Sunnmøre. Personleg likar eg ikkje den lyse solen dei har velt til den nyaste årgangen, men eg lyt vel berre leve med han til dei har teke til vettet att (er på mitt tredje par). Elles er eg nysgjerrig på den nye Fischer E99 som kom i fjor, med kortfellesystem og rocker. Fischer har gjennomgåande ein annan solekvalitet, og dersom kortfellesystemet og løftet i front funkar, er denne seriøst oppe til vurdering.
- 50 svar
-
- 1
-
-
Hei Har vore ein del tråder på forumet med samme tema, også i det siste. Om du foretek eit søk på Til dømes Hilleberg Keron 4GT vil du nok få opp fleire trådar som behandlar temaet "stort telt til familie" nøye
- 6 svar
-
- telt
- liggeunderlag
- (og 10 andre)
-
Mi erfaring er at for mange kvinner ligg comfort temperaturen for pose omlag 8 grader lågare. Nokre gonger meir og nokre gonger mindre, men ser ut som at nokon omkring der kan være fornuftig å rekne. Dog varierar dette noko frå person til person. Eg ligg stort sett på den same temperaturgrense som menn, og kan ofte ta utgangspunkt i t-lim, med unntak av veldig passive periodar i livet då eg truleg har hatt noko mindre muskelmasse.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Hvilke storsekker (100L+) bruker damene på forumet?
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg tenkjer at det kjem an på kva du skal bruke den til og kor tungt du skal bære? Når du kjem opp i 25-30 kg og opp er det mange lette sekkar som kjem til kort, men under 25 kg er det mange alternativ som er lettare og gode. Sjølv kan eg forsvare å ha fleire sekkar, så eg har ein 110 l alpinist som veg 4 kg og 80 l sekk som er lettare. Alpinisten er verdt kvart eit gram når eg skal bære tungt over tid om du berre unntaksvis ber tungt eller går mykje turar med høgdemeter som stiller store krav til vektbevisstheit ville eg kika på andre sekkar -
Du er med andre ord uter etter gode firesesongstelt. Telt som toler ein trøkk men som ikkje er så tunge som vinter/ekstremtelt. Då må jo dei allereie nevnte Nallo og Kaitum være gode alternativ? Kanskje kan også eit av av dei meir robuste Exped kuppeltelta i tremanns være aktuelle?
-
Kjem an på sekken samt kva aktivitet du skal til med. Ein vil gjerne pakke med tyngdepunkt tilpassa aktiviteten ein skal drive med. Dersom eg må ha telt på utsida, ville eg gjerne ha det under botnen på sekken om eg skal på ski i kupert til krevjande terreng. På føtene vil eg helst ha det under topplokket. Under ingen omstendigheiter likar eg å ha det festa bakpå sekken på ein måte som gir drag bakover.
-
I tillegg kjem alle hendingane frå områder med mindre fokus. Her på nordvestlandet har det også vore fleire hendingar i sommar, meir enn tidlegare år meinar eg, i alle alle slags variantar.
-
Samd. Fox 30 er for stort for femåring. Meinar husmerket til Gresvig, Norheim, har ok jr sekk, samt Jotunheimen til Sport 1
-
Kjekt å høyre!
-
Hvor mye dun er det OK at en sovepose lekker?
Tessatroll svarte på TerjeH sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Samd. Dette høres ut som det er litt for mykje. EI dun i ny og ne som stikk or tyet eller ein saum er vanleg, men ikkje slik at ein har dun i teltet kvar morgon. -
Trenger tips til valg av vintersovepose
Tessatroll svarte på Edy sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
+ 1 på denne. Å ha soveposar ein kan kombinere gir superfleksibilitet. -
Hvilket telt velger jeg til en familie på 5?
Tessatroll svarte på solgunn82 sitt emne i Telt og lavvo
Samd i det fiskekongen sei, me har også nytta ein del to telt. Men, når det er vinter, vil eg gjerne ha alle samla i eit telt, slik at me eventuelt også har plass til å være sosiale uansett ver. Me dei to mindre telta har me ikkje eit telt som rommar alle til dømes under måltid, noko eg synes er hyggeleg på tur med familien. Men, igjen, det er ei løysing me også har brukt i dei tilfella det er mest tenleg. Skriv ellers under på Omnilite sine ord; lite irritasjon med Keron, og eg høyrer aldri noko anna frå andre eg kjenner som også har gjort den (dyre!) investeringa. Sjølv om det veg litt, er vekta låg i forhold til slitestyrke og plass, og for oss som er seks personar, er det framleis komfortabel teltplass til under ein kilo på kvar. Det er godkjent- 8 svar
-
- familietelt
- helsport svalbard 6 camp
- (og 2 andre)
-
Hvilket telt velger jeg til en familie på 5?
Tessatroll svarte på solgunn82 sitt emne i Telt og lavvo
Hilleberg Keron 4GT og Helsport Fjellheimen 6 camp er jo to alternativ. Mi erfaring med wiglo er at dei kan være krøkkette å slå opp vinterstid med vind osv, men det kan hende er berre eg som ikkje har sett meg godt nok inn i det. Me brukar eit Keron 4GT som familietelt til ein familie på 6. Både eg og sambo er såpass korte at vi kan sove på tvers i forteltet. og slik ha god plass for alle. I fjor var fem av oss på tur i nesten tre veker med dette teltet, med ein voksen i forteltet, og ikkje på noko tidspunkt følte me at det vart for trangt eller krøbelt. Ved fuktige tilhøve ser eg dog føre me at det kan være greit med ein footprint, så vert det litt triveligare for dei som bur i forteltet. Ved tørre tilhøver er det greit utan. Skulle det verte heilt ufyseleg ei natt, får me laga plass til alle inne i forteltet. Dog vert det litt trangt.- 8 svar
-
- familietelt
- helsport svalbard 6 camp
- (og 2 andre)
-
Desse skal prøvast!
- 4 svar
-
- 1
-
-
- cottage cheese
- turmat
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Barn på tur, alder 1-5 år, hva er viktig utstyr?
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Barn på tur
Samd i alt ovenafor. SMå born treng eigentleg ikkje så store investeringane. Og dersom nokore av dei er for store for vognpose, kan ein rimeleg 150 pose være greit. Type Bergans Kids comfort eller likande.Med mindre det er veldig kaldt treng dei ikkjenoko meir enn eit vanleg skumplastunderlag, dei er mjuke og søv som steinar på det meste Legg til nok sjokkis, god tid, eiga haudelykt. Eigen kniv er ofte morro når dei er i høveleg alder for det. Gode kle.Det har imidlertid dei fleste barnehagebarn, som tross alt er meir ute i ver og vind gjennom eit år enn dei fleste av oss Ein annan ting eg har erfart på tur med dei heilt minste, som gjerne krev meir bistand, er at alt som er førebudd heime er bra. Det vil seie ferdiglaga middag som ein vakuumpakkar og kokar opp i kjelen, ferdig smørsbrød osv. Dei store turkulinariske boltrestundene har ein tendens til å utebli når ein skal passe på at treåringen ikkje ryk i elva, at fireåringen ikkje sett fyr på teltet med glopinnen sin og seksåringen står og hyler om å få fiske. EInaste tid på døgeret eg kunne tillate meg litt tid til å lage mat, var på morgonen, då kosa dei seg i posen. Pannekaker var, og er, ein favoritt. Med ekstra tørrmelk og havregryn vert det meir mat i det.- 24 svar
-
- 1
-
-
Samd. Detter viktige spm kring utviklinga av ei potensielt stor næring i Norge, og eg meinar at ein må ta grep for betre styring, ei styring som ivaretek fleire interesser. Det er også slik at nordmenn utgjer ein auke som turist i Norge også, siste åra har folk blitt flinkare å reise i eige land. Til tross for at me ofte har ein anna forkunnskap mtp tryggleik, ser eg at det nok er på sin plass med noko betre informasjon retta mot nordmenn også, kanskje spesielt med tanke på korleis ein brukar naturen (danning av firfelts-stiar, søppel osv).
- 38 svar
-
- 1
-
-
Nei, og det er ikkje berre der. Eg var i Lofoten på besøk hjå svigers i 14 dagar no. Berre frå nokre få år tilbake er tilstanden ein heilt anna. Lokale media, lokale folk osv snakkar om det, og fortvilar til ei viss grad. Marknasføringa og det auka press heng ikkje saman med kapasiteten, og tilstandane er til tider usjarmerande så det held. Ikkje bra, hverken for den ein eller den andre. Edit; det skjer mykje marknadsføring mot utland som me som bur i Norge ikkje nødvendigvis får med oss, dei store destinasjonsselskapa og Fjord Norge osv er jo store aktørar som kjører på, og gjer områder kjente både for volumaktørar og andre. Då tenkjer eg at ein til ei viss grad må bu seg på suksess.
-
Eg meinar faktisk at reiselivsnæringa har eit ansvar for informasjon. Dette fordi det i stor grad er reisleivsnæringa som marknadsfører desse destinasjonane mot utland, og som profitterar på dei. På same tid bør det offentlege i større grad annerkjenne reiselivsnæringa som ei veksande næring, spesielt i delar av landet vårt, og byrje tenkje meir på korleis ein ynskjer at utviklinga i næringa skal gå føre seg, og bistå næringa i deira ansvar. Per i dag er utviklinga noko på villspor ette rmitt begrep. Eg tenkjer ein kan ha ei sunn og god utvikling av næringa, der ein ivaretek og skaper arbeidsstader, med minst mogleg grad av inngrep og med tryggleiken inntakt. Men det krev ei mobilisering som tenkjer heilskap.
- 38 svar
-
- 4
-
-
Little mammut/Alta junior sovepose for barn
Tessatroll svarte på Paul_86 sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har ikkje erfaring med desse to, men har Brukt Bergans Kids comfort til mine (dei to yngste brukar dei no, dei to eldste brukte dei over fleire år). Rimeleg pose som har vore utruleg slitesterk, og holdt gode temperaturar. Mine har brukt dei i telt ned til 5-6 minus, med pysj/tynn ull. Breidde eg over dei ein fora jervenduk som ekstra dyne over alle, holdt dei til minus 10. -
Har hatt ymse frå Norrøna, Skogstad, Bergans og Hagløfs, samt typiske løpejakker. Endar ALLTID opp med å gå tilbake til Bergans Microlight. Den er av alle eg har prøvd tettast, og pustar best. Løpejakkene eg har prøvd, is by far dei dårlegst pustande jakkene eg har hatt (?). Hagløfsjakka mi pustar godt men er ikkje like tett som Bergans, det samme gjeld Norrøna og Skogstad.