Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Samd i at dette vil oppleves som irriterende dersom ein tenkjer utstrakt bruk i type basecamp osv. Eg hadde eit par andre tidlegare, hugsar ikkje merke, som var det same problemet med. Løste det med å ta dampsperreposane mine (plastposar) utanpå om det var "klistrete" snø. Ved kalde tilhøver opplever eg at snøbørsten tek det fint. Skal seiast att dette er mi løysing på turar der vekta spelar ei rolle, og alternativet ville vore å vere utan. Om ein ikkje har eit anstrengt forhold til pengebruk i stor stil, kan kanskje WM expedition vere ein alternativ modell? Den utgår for meg, hadde ikkje vore eit tema same kva tur eg stod føre, men ein er jo ulike Om vekta ikkje spelar ei rolle er det jo lite som slår forsvarets på comfort og gummiering nedst
  2. Har dei tapt seg på kvalitet kanskje? Er nokre år sidan våre siste Helly Hansen kle vart kjøpt. Vil tore og påstå at mine eldste den tida dei var yngre var særs aktive, og dei to yngste er særs aktive. Likevel går eine helly hansen buksa på tredje barnet no. Den blir med på fleirdagers skitur i Tafjordfjella i påska.
  3. Eg har forsvarets fotposar med ekstra sole av liggeunderlag og ein sole oppå der att av tova ull. Det einaste eg brukar nedi dei er eit par gamle, tjkke stikkrtøfler frå mi bestemor, sikkert noko i same sjnger som d har. Held i lange baner. Brukar dei ikkje utanpå skiskoa, då eg synes det er like snerte å rive av skiskoa og ta desse på ved behov. Eg har tidlegare hatt både duntøfler og andre typar løysingar med isolasjonstøffel + fotpose, men synes nok at den eg har no er best. På tur der vekt er viktig, er det dog for tungt, og bivoaukksko av typen som det vert linka til tidlegare i tråden vert med (om eg ikkje berre droppar fotposane). Har nyss kjøpt eit par exped men med syntetisk isolasjon til sambuaren min. Han er ikkje utprega gla i dunprodukt han heller.
  4. Mange sesongjobbar på nav.no innan reiseliv/guiding om det er av interesse
  5. Har brukt både Helly Hansen og Bergans og vore nøgde med båe, spes slitestyrke.
  6. Det toler fukt godt, og så lenge det ikkje er snakk om lange turar er det jo sjeldan noko krise med noko som helst, så då er det vel å søkje svar på den sikraste måten; å prøve
  7. Eg sett mine inn med vanleg lærfeitt, då eg opplever at det beskyttar skinnet betre. Har ikkje merka noko på yteevne.
  8. Eg tenkjer at kor vidt det er forsvarleg heng saman med resten av sikkerheitskjeda di. Korleis ser pakklista elles ut, og kva er alternativa dine om teltet skulle ryke med/ikkje tole påkjenningane dersom veret endrar seg til eit forrykande uver?
  9. Vil tru luftfuktigheit også spelar ei rolle her? Så at det kan variere er utan tvil.
  10. Hei folkens! Kan diverre ikkje få delt nokre fleire erfaringar då ferdigrestituert konto sammenfalt med avgjerd om Grønlandstur. Sagt enkelt; eg har ikkje hatt råd!
  11. Det høres ut som du haddr hatt nok me Carinthiaen dei fleste netter? Men så veit du hvertfall kva posane dine tilsammen er god for
  12. https://www.finn.no/89638650
  13. Godt tips er å kjøpe brukt! Då får du ofte meir for pengane enn om du kjøper nytt
  14. Helsport Lom for meg, Helsport Lom men med utvidelseskile til sambo. Dette fordi det er dei me tilfeldigvis har i hus
  15. Turleiarar i DNT er basert på frivlilligheit, med få unntak. Guide er ikkje ein beskytta tittel, det kan kven som helst "kalle" seg (sjølv om det har vore gjort forsøk på å innføre omgrep som Naturguide som eit kvalitetsstempel ein får gjennom naturguideutdanning). Derimot om du tek utdanning og sertifisering gjennom Norsk Fjellsportforum, ymse internasjonale sertifiseringar, turleiarkurs gjennom DNT, så seier det noko om kva du skal kunne, og kva innhaldet i di kursing/utdanning er. Det er viktig å understreke att turleiarutdanninga til DNT er generell, og går ut frå ein del rammevilkår, som gjer at det isolert sett ikkje kan samanliknast med til dømes ei profesjonalisert fjellførarutdanning, eller veilederutdanning frå til dømes padleforbundet. Det skulle elles berre mangle, at det er forskjell på det som skal utgjere frivillig arbeid i ein organisasjon som har eit sett av rammevilkår kring turane sine, og på dei som skal føre profesjonelt, og som er forventa skal kunne handtere avanserte forhold. Elles er kursstigen til DNT både givande og lærerik, og ikkje minst eit rimeleg alternativ for å auke kompetanse. For den som er glad i å få med seg folk ut og gje dei fine opplevingar, er det ein fin stad og få prøve seg som turleiar.
  16. Kva hoftebelte bytta du til?
  17. Var kvista frå Finse til Sandhaug. Har du gått i området før? Om ikkje vil eg tilrå å dreie av stikkaløypa om det er gode forhold for å gå høgt. Synes personleg stikkaruta frå Finsbergvatn og ned til Dyranut er noko langdryg. Fins mykje anna fint å sjå om det er gode tilhøver vermessig og føremessig. Vidare frå Sandhaug synes eg austre Lakadalen er ei perle.
  18. Alt etter kvar eg befinn meg det, men i dei fleste tilfeller vil det bety dasspapir, fyrstikker og sprit. Om eg transporterar med meg noko ut har eg ikkje behov for å ha det lett tilgjengeleg
  19. Eg har ein bedding som eg nyttar ved enkelte høver og ved andre høver ikkje, då den har både føremunar og ulempar. Det er ingen problem å lett komme til det ein treng sjølv om den ligg på toppen. Eg legg det eg treng under marsj lengst framme i pulkbagen, og vippar berre beddingen litt opp og stikk handa inn så finn eg både thermos, dagens mat, stormpose, dasspose og fellar/smurning. Eg opplever sjeldan pulkvelt, hadde eit par på Hardangervidda no på ein seksdagers, då såg eg rett og slett litt dårleg kvar eg kjørte (mørkt med sviktande hovudlykt) og korleis eg posisjonerte meg i bakken (går med taudrag). Eg gjekk no med beddingen omlag 3 av 6 dagar. Eg droppa han på dei mest vindutsette dagane, då eg ikkje synes eg får "nistroppa" og stramma skikkeleg lasta slik eg får om eg pakkar alt ned pulkbagen. Me snakka då vind på mellom 15-20 m/s. Ein føremun med bedding over tid er at ein i større grad slepp bale med ising/fuktproblematikk og stive ventilar som resultat av kulde. Liggeunderlaget/ventilane får vere i fred, kanskje med unntak av ei lita justering eller to om ein er ute lenge.
  20. Ser at Hekta på tur har tilbud på Baffinstøvlar til kids no. Varmt og bra.
  21. En warmpeace viking 600 inni Helsport Lom funkar i alle fall for meg ned til 15-20 minus alt etter enkelte varierande faktorar, så vert overraska om du ikkje held varmen
  22. Ta med ekstra til snøsmelting, men nytt høvet til å hente opp om de kejm over opne os osv. Då kan de jo kosefyre ekstra i teltet
  23. Det heile kjem jo sjølvsagt an på kor mange de er Vårt Keron 4GT vert både brukt til vinterturar og som familietelt. Når me er 4-6 på tur, er vekta totalt sett spiseleg. Om me er 2 - 3 på lengre turar med pulk, er den også spiseleg, samt gir ein komfort over tid som i alle fall mine noko lyske-stive sambuar sett pris på Men som sagt; me har andre alternativ også, på dei turane der vekt er viktig. Då brukar me heller to lette telt, eller går utan innerteltet dersom det berre er verbeskyttelse me treng, og ikkje insektsbeskyttelse.
  24. Det er ikkje akkurat det teltet eg hiv bakpå 50 liters-lettvektssekken, men elles er det ingen problem å bere det med seg. Det er sjølvsagt noko voluminøst. Har du vurdert Keron 4 i staden for 4GT? Ville eg vurdert dersom eg ikkje hadde ein skokk med kids.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.