Gå til innhold
  • Bli medlem

Andrew St. Moritz 75 mm sko storleik 39 til sals

Tessatroll

Anbefalte innlegg

Pent brukt kring 10 turar. 

Fantastiske high-end lærstøvlar, men eg må diverre innsjå at med ymse gamle skadar og problematikk i føtene, så er mine dagar i alt anna enn "BC-tøflar" forbi. Verkeleg trist, for desse i kombinasjon med ei litt beefy fjellski og ein 3-pin er etter mitt begrep høgt oppe på lista over lukke. 

Pris 1500 kr + eventuell frakt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Annonse
zimwalker skrev (På 2.11.2023 den 18.22):

"...75 mm sko storleik 39 til sals". Kan disse blokkes ut til str 46? (bruker selv 75mm binding fortsatt).

Tessatroll skrev (10 timer siden):

Det trur eg er å strekke det litt! 

😬

Men - med hjelp av litt dårlig humor fra min side - så fikk du nå en ekstra " bump" av annonsen din. :)

De med 75mm bindinger på skiene og str 39 i sko bør slå til her, for sist jeg sjekket (i fjor vinter) så var det svært dårlig utvalg av nye skisko for 75mm bindinger. Det går mest i BC og whatever de nyeste modellene til Rottefella nå heter.

Endret av zimwalker
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

zimwalker skrev (1 time siden):

Men - med hjelp av litt dårlig humor fra min side - så fikk du nå en ekstra " bump" av annonsen din. :)

De med 75mm bindinger på skiene og str 39 i sko bør slå til her, for sist jeg sjekket (i fjor vinter) så var det svært dårlig utvalg av nye skisko for 75mm bindinger. Det går mest i BC og whatever de nyeste modellene til Rottefella nå heter.

Hehe, meget innafor!

Elles samd med deg. Det er langt mellom dei gode støvlane, og det er med irritasjon eg konstaterer at 75 mm er "lost case" for meg.

Tessatroll skrev (12 timer siden):

Det trur eg er å strekke det litt! 

😬

#punintended

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Strilaliv skrev (10 timer siden):

Bruker du 39 til vanleg i fjellstøvlar og skistøvlar? Eg er litt freista - ikkje minst fordi dei er raude

Kan du måla lengde og breidde på innersålen?

Ja er dei ikkje lekre i raudt? 😍

Ja eg brukar vanlegvis 39 i fjellskistøvlar og fjellstøvlar (kjem litt an på merke dog). 

Måla på innersole er 25,5 og 8,8 cm på det breiaste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Korleis synest du dei er på foten?

Eg har Crispi Bre som er veldig god å gå med men der synest eg skaftet er litt mjukt. Eg ville helst hatt det litt stivare. Og så har eg Garmont telemarkstøvlar (cruiser?, skinnstøvlar med to spenner) som er stive men som eg får så sinnsjukt gnagsår av og difor bruker eg dei ikkje lengre. Sett vekk frå gnagsåra så er Garmontstøvlane fyrstevalet mitt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Strilaliv skrev (1 time siden):

Dei er nok meir tverrstive enn bre trur eg, og stivare i skaftet. Gode å gå med, dei beste 75 mm eg har gått med. 

Dei er nok berekna for å gi støtte for litt oppakning. Saman med voile 3-pin med kabel er dei ein fjellskidraum nedover. Perfekte til typiske litt tunge vårskiturar og til skiturar i slik type terreng som du har (om du er stril "innaskjærs").

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg stril i eksil på det flate austlandet (heilt bokstavleg talt eit steinkast frå Østfold). Men eg går  på ski kun på fjellet kor det det ikkje er oppkøyrde løyper og heller ikkje folk som trakkar eigne løyper.  Men ikkje skikkelge Vestlandsfjell - den tida er forbi. 

(Disclaimer: Av og til går eg på ski i skogen her og og då går eg med dei gamle fjellskia (frå tidleg 90-tal og som går ned i trikkeskinner) mine som slår gnistar kvar gong eg treff ein stein).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Strilaliv skrev (6 timer siden):

Ok. Eg er med jamne mellomrom på Ås, om du ikkje er veldig langt unna der og vil prøve. Send i tilfelle PM 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.