Gå til innhold
  • Bli medlem

Strilaliv

Aktiv medlem
  • Innlegg

    51
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Strilaliv

  1. Eg kjøpte damevarianten, med 25% avslag på denne prisen Men lang unisex (ikkje vanleg) er og på 25% rabatt på outletpris med DNB-kode
  2. Den kjøpte eg og! Har leita ei stund etter ny pose ettersom den gamle har kuldebruer og lek litt vel masse dun no, så tilbodet no var perfekt.
  3. Ekstra 25% rabatt på Helsport med kode frå DNB til og 6. april. Gjeld og på varer i outlet og treng ikkje betala med DNB-kort
  4. Fekk @Megalep eller andre her testa ut skomakeren i Askim? Garmont fjellskistøvlane mine delaminerte på tur i helgja og måtte gaffateipast så eg kom meg tilbake til bilen. Eg vil helst vil unngå å kjøpa nye støvlar (og dermed og ski og bindingar) så jaktar på ein skomakar som er skomakar og ikkje bare skoflikkar
  5. Eg har ikkje prøvd, men vurderte å ta på slik antiskli på tube (til barnesokkar) eller antisklitape (slik til trapper) under potesokkane. Har kanskje størst tru på antisklitape av desse to. I vinter fekk eg lov å gå tur i naboen sin hage, så det blei 10 meter fram og tilbake langs vegen for å unngå isen. Lagt til: Eg har stor hund så potesokkar frå sportsbutikk eller dyrebutikk har ikkje passa. Med mindre hund så er jo utvalget større.
  6. Devold har turshortsar i ull med teknisk stoff i setet. Eg har ein slik sjølv og det er den beste turshortsen eg har i varmt ver. Eg har shortsar frå Norrøna, Bergans, Fjellräven og Stormberg i teknisk materiale eller polyester/bomullblanding og når det er skikkeleg varmt synest eg dei er heilt grusomme å gå med. Men med Devold så blei skogsturar og fjellturar i god varme ein ny oppleving. Faktisk slik at eg vurderer å kjøpa turbuksa i ull og
  7. Eg tenkte eg skulle bruka tilboda rundt omkring no med den svarte fredagen, til å sjå på vintersovepose til (snart) 13-åringen. Han har ein Helsport Rago Down damepose til tresesongs, men han treng ein eigen vinterpose. Sidan han er enno ikkje har blitt tenåring, så er ikkje ryggen hans av dei lengste. Dvs at han framleis bruker Osprey Ace 50 liter som hovudsekk og der skal sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøken, kle og kosedyr med. Og gjerne litt mat i tillegg. Så no lurte eg på tips til vinterpose til han. Sidan han er liten, så er både volum og vekt avgjerande og eg tenker dunpose. Han har vore på telttur no i helgja i -10 grader med min Mountain Equipment Glacier 1000. Han var varm og god og likte posen. Den posen er på tilbod med 49% rabatt, men er det andre posar eg skal ta med i vurderinga?
  8. No er eg stril i eksil på det flate austlandet (heilt bokstavleg talt eit steinkast frå Østfold). Men eg går på ski kun på fjellet kor det det ikkje er oppkøyrde løyper og heller ikkje folk som trakkar eigne løyper. Men ikkje skikkelge Vestlandsfjell - den tida er forbi. (Disclaimer: Av og til går eg på ski i skogen her og og då går eg med dei gamle fjellskia (frå tidleg 90-tal og som går ned i trikkeskinner) mine som slår gnistar kvar gong eg treff ein stein).
  9. Heilt genialt! No har eg bestilt eit par slike
  10. Korleis synest du dei er på foten? Eg har Crispi Bre som er veldig god å gå med men der synest eg skaftet er litt mjukt. Eg ville helst hatt det litt stivare. Og så har eg Garmont telemarkstøvlar (cruiser?, skinnstøvlar med to spenner) som er stive men som eg får så sinnsjukt gnagsår av og difor bruker eg dei ikkje lengre. Sett vekk frå gnagsåra så er Garmontstøvlane fyrstevalet mitt.
  11. Korleis er dei å tørka etter bruk? På hytta har me ei varmekjelde og er avhengig av at sko er enkle å tørka i varierande temperatur gjennom døgeret (22-8 grader) i god avstand frå ovnen. Eg har tidlegare sett på Skare Expedition men dei er litt ute av lista på grunn av prisen. Dei kan koma raskt inn på lista att viss dei er verdt prisen. Er det dei du har, eller ein anna Lundhagsstøvel? Eg er veldig fan av lag på lag og det å kunna ta ut innerstøvel/kartank for tørking og lufting. Varmesålar er ikkje vurdert som hyttealternativ sidan me ikkje har straum. På vinterstid er lading på eit minimum og eg er for lat til å bera opp powerbank til dette bruket. Stor sannsynlighet for at eg ikkje hugsar å ta med powerbanken ned att.
  12. Eg er på jakt etter fjellstøvar til trugebruk. Dei siste åra har eg brukt fjellstøvlane mine året rundt, inkludert trugetur og leiking i snøen på hytta. Desse er Hanwag Alaska og eg frys så himla masse på beina når me er på trugetur. Dei nærmar seg sju år og eg modne for utskifting og eg vurderer å investera i (minst) to ulike støvlar. No er eg fyrst og fremst på jakt etter støvlar til vinterbruk som er varme og som er stive nok på truger. Bonus er viss dei vil fungera som skuterstøvlar. Eg har sett på dei nye Baffin Litesport og vurderer desse. Tips til andre støvlar eg kan sjå på.
  13. Bruker du 39 til vanleg i fjellstøvlar og skistøvlar? Eg er litt freista - ikkje minst fordi dei er raude Kan du måla lengde og breidde på innersålen?
  14. Takk Marius Tenkte jo ikkje på at dei kunne vera laust samanrulla i pumpesekken. Enkel løysing på problemet - ny kunnskap er alltid fint
  15. Junior og eg fekk oss Exped Dura tidlegare i år. Og no har det oppstått eit problem i heimen. Korleis i alle dager skal eg oppbevara desse? Det er jo dun, så bør dei oppbevarast opne med opne ventilar i ein flyttekasse frå Clas Ohlson (slik eg har soveposane), eller kan dei vera samanrulla i pakkposen sin.
  16. Har du plass til å stabla flyttekassar frå Clas Ohlson i høgda? Eg har mine, og resten av familien sine, soveposar i kvar sin flyttekasse som eg stablar i høgda i eit lite kott. Stor kasse til vinterposen og små kassar til tresesongsposane.
  17. Eg kjøpte Big Agnes frå Ultralight Outdoorgear. Prøvesat ein Heilnox one og var ikkje heilt overbevist, men kjøpte Skyline UL utan å ha prøvd fyrst. Og er så fornøygd! Kroppen min, som trass alt har bestemt seg for å bli 75 år gamal til trass for at eg ikkje har dinga 50 enno, er så glad for at eg brukte ein heil masse pengar på dette.
  18. Takk for svar @Marius Engelsen. Groundchair er heilt uaktuell rett og slett fordi han er for lav. Grunnen til at eg lurer på Big Agnes er sitjehøgda, er vel 10 cm høgare enn one og zero og vekta kan samaliknast med one. Eg har gått hen og fått artrose i begge hoftene så plutselig treng eg litt meir komfort på tur for å klara slappa av når eg sit.
  19. Hjorrtelusfluga er skikkeleg dritt og meir irriterande enn flåtten altså. Men eg nektar å slutta å gå i skogen desse haustmånadane fram til frosten, så eg bruker hue eller hatt og ein glatt genser/tynn vindjakke når hjortelussesongen startar. Då er det lett å bare kosta dei av kroppen når dei landar. Heimestrikka ullgenser er verst har eg oppdaga. Og så er dei veldig lokale. Enkelte stader i skogen vår er det masse av dei men bare 100 meter unna (eller mindre) nesten ingenting. Men eg har ein hund som blir veldig plaga av hjortelusfluga. Hjortehunden Nanna er stor, grå og hårete og liknar nok meir på ein hjort enn meg så ho må eg gå og kosta av kontinuerleg for å unngå at dei bit seg fast.
  20. Er det nokon som har erfaring med Big Agnes Skyline UL chair? Og gjerne samanlikna med Helinox zero og/eller one. Den skrale kroppen treng plutselig litt meir komfort med på tur... Eg har både chairkit og sitteplate med rygg, men treng rett og slett få kroppen litt opp frå bakken når eg sit.
  21. Den vindstyrken ja 🤣 Men det sto då det kom litt vind og stjerneteltet holdt på å ta turen over til naboen. Gruppeledaren min hadde eit slikt med på leir. Eg lånte det til å bytta i og brukte forteltet til vasketelt. Det er varmt på dagtid, men eg heng ikkje så mykje i teltet på dagtid når det er sol og varmt. Eg hadde feltseng (lav) og 7 cm Exped i det vesle fjellteltet mitt, så neste års leir reknar eg med vil bli skikkeleg lukseriøs. Ikkje minst tatt i betraktning at me vil få STORE troppsområder og ikkje små som kretsleiren hadde.
  22. Landa du på Big Agnes, @oysteinsin? Eg har innsett at eg er for gamal til å sova ei veke på speiderleir i fjellteltet mitt. Så etter ei veke med litt krøkkete telting på leir, så har kjøpt mini-lavvoen til Robens som nytt speidarleiartelt til meg sjølv, Robens Green Cone. Ståhøgd, god plass til bagasje og utstyr og ting som ikkje speiarane treng tilgang til heile tida. Og ikkje tyngre enn at det faktisk går an å bera det med til fjells viss ein er to som har lyst på litt romleg soveplass med god høgd under taket.
  23. Fallsikringssele strammar seg automatisk når du ramler ned. Denne frå Biltema er bare eit eksempel, men det finst fleire typer der ute i ulike prisklassar og kvalitetar. Eg har ikkje brukt vanleg klatresele så har inga erfaring med det. Men ein fallsikringssele virker som han skal når du (eller eg) kløner det til og ramler ned frå hyttetaket....
  24. I ei olle utan tilsig frå området rundt, kjem det stadig nytt grunnvatn opp. Og så sant det ikkje ligg ei dau mus (eller sau) i grunnvatnet, så er vatnet reint. Me har olle på hytta (langt frå folk men med sauer på sommarbeite) og vatnet er fritt for koliforme bakterier. Har eit sandlag i botn av olla så det blir eit ekstra filtreringslag før me henter vatnet. At ei olle har vore ubrukt har ingenting å sei ettersom det er nytt vatn heile tida. Viss du er bekymra for vasskvaliteten i olla, så er gravitasjonsfilter gull verdt. Eg har vore hyttevakt på Turnerhytten i Bergen, og der filtrerte me alt vatnet som ikkje skulle kokast, før servering. Sendte vassprøvar av filteringsvatnet ein gong i året og aldri anmerkning frå Mattilsynet. Eg er ikkje så bekymra av meg og drikk vatn over alt i fjellet så lenge det er rennande. Sjekkar litt meir viss det er i saueområder enn andre stader. Men viss eg hadde hatt valget, så hadde eg tatt ei olle før ein bekk/elv kortid som helst.
  25. Er det gratisk inngang på heile messa for speidarar? Og gjeld det ledarane og viss eg kjem med skjerf?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.