Populært innlegg hsli Skrevet 26. august 2016 Populært innlegg Skrevet 26. august 2016 Hadde ei uke til eigen disposisjon på slutten av sommarferien. Valget falt da på å låne foreldrene mine sin hund, som bur i Vik i Sogn og gå fra Vassbygdi, nederst i Aurlandsdalen og gå opp den, så dreie nordover inn i dei høgtliggande områda i Aurland Statsallmenning og etter kvart gå vestover mot Sognefjorden igjen. Desse fjellviddene mellom Lærdalsdalen i nord, Aurlandsdalen i sør og Sognefjorden i vest verkar å vera lite besøkte, det var ein sterk grunn for å velga nettopp dette området. Hadde også lagt inn ein kviledag, denne planla eg å ha ved Hellenutvatnet, sentralt i fjellområdet. Området har mange gode fiskevatn, men dei ligg høgt til fjells, 1400-1500 m. Dag 1. Med blytung sekk og hund starta eg frå Vassbygdi lit seint på dagen(hadde nettopp hatt ei uke i Jotunheimen, og kom rett fra Tyinområdet). Stien oppover dalen hadde mykje motgåande trafikk i den nederste delen. Var spektakulært å gå oppover dalen, elvane for vokst seg store etter alt regnet den siste tiden og det gjekk til og med ein foss over stien, så blei temmelig blaut etter den opplevelsen, stien var også svært opptrakka, sleip og gjørmete.Her trengs nok rehabliltering, med all den trafikken som er her. Kom omsider opp til Østerbø fjellstova ut på kvelden og bestilte frokost der og teltplass. Godt var det å få tørka sko inne på tørkerommet etter den våte og gjørmete opplevelsen i Aurlandsdalen. 19 km unnagjort i dag, fra 70 moh til 820 moh. Dag 2. Våkna til atskillig lettare ver, spiste frokost og pakka, og la i veg opp mot Langedalen, nord for Østerbø. Litt kronglete i bjørkeskogen, som strakte seg til ca 1070 m her, vidare på god sti i lett terreng. Planen var å gå til Hellenutvatnet, 1410 m., ein distanse på ca 15 km. Kom så opp til stølen Langedalen, 1150 m, her opna terrenget seg opp, og elva Langedøla som passerte hadde stor vannføring. Kom til Austavad, 1295 m, der passerte ein person oss på avstand, hadde ikkje rekna med å sjå folk så langt inne i fjellet. Fortsatte derfra roleg innover mot Hellenutvatnet, dalen vida seg enda meir ut, og bar preg av vidde. Kom omsider opp til leirplass, der openbara seg eit fantastisk utsyn mot Hellenutvatnet og fjerne nutar mot aust. Ikkje lenge etter kom personen som hadde passert meg før på dagen, han hadde tatt inn på Hellenuthytta ikkje langt frå og viste seg å vera ein med lang fartstid i desse fjelli. Han viste seg å vera 81 år gamal, gjekk med lette steg, eg tok han for å vera langt yngre. Imponerande! Hellenuthytta er eigd av Aurland fjellstyre, og er open for alle, her er også ein meterologistasjon som Oslo Lysverker har satt opp. Mannen på 81 skulle fiske i vatnet med garn, så eg hjalp han med det utover dagen. Greitt å vera to når det arbeidet skal gjerast. Hunden sovna ved teltet. Dag 3. Dette var kviledagen. Hadde planlagt ein kort tur oppom Store Ljosegrunnsvatnet for å fiska. Veret var nydeleg, mildt på morgonkvisten, sikkert 8-9 grader. Turen til Ljosegrunnane gjekk i lett terreng, med store utsyn, såg etterkvart den kjende silhuetten av Hurrungane langt vekke i nord. Fekk to fiskar i vatnet, 200- 300 gram. Blei etterkvart varmt, så gjekk tilbake til teltet, vassa litt i vatnet og las litt. Utpå dagen kom eg i prat med mannen som eg traff i går, han var i ferd med å ta inn garna, 49 fisk på 300-500 gram fekk han, imponerande fangst! Fekk og 2 mellomstore fiskar av han som takk for jobben dagen før. Tok ein kveldstur oppom Store Liahovden, 1763 m, ein fjern nut og fantastisk utsiktspunkt i desse fjelli. Brukte 2.5 timar opp og ned fra leirplass. Hadde god fiskemiddag om kvelden. Ga mannen den eine vandrestaven min, då han ikkje hadde det, og han hadde ei tung bør å bera tilbake til bilen på Østerbø. Dag 4. Det var no på tide å setja kursen vestover. Først mot Grånosvatnet, 1446, så over dei store slettene mot Ljosegrunnseggi, 1602 m. Planen var å gå til Flyvotni ved fjellvegen Aurland- Lærdal. Terrenget var stort sett lett, med unntak av ein del mikroterreng pga Fyllittforekomstar i området rundt Bukkaholmvatnet, 1529 m. Frå Norddalshilleren bar det mot Tissedalshøgdi, vardar markerte kor stein var, elles var det ikkje tydelege tråkk her. Kom omsider over den grovura og steinete Tissedalshøgdi, og det bar ned mot lågare lende mellom Austre og Vestre Tissedalsskavlen. Herfrå var det kort ned til Flyvotni, 1265 m der eg etablerte neste leir. Vi tok ein liten kveldstur på fjellvegen til Hornsvatnet. Deilig med eit bad i vatnet var det og, Tissedalshøgdi krever sitt. Dag 5. No gjekk ruta strakt over fjellvidda mot Storebotn. Litt kronglete i starten, er ei åre med Fyllittfjell her, men kom oss omsider til Soleibakkvotni, frå her var det flatt bort til Erterhaughytta(eigd av NVE-Statskraftverkene). Ned mot Kolarsbotnen var det ope terreng, men etterkvart kom vi inn på Anorthosittfjella, som er så vanlege i Indre Sogn, og med dei meir steinete underlag, med dvergbjørker som veks mellom steinane og tuene. Men vi suste nedover mot den nedlagte stølen Kolaren, 920 m, her så vi jammen og elg, og seinare 2 hjortar. Videre derfrå langs skoggrensa ovenfor Nordheimsdalen og til Aurland fjellstyre si hytta i Storebotnen. Ei koseleg og velhalden hytta. Kraftlinja mellom kraftverket Aurland 1 og Fardal ved Sogndal passerer her, så den ødelegger litt omgivelsane rundt hytta. Men hytta vart vel bygd når linja vart bygd på midten av 1970- tallet, så vi kan sei dei er avhengig av kvarandres eksistens:). Vi tok ein flott kveldstur mot den vakre Nordheimsdalen, fantastisk utsikt mot Aurlandsfjorden, all skog her er stort sett furu og jorda er skrinn. Det var også ein robåt ved vatnet ikkje langt fra hytta, så vi tok ein fin rotur på Nedsta Storebotnvatnet. Dag 6. Vakna i 5 tida til skikkeleg høljeregn, å nei tenkte eg. Heldigvis ga det seg fort på morgonkvisten, og sola varma etterkvart. No gjekk vi på utydeleg sti vidare mot eit lite skard vest for Middagsnosi, 1180 m, frå der gjekk det ein steinete anleggsveg ned til Frønningsåsen, vegen var i bruk når kraftlinja blei bygd. No bar i det veg langs gamle skogsvegar i dei store furuskogane på Frønningsåsen. Litt av eit område, og eit område med mykje historie frå Middelalderen og fram til våre dagar. Her var det før i tida stor tømmereksport, og vi fekk adel som busette seg her, fotfolket som budde her blei leiglendingar under Frønningen Gods, og ordninga vart vel ikkje avskaffa før i 1978 meinar eg å ha hørt. Så her inne holdt Middelalderen seg heilt fram til være dagar. Hadde avtala med ferja Hardingen sr. som går i ruta mellom Kaupanger og Gudvangen om å stikke innom Frønningen kai, så fekk ein fin seilas innover Aurlands- og Nærøyfjorden til Gudvangen der vi blei henta. Ein fantastisk tur var avslutta. 14 Siter
+rayun Skrevet 26. august 2016 Skrevet 26. august 2016 Takker for fin rapport fra nok et område jeg aldri har vært på fottur i. Ser virkelig flott ut. Lit spørsmål til slutt: Er det en grønlandshund du har med deg? Siter
hsli Skrevet 26. august 2016 Forfatter Skrevet 26. august 2016 Heisann. Det er ein Siberian husky. Håper turrapporten inspirerar til turar inn i området, ikkje mykje DNT merka ruter inne idesse fjelli. 2 Siter
CarlHenrik Skrevet 27. oktober 2016 Skrevet 27. oktober 2016 Høres ut som en fantastisk opplevelse. Siter
Imp Skrevet 27. oktober 2016 Skrevet 27. oktober 2016 En flott tur du har vært på, takk for at du delte opplevelser og bilder Siter
fjellkaren Skrevet 27. oktober 2016 Skrevet 27. oktober 2016 Har i årevis hatt Frønningen på "to-do"-lista, og der er den fortsatt! Fin rapport! Håper å få en tur dit til sommeren. Jeg lurer på hvor langt det er mulig å sykle innover anleggsvegen fra Aurlandsfjellet mot Kolaren, da tenker jeg ikke på sti-sykling men mer på traktorveg-standard uten for mye stein og humper/dumper. Er stien ned mot Storevatnet og over mot Frønningen grei å følge (god sti?). Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.