Gå til innhold
  • Bli medlem

hsli

Passivt medlem
  • Innlegg

    40
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av hsli

  1. Heisann. Det er ein Siberian husky. Håper turrapporten inspirerar til turar inn i området, ikkje mykje DNT merka ruter inne idesse fjelli.
  2. Hadde ei uke til eigen disposisjon på slutten av sommarferien. Valget falt da på å låne foreldrene mine sin hund, som bur i Vik i Sogn og gå fra Vassbygdi, nederst i Aurlandsdalen og gå opp den, så dreie nordover inn i dei høgtliggande områda i Aurland Statsallmenning og etter kvart gå vestover mot Sognefjorden igjen. Desse fjellviddene mellom Lærdalsdalen i nord, Aurlandsdalen i sør og Sognefjorden i vest verkar å vera lite besøkte, det var ein sterk grunn for å velga nettopp dette området. Hadde også lagt inn ein kviledag, denne planla eg å ha ved Hellenutvatnet, sentralt i fjellområdet. Området har mange gode fiskevatn, men dei ligg høgt til fjells, 1400-1500 m. Dag 1. Med blytung sekk og hund starta eg frå Vassbygdi lit seint på dagen(hadde nettopp hatt ei uke i Jotunheimen, og kom rett fra Tyinområdet). Stien oppover dalen hadde mykje motgåande trafikk i den nederste delen. Var spektakulært å gå oppover dalen, elvane for vokst seg store etter alt regnet den siste tiden og det gjekk til og med ein foss over stien, så blei temmelig blaut etter den opplevelsen, stien var også svært opptrakka, sleip og gjørmete.Her trengs nok rehabliltering, med all den trafikken som er her. Kom omsider opp til Østerbø fjellstova ut på kvelden og bestilte frokost der og teltplass. Godt var det å få tørka sko inne på tørkerommet etter den våte og gjørmete opplevelsen i Aurlandsdalen. 19 km unnagjort i dag, fra 70 moh til 820 moh. Dag 2. Våkna til atskillig lettare ver, spiste frokost og pakka, og la i veg opp mot Langedalen, nord for Østerbø. Litt kronglete i bjørkeskogen, som strakte seg til ca 1070 m her, vidare på god sti i lett terreng. Planen var å gå til Hellenutvatnet, 1410 m., ein distanse på ca 15 km. Kom så opp til stølen Langedalen, 1150 m, her opna terrenget seg opp, og elva Langedøla som passerte hadde stor vannføring. Kom til Austavad, 1295 m, der passerte ein person oss på avstand, hadde ikkje rekna med å sjå folk så langt inne i fjellet. Fortsatte derfra roleg innover mot Hellenutvatnet, dalen vida seg enda meir ut, og bar preg av vidde. Kom omsider opp til leirplass, der openbara seg eit fantastisk utsyn mot Hellenutvatnet og fjerne nutar mot aust. Ikkje lenge etter kom personen som hadde passert meg før på dagen, han hadde tatt inn på Hellenuthytta ikkje langt frå og viste seg å vera ein med lang fartstid i desse fjelli. Han viste seg å vera 81 år gamal, gjekk med lette steg, eg tok han for å vera langt yngre. Imponerande! Hellenuthytta er eigd av Aurland fjellstyre, og er open for alle, her er også ein meterologistasjon som Oslo Lysverker har satt opp. Mannen på 81 skulle fiske i vatnet med garn, så eg hjalp han med det utover dagen. Greitt å vera to når det arbeidet skal gjerast. Hunden sovna ved teltet. Dag 3. Dette var kviledagen. Hadde planlagt ein kort tur oppom Store Ljosegrunnsvatnet for å fiska. Veret var nydeleg, mildt på morgonkvisten, sikkert 8-9 grader. Turen til Ljosegrunnane gjekk i lett terreng, med store utsyn, såg etterkvart den kjende silhuetten av Hurrungane langt vekke i nord. Fekk to fiskar i vatnet, 200- 300 gram. Blei etterkvart varmt, så gjekk tilbake til teltet, vassa litt i vatnet og las litt. Utpå dagen kom eg i prat med mannen som eg traff i går, han var i ferd med å ta inn garna, 49 fisk på 300-500 gram fekk han, imponerande fangst! Fekk og 2 mellomstore fiskar av han som takk for jobben dagen før. Tok ein kveldstur oppom Store Liahovden, 1763 m, ein fjern nut og fantastisk utsiktspunkt i desse fjelli. Brukte 2.5 timar opp og ned fra leirplass. Hadde god fiskemiddag om kvelden. Ga mannen den eine vandrestaven min, då han ikkje hadde det, og han hadde ei tung bør å bera tilbake til bilen på Østerbø. Dag 4. Det var no på tide å setja kursen vestover. Først mot Grånosvatnet, 1446, så over dei store slettene mot Ljosegrunnseggi, 1602 m. Planen var å gå til Flyvotni ved fjellvegen Aurland- Lærdal. Terrenget var stort sett lett, med unntak av ein del mikroterreng pga Fyllittforekomstar i området rundt Bukkaholmvatnet, 1529 m. Frå Norddalshilleren bar det mot Tissedalshøgdi, vardar markerte kor stein var, elles var det ikkje tydelege tråkk her. Kom omsider over den grovura og steinete Tissedalshøgdi, og det bar ned mot lågare lende mellom Austre og Vestre Tissedalsskavlen. Herfrå var det kort ned til Flyvotni, 1265 m der eg etablerte neste leir. Vi tok ein liten kveldstur på fjellvegen til Hornsvatnet. Deilig med eit bad i vatnet var det og, Tissedalshøgdi krever sitt. Dag 5. No gjekk ruta strakt over fjellvidda mot Storebotn. Litt kronglete i starten, er ei åre med Fyllittfjell her, men kom oss omsider til Soleibakkvotni, frå her var det flatt bort til Erterhaughytta(eigd av NVE-Statskraftverkene). Ned mot Kolarsbotnen var det ope terreng, men etterkvart kom vi inn på Anorthosittfjella, som er så vanlege i Indre Sogn, og med dei meir steinete underlag, med dvergbjørker som veks mellom steinane og tuene. Men vi suste nedover mot den nedlagte stølen Kolaren, 920 m, her så vi jammen og elg, og seinare 2 hjortar. Videre derfrå langs skoggrensa ovenfor Nordheimsdalen og til Aurland fjellstyre si hytta i Storebotnen. Ei koseleg og velhalden hytta. Kraftlinja mellom kraftverket Aurland 1 og Fardal ved Sogndal passerer her, så den ødelegger litt omgivelsane rundt hytta. Men hytta vart vel bygd når linja vart bygd på midten av 1970- tallet, så vi kan sei dei er avhengig av kvarandres eksistens:). Vi tok ein flott kveldstur mot den vakre Nordheimsdalen, fantastisk utsikt mot Aurlandsfjorden, all skog her er stort sett furu og jorda er skrinn. Det var også ein robåt ved vatnet ikkje langt fra hytta, så vi tok ein fin rotur på Nedsta Storebotnvatnet. Dag 6. Vakna i 5 tida til skikkeleg høljeregn, å nei tenkte eg. Heldigvis ga det seg fort på morgonkvisten, og sola varma etterkvart. No gjekk vi på utydeleg sti vidare mot eit lite skard vest for Middagsnosi, 1180 m, frå der gjekk det ein steinete anleggsveg ned til Frønningsåsen, vegen var i bruk når kraftlinja blei bygd. No bar i det veg langs gamle skogsvegar i dei store furuskogane på Frønningsåsen. Litt av eit område, og eit område med mykje historie frå Middelalderen og fram til våre dagar. Her var det før i tida stor tømmereksport, og vi fekk adel som busette seg her, fotfolket som budde her blei leiglendingar under Frønningen Gods, og ordninga vart vel ikkje avskaffa før i 1978 meinar eg å ha hørt. Så her inne holdt Middelalderen seg heilt fram til være dagar. Hadde avtala med ferja Hardingen sr. som går i ruta mellom Kaupanger og Gudvangen om å stikke innom Frønningen kai, så fekk ein fin seilas innover Aurlands- og Nærøyfjorden til Gudvangen der vi blei henta. Ein fantastisk tur var avslutta.
  3. He på deg. Vi reiste ikkje på breen allikavell. Det blei heller turar med utgangspunkt Fretheim hotel i Flåm, bla Blåskavlen og Bleia, og 17.mai i Flåm før vi returnerte tilbake til Bergen.Knallfin helg, herlig skiføre og fantastisk utsikt.
  4. Hei. Vi planlegger tur Jostedalsbreen på langs pinse og 17. mai helga. Er det noken på forumet som har gått strekninga i det siste og har ferske rapporter å gi? Tenker spesielt på sprekkpartiet på Supphellebreen fra 1450- 1300 m og forhold på nedstigninga fra Flatbredalen til Fjærland. På forhånd takk.
  5. Vi gjekk opp te den som dagstur fra Arentzbu først mot stølen Fjellsli eit lite stykke og so vidare opp ved sia av den austre breutløparen før vi endelig entra breen i ca 1500 m høgde. samme veg nedatte. Flotte forhold for nedrenning og slakke fine bakkar.
  6. Hadde ei flott veka i Breheimen, veret var fantastisk, forholdene likeså. Vi var 4 netter på Arentzbu og hadde 3 netter i telt. Gjekk lange dagsturar, bla Spørteggbreen, Greindalen og ei overnatting på Steinkollen, 2018 m i -20 grader. Hit reiser vi oftare i framtida. Terrenget var svært innbydande med flotte dalføre og breie avrunda fjell i mellom. Perfekt for ski. Nok ein gong tusen takk for respons folkens.
  7. Tusen takk for svar folkens, vi gledar oss til ei veka der oppe:)
  8. Hei på dere. Meg og sambuaren min planlegger å vera ei veka i Breheimen vest no i slutten av månaden. Vi har tenkt å vera nokre dagar på Arentzbu og gå dagsturer og så gå tilbake til bilen i Jostedalen via Greinbreen og Sprongdalshytta. Vi lurte på om det er nokon her inne som veit om forholda på Spørteggbreen(vi planlegger å gå inn på den fra den slakke sørøstsida) og øvre del av Harbardsbreen(i nærheten av Steinkollen). På forhånd takk.
  9. Vert nokk her på Vestlandet, men takkar for tips:)
  10. Tenkte meg inn til Bjordalsbu no i helga, men fekk svar av DNT att hytta ikkje blei etterforsynt med ved og andre forsyningar og att man ikkje kan rekne med at forsyninger er der. Får revurdere planane mine for kommande helg da..
  11. Var på tur i Fresvikfjelli i Sogn no i helgi, gjekk opp frå Tundalen og opp på Syringafjellet(1543 m), veret var ikkje det beste for ein slik langtur med vind og iskaldt regn og til og med sludd i regnet på toppen. På vegen ned gjekk eg bortom brekanten til Fresvikbreen og ned mot Rjupeskard, eit øde område på 1300-1400 m med svært lite ferdsel. Midtveges her vart eg var ein ansamling med store fuglar som kretsa rundt eit område, viste seg å vera ramnar og 2 ørnar. Gjekk bort og kikka på staden og oppdaga at her var ei samling reinskadavre, ei 3dje ørn letta på berre 20 m hald då eg nærma meg. Det var eit svært trasigt syn so møtte meg der, talte beingrindane til 21 rein, mest truleg ligg det fleire under snøen. Truleg har dei fått ei skreda over seg tidleg forrige vinter. Har alt varsla SNO og Villreinnemndi for området om det triste funnet. .
  12. Om Via Ferrata er med å skape meir aktivitet og turisme i distrikts- Norge er det bra. Om folk i hovudstaden med kontorjobbar ikkje likar dette får no so vera, me som kjem frå distrikta veit kor viktig det er å skapa ei nisje og skapa aktivitet. Via Ferrata vil nok gjera at fleire vil prøva seg på bratte opplevingar med og utan guide. So får no heller byfolki bruka straumen som me produserar i fjelli våre i distrikta med svære installasjonar og overføringslinjer, for å bruka ein liten digresjon
  13. Ein viss grad av tilrettelegging bør kunne tillatast i Norge, det bør ikkje vera Via ferrataer på kvart eit nes, men ha nokre. Dette vil turistnæringa og folk som ikkje er vand med klatring ha glede av. Når det gjeld inngrep i norsk natur har me fleste eit svin på skogen, me brukar straum som er foredla frå vasskraft utbygd i fjella våres, og me fleste som ferdast i fjellet brukar anleggsvegar tilknytta vasskraftinfrastrukturen.
  14. Var oppe til Fannaråken torsdag, snøen bar fint eit stykke opp, men fra 16-1700 var konsistensen annleis og eg gjekk igjennom heile tida, fryktelig dårlig snø bereevne på toppen. Var ment å gå runden vidare mot Skogadalsbøen, men måtte gje opp det prosjektet pga håplaus snøkonsistens. Kjørte da istden til Øvre Årdal og gjekk inn til Ingjerdbu og overnatta der. Gjekk so vidare opp til h. 1280 under Friken med fine forhold med bart med nokre snøfenner i mellom. Utla var kjempestor, har aldri sett ho so flaumstor. Var sikkert rundt 30 grader i Øvre i helga.
  15. Tau var ikkje naudsynt på det partiet vi meinte det skulle vera bruk for det(Supphellebreen). Me såg antydningar til sprekkpartiet på hø kant nedover, men midt på breen var det uproblematisk og spor å gå etter + att det var god sikt. Dette kan sjølvsagt vera annleis i flatt lys og dårleg sikt, så vurdringar angåande det må gjerast. Snømengdene var store, låg snø heilt ned til havnivå i Fjærland til dømes, på breplatået låg det nok ganske mange meter, vanskelig å anslå, men tippar eit to sifra tal somme stader. Føret var upåklagelig:, tørt og fint. Var kaldt oppe på breplatået, hadde ned i -20 eine natta. Fantastisk tur og storslagen natur. Gled dere:)
  16. Vi møtes nok da:)Tar turen uten pulk har eg bestemt meg for, skal bruke nyinnkjøpt sekk som skal ha større komfort ved tyngre bører.
  17. Scarpa T4 er ingen problem på lengre turar. Sambuaren min brukte dei frå Ustaoset til Rjukan no i romjula, og eg har brukt på skiekspedisjon på Svalbard over to veker.
  18. Tusen takk for gode råd og vink. Gledar meg til turen over.Skal faktisk gå Jostedalsbreen på langs veka før, så skal bli stas å få med noko av det finaste me har av natur her i Sør- Norge desse maidagane:)
  19. Gå inn til Uradalsbandet og ned eit stykke av Uradalen, der får du Hurrungane i ein flott vinkel rett i mot, supert motiv som eg aldri blir lei av å sjå på
  20. Bruker Statoil sin, fungerer perfekt på multifuelen, lite sot og brenner fint. Brukt den både på Svalbard og ekspedisjonar på fastlandet.
  21. Meg og sambuaren planlegger å gå Folgefonna på langs no i byrjinga av mai. Er det nokon her på forumet som har råd og tips for ein slik tur? Tenker mest på avgangen frå sørfonna til Sauabrehytta, om det er fare for sprekker der, tips og råd for å ta seg ned i Kvitnadalen frå nordfonna og beste staden å gå ut av Fonna, tenker da på Espeland ved Låtefoss eller Vintertunområdet. Vil tru det er svært mykje snø på breen i år.
  22. ..men det er som afe seier litt verre med hardt underlag.
  23. Traversering med pulk med taudrag løyser eg med som før nemnd lasting av pulk og med heimelaga regulærbare styrefinner av aluminiumsplater bakarst som eg feller ned..Det fungerer fint, gått mange fine turar i kupert terreng slik.
  24. Jau, det er som du seier, smak og behag. Kan vera godt å få belastninga meir på hoftene då eg gjerne vert trøytt i eine skuldra når eg har tung sekk og går på ski samstundes. Då kan det like gjerne vera ok med litt pes på starten og slutten på turen med å stroppa fast pulken på sekken og ha det komfortabelt på breplatået. Planlegg ogso same sleng Folgefonna på langs etter Jostedalsbreen, startar på den ein dag etter Josten, men då blir det med sekk og overnatting på hytter undervegs:)
  25. Tusen takk for tips. Reknar med det er store snømengder på breplatået i år, med alt dette vestaveret som har vore hittil i vinter.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.