Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Passivt medlem
  • Innlegg

    208
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. Eg har begge setta fra Aclima og Brynje + trøya fra Devold. Er stort sett enig i det som har komme fram men må tilføye ein negativ ting; det blir lettare dårlig lukt i Aclima sin ullnetting enn dei to andre.Sjølv Brynje som har større andel syntet er bedre på dette punktet etter min meining
  2. Varde blanding av ull og silke kan absolutt anbefales. Har hatt ei slik trøye i flere år. Er ei medium minus tynn trøye.
  3. Ut av bildet å dømme ser det ut som ein eldre modell av Janus Design Wool.Design Wool lages fortsatt,men har no litt andre fargar og mønster.
  4. Hammer eg synes kort og godt at du tar altfor lett på dette. i motsetning til mange andre her på forumet og andre lands myndigheiter. Verdt og merke seg er at mange av desse landa har ein geografi som gjer det mykje lettare å få god dekning med DAB enn Norge, likevel føl dei ikkje etter Norge. Problemet med myndigheitene er ikkje argumentene til dei som er imot slokking av FM nettet i 2017, problemet er at myndigheitene overhodet ikkje vil diskutere saken.
  5. No synes eg ikkje me skal vera altfor kritiske til DAB. Eg har sjølv DAB radio heime og får mykje bedre lyd i sendingane, godt å sleppe skurr. Både heime og mange andre steder, altså ikkje på fjellet,men der folk bur, så har eg opplevd det som ein fordel med DAB, ikkje berre pga av bedre mottak,men og mange fleire kanalar .Ein heilt anna diskusjon er om kanalane som er per i dag gir ein mykje større variasjon i kanaltilbodet? Mange av dei,spesiellt dei kommersielle, synest meg å vera veldig like i innhald dessverre.Større utvalg er ikkje nødvendigvis større mangfold. Problemet er at FM nettet blir vekke.. Om me beheld begge "systema" så er det ikkje problem om DAB er dårlig til fjells så lenge me har FM. Derfor er eg ikkje enig i at DAB er ubrukelig. Vel eg ser kanskje eit problem og det er om ein kun har DAB radio i bilen,og ein opplever at det kun er dekning på FM. No har eg ikkje så god greie på dette,men sidan vanlege radioar har FM og DAB så finnes det vel og bilradioar med begge deler? BJV, hadde ikkje radioen din både DAB og FM? Eller var problemet at du ikkje kunne bruke ei slik "modifisert" antenne på akkurat denne radion sjølv om den og hadde FM? PS! Tenkte og på ein ting til; viss me må vraka alle FM radioane våre, er det veldig miljøvennleg? Tenker ikkje da på avfallsproblem ,men kast og bruk mentalitet? I tillegg blir det jo ein ekstra kostnad som alle får.
  6. Eg har 3 arbeidskolleger frå Philipinene, ei kvinne og to menn. No er alle sosiale og hyggelige ,men to av dei er meir sosiale enn den tredje. Desse to har eg som venner på Facebook. Dette kombinert med slik eg kjenner dei i arbeid og ellers så er det tydelig at dei likar veldig godt å omgås masse folk.. Mest frå sitt eige heimland, dei reiser gjerne til byar for å treffe sine landsmenn når dei har fri,men dei omgås også nordmenn. Desse to, spesiellt kvinna, går ikkje så mykje turar. Den tredje som ikkje er på FB omgås også sine landsmenn,men då mykje sjeldnare og helst slektningar. Han er nok den som lignar mest i oppførsel på oss nordmenn. Han har faktisk og fått interesse for friluftsliv og spør meg ofte til råds om turar. No er Asia veldig stort så det er vanskeleg å generalisere,men mange stader så bur folk tett og er vant med meir fellesskap enn nordmenn. At dei tar denne ballasten med seg til Norge er vel ikkje så rart? Når det er sagt så har eg ein kamerat her på landet som er ivrig jeger og friluftsmann og me har ein del turar i lag om hausten på ein støl,men han får aldri med seg kona dit ,ho er norsk, for ho hatar å bruka utedo!
  7. Ein ting er dekning der folk bur (fast) ein anna ting er dekning til fjells på hytter,telt eller anna. Etter det eg forstår så blir dette mykje dårligare då signala ikkje rekk så langt. Ein anna ting som einkelte nemner her er at ein DAB batteriradio brukar mykje meir straum enn ein vanleg FM radio. Om ein då er på hytta der det ikkje er straum , og må bruke batteri så får ein enten store batteriutgifter eller endå verre ein går tom. Eg veit om folk som tok med seg DAB radio til fjells der det ikkje var straum pga litt dårlige FM forhold, dette var ikkje langt til fjells ,men nok til at det blei blir skurr på FM radioen. DAB fungerte fint der,men pga enormt forbruk av batteri så bytta dei han heller ut med ein litt skurrete FM radio. No kan kanskje DAB radioar i framtida bli bedre energibesparande,men per i dag er dette eit problem. Da blir det veldig merkelig når eg ser DAB diskutert i media at akkurat desse problema ikkje blir nemnt i det heile tatt. Ikkje i eit einaste innlegg av dei som forsvarar utkoblingen av FM nettet så blir problemet med dekning til fjells nemnt, heller ikkje dette med batteriradioar. Heller ikkje media har tatt opp denne problemstillinga. No har eg sikkert ikkje fått med meg alt,men dette burde vera ei problemstilling som nemnt kvar einaste gong utkoblingen av FM nettet vart diskutert. Så alvorlig er det. Var det ikkje i år dei ville ha inn forslag til endring av fjellvettreglane? nr 3 . Vis respekt for været og værmeldingene må da kanskje skrivast om med forbehold om at det er dårlig radiodekning til fjells.
  8. Marmot Scree har modellar for både menn og kvinner .http://marmot.com/products/details/womens-scree-pant Eg har sjølv ei Scree bukse, den er romslig i beina og ganske elastisk.. Har brukt mi i 3.5 år og er veldig fornøgd med den. Veit ikkje om den er til salgs i Norge lenger,men eg har tidlegare sett den i nettbutikkar. Sjølv kjøpte eg mi frå Campsaver.
  9. No spørs det kva du meiner med tynt ullundertøy,men generellt så er tynt ullundertøy lite slitesterkt om ein samanliknar med tjukkare typar. Største forskjellen på slitestyrke går meir på tjukkelse og kva tjukkelse på ullfiber enn på kva slags merke ein har . Om du derimot tillater at det er ein viss andel syntet så aukar slitestyrken betraktelig. For min del så betyr slitestyrken ikkje så mykje, eg reknar ullundertøy som forbruksvare og er villig til å ofre litt på slitestyrken for å få fordelen med tynt ullundertøy når det ikkje er så kaldt. Viss du absolutt set slitestyrken som eit krav så kan eg anbefale to ulike trøyer frå Brynje: Brynje Wool Classic som har ei vekt på 190gr/m2 og inneheld 80% og 20% polyamid, denne trøya har fått mykje skryt og har ullas fordeler + syntetens , I tillegg har Brynje ein modell ved namn Wool Thermo Light denna er endå tynnare 160gr/m2 ellers samme fordeling av ull og polyamid. Dette er ei finmaska ullnetting trøye,men den er ikkje så gjennomsiktig som deiras vanlige ullnetting,minner meir om ei vanlig ulltrøye. meir info www.brynje.no i outleten finn du forresten Wool Thermo Light i raud farge på tilbud.
  10. Kor hen er dette? Etter det eg har høyrt i alle år så er hjorten generellt mindre ute ved kysten enn lenger inn landet. No kan jo dette ha endra seg, derfor spør eg. Når det gjeld størrelsen på hjorten så er det velkjent at slaktevektene på hjort har gått nedover dei siste 20-30 åra.Forskarane seier at ein av årsakene er meir dyr,men og at snittalderen på dyra har gått ned. Og at ein må skyte meir yngre dyr. Med andre ord så har ikkje jegerane vore flinke nok til å spare større og eldre dyr. Om dette er dei såkalla trofejegerane sin feil så må det å såfall vere utruleg mange av dei. Å tru at trofejegerar berre er dei andre , gjerne rike byfolk eller utlendingar blir for enkelt etter mi meining. Eg trur mange bør gå i seg sjølv og ikkje berre legge skulda på andre. Holdninga om at eg skal ha den store bukken så ikkje naboen får den har eg høyrt fleire gonger. I regionen eg jaktar er mi oppfatning at denne holdninga er i ferd med å endre seg med omsyn til å spare dei største dyra, ueinigheita går meir på kor stor stamma skal vera totalt. Å få begge deler ;stor stamme og store dyr blir nok ein vanskeleg kombinasjon.
  11. ASI Du brukar ikkje begrepet russisk ulv ,men det er det du egentlig meiner. Til det kan eg opplyse at slik russisk ulv allereide finns dokumentert heilt tilbake til 1860 talet i Norden, DNA tatt av ulveskinn frå dyr felt i Skandinavia. Dette beviser at slik ulv har hatt Skandinavia som ein del av sitt utbredelsesområde lenge og høgst sannsynleg før 1860. Når forskarane begynte å bruke begrep som den skandinaviske stammen og russisk ulv så hadde det ikkje noko med nasjonalitet å gjere,men kor størstedelen av desse ulvestammene hovedsakleg var å finne. Skandinavia har vore og er ein del av den russiske ulvens (i genetisk forstand ikkje nasjonal) utbredelsesområde. Kall det gjerne ein utkant,men likevel ein del av dens område.Dette er slett ikkje noko nytt. Det du påstår er lite truleg vandring frå Finland og Russland pga samiske forsvarslinjer som du kallar det, er motbevist. Ulv frå sør i Norden har vandra heilt nord til Finland det er bevist.. http://www.aftenposten.no/nyheter/Ulv-fra-Hedmark-satte-verdensrekord-7760325.html "Forsvarsverka" er nemleg ikkje så tette som du trur. Og når ein ulv kan klare det i 2014 så burde det ikkje vera vanskelegare å gjere det motsatt veg i 1979 For alt vi veit kan det vera mange som prøvde seg ,men vart stoppa, Offislelle fellingstal er ein ting,men det vil forundre meg om det ikkje og vart felt nokon uoffisiellt. .Ulv vandrar frå Sverige for så å dukke plutselig opp for eksempel på vestlandet eller i Agder fylka utan at dei har blitt lagt merke til spesiellt.. I dag kan ein følgje spora om ein finn DNA eller GPS for dei som har det ,det kunne ein ikkje i 1979. Hugs på at overvakingen av dei store rovdyra den gongen var svært mangelfull samanlikna med i dag. Kunnskapen om dyrs vandringar er i dag på eit heilt anna nivå. Dermed er det heller ingen som kan sei heilt sikkert at det var 0 ulv i Norge i ein periode..Gløym heller ikkje at i dag er det meir hytter, vegar, meir snøscooterar,viltkamera ja og mindre villmark. Så at dyr den gong kan ha vandra langt uten å bli oppdaga trur eg. Ein anna ting var at oppdaga ein ulv eller bjørnespor på ,70 eller 80 tallet og melde frå så vart ein gjerne latterliggjort og få eller ingen trudde på ein. Difor holdt mange folk kjeft for ikkje å bli gjort narr av om dei såg noko. Eg har sjølv snakka med folk som såg bjørnespor langt vest i Norge på 70 talet,men dei lot vere å sei noko nettopp av slike grunnar som eg nemner her.
  12. No er vel dei fleste enig i at jakt på ulv vil føre til at den blir meir sky. Dette uansett kva ein meiner om ulv, den debatten tar vi ikkje her i denne tråden sidan temaet har vore debattert opp og ned i lange baner. Men tilbake til kor sky den er. Det finnes eksempel på at ulv har angrepe og i verste fall drept folk. Det fleste eksempla om vi snakkar i nyare tid kjem frå Asia og Aust-Europa. Til tross for store ulvestammer i Nord Amerika er det forbausande få rapportar om angrep og/eller drepte mennesker samanlikna med andre områder. Eg har sett folk meiner dette kan komma av utbredelsen av våpen i Nord Amerika samanlikna med Aust Europa/Asia.og at ulven der møter våpen mykje oftare om den har blitt nærgåande. I autoritære for ikkje å snakka om kommunistiske regimer er ikkje våpen blant vanlige folk så utbredt. På meg høyres ikkje dette heilt urimelig ut. Samanliknar ein jakt på ulv i Nord Amerika med Norden så er det stor forskjell på korleis dette foregår. i Norden så er det gjerne svære jaktlag som jaktar veldig intensivt ei kort tid og så er jakta kanskje over.I Nord Amerika foregår jakta ikkje slik ,men meir slik som me jaktar på anna vilt. Blir ulven berre jakta på i 5-10 dagar før jakta er over mot kanskje 50 dagar med daglig press og forstyrrelsar frå jegerar så vil eg tru ulven blir meir sky av det siste. Døde ulvar kan som kjent ikkje sky menneske,men om ulven som overlever opplever jakt gjennom lenger tid så vil eg tru den oppdager at mennesket er farleg. Eg kan forstå at nokon synes det er om å gjere å få felt dei ulvane ein har lov til på kortast mogeleg tid gjerne med store jaktlag,men eg stiller spørsmål om dette er den beste måten å gjere ulven redd for menneske på.
  13. Her er eit eksempel på korleis nokon i eit høgkostnadsland taklar problematikken rovdyr/beitedyr
  14. Interbond

    Ullsokker

    Eg har ein mistanke om at Trysilsokken hos Europris og det som felleskjøp selger under merket National er samme sokken, dei ser i alle fall veldig like ut. Og er etter mi erfaring like elendige. Problemet mitt har vore at det går hol på dei lenge før dei er utslitte. Og ja eg veit godt korleis ein vaskar ullplagg eg er nemlig storforbrukar av ullplagg , brukar det året rundt. Ulvang sine sokker har eg blanda erfaring med nokre har vore like elendige som dei nemnte sokkane,mens andre har vore ok. Dessverre er min erfaring at mykje av Ulvang plagga har generellt dårlig slitestyrke. Rav genser og ullbukse derimot er eg veldig godt fornøgd med. Dessverre har eg snakka med mange som har samme dårlige erfaringen med mange Ulvang plagg og slitestyrke.. Likevel må eg sei at det finnes bra rimelige sokker. Har kjøpt Fagerli strømper hos Stormberg dei kosta 99kr for ein 3 pakning, no 149kr, ikkje akkurat superbillig,men rimelige og dei er eg godt fornøgd med. Ullandelen er 50% så kanskje noko av forklaringa på den gode slitestyrken ligg der? Tynne strømper med høg ullprosent gir naturlig nok dårligare slitestyrke,men det er nok ikkje heile forklaringa på kvifor nokon er bedre enn andre.
  15. Tenker trådstartar på mellomlagsbukse eller utapåbukse? Er det mellomlagsbukse så kan denne anbefales http://www.xxl.no/klar/klar-herre/undertoy/underdeler/ulvang-rav-pants-ullbukse/p/1080841_1_style er det utapåbukse http://www.stubbespesialisten.no/products/pfanner-loden-trousers eller ein dyrare variant sjå under Loden i nettbutikken der finn du Jagdhund sine plagg http://www.norteamengros.no/
  16. http://www.radron.se/tester/bil-fritid--familj/ullunderstall/ Her er ein svensk test av ullundertøy. Eg trur det må vere første gang eg har sett Aclima sist i slike testar kva dei no enn er verdt.slike testar. Litt artig at Devold Sport vart nr 1. Forresten så er produktspesifikasjonane som står under kvart plagg feil, det som står der er vekta per plagg og ikkje vekta i gram per m2
  17. Om Sarek og hund: Hund Det är förbjudet att medföra hund i nationalparken. Under tiden 1 januari – 30 april får du medföra kopplad hund. Kopplad hund får dock medföras hela året på Kungsleden genom parken. tatt fra http://www.sarekfjallen.se/besoka-sarek/ At det i einkelte svenske nasjonalparkar er totalforbud mot hund sjølv når den er i band er temmelig ekstremt etter min meining,men det seier vel kanskje litt om kor liten tiltru svenske myndigheiter har til vanlige folk når hund i band ikkje er tillatt? Etter å ha sjekka litt på svenske forum så er det tydeleg at ikkje alle svenskar er enige i dette forbudet. Sjølvsagt skal ein respektere loven,men det betyr ikkje at ein ikkje kan kritisere den.
  18. http://www.klikk.no/helse/trening/tester/article930384.ece?utm_source=sol.no&utm_medium=cpc&utm_content=editorial&utm_campaign=Paid+front+box+sol.no Her har du ein ny test av hodelykter. Til bruk på fjelltur med overnatting der ein ikkje spring/går på ski eller syklar så kan ein klare seg med svakare lys då ting skjer i eit langsommare tempo. Da er det gjerne greitt med ei lykt som batteriet varar lenge på. Om ein har ei lykt med kraftig lys og oppladbart batteri så er det ganske surt når batteriet er tomt om ein står på fjellet uten lademuligheit. Derfor er det viktig å sjå på kva slags bruk ein har, det finns ikkje ei lykt som passar best til alt.
  19. Du kan faktisk få ei temmelig bra lykt for godt under 500kr https://www.flust.no/sport-og-fritid/friluftsliv/hodelykter/petzl-hodelykt-e84-p2-myo-xp-belt/ her er ein test http://www.friluftsnett.net/index.php?lang=no&side=test-av-petzl-myo-xp-belt Som du ser får du den no svært billeg. Eg har hatt 3 generasjonar av denne lykta, dei to første med batteriet på lykta og eg må sei at på denne belt utgåva er lyset betydeleg bedre enn dei to første. Når det gjeld prisen så har eg sett den for 990kr på det meste. No finns det heilt sikkert langt betre lykter enn denne ,men ser ein på kva ein får for prisen 229kr så er dette eit svært godt kjøp etter mi meining. Eg har omtrent samme bruksområde som deg og til slikt bruk passar den fint.
  20. 40% avslag på Janus Design Wool serien http://www.skittfiske.no/Avdelinger/TUR--OG-FRITIDSBEKLEDNING/Undertoy?Filter=ProdusentID%C2%A41:ProdusentID%C2%A41_84 ut denne veka
  21. Kan det vere noko slikt? http://www.prisguide.no/produkt/basecamp-nordkapp-4-94344 I såfall er det eit "billigtelt" både pris og kvalitetsmessig. Eller kanskje det er eit slikt? http://www.nazraku.si/sotornordkapp4-p-488.html?language=en
  22. Her er ein ide om eit heilårsprosjekt: Eg hadde ein ide for eit par år sidan som eg hadde tenkt å lufte med turistnæringa og turlaget i min kommune,men så langt kom eg ikkje. Det var nemleg 12 toppar på 12 månader. For å forklare litt nærmare så var ideen å lansere eit turprogram der folk skulle gå på dei 12 høgste toppane i heimkommunen min og då 1 topp i kvar månad. Hadde for eksempel næringslivet sponsa det som ein konkurranse så kunne det medført litt turistar her også i ei tid utanom vanleg turistsesong. Ideen kan jo også brukast personleg, altså 12 toppar på 12 månader,men det vil jo sjølvsagt ikkje vere like utfordande i alle kommunar det kjem jo an på kor hen ein bur. Og ein kan jo sjølvsagt ta 12 toppar rundt om på forskjellige stader det treng ikkje vere berre i ein kommune.Men tanken min var opprinneleg å få litt lokal aktivitet. Og det må jo heller ikkje vere nødvendigvis dei 12 høgste toppane i kommunen ,men kanskje 12 markante og kjente toppar spredd rundt om i kommunen.
  23. hgmann ja kanskje du er sensitiv i forhold til ull? For dei som har problem med dette så kan det kanskje vera ein ide å velja ufarga ull? Skal ein tru på det DNt skriv her http://www.nettbutikken.dntoslo.no/main.aspx?page=article&artno=1505770 så føles det mjukare enn farga ull. Eg har ei kvit/ufarga Breeze trøye og den er utruleg mjuk og fin. Har du problem med kløe av ullplagg så må du for all del ikkje kjøpe ullundertøyet dei selger på Felleskjøpet av merket BS (Bekken og Strøm) https://butikk.felleskjopet.no/Sok/merinoullsett-voksen-50249310_BASE?cat=FritidKl%c3%a6rJakke&ref=search Eg har ikkje problem med det,men det er det grovaste merinoullundertøyet eg har hatt.Og eg kan godt forstå dei som synes det klør. I tillegg krymper det ein del i vask.Ikkje akkurat toppkvalitet er mi meining,men så er det til gjengjeld svært billigt 269kr for eit sett med trøye og longs. I oversikten av den testen du la ut link til, for øvrig samme test som eg viste eit utdrag frå, var det litt rotete satt opp for Aclima sitt nettingundertøy for i samme kolonne så har dei og med beskrivelse av serien Lightwool uten dette modellnamnet står.Dette er altså plagget som er 140gr/m2 17.5 micron og det er glatt ull, ikkje netting. Det samme gjeld for Brynje sin ullnetting der dei og i samme slengen omtaler serien Classic Woll 190gr/m2 17.5 micron iblanda 20% polyamid. Dette er og ein glattstrikka modellserie der modellnamnet er utelatt. Akkurat den Classic wool trøya finn du forresten testa her i lag med ein del andre trøyer http://www.utemagasinet.no/Utstyr/TEST-Ullundertoey
  24. Her er ein omtale av 8 ulike typar vinterullundertøy, desse er såpass tjukke at dei og kan brukas til mellomlag http://artikkel.ut.no/ut/vinterens-varmeste-undertoy-1.11393406
  25. 30% rabatt på Sportswool serien til Janus og ein del kler til barn. http://www.janusull.no/produkter/59/tilbudstorg I tillegg er det 27% på Summerwool t-skjorte,men da berre i grått. Den ligg ikkje på tilbudstorget,men finnes under herre i nettbutikken.Kun xl og xxl igjen. Stormberg har 50% på ein del ullundertøy http://www.stormberg.com/no/prisfest/?utm_source=Communicator&utm_medium=Email&utm_content=50%25+p%c3%a5+ull!+%7c+Regnt%c3%b8ysett+kun+199%2c-!+%7c+GRATIS+FRAKT&utm_campaign=NOR+NB+2014+Uke+39-3+280914
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.