-
Innlegg
1 017 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Dropp hardangervidda iallefall, og dei fleste andre høgfjellsområda på vestlandet, i mai er det normalt mykje snø og isdekte vatn. Prøv litt lavare områder langs kysten. F eks gullfjellet frå gullbotn til bergen/unneland, samnanger frå nordbygda opp vest/aust for fitjavatnet, evt bergsdalen visst det er tidleg vår (ring dnt bergen når det nærmar seg og spør). Sjekk ut.no for ruteforslag.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Men er dette nytenkande? Er veldig likt teltet som Andrew Skurka var med å designa for Sierrra design: https://sierradesigns.com/high-route-1-fl/
-
Bruk fluer som er "litt alt", dvs ikkje fluer som er reine imitasjoner av maur eller døgnfluer osv men som du kan bruke heile året. Under vatn er det meste fisken et litt brun-oliven-svart. Hareørenymfe i str 16-10 likner på det meste, denne kan du bruke heile sesongen. Evt går du for andre "jordfarger", gjerne med litt glitter i, det er gode greier. Tørrfluer: bruk Black Gnat eller adams i str 18-12, desse går som mygg, døgnfluer, vårfluer med bevegelse og alt anna. Foam-maur er bra fordi den flyt godt og er lett p sjå (ha på kvite vinger), kan brukes heile året. Ei bomsete hjortehårflue som humpy eller streaking caddis, fordi denne flyt godt og kan brukes i mykje vind, og den får fisk til å stige opp siden det er ein god munnfull. Husk at fisken stort sett heile tida ikkje daffer rundt og kun ein 1 type insekt, men den treng den maten den kan få og et det den kan kome over.
-
Veldig bratt nede i bekkedalen. I høve til skred så ville eg gjort nokre grundige vurderingar før eg slapp meg nedi der og fulgte denne ut. Har gått her masse på sommarstid. DNTsti på vestsida av tverråa går på ein terrasseavsetning (gamal avsetning i bredemt sjø for dei som er interessert...) ganske høg oppi lia, gjer at du slepp å gå nedi med elva. Evt ville kan du gå mellom Fallfosshøe og tverråa og ned i Grimsdale derifrå, litt bjørkekratt men ikkje noko problem, mest innover mot Tverråa. Støtter forrige innlegg, følg kvisting. Veit ikkje snøtilhøva her, men det er normalt lite snø i grimsdalen. Ta bilde og legg inn turrapport.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Med det veret som er meldt kanskje minus 6 til 8 i fiberpose.
-
Hei, Funker det med 2 x ridgerest med r verdi 2.6 pr stk på snø? Varmt nok?
-
Håper du har lyst til å legga inn turrapport 👍
-
Ser stroppe på gamasjer går under skoa. Kor lenge held desse før dei er slitt over pga slitasje mot underlag?
- 35 svar
-
- 1
-
-
Billigt 1-2 personers lettvektstelt som passer for en på 206cm
josteink svarte på Videvandre sitt emne i Telt og lavvo
Uavhengig av telt ville eg gått for dette, ta da frå ein som kjøpte billeg og enda opp med å kjøpa ein gong til...- 31 svar
-
- 1
-
-
Om ikke breene smelter fort nok - så kan de jo få litt hjelp!
josteink svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Og kvifor er dette ikkje greit? Fordi det etablerar eit prinsipp om ein ekstrem ressursbruk som ikkje er miljømessig bærekraftig for å få eit produkt du fint kan få i frå nærmaste frysar, visst du på død og liv skal vatne ut god whisky. I tillegg er utsleppet av klimagasser pr kg is enormt som igjen auker innhaldet av klimagasser som co2 som bidreg til ein auka menneskapt global oppvarming. Oh, is that so? Jepp, og ifølge tusenvis av vitenskapelege artiklar og samtlege vitenskaplege forskningsinstitusjonar, som syner at 1)det pågår ei global oppvarming 2)observert oppvarming skjer som følge av ein radikal auke i klimagassane co2 og metan 3) auken i co2 og metan skuldast menneskapte utsleppskilder, der alle artiklar har gått gjennom ein kritisk prosess og alle data er opne og tilgjengelege for alle, slik at dei kan etterprøvast men utan at dei tre hovudkonklusjonane er tilbakebevisst. Og det som står igjen er eit overveldande bevismateriale for menneskapt global oppvarming som skapar ein konsensus vi kan planlegga framtidig samfunnsutvikling ut frå. Kall meg gjedna naviv men eg trur at virus og bakteriar finnes utan at eg nokon gong har sett ein einaste ein- 149 svar
-
- 4
-
-
-
Billigt 1-2 personers lettvektstelt som passer for en på 206cm
josteink svarte på Videvandre sitt emne i Telt og lavvo
For å spela inn noko nytt så kan du jo sjå på liten og lett lavo, dette er golite shangrila 3 (som egentlig er 2 manns) med nytt merke. http://greenline.de.com/zelte/3-personen-zelte-und-mehr/mytrailco-pyramid-3-shelter.html evt eit større variant for 4-5. Har same sjølv. Ligg nokre erfaringar på forum her og på verdensweben. Super konstruksjon og lett men høg pris (Finnes i billegare versjon på ebay). At denne ikkje kan brukast på vestlandet er bare tull. Minuset er lite fortelt og at det er litt mellomrom mellom ytterduk og bakke (dvs trekk), slik dei likar det i US, for vår bruk er dette ikkje noko problem. Når det kun er meg så bruker eg einmanns-innertelt og har eit hav av plass i forteltet: https://mountainlaureldesigns.com/product/mld-pyramid-innernets/ Desse finn du til ein billeg penge på ebay. I høve til vind så vil nok kuppel og tunnel tole meir vind men vi har gått på høgfjellet med denne utan problem, utan at vi har vore ute i veldig sterk vind. Det ligg ein del diskusjon på forum her om kor mykje vind og slikt når det gjeld pyramidetelt. Eg ville ikkje tatt dette med i veldig sterk vind men hadde tatt det på sommartur på vidda. Denne typen telt finnes i mange versjoner f eks https://mountainlaureldesigns.com/product/supermid/ og ein haug med andre tilbyderer. Fordelen med desse er at dei er lette, veldig god plass inni, stor høgde i midten, kan fåast til ein rimeleg penge. Minuset er at ein del av plassen går vekk i kantane pga helning på duk (dvs ha eit godt påslag for di lengde), at dei kan vera mindre stabile enn tunnel og kuppel i vind. Sjekk alltid om teltstang ligg i pris og oppgitt vekt. Finnes i billegare versjon på ebay. Er du alternativ kan du jo vurdera trailstar, denne er lett men høg pris, finnes billegare versjoner på ebay, sjekk youtube for erfaringer: https://mountainlaureldesigns.com/product/trailstar/ (nb pris utan innertelt). -
Om ikke breene smelter fort nok - så kan de jo få litt hjelp!
josteink svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
For å skape litt ro kan eg korrigera feil i innlegget ditt. I dag ligg co2-innhaldet på ca 0,04% dvs ein null mindre enn du viser til. Auken på siste 100 år er på 45%, det er ikkje ein liten auke. Andelen av eit stoff vs resten er uvesentleg, det er verknaden som er viktig. Absorbsjon av strålingsspekteret til co2 er mindre ja, men det absorberar der H2O ikkje gjer det så graden av absorbsjon auker vesentleg med auke i co2, kjempebra komplementering :-). Her er litt nyttige lenker som gjer at du slepp å analysera og konkludera kompliserte problemstilingar som ingen enkeltpesoner har forutsetninger for å gjera. Kva kan forklare den globale oppvarming? Bloomberg har lagt ei samsstilling, med grundige referanser, som ligg her: https://www.bloomberg.com/graphics/2015-whats-warming-the-world/ Og kva er egentlig forskjellen på å fly opp og henta is frå Svartisen og å transportera kaffe frå Kenya eller kiwi frå New Zealand til Norge?- 149 svar
-
- 7
-
-
-
Erfaringer og modifisering av Helsport Ringstind Superlight 1-2
josteink svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Telt og lavvo
Nokon som har ca vekt på berre yttertelt? -
Erfaringer og modifisering av Helsport Ringstind Superlight 1-2
josteink svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Telt og lavvo
Kva vert ny vekt? -
Fyring i telt (Splittet fra Hvordan pakke en pulk)
josteink svarte på Mayen sitt emne i Vinterutstyr
Modererer meg mtp snø der teltet kan bli heilt tett, ser den. -
Fyring i telt (Splittet fra Hvordan pakke en pulk)
josteink svarte på Mayen sitt emne i Vinterutstyr
Teori: Ikkje fyr primus inne i teltet. Praksis: fyr primus inne i teltet. Masse fokus på CO her men ingenting på brannfare, som burde vera fokusområde. Finnes det eit einaste tilfelle av CO-forgiftning i telt? Telt er luftige saker. Eg fyrer i yttertelt og har primus på dersom det er kaldt og surt, det er jo nesten like koselig som å ha fyr i peisen. Har litt lufting på telt slik at det vert mindre kondensasjon. Primus må stå stabilt og med klaring til teltvegg/tak. -
Høgfjell? Slutten el byrjinga av juni? Grimsdalen nord i rondane kan vera snøfrie då. Her kan ein ringe til grimsdalshytta og sjekke snøtilhøva i forkant. Området dørålseter og slikt. Flatt og lettgått med turisthytte dersom ein ynskjer det, kan ta tog og buss til dovre. Er fisk i vatna her men finnes betre fiskeområder.
-
Vurder eit lettare teltsystem, det er her du kan spare mest (4-500 gr). Dropp innertelt eller gå for ein lett tarp som Solomid eller cricket, zpaks varianter, evt hilleberg eller helsport tarp. Dei toler noko det vèret du møter der. Velg rett teltplass og du kan klare deg med lite. Vil du vera sprø så dropper du regnkle og går for poncho/tarp Dersom du går i dårleg ver, med det eg tenker er lite kle, lite mat og utan søvn så er egentlig luftig telt det minste problemet. Tenker at du går på små marginer dersom det skulle skje noko, då vert 1 time gangtid veldig mykje lenger men er det slik du vil gå på tur så go for it, uansett kva folk meiner. Personleg ville eg droppa craft superundertøy og gått for ull, og heller tatt nokre ekstra gram. Uansett lukke til og legg ut turrapport!
- 91 svar
-
- 1
-
-
2-3 veker er jo veldig god tid. Du kan ha ein flott Finse- haukeliseter runde, rundt jøkulen og ned på vestvidda visst det er ok ver. Merk at det i oktober kan kome ein del snø her oppe.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Hei, tidlegare har det kun vore sommaren, elles kjem du deg kun opp til garen frå vest: https://www.hardangerfjord.com/eidfjord/praktisk-informasjon/reise-hit Frå aust kan du søke her: https://www.brakar.no
-
Eg skal vera forsiktig med å gje råd til andre sine vegvalg men vurder kva konsekvensar dine valg kan få. Du har openbart fungert i arbeidslivet i ein lengre periode, du har eige firma (som viser initiativ og tiltak) og du ynskjer å ta eit bevisst valg om eit eller fleire friår. Er ikkje det viktigaste at personen har jobba fast i ein jobb, og at personen kan vise til at han fungerar i arbeidslivet og dersom det er avbrekk så må det vera begrunna. At nokon ynskjer å realisera noko les eg som at det er gjennomføringskraft og evne til å planlegga og iversette, og det er berre positivt i ein arbeidsituasjon. Generelt vil eg sei at dersom du har høgare utdanning så får du deg jobb, enten midlertidig eller fast, på ein eller anna måte. Om du skiftar jobb og tek ein lengre ferie før du startar ny jobb, søker permisjon eller berre tek deg fri må du gjera ei vurdering av sjølv. Eg kan sei at den største ulempen vil vera i høve til pensjonssparing, men når du set på gamleheimen vil du neppe tenka "eg skulle ha jobba meir og gått mindre på tur....". Og ettersom eg uansett er i same aldersgruppe så kan eg sei at vi får så dårleg pensjon uansett at det neppe har noko å sei Gå på tur når du kan (som du spør i eit friluftsforum får du svar)!
- 64 svar
-
- 1
-
-
Jepp, og det er forskjell på laussnø og pudder..... sjølv om skianlegga ikkje ser forskjell....
- 13 svar
-
- 3
-
-
Eg kan ikkje fordra å ha hals over munn og nase så eg stikk hovudet ned i sovepose og snurper igjen, slik at kun augene ser ut. Då er det varmt og godt og litt lufting.
-
2 -3 Dagers vintertur Hardangervidda - alene
josteink svarte på FrkSol sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Dette blir bra. Ruta du har valgt gjer at du kan telte i nærleiken av hytte og då har du jo ordna deg eit godt sikkerhetsnett. Bare kjør på og følg råda du har fått over, dette går fint. Du er bekymra for skifte i ver, men regel nr 1 er å sjekke vermeldinga. Dei klarar å forutsei verskifte og dårleg ver på så korte tidsrom (og du ligg i nærleiken av hytte ....). Når det gjeld telt så har eg alltid brukt 3 sesongers på vinter også, har aldri vore plaga med at det ikkje har vore nok men har heller aldri gått ut i vinterstorm. Opplever 3sesonger som ei større utfordring på barmark når det ikkje er snø og legge opp til le. Ta deg ein testtur på ulrikken eller gullbotn i byrjinga av mars og test telt og brenner og alt. Då er du i nærleiken av bil/folk/by og du blir litt kjend med utstyr, og vil finne ut at ting stort sett går bra. Som regel er det verste som kan skje at du frys og at du evt må stå opp kl 4 om natta og returnera.... Lukke til og legg inn ein turrapport her på forumet.- 94 svar
-
- 2
-
-
Det er vel egentlig ein arkelolog du spør etter trur eg. Ligg dette nokre meter frå ein brekant med ein aktiv bre, dvs ikkje berre eit snøfelt/isfelt? I ein bre i bevegelse vil ikkje bein overleve ettersom bevegelsen og trykket her vil øydelegge beinfragment. Kjeven du har bilete av vil difor ikkje overleve å bli frose ned i ein bre i bevegelse og bli smelta fram lenger nede. No er det jo brear i noreg som har tilnærma null bevegelse men at ein kjeve med tenner skal overleve ein slik transport trur eg er usannsynleg. Dersom dette i tillegg er nokre meter framfor ein brefront så har nok dette området vore dekka av ein eroderande brefront for ikkje så lenge sida. Utan at eg veit kvar du fann dette så kan eg nok sei med ganske stor sikkerhet at breane i dette området er på sitt minste på 600 år. Dersom dette er snøfelt dvs snø/is som ikkje smeltar vekk gjennom sommaren men ligg gjennom heile året så kan organisk materiale som tre, piler, bronsealdermann mm ligg der lenge. Det er nokon som kan litt meir om dette på forumet her.