Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    502
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Eg er også tilhengar av at ting er enkelt og funksjonelt. Derfor har eg mat og tilhøyrande kjøkkenting (unnateke kokeapparat, parafin og snøsmeltekjele) i 2 kasser stabla på kvarandre bakerst i pulken. Desse kassene smett akkurat nedi pulken og fyller heile pulkens breidde, og gjer derfor at eg får nytta plassen maksimalt. Resten er plassert etter tetris-prinsippet, med kvar sin faste plass i resten av pulken. Det er eit nært forhold mellom korleis pulken er pakka og korleis rutinene er i leiren. Den eine kassa, matkassa, inneheld bare slikt som skal brukast resten av turen, slik at det bare er den andre kassa, kjøkkenkassa, eg treng tilgjengeleg om kvelden, og denne vert då plassert ved kjøkkenplassen, altså rett innanfor åpningen, i teltet. Om morgonen pakkar eg om maten for neste kveld frå matkassa til kjøkkenkassa. Om lag samtidig fyller eg også tanken på kokeapparatet, slik at alt er klart når teltet er satt opp att på kvelden.
  2. Det ser ut til at du har ei flamme rett over forvarmingsskåla, det skal du ikkje ha utanom når du forvarmar. I så fall har du truleg ein lekasje. Dersom pakningane er nye, må du truleg stramme litt meir mellom stigerøyret og brennaren. Stram litt i gongen og prøvefyr att heilt til det er tett. Gratulere med ein bra brennar, ein av mine absolutte favorittar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.