Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    502
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Det er nok fordi ei flat gummivarmeflaske er langt meir behagleg å ha i senga enn ei hard plastflaske. Det er heller ikkje noko tema at pasienten skal bruke vatnet til å koke kaffe på om morgonen.
  2. Men det regulerer du veldig enkelt med ein tjukkare sokk utanpå flaska. Det varme vatnet har ein viss energi, og dette skal du prøve å fordele over ei viss tid. Meir isolasjon utanpå flaska gjev mindre effekt, men over lengre tid. Dersom du vil ha masse effekt, men kort tid, brukar du aluminiumsflaske. Dersom du vil ha meir effekt over lengre tid, må du bruke meir vatn, altså større flaske, eller 2. Du hadde nok fått betre forståing av korleis det virkar dersom du hadde lent deg på ei fysikkbok…
  3. Kva slags skala har du for kvalitet? Det fyrste spørsmålet er eigentleg umogleg å svare kvantitativt på, men det er forskjellar både mellom merkene, og for enkelte merker, også mellom modellseriane. Materialvalg og saumkvalitet. Gode og mindre gode detaljar. Nøyaktigheit i dimensjonane som gjer det enkelt å sette opp stramt eller ikkje osv. Ja det er merkbart. Kva slags miljø som eventuelt skulle gje status, er derimot ukjent for meg. Eg sett opp teltet om kvelden og pakkar det ned att om morgonen. Dei eg eventuelt møter i løpet av dagen, har ingen aning om kva slags telt eg har, så det er i alle fall ikkje dei som kan gje meg status pga teltvalg. Låg vekt kostar, sjølv om det kan vera både svakare og mindre slitesterkt. Tynnare teltduk er dyrare og det er vansklegare å sy, noko som også gjer lettvekt dyrare. Eg kjenner ingen av dei modellane du spør om, så meir detaljert svar kan eg ikkje gje.
  4. Feilinformasjon fjerna.
  5. I pulken har eg med meg ein kjel på 4,5l. Den fyller eg med snø og lar stå på primusen til det har vorte nok vatn til det umiddelbare behovet. Så vert han satt til sides. Der har eg altså tilgang på kaldt vatn, som eg drikk av utan tanke på basiller. I tillegg har eg ein kjele til matlaging og ein kaffekjel, stor nok til å fylle termosen, til oppvarming av vatn. Då slepp eg å koke opp den store kjelen bare for å ha litt varmt vatn. Den store kjelen vert satt på primusen att når denne er ledig eller eg har bruk for meir vatn. Om kvelden, før eg legg meg, fyller eg den store kjelen med snø att, slik at dette er klart om morgonen. Eventuelle vårskiturar med sekk, har eg ikkje anna enn matlagingskjelen på 1l til rådigheit. Då må eg etterfylle med snø fleire gonger for å få nok vatn. Men då prøver eg å finne vatn, så eg slepp snøsmelting. Osar, sprekkar i isen ol er plassar eg ser etter. Eg har også nokre stamplassar der eg veit det lar seg finne vatn.
  6. Den koklusjonen trur eg er feil. For kvar dag som går før snøsmeltinga kjem i gang, vert snøsmeltinga raskare når det fyrst skjer. Dersom sumaren ikkje vert som i 2015, då var vårflaumen liten men varte til fyrst i oktober.
  7. Ulltrøy og ulltrøye. I den tempererte årstida, er det kun ull på overkroppen med unntak av ytterjakka. Det er mogleg klimaet i Finnmark er så tørt at dunjakke fungerer heile året. Her sør i langfjella ville eg ikkje basere meg på fuktigheitssensitiv dun for å halde meg varm i den tempererte og fuktige årstida, og i alle fall ikkje vera avhengig av at den same, våte dunjakka skal halde meg varm gjennom natta etter ein rengkald kveld. Eg gidd ikkje fylle sekken med klede eg ikkje kan ha på meg utanfor teltet, så ull er det einaste eg stoler på til isolerande påkledning. Men så har eg med meg sovepose som eg stolar på at skal halde meg varm gjennom natta. For meg er dunjakka kun for vinterbruk. Og sjølv då har eg med meg sovepose som skal vera varm nok.
  8. Dunjakka er noko av det fyrste eg legg att heime dersom eg vil ha lettare sekk.
  9. Greit nok at det vert kaldare i kuldegropa, men det vert ikkje varmare i eit nylontelt om det er ei kald grop i forteltet. Når det gjeld eit telt med fyring, og i ei snøhole, kan kuldegropa ha ein misjon. Når inngangen skjer gjennom kuldegropa, altså ingen åpning over bakkenivå, kan denne vera åpen utan at den varme lufta sig ut. Dersom inngangen foregår over bakkenivå, har ikkje kuldegropa denne funksjonen, då forsvinn varmlufta ut med ein gong ein åpnar åpningen, heilt uavhengig av om det er ei grop i nærleiken. Grop i forteltet har likevel andre fordeler, slik som meir plass og ståhøgde. Dette er ein av grunnane til at mange meiner telting vintertid er meir komfortabelt enn sumartid.
  10. Dersom du har bomma så kraftig på soveposen at du må ligge i dunjakke og dunbukse, forstår eg at du synest effekten av tynt ullundertøy er minimal.
  11. Det mest opplagte, er at du har for dårleg sovepose til forholda. Ullundertøy hjelper masse. Det viktigaste er ytterpunkta på kroppen, så luve og sokkar (men dei må vera turre) er det aller viktigaste. Kuldegrop har absolutt ingen effekt på temperaturen i teltet. Men litt fysisk aktivitet rett før du legg deg, slik at du blir god og varm i kroppen, vil hjelpe.
  12. Mi erfaring er at ein kombinasjon fungerer veldig godt. Enkelte ting pakkar eg temmeleg hard, enkelte ting er ganske harde i utgangspunktet. Soveposen er eit godt eksempel på kva eg brukar komprimeringspose til, fordi det er så pass spenst i han at noko anna ikkje ville vera effektivt. Mat og kokeutstyr er uformelege kolli som skapar eindel tomrom. Så er det enkelte mindre lausøyre som vert stappa nedimellom tomromma. Enkelte kledsplagg er typisk slike ting eg stappar innimellom. Eg er i alle fall overbevist om at desse plagga er meir effektivt pakka på denne måten, enn at dei skal i ein eigen, komprimert pose som skapar endå fleire tomrom. Teltet, som ligg nesten på toppen, bryr eg meg heller ikkje med å komprimere. Det er ingen spenst i det, så all nødvendig komprimering skjer med at det vert trykkt nedi sekken. Det ukomprimerte teltet, forutsatt ein romsleg pose, formar seg godt saman med kokeapparat og kjelesett som vert pakka rett over teltet. Dersom sekken er i minste laget for turlengda, altså at eg har med meg så mykje mat at ikkje alt utstyret får plass nedi sekken, er det teltet som må finne seg i å henge på utsida dei fyrste dagane. Så heller ikkje då, har det noko for seg med komprimering.
  13. Ein stor pose er gull verdt når den glatte duken skal stappast nedi posen med kalde fingrar, kanskje med hanskar eller votter på. Dersom ein har vekta på teltet utan stenger og pluggar, tenker eg at volum er nært proporsjonal med denne vekta.
  14. Eg synest heller ikkje det er vondt etter dagesvis med 20kg på ryggen. Men eg brukar heller ikkje sekkar som produsenter meiner er ubehagleg med meir enn 15-17kg. Dersom produsenten opplyser om ei så stram vektgrense, ville eg ta det som ei åtvaring. Dersom bruksområdet er tenkt oppimot denne vekta, så nære at spørsmålet om sekkevekta er del av denne vekta, ville eg i alle fall ikkje kjøpe sekken uprøvd.
  15. Eg har hatt besøk i leiren kun to gonger. I begge tilfeller var det ein bekjent, og han såg teltet. Eit grønt telt kan også vera synleg på 1km avstand, men det skrik ikkje om oppmerksomheit. Mi oppleving av naturen er ulik om teltet 1 km unna er raudt eller grønt. På same måte som at naturopplevinga mi er ulik om det står folk hyler og skrik på næraste fjelltopp, eller om dei bare står der i siluett. Problemet med at folk skulle dumpe inn i leiren min og snuble i bardunane vil eg uansett kalle sterkt overdrive, eg har forresten raude bardunar så det skal vera litt enklare å unngå å snuble i dei. Men der er mogleg dette er ein av skilnadane på utkantnoreg og bynære strok. Friluftsliv i bynære strok har eg veldig lite erfaring med, utan at eg kan hugse at det var så komplisert, men dette er fleire tiår sidan. Men eg forstår at det kan by på andre utfordringar enn det enkle og bekymringsfrie fjellivet.
  16. På mine eldre dagar har eg for alvor fått opp augene for små telt, nettopp fordi små teltplassar er så enormt mykje enklare å finne enn større teltplassar, særleg høgt til fjells. Har eg plass til å ligge der, er det plass til Soulo også, det teltet er faktis nesten så lite. Det er sikkert mange som er fornøgd med det Chinook-teltet. Men til den bruken eg har Soulo, er det ingen erstatning. Eg brukar ikkje Soulo dersom eg veit det vert finvær. Eg har ingen planar om å erstatte Soulo, ikkje fordi det er så sabla godt telt. Det er langt frå noko perfekt telt, men det er telt med dei riktige kompromissa for akkurat den bruken eg har det til. Lite vindfang, i tillegg til at det taklar all den vinden det kan få. Lite plasskrevande, slik at eg kan telte der andre må gå kilometervis for å finne plass. Lite krevande på plugging ettersom det er sjølvståande, må bare forankrast så det ikkje reiser i vindkulene, men det kan om nødvednig ordnast med å knyte bardunar rundt steinar. Det gjer jo også at det kan setjast opp på plassar Ikkje veldig lett i mange sine auge, men det er ingen alternativ som er betydeleg lettare (Modellen har lagt på seg litt sidan eg kjøpte det). Det er eit telt for å kunne overnatte i dårleg vær, men pga den ekstremt trange innvendige plassen er det ikkje noko telt eg vil ligge værfast i. Det finnst nokre få andre modellar som ville fungere, men dei valgte eg bort då eg valgte Soulo. Det valget har eg altså ingen planer om å gjera om. Allak er nok eit langt betre allround-telt dersom ein må ha eit sjølvståande telt. Anten Allak 2 som eit romsleg – men noko tungt etter min smak – einmannstelt, eller Allak 3 dersom 2 skal bu der i lag. Dei har til og med kvar sin inngang i le, utan å vera redd for at vinden tømmer teltet dersom dei åpnar kvar sin åpning samtidig. Sjølv ville eg nok heller valgt eit tunelltelt, td Kaitum, men det har med å gjera at eg, heilt personleg, meiner tunelltelt har meir hensiktsmessig fasong.
  17. Eg brukar normalt ikkje å anbefale multifuelbrennar til gassbruk. Men når du tenker at den eine kan vera i reserve til den andre på langtur, ville eg vurdere Whisperlite universal nettopp for å kunne fungere som reserve for den andre gassbrennaren. Ein gassbrennar kan aldri erstatte ein bensinbrennar vintertid, og skal ein bensinbrennar erstatte gassbrennaren sumartid, må du også ha med deg dobbelt opp med brennstoff, både gass og bensin. Ein annan, like billig og langt lettare løysing er sjølvsagt å kjøpe ein liten og lett topp-på-gassboksen-brennar som reservebrennar for den andre gassbrennaren, og la vinterbrennar vera vinterbrennar.
  18. Eg ville aldri la ein sovepose ligge nedpakka ei fleire dagar etter bruk. Etter bruk må ein alltid lufte og tørke soveposen, så får ein eventuelt pakke han ned at onsdag eller torsdag. Det er nå mi meining.
  19. Ingen av desse alternativa kan erstatte mitt Soulo. Allak 2 er 1000g tyngre enn mitt Soulo, som er 2.3kg, og det treng 77% større teltplass. Det andre måtte eg google, og utfrå bileta, ser det ikkje ut som nokon erstatning for Soulo. Med store gliper under teltduken, kan det på ingen måte tilfredstille mine krav til haust- og vårtelt, også for bruk på snø, til høgfjellstbruk. Eg har også ein erfaringsbasert skepsis mot amerikanske telt, men det er ein annan sak. Eg løser det derimot enkelt ved å krabbe ut på skuggesida.
  20. Dersom du sett det opp kvar kveld i forhold til den aktuelle vinden, brukar alle bardunane og unngår eksponerte plassar når det er sterkare vind, bør det ikkje vera noko problem. Men dersom du har tenkt å sette det opp, forlate det, og koma attende halvannan veke seinare, ville eg nok valgt eit anna telt, sjølv om det mest truleg ville stå like fint. No veit eg ikkje kva slags pluggar Helsport legg ved ultralett-telta sine, men for nokre år sidan, brukte dei nokre pluggar som eg ikkje ville stole på. Dersom det fortsatt er tilfellet, ville eg tatt med betre pluggar, i alle fall til endane på teltet.
  21. Eg reknar med åpningen er slik at ein kjem inn og ut utan at ein må la ytterteltdøra vera heilt åpen. Eg har i alle fall ikkje for vane å la ytterteltåpninga vera heilt åpen i regnvær. Men det er meir av hensyn til det som ligg i ytterteltet, enn for å beskytte innerteltet. Apropos renna over døra. Eg har hatt Soulo i fleire år, men det var fyrst for halvannan veke sidan eg la merke til korleis den svarte kanten var sydd, og at eg konkluderte med at det var laga som ei slags takrenne. I løpet av desse åra har eg altså ikkje tenkt over korleis regnvatn har drenert frå toppen av teltet. Anten har det ikkje vore noko problem, eller så har eg ikkje hatt forventning om velfungerande takrenner på telt. Mest truleg begge delar. Ein ting eg derimot ikkje likar på Soulo, og dette er heilt personleg, er at døra er på feil side, eller i feil ende, alt ettersom ein ser det. Slik Hilleberg har presentert telta sine, er den åpningen som visast på Allak like feil. Det har vore trådar på om åpningane på Allak kontra Staika tidlegare. Eit av desse telta har hatt symetriske – om lengderetningen på teltet – åpningar, det andre har hatt asymetriske åpningar, eg hugsar ikkje vka for eit telt som hadde kva. Symetriske åpningar betyr at den andre åpningen passar min smak. Asymetriske åpningar betyr at den andre åpninger er like gale. Bakgrunnen for min preferanse for kvar åpningen skal vera, er basert på at vindsida av teltet oftast står mot vest, ettersom det er derifrå dei fleste vindane kjem. Åpnigen vil eg helst ha mot søraust ettersom formiddagssola er der. Soulo endar oftast opp med åpningen mot nordaust, og då må eg opp i god tid før 6 for å kunne nyte sola frå soveposen.
  22. Er det så tett skodde at ein ikkje finn eit grønt telt, er det ikkje veldig lett å finne eit raudt telt heller. På snø er det lettare å finne eit mørkt telt enn eit raudt telt. Men er det slike forhold at eg er redd for å ikkje finne att teltet, har eg gps. Den same gps'en fungerer på same måte, dersom eg legg att sekken av ein eller annan grunn, til dømes ein raskt topptur.
  23. Ver mot andre som ein sjølv vil at andre skal vera mot deg. Derfor likar eg ikkje å forstyrre andre som er ute og søker stillheit og ro. Og det er stor forskjell på å vera usynleg og å skrike. Raudt telt skrik i augene mine. Helsport sine raude og gule telt er endå verre. Sjølv mine grønne telt er så synlege at det er ingen grunn til å telte på same plass fordi ein ikkje ser meg.
  24. Dersom utetemperaturen er på grensa til at gassen din fungerer, vil du nok bli veldig positivt overraska dersom du prøver ein soveposevarm gassboks. Og dess meir gass det er på denne boksen, dess lenger tid vil nedkjølinga ta, men det vil sjølvsagt ta lenger tid å lunke han også. Typisk sumarbruk, er det varmt nok til å bruke gass. Men temperaturen kan ha vore låg om natta, slik at gassboksen er godt nedkjøla om morgonen, då vil det hjelpe godt med litt lunking.
  25. Tja. Ikkje etter min smak. Sjølv synest eg raudt telt er stygt, også på bilete. Men så er eg heller ingen fan av folk som går rundt i naturen og skrik høgt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.