Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Utan at eg forstår kva du meiner, høyrest det ut som noko som også utviklar godt med varme. Det kan sikkert vera behagleg, men det høyrest samtidig brannfarleg ut.
  2. Eg har prøvd jakketrikset ein gong, og eg har aldri opplevd soveposeenden så våt verken før eller seinare. For min del foretrekk eg litt fuktig soveposeende pga av kontakt med teltenden, istadenfor klissvåt soveposeende i tillegg til at jakka også vert klissvåt.
  3. Slik skal det ikkje vera. Det er glass i alle mine LedLenser-lykter, og glasset er linseforma så det er ein viktig del av zoom-funksjonen.
  4. Det er nok i seinaste laget. Ein ting er at våren kom seint, så modninga også vart sein, men dei fyrste frostnettene tok ikkje hensyn til dette.
  5. Ja, og det må du konvertere til sjølv (dersom fila eg har posta lenger oppe i tråden, ikkje kan brukast), basert på eit av dei formata du kan laste ned.
  6. 'GPS eXchange Format (.gpx) - kun punkttema' - gjeld altså bare karttema som er punkttema. For skredkarta gjeld dette bare 'Skredhendelser' Aktsomheitskarta og skredfaresoner er flatetema, då må du laste ned i eit anna format, td shape som eg har gjort lenger oppe i tråden.
  7. Alt tyder på at elgbremsen kjem frå nordaust (fyrste observasjon i Noreg var i Pasvik). Og observasjonane har vore få, og det er truleg heller ikkje det heilt store talet med elgbrems. Reinbrems (både svelgbrems og hudbrems) har vore i Noreg til alle tider er talrik alle stader det er rein, både i nord og sør. Det er også ein god del tilfeller av menneske som har vorte infisert av reinbrems, men det er særleg i nord der fleire menneske lev nærare reinen.
  8. Når ein kjøper lettvektsutstyr, betaler ein for den reduserte vekta, ikkje for lang levetid. Skal ein kjøpe ting som skal halde lang tid og tåle mykje hard bruk, må ein kjøpe meir solide saker, som er tyngre men gjerne billigare. Men å samanlikne med eit tilfeldig telt som tilsynelatande har vore brukt omlag like mykje, kan likevel vera veldig feil. Belastninga kan ha vore svært ulik med tanke på UV og temperatur, og ikkje minst korleis teltet har vore lagra mellom alle turane. Dersom billigteltet ditt er i polyester, har det også sin fordel med tanke på UV, men ikkje med tenke på lettvekt. Hilleberg brukte tidlegare Kerlon 1000 på lettvektstelta og har gått over til Kerlon 1200 no. Utan å vite sikkert når overgangen var, og heller ikkje sikkert kor gamalt teltet til trådstartar er, er det godt mogleg teltet til trådstarter hadde eit dårlegare utgangspunkt enn dagens Hillebergtelt av same modell. Det er ingen som må tru at dei nyare, endå lettare telta med endå tunnare duk, og endå høgare pris, vil ha like lang levetid.
  9. Det vart i alle fall ein sterkare duk på dei tunge telta (dei som no vert marknadsført som Black label) for nokre år sidan. Mitt gamle Nammatj har Kerlon 1500 medan Kerlon 1800 vert brukt no. Omlag på same tida byrja dei også å bruke tjukkare stenger, det var vel også bytte frå Easton til Dac. Utan at eg hugsar sikkert, var det truleg ein tilsvarande oppgradering av dei lettare telta på same tid.
  10. Den tuba ville truleg løyst problemet ditt, dersom du hadde tatt i mot tilbodet. Men du klager heller på dårleg service. Sjølv reknar eg hjelp til sjølvhjelp som mykje betre service enn att produktet skal sendast lange vegar og vera utilgjengeleg heile sesongen. Eg har aldri hatt bruk for kundeservice frå Hilleberg, men akkurat erfaringa di viser at eg truleg ville verte fornøgd med servicen dersom eg hadde hatt behovet.
  11. Det er ingen nyheit at nylon vert svekka av UV. Og i den grad teltet har vore så mykje brukt at det er naturleg at farga har falma, er det også like naturleg at stoffet er svekka. I den samanhengen, er det ikkje tal netter som har betydning, men kor mange dagar teltet har stått i sola. UV-belastningen er betydeleg større om teltet har stått mykje i basecamp eller har stått på plenen ein dag for tørking etter kvar eindagstur, enn om teltet har vore i sekken heile dagen og bare er brukt natterstid og all tørking har skjedd innandørs. Litt meir informasjon om levetid for telt frå ein heilt annan teltprodusent, men alt er relevant for svenske og norske telt også: http://www.cascadedesigns.com/msr/blog/5-tips-for-longer-tent-life/ Når det gjeld mine erfaringar med lettvektstelt, er dei begrensa til Helsport Ringstind, Hilleberg Soulo og det nevnte amerikanske teltet. Ringstind-teltet mitt er litt eldre enn trådstartar sitt telt, og brukt omlag like mykje. Det er i ein slik forfatning at eg ikkje vert overraska av noko når det gjeld havari, stanga er allereie bytta frå Helsport si gamle sprø til Easton. Soulo har same duk som trådstartar sitt telt, men teltet mitt er brukt mykje mindre, ettersom teltet er for heilt spesielt bruk. Det nevnte amerikanske teltet var bare søppel og det fyrste og siste amerikanske teltet eg nokonsinne kjøper. Det er også det siste teltet eg prøver med tynnare duk enn duken i Ringstind og Soulo. Hilleberg og Helsport sine "superlette" telt er heilt uaktuelle for min del, ettersom eg reknar med at levetida vil vera sørgeleg kort.
  12. Det holdt i det minste 9-10 år og 100-150 bruksdøgn meir enn det einaste amerikanske lettvektsteltet eg har prøvd.
  13. Litt usikker om det er jakke eller bukse du spør om. Bukse løyser eg høge støvlar og bukseseler. Jakke med hensiksmessige lommer virkar det som at høyrer historia til. Det er i alle fall mange år sidan eg har sett ei jakke med ordentlege lommer i ein butikk.
  14. Eg er ingen nostalgiker, så eg har aldri med meg noko for nostalgien si skuld. Eg er mest oppteken av funksjon. Plastkopp er heilt greitt, og Mora lagar dei beste knivane. Kva eg har med meg og kva eg ikkje har med meg, er derimot heilt avhengig av kva formål eg har med turen. Skal eg på jakt, har eg sjølvsagt med meg rifla og den beste kikkerten, ellers har eg med meg ein mindre kikkert. Skal eg fotografere, har eg med meg stativ, kamera og nokre få objektiv har eg med meg uansett. Dersom målet er å koma langt på kort tid, gjeld det i større grad å redusere vekta, for å halde oppe farten over lengre tid utan for mykje slit og ubehag. Sekk med vekt opp til ei grense, kan eg gå med utan at det bryr meg. Så å slanke vekta under denne grensa, har ingen hensikt dersom det ikkje er ein heilt spesiell grunn for det. Men då er det jo også slik at dersom eg sparar 1kg på noko eg ikkje har stor nytte av, kan eg ta med 1kg av noko anna, meir nyttig. Eg driv ikkje med lettpakking™, så det eg sparar i vekt, er det eg ikkje har med meg.
  15.     Eg ser ikkje mange raude T'ar i løpet av året. Men eg er ikkje så anti at eg går eit steinkast til sides dersom ein merka stig tilfeldigvis går same veg som meg. Sjølv om eg ikkje har sansen for DNT, lar eg dei ikkje styre kvar eg skal gå eller ikkje gå. T-merka stigar ligg derimot ofte veldig unaturleg i terrenget, så det er ofte meir naturleg å gå andre stader. DNT-merka skiløyper er noko eg følger endå sjeldnare, sist var vel i 1992 eller 1993 (då gjorde eg det ein halv dag). Men ettersom eg bare går i fjellet, er det også veldig sjeldan eg må baske i snø til knes.
  16. Det er ikkje verst å sjå så klart inn i framtida.
  17. Dersom den eine porten er blå, er det vel ein måte å indikere at det er USB3 som har meir straum enn tidlegare USB-standardar. Men sjølv om dei er merkt ulikt, er det ikkje sikkert det er nokon forskjell. Mest truleg er det ingen forskjell, ettersom det i så fall måtte leggast inn ein type begrensing på den eine porten. Prøv å lade med den andre kontakta for å sjå om det tar merkbart lenger tid. Det er sjølvsagt enklare med eit måleinstrument, men ein får bruke det ein har.
  18. Det er i såfall forskjell i A, ikkje Ah. Eg ser det står oppgjeve 2400MAh i annonsa. Det gjev ingen meining med mindre panelet har veldig kort levetid.
  19. Eg brukar også ein liknande heimeblanding. Men i stadenfor sukker, brukar eg tørka frukt. Og med forskjellig type frukt i dei ulike posane, slik at det vert litt variasjon frå dag til dag. Kaldt vatn om sumaren og varmt vatn om vinteren, men eg lar det ikkje stå å svelle til graut.
  20.   Nei, det finn du nok ikkje på google. Anten har du lese skrøner, eller så har du missforstått det du har lese. Mest truleg ein kombinasjon.
  21. Dei sterkaste teltdukane er belagt med silikon på begge sider, og då vil ikkje tapen sitte. Derfor har ikkje dei beste telta tapede saumar. Mange amerikanske telt er belagt med PU på innsida, det gjev svakare duk, men det lar seg gjera å tape.
  22. I tillegg til korleis teltet taklar vind, er også åpningen (teltdøra) laga slik at den einaste fornuftige måten å sette opp Ringstind, er med den låge ventilen i le. Eg kjenner teltet mitt så godt, at eg veit kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Og svaret frå Helsport var heller ikkje til å missforstå, og var ei bekrefting på at eg var kome fram til riktig konklusjon i forhold til korleis Helsport har konstruert teltet. At det går ann å stille spørsmål ved kva Helsport har tenkt når dei plasserer ein låg ventil i le, er ei heilt anna sak. Eg veit ikkje kva dei har tenkt. Linken i forrige innlegget mitt var ikkje henvist til andre modellar, men at den høge ventilen var regulerbar i seinare versjonar av same modell, altså nyare versjonar av Ringstind.
  23. Det er når du "fortsette nedover Djupa til Langesjøen" eg tenkta at du skulle få deg ei overrasking. Eg trudde det bare var ein glipp frå di side, men no byrjar eg å tru at du faktis kjem til å bli overraska.
  24. Du har leita etter dårlege erfaringar, og den som leitar finn... Ettersom nettet akkumulerer alle dårlege attendemeldingar, finn du meir slikt jo eldre eit produkt er. Skal du kjøpe noko som du ikkje finn dårlege erfaringar med, må du kjøpe eit heilt nytt produkt. Men det er på ingen måte nokon garanti for uproblematisk bruk. Optimus hadde, i alle fall i ein periode, store problem med kvalitetskontrollen, noko som førte til attendekalling av fleire produkt, inkludert Hiker+. Derfor er det ikkje uventa at du finn dårlege erfaringar med Hiker+. Men Optimus er fortsatt på marknaden, Hiker+ også, så ein må rekne med at desse problema er løyst for lenge sidan. Men basert på dette, er det er ein modell som eg ville undersøkt nøye før eg eventuelt ville kjøpt brukt. Brennaren i Hiker+ er ein veldig enkel brennar, så det er raskt å få oversikt over kva som kan gå gale, og korleis ein fiksar det. Når du har oversikt over pumpelær, pakningar, filter og dyse, i tillegg til forståelse for korleis ein primus fungerer, skal det ikkje vera noko problem å halde brennaren i gang.
  25. Etter omorganiseringa på 1990-tallet, ser eg det som temmeleg håplaust å påvirke DNT frå innsida. Det er nettopp skille mellom lokalforeningane og DNT er problemet. DNT som paraplyorganisasjon driv systematisk dobbelmoral ved å springe frå ansvaret ved å skulde på at det er lokalforeningane som har hytter, transporterer mat osv, kvar gong dei møter seg sjølv i døra. Når eg ikkje er medlem, er eg i alle fall ikkje med i det medlemstalet DNT slår i bordet med når dei prøver å påvirke til deira fordel. Så eg reknar det som best å ikkje vera medlem. Det er nettopp kva eg har gjort med tanke på DNT.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.