Gå til innhold

BJV

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    64
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om BJV

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Er det noen som har vore der og veit best måte å komme seg inn på og tilstanden til stiane i området? Dalen er ikkje spesielt lett tilgjengeleg, men ser det går fleire stiar inn: frå Songesand via Bakken gård, frå Solbakk, og det er vel og mulig å gå fra Kåsastølen og angripe dalen frå høgareliggande trakter. Vassdraget vil vel bli lagt i røyr før eller seinare så det hadde vore kjekt å vore der før så skjer.
  2. BJV

    Norsk turmat

    Såg jo veldig godt ut. Men for ein pris!
  3. Interessant. Var på min første tur til Melands Grønahei (telt, ikkje overnatting i hytta) på forsommeren - gjekk den "klassiske" løypa frå Kleivaland og inn. Var inne ved hytta ein dag og snakte med eit par som hadde gått frå nettopp Fundingsland. Slik eg forstod dei var det ganske greit å gå, tenkte kanskje at det var ein sti der siste biten som ikkje stod på kartet. Tenkte i mitt stille sinn at eg skulle prøve å frå Fundingsland neste gong (det er vel pr def litt kortare og), men må kanskje revurdere det. Kan vere ganske så trøblete dette terrenget om ein havnar litt utpå. Melands Grønahei og terrenget rundt var for øvrig ei perle synes eg, av dei finare plassane eg har vore i Ryfylkeheiane.
  4. Dei har vel med Anjan 2GT og Nallo. Sistnevnte ligger dei visst godt, mens dei misliker Anjan, uten at det går heilt fram kvifor. Synes denne testen er mildt sagt underleg.
  5. BJV

    Hilleberg Allak lekker som en sil

    Har hatt tre Hillebergtelt og alle har lekket i sømmene. Det første var et Hilleberg Nallo 2 GT, det reklamerte eg på og fekk etterkvart nytt. Det "nye" var egentlig like ille - men då resignerte eg og brukte jevnlig Seam Sealer for å kompensere for problemet. Då blei det rimeleg tett. Eit Hilleberg Akto eg hadde hald tett ei stund, men så begynte det og med kraftige lekkasjer. Seam Sealer blei redninga igjen. Min påstand er at ein sydd søm i eit telt aldri blir vanntett viss den ikkje er enten tapet frå fabrikken sin side (som mange andre produsenter gjer) - eller behandla med Seam Sealer. Mitt råd er: vedlikehold jevnlig med Seam Sealer. Tviler på at eit nytt telt vil vere vesentlig tettere.
  6. BJV

    Kunst med naturmotiv

    Jan Terje Rafdal frå Etne: https://janterjerafdal.wordpress.com/
  7. BJV

    Regntøy?

    Har du eit konkret tips til ein slik regnponcho - ein som du har hatt gode erfaringer med?
  8. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Seier takk for alle innspel i tråden og tar til etteretning at eg nok kanskje er litt overambisiøs når det gjeld levetid på mitt eget turutstyr. Har eit Nallo 2 GT som er like gammalt og noko meir brukt - er blitt litt skeptisk til om det skal med på dei seine haustturane i krevjande vestlandsfjell - det må iallefall vurderast nøye etter denne episoden. Så får eg vurdere etterkvart om det blir nytt Hilleberg eller andre merke denne gong. Trur nok neppe eg skal kaste meg på eit telt med ennå tynnere duk neste gong iallefall,
  9. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Ja det var ingen skader av betydning på teltet, det er eg heilt sikker på. Vinden har flerra det klokkeklart av i fronten - der nordvesten stod rett på, så den saken er grei.
  10. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Enig der Tor Magne, men eg innser og at eg har gjort ein tabbe som har brukt teltet i dagslys
  11. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Berre for å ta denne. Teltet er brukt i ti sesonger. Som ein del av ein "teltpool" med som regel 2-3 andre telt. Anslagsvis har eg brukt dette teltet 10-15 døgn i året. Eit meir sikkert estimert er det egentlig ikkje så lett å gjere. Det blir vel 100-150 bruksdøgn på 10 år? Eg reiser ein del på tur og fører ikkje nøyaktig reknskap på kor mange døgn dei ulike telta blir brukt. Mulig dette er vanleg praksis hos andre.
  12. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Det var egentlig ein ganske nøktern fremstilling om det som hadde skjedd. Det var ikkje noe krav som sådan. Men for å vere heilt ærleg trudde eg dei ville tilby meg nytt telt etter denne episoden, ikkje som garantisak men på rein goodwill. Kanskje urimeleg, men dog. Det er vel uansett berre å finne seg eit nytt telt, egentlig syntes eg uansett at Aktoen begynte å bli vel klaustrofobisk, heh....
  13. BJV

    Hillebergtelt revnet i vind

    Det er forsåvidt korrekt at duken er falma, men det er jo også naturleg etter ein del år og bruk. Ser at det andre Hillebergteltet mitt (Nallo 2 gt) og blir tilsvarande falma i fargen. Det er ca like gammelt. Spørsmålet er jo når det ryker, viss dette er normalt...
  14. Haukeli 6. september kl 05.00. Trolltjønn ca 1250 moh. Snøbyger og liten kuling. Brått vaknar eg av at vinden plutselig kjem litt vel nær, samt ein del ekstraordinær blafring. Litt famling i blinde - så finn eg ut at teltet rett og slett har revna i front! Ikkje i saumen, men eit "clear cut" i stoffet. Blei meget overraska, for å seie det diplomatisk. Blei ikkje meir søvn den natta. Teltet, eit Hilleberg Akto, er 9-10 år gammalt, brukt ein del men heller ikkje veldig mykje, kanskje 100-150 bruksdøgn til saman. Har aldri drøymt at det skulle ta kvelden under relativt moderate forhold. Hilleberg kaller det heilt normalt og skuldar på alder og UV-stråling og var overhodet ikkje interessert i å diskutere saka. Andre som har opplevd liknande? Kan dette definerast som normalt? Prøver å legge ved eit par bilder.
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.