Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

afe vant dagen sist 26. juni 2015

afe hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

927 Excellent

Profile Information

  • Gender
    Not Telling
  • Sted
    Borga i Ru

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg brukar mykje heller tennvæske av ukjent opprinnelse, enn oljeblanda alkylatbensin. Både med tanke på eigen helse, og med tanke på primusen sitt ve og vell. Parafin gjev mykje betre forbrenning enn 2-takt-alkylatbensin på alle primusar som er i stand til å brenne parafin. Å fore primusen med 2-takolje, er å be om primusproblem på litt lenger sikt. Eg ser heller ingen grunn til at ein skal ha med seg 2-takt alkylatbensin i nødfall, med mindre ein er i skogen og har med seg motorsag, Men då er det andre måtar å få maten varm på, enn å grise til primusen.
  2. Eg har prøvd tennveske, fritidsparafin og shellsol D60 på Phoebusen, og einaste forskjell er lukta av avgassane, og det er er bare eit resultat av ulik lukt av brennstoffet. Eg har prøvd tre dyser (parafindyser alle) utan forskjell. Alle dysene hadde same holet, så det var ikkje venta at det skulle vera forskjell heller. Diameteren på dysene stemte med kva eg las meg opp til at desse skulle vera, utan at eg hugsar talet no. Eg har prøvd med 3 par brennerskal og alle tenkelege kombinasjonar av desse, utan at det har gjeve forskjellig resultat. Det einaste som hjelper lite grann, er å ikkje bruke vindskjermen, men det er fortsatt langt att til noko eg vil ta inn. Og utan vindskjermen er han i alle fall totalt ubrukeleg ute, sjølv i godt le. Den einaste konklusjonen eg har, også basert på dårlege erfaring med 111T frå fyrstegongstjenesta, er at stillebrennar er for usikkert prosjekt til at eg kan anbefale det. Sjølv om nokon er heldig og finn reintbrennande eksemplar av dei same stillebrennarane. Slangebrennar med bensin forstår eg ikkje at nokon vågar å ha i teltet.
  3. Mi erfaring med dei brennarane HakonJ nevnte, er at 111 bør stå på ei plate, fordi snøen ellers vil smelte under brennaren, og det kan føre til at brennaren sklir til sides eller sig slik at han vert ståande skeivt. Det siste vil føre til at kjelen glir av. Primus 210 og Radius 21 har eg derimot erfaring med at står støtt i snøen utan plate. Men ei plate kan vera kjekk der også, det vil gjera det lettare å setje opp. Stillebrennarar har eg bare dårleg erfaring med, og er derfor noko eg ikkje vil anbefale til innandørsbruk. Erfaringa er at det ikkje brenn reint nok. Optimus 111T og Phoebus 625 er dei eg har erfaring med, og der kom Phoebus 625 desidert dårlegast ut. Men begge to er langt mindre reintbrennande enn Optimus 111, Primus 210, Radius 21 og Optimus Nova. Phoebus 625 min stinkar det av når han brenn, så den har enda i skammekroken heilt innerst i kjellaren. Kjelestøtter er eit tema i seg sjølv, men diverre uprioritert av mange produsentar. Mange brennarar har glatte kjelestøtter (det gjeld blant anna Optimus 111), og det gjer at ein må passe veldig godt på at brennaren står beint, og at ikkje snøen sig slik at brennaren vert skeiv etter kvart. Kjelestøtter med ein eller annan form for spor, kombinert med kjeler som heller ikkje er glatt under, gjer snøsmelting og matlaging langt tryggare.
  4. For best regulering, foretrekk eg kokeapparat som vert regulert ved å regulere trykket, slik klassiske parafinprimusar gjer det. Vinterbrennaren min er ein Optimus 111 der eg har bytta ut tanklokket med tanklokket frå ein Optimus 00, altså eit tanklokk med lufteskruve. Det gjev meg langt betre regulering enn reguleringa på brennaren gjev. Dette kan sjølvsagt bare brukast med parafin. 111 har også den fordelen at brennaren vert transportert ferdig montert, så leirrutinene er ytterst enkle og gjenomførbare sjølv om eg skulle vera kraftig nedkjøla. Kva som er beste kokeapparatet vintertid, har derimot mest med personlege preferansar å gjera. Eg vil ikkje anbefale Optimus 111 til dei som skal ha han i ryggsekken. Sjølv brukar eg pulk, og då betyr vekta lite. Til snøsmelting er det kjekt med ein stor kjele. Ellers vert det hyppig attpåfylling av snø.
  5. Slik såg det ut 13. oktober. Mjølkevegen over Blåbergi by Asle Feten, on Flickr
  6. Det vanlege eg opplever er at det er eit fast lag under siste nysnøen, det er dette laget som ber både skia og stavane. Dersom stavane ikkje søkk nedi like langt som skia, vert det bare eit missforhold med stavlengda. Større trinser gjer det også langt tyngre å dra stavane opp att av laussnøen. Det hender at det er såpass mykje nysnø at det er tungt å brøyte løype og at turen derfor ikkje vert særleg lang, men det er aldri trinsestorleiken som har skapt problem. Det er fyrst når snøen vert djup og passe fast til å bera skia men ikkje stavane at det vert eit problem, og slike forhold har eg aldri opplevd i fjellet.
  7. OK, her er mine tankar. For meg er ikkje telting ein eigen aktivitet. Telting er bare ein måte å overnatte på tur. Og då er det særleg 2 grunnar til å telte. Det eine er å kunne vera i område utan andre overnattingsmoglegheiter, det andre er å få vera åleine. I det siste tilfellet, vert problemstillinga i tråden heilt irrelevant ;) Om eg skulle reise på telttur i lag med nokon, ville det vera turfolk eg kjenner frå før. Å treffe slike skjer helst innanfor slekt/familien eller annan dagleg omgangskrets. Slik lettpakketrådane her på forumet har utvikla seg, virkar "lettpakke" i treff-annonsering direkte avstøtande på meg, sjølv om det skulle vera i nærområdet. Det har nok mest med å gjera at tittelen på treffet vert så utstyrorientert at det rett og slett er lite freistande å vera med.
  8. Sjølv brukar eg bare langrennstavar med små trinser og har brukt det utanfor løyper i 30 år utan at det har vore noko problem, men eg går bare på snaufjellet. Teleskopstavar er for tunge til eg kan anbefale det. Kvaliteten på ski dei seinare åra har diverre utvikla seg slik at eg heller ikkje kan anbefale stålkantar lenger. Utvalet av gode fjellski utan stålkant, er ikkje stort, men levetida til desse er betydeleg lenger enn ski med stålkantar som går i oppløysing i løpet av ein sesong. Stålkantar gjev uansett ingen fordel før underlaget er veldig hardt.
  9. At du har fire-fem butikkar å stikke innom, får du rekne som eit luksusproblem.
  10. Å ta ein tur innom ein butikk der du kan vurdere storleik og prøve kva som passar oppi kva, er ingen dum ide.
  11. afe

    vintertelt

    Eg brukar heller terrenget til slikt. Ved å sjå korleis snøen har lagt seg før, er det enkelt å plassere teltet der forholda er best.
  12. Du må ikkje gløyme at du skal ha med mat, noko å røre med, noko å ete av og med osv. Med stor nok kjele, kan du sjølvsagt få alt nedi, men så stor kjele har du ikkje bruk for. Men slik du skriv, vil det alltid vera noko du kan gløyme att, men så distre trur eg ikkje du er. Med enkle rutiner for å putte alt slik nedi ein pakkpose, kan du likevel sikre at alt er samla på same plass sjølv om det ikkje ligg nedi kjelen. Det finnst mange kokesett med kjele som rommar ein (liten) gassboks og brennar, men dei fleste av desse tilfredstiller ikkje krava dine om stødigheit og vidt flammebilde. Felles for desse er ein liten gassbrennar som monterast på toppen av gassboksen. Dei små gassbrennarane har også veldig konsentrert flamme som fungerer ypperleg til vannkoking men langt dårlegare til steiking. Trangia 25 og 27 har plass til spritbrennaren i kaffekjelen, men raudspritflaska må du pakke utanom. Utan kaffekjele skal det vera plass til gassbrennar i 25-settet, men gassboksane må pakkast utanom. Andre sett med slangebrennar er også laga for å ha brennaren i kjelen, men brenselet utanom. Sjølv har eg greidd å pakke Svea 123r (som har stor nok tank til 1-2 overnattingar) i ein 1-liters kjele, då er det bare å hugse på å ta med mat, fyrstikker og noko å røre med (sjølv har eg også med ei lita flaske med raudsprit til forvarming, men det er ingen krise om eg gløymer den). Det er fyrst og fremst vist som eit eksempel på kva ein kan få til ved å sette saman ting sjølv.
  13. Grunnen til at det er så mange forslag som spriker så mykje, er at nesten alt på marknaden fungerer godt nok. Og dei ulike løysingane har ulike fordeler, derfor er det ikkje noko av det som er best. Det er veldig kjekt med noko som kan pakkast som eit sett, men det vil også bety at ein begrensar seg veldig på kjeleutvalg osv. Dersom du vel eit sett og ikkje vert nøgd med kjelane, td at det lett brenn seg fast i dei, er det ikkje bare å kjøpe til kjeler frå ein annan produsent. Dersom du kjøper delene uavhengig av kvarandre, kan du få det du synest passar best til ditt bruk, og det er enkelt å bytte ut ei steikepanne eller ein kjele ved behov. Med litt fantasi er det ikkje vanskeleg å pakke ting kompakt likevel, men då vert det kanskje ikkje brennaren, men andre matting du pakkar i kjelene.
  14. afe

    vintertelt

    Eg gjer det omlag som Lompa. Men eg gjer oppmerksom på at det gjeld for telt som er kontruert for å tette mot bakken, og altså er laga for å fungere utan stormmatter. Levegg har eg derimot aldri bygd, det vert bare turbulens av det. Og turbulens fører til unødvendig mykje blafring i duken, i tillegg til at det legg seg veldig mykje snø bak ein slik levegg. Sett ein teltet opp for tett på leveggen, kan ein risikere at teltet vert begrave under snøen i løpet av få timar.
  15. afe

    vintertelt

    Men no kommenterer du telt som ikkje er laga for vinterbruk. Eit vintertelt må tette mot bakken, og då kan ikkje åpning mot bakken vera del av ventilasjonsystemet. Eit vintertelt må ha ordentleg ventilasjon høgt, uavhengig av om tettinga mot bakken er basert på stormmatter eller bare at duken tettar godt mot bakken. Til dømes Hilleberg sine heilårstelt fungerer godt utan stormmatter, eg har sjølv vintererfaring med to av modellane deira.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.