Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Oppakka og særs nøgd. Ser at ved bruk av pulk og arcticbedding, er det for mykje luft som må ut for å brette dobbelt, til at eg skal gidde det kvar dag når poenget med bedding er å sleppe all pumping. Men det funka jo fint med enkelbrett, og jøsses for ein comfort!
  2. Støtta Tafjordfjella. Like enkelt anten ein vil inn i nord, som nevnt over, eller i sør. Om de går frå sør med parkering på Billingen: gå gjerne inn eller ut Vuludalen i staden for Tordsdal. Det er også fint å gå høgt til/frå Tordsbu, aust for Låg gøymen. Gå då via den flotte furuskogen og opp på nordsida av Store Føysa. Supert terreng
  3. Denne såg eg også. Mine Skarven er klar for utbytting, og før eg evt kjøper nye, skal eg sjekke ut denne
  4. Korleis merkjer du det? Eg har ikkje merka forskjell på akkurat det
  5. Har Alpha SV jakke til meg og Alpha AR til samboer. Supre jakker, med romsleg snitt og plass stil kle under. Likevel er eg usikker på om eg hadde velt den om eg berre hadde ei, då den er kortare enn eg sett pris på ved vinterturar i høgfjellet, typisk ski og pulk i februar.
  6. E faktisk ikkje store forskjellen nei, men har ein gong prøvd ei Skogstad som var rimeleg og Om eg synes var veldig bra. Elles trur eg pris kontra brukstimar forsvarar det... Eg har to. Ei til sivilt og ei tur. Den turjakka ser ikkje ut, og luktar til ei kvar tid ei go blanding av bål, tåfis og svette 😰 😵 me glidelåset lukka og hetta pakka inn i jakka utgjer den nemleg ein super ekstra fotpose inne i soveposen på vinteren. Saman med knevarmerar som hindra varmetap får knehasane, varmeflasker og avogtil varmeskjørt, gjer den at eg kan strekke soveposane mine langt med omsyn til temp, (typisk sekketurar vinter) utan å fryse om natta. På same tid kan eg også bruke vekta på dagtid, i motsetnad til om eg gjekk med tyngre pose. Så her er rett og slett turen ikkje heilt komplett utan mi favoritt-varmejakke. Den dreg på åra, og har blitt noko tynn i isolasjonen, men eg strevar med å skulle bytte den ut 😂
  7. Har prøvd ymse merker men favoritten og gjengangeren er definitivt Arcteryx atom lt hoodie
  8. Eg har også nokre kroniske plager som alltid er spennande å skulle ta med i turplanlegging....eg bestemte meg tidleg for at dei skulle omsyntas, utan å få herske. Ser ut som du har tenkt det samme Basecamp er eit alternativ. Eit anna er å sjå litt på rutinene kring temperaturregulering. Utan å kjenne deg, så trur eg at du kanskje kan ha litt å gå på der? For etter mitt begrep er Jan Mayen og Megamat ikkje berre noko for ein frostig person, men rett og slett ganske ekstremt! Kan det være andre tilhøver i din "kjemi" som kanskje kan gjerast noko med for betre temperaturregulering, saman med ein titt på rutiner, slik at du kanskje kan greie deg med hakket lettare utstyr? På sommarstid altså? På vinteren kan du jo bruke pulk, og det er jo langt meir kroppsvennleg enn ryggsekk. Kanskje kan du gjere nokre basecampbaserte turar der du er litt kritisk til rutinane dine kring varmekonservering og slikt, og sjå på om du kan lette sekken, og slik komme på sporet med forflytning att? Elles er det jo å legge inn bufferdagar. Legge opp til ei 3 dagersrute over 5 dagar til dømes. Eller gå ei rute som byd på jamne exitar ut av fjellet, slik ein gjerne ville gjort det om ein tok med kids på lengre turar. Ein kan også legge ruter som legg opp til å passere sjølvbetente hytter der ein kan proviantere, så slepp ein bere så mykje mat. Evt ta inn på hytte ved kraftig "anfall" og behov for innendørs restitusjon. Med andre ord, ta kartet aktivt i bruk ved planlegging, og sjå på moglegheitene som ligg føre deg i aktuelle/ønska områder.
  9. Det er eg heilt samd i!
  10. Mange som er ok trent vil greie å bære si eiga kroppsvekt. Spm er vel heller korvidt det er sunt for strukturane i lengda. Eg personleg har forholdt meg til så mykje rare ryggsøyler, og har for mange timar anatomi bak meg, til å tenke på det som ei rein treningssak, sjølv om eg er alldeles samd i at ei sterk kjerne kan ta ein langt! Eg trur/veit eg kan seie at eg er over gjennomsnittet kroppssterk for kjønn/alder. Likevel er eg overtydd om at det å bere tungt i lengda ikkje er spesielt bra for hverken ryggen eller hoftene mine. Den eine gongen eg har bært så tungt som 45 kg over tid (12 dagar) var det heilt greit i felt, og opplevdes på ingen måte som uoverkommeleg. Effekten melde seg likevel når eg kom heim på kontoret, med århundrets kortaste hofter. Når eg begyndte å bøye og tøye kjente eg verkeleg kor det likevel hadde påverka. Skulle eg gjort dette ofte trur eg det hadde påvirka skrotten på meir permanent basis.
  11. Enkelte treningsformer arbeidar veldig med omsyn til ryggsøyla. Eg har sett kundar, og sjølv erfart, å få 1,5 cm auke lengde med målretta trening, mellom anna fordi ein styrkar magemusklane som skyv på ryggsøyla, og strekker på ryggmusklane slik at ryggsøyla får rette seg ut. No har eg ikkje fått gjort mykje av denne målretta treninga siste året. Resultat: stiv midtrygg, og ikkje berre tilbake til gammel høgd, men faktisk 1 cm lågare. 166 har eg ikkje vore sidan eg gjekk i grunnskule. Og det til tross for at eg gjorde mitt ytterste for å ranke meg ved måling. Så 5 cm er kanskje litt drøyt, men eg trur kanskje det ville føles slik 😵
  12. Klart me kan! Men det er litt forskjell på ein gong og over tid tenkjer eg
  13. Det tyngste eg har bert over tid var 45 kg. Det synes eg var tungt. 65? Jesus. Må no ha krympa med 5 cm på lengda, minst. Ser for meg eine ryggvirvelen etter den andre verte sammentrykt!
  14. Ørstadame dette, ikkje så rart
  15. Teltet skal stå stramt utan at ein brukar bardunane. Plugg baken på telte først, for så å strekke det ut. Plugg så framparten, med heilt slakke markløkker. Deretter strammar du desse (har ikkje dette telte men reknar med der er strammemoglegheiter på markløkkene i den enden). No skal teltet stå stramt, og ein kan bardunere for ytterlegre stabilitet. Edit; ser på bileter at det kanskje ikkje er justerbare markløkker på ende. Desto viktigare å få strekt teltet skikkeleg i lengderetning og plugge kortendane først.
  16. Dette er etter mitt syn å konkludere på andre personars motivasjon for å engasjere seg. Du om det. Eg kan berre føye til at eg er engasjert i DNT, og har mine timar med dugnad for dei. Eg er slik ikkje på leit etter skyts mot DNT, men held i hevd det eg tidlegare har sagt; eg synes dei har gode ting føre seg, og eg synes dei har underlege og mindre gode ting føre seg. Med omsyn til villreinen her, så kan det sjå ut som at det er ei god løysing å frakte desse handverkerane med buss. Det eg då reagerar på, er at denne kunnskapen har vore kjent i nokre år no, og først no vert dette eine tiltaket sett i verk (med atterhald om at eg ikkje har lest absolutt alt som finnast av informasjon om eventuelle mindre tiltak set iverk). Eit legitimt spm er jo om ikkje det ville vore ein naturleg konsekvens av denne utgreiinga med påfylgjande rapport, å prøve å ta ned trafikken i området? Slik saka framstår no har ein begrensa seg til å handle "reaktivt" ved auka trafikk.
  17. Ein slik ja. Den har ikkje komt endå, kan gi ein lyd når eg har fått prøvd
  18. Tessatroll

    Skalljakker

    Eg har supre erfaringar med både Bergans og Arcteryx. Jakkene mine får juling, og dei definitivt tettaste eg har er ei kraftig Bergansjakke og mi Arcteryx Alpha SV. Eg har hatt dei i 8 og 6 år. Norrønaen derimot.....
  19. Kjenner att det med teltet. Pakkar difor ting i sekk på same vis som gjennom små luker i kajakk: stapp nedi først, få forma det, og så lukk at rolltopp eller snor eller kva det skal vere. Kanskje kan du sy ein litt større telt pose som gjer ikkje blir så kompakt, slik at du kan forme betre? Alternativet er å legge det på toppen, så trykker det i alle ned i staden for å drage bak. Men jau: 65 l på tur med kids blir fort lite.
  20. Eg er samd i at i alle fall eg tende litt for fort og gløymde både trekke pusten og tenke meg om. At folk reagerar så momentant må dog sjåast i lyst av at ein kanskje har vorte litt matt av alt det rare som går føre seg, for det ER mykje rart som går føre seg i vår naturforvaltning per i dag. Eg står for at eg synes DNT gjer ein del bra, og ein del eg ikkje likar. Eg har skjønt at dette ikkje er DNT, men dei er jo ein aktør i dette, for det er jo ferdsel til og frå Rondvassbu det er snakk om. Eg skal likevel la være og fordømme saka noko meir utan å sette meg skikkeleg inni den. Heldigvis har me med dagens infrastruktur godt høve til å gjere nettopp det.
  21. Eg må legge til at eg synes DNT gjer mykje bra. Men dei gjer ein del eg ikkje skjønar meg på også. Likeins naturforvaltninga, same kva form dei kjem i, nasjonalparkstyre/forvalter/senter osv. Men dei har ein arbeidsgjevar dei og, og kanskje kryssande bestillingar og fleire omsyn som skal tas. Ikkje alltid dei får til beste løysing men beste moglege løysing med den tid/info/makt/ressursar ein har til rådvelde. Det må vi vite. Og passe på. Ein eg var på forelesning med i fjor, er ein veteran og ein kunnskapsbauta innafor norsk naturforvaltning. Han meinar den forvitrar frå innsida, med ei leiing som styrer skuta feil. Presset er enormt. "ikkje tru på noko de blir servert" var bodskapen. Oppløftande.
  22. DNT blei nyss tildelt 15 mill ekstra i gåve. Uttalen var i duren "yes, då kan vi få bygd fleire hytter......". Sukk.
  23. Ein skal faktisk ha ganske fagleg gode argument framlagt for kva som gjer at ein tenkjer denne type tiltak no på reinens vegne, for å ikkje mistenke at reinen her blir brukt som brekkstang for å slå fleire fluger i ein smekk. Når ein kanskje kunne smekka den eine problemfluga på ein annan måte. Per dato pågår det så mykje sprøtt i fjellheimen at eg har lagt til sides mine diplomatiske evner til fordel for å sjå det som det faktisk framstår: gjentakande haudelause prioriteringar. Tillita vert stadig meir skrantande.
  24. Villrein som vikarierande motiv. Forkasteleg.
  25. Båe desse er gode alternativ til eit barn i vekst. Lat fotfasongen til brukaren avgjer det?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.