Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Det er ein skumgummikant.
  2. Eg har ofte ikkje med anna enn stilongs og skall om eg skal vere lenge vekke, då ville eg definitivt hatt noko med ok slitestyrke, men ikkje bib i dei tre varme sesongane. Dersom du hovudsakleg går med vanleg turbukse og berre skal ha skall ved nedbør kan sl funke. Ut frå mine preferanser hadde eg truleg enda med ei Beta AR. Sl har ein tendens til kjapt å ende med å sjå ut som eg er sponsa av gaffa.
  3. Til bruk heile året til all slags aktivitet?
  4. Ja, ein løyser ting ulikt som forelder, slik har det vel støtt vore, og flott er det Eg personleg kan ikkje tenke meg å kjøpe ting som er så dyrt å skjørt at eg må til med begrensing av aktivitet. Det finast nok av andre greier som må regulerast. Mine har slept rundt på posane overalt, og etterkvart og eit helsport telt, på egen hånd i hage, på trampoline og i nærområdet. Eg trur sågar teltet har vore oppslått på trampolina. Eg held ikkje egen sovepose i teltet heller forsåvidt 🤷‍♀️ Men poenget her var vel ikkje barneoppdragelse, men kva tankar kvar einskild har om dunpose til kids.
  5. Mi erfaring er at den dagen dei byrjar gå så dreg dei desse soveposane overalt. Det gjorde i alle fall mine, både på heime og tur. Vi sov mykje under open himmel, med bålglør, kvist og kvast. Dei første posane til kidsa mine såg ut som dei var heilsponsa av gaffa-fabrikken, så dunpose hadde vore rimeleg uaktuelt. Eldste mi var 17 mnd når minste var fødd. Så tett mellom dei ser eg heilt klart poenget med dun ift vekt og volum men hjå oss hadde ikkje dunposen den tida overlevd ein sesong.
  6. Eg har sjølv fundert ein del fram og tilbake på detta, då mellom Acapulka Scandic Tour 150 og Fjellpulken xplorer 168. Eg endar nok med Fjellpulken då eg ynskjer å kombinere pulken med nomeforspenning til hund, og kanskje etterkvart brems. Då acapulka per dato ikkje har tilbehør til hund, og eg ikkje gidd/har tid til DIY-prosjekt, blir det slik. Hadde eg ikkje hatt hund, hadde eg truleg gått for Acapulkaen då eg førebels likar løysingane der betre i forhold til løysingane på lastesikring osv. Fjellpulken kjem dog etterkvart med nokre endringar på xplorer, som glidelås i toppen på trekket. Scandic Tour er ein mellomting breiddemessig mellom Expedition Tour og Fjellpulken. I forhold til løftet i front så er nok expedition tour meir skapt for å klyve rufsete terreng/skavlar m.m. Betre, men på same tid ås vil enkelte tilhøver vere mindre eigna for breidda i den, så eg tenker det heile er ei avveging av kvar/i kva type terreng du skal bruke pulken mest.
  7. No er det no ulikt kor mykje fukt ein slepp frå seg osv, men mi erfaring er at sjølv om kondenseringspunkt ved bruk av to posar varierar alt etter varme og tjukkelsar pose, temperatur i omgjevnader osv, så er det som regel ytterposen som tek støyten, og fukta legg seg i eller utanpå (eg har ikkje Halite men er på min andre tynne syntet til nett denne bruken). Og det er no nett det som er genialt, at den tynne syntetposen enkelt lar seg tørke ved ein solglytt eller fin tørkevind. At den er svart er ein annan fordel i så måte, mtp å tørke i sol. Etter mitt begrep burde alle posar ha svart tøy innvendig, for mest mogleg effektiv tørk.
  8. Eg tenker at helsport sitt hadde trekt lengste strået om eg tenker at ein innimellom er to. Då kan båe ligge og med andlet ut. Skal ein ligge å styre med koking på sideopning og to stk, blir den eine liggande "bak rævva" på den andre. Er vel det viktigste eg kan komme på som gir ein praktisk forskjell til fordel for helsport.
  9. Tessatroll

    Rypejakt nok en gang

    Fint med variasjon
  10. Tessatroll

    Rypejakt nok en gang

    Herleg lettgått terreng her rekk du ikkje 1,7 mil etter rypa etter jobb for å seie det slik, men ein heil del høgdemeter 😂 og vurderingane er jamne på kor vidt det er vits å løyse skot mtp å faktisk få tak i fuglen når han dett. Men fine turar? Ja jøss.
  11. Har rydda vekk nokre innlegg. Bed om at ein held ein sakleg tone. - Moderator -
  12. Mi erfaring er at om ein har dårleg dårleg feste for plugg er det hipp som happ, kanskje verre med kuppeltelt? Eit tunneltelt kan nokså raskt leggast i bakken i eit knipe tak (om det ikkje er heilt Texas). Eit kuppeltelt? Kan vel fort få litt Mary Poppins-feel. Eg og venninne mista eit kuppeltelt pga ei heilt vanvittig snøomvandling på få timar, kunne like godt plugga i ei kasse isoporkuler. Skal seiast at dei to næraste målestasjonane målte middelvind på hhv 29,4 og 22,2, og 35,2 og 29,4 i kasta (fekk data frå Klimavakten på met. inst.) og med dreiande vind fekk me og noko komprimert vind frå ei slukt. Eg tenker at det er hipp som happ om ein har dårleg feste, og også hipp som happ om ein har gode høver til å bardunere, ekstra tau over telt osv. Kuppeltelt bråkar ofte mindre, er igrunn den einaste føremunen eg kan komme på.
  13. Bergtagen ser veldig fin ut, og står på prøvelista mi når eg kjem til ein butikk det den er. Har fleire kjenningar og venner som har Bergans arctic og er godt nøgde. Dei nyttar den både på lengre skiturar med pulk og til turane her heime i rufsete vestlandsver.
  14. Ehm, har slike, synes det er prakk med liner og styr ved behov for nedgraving på tvers. Enda me då rive dei av på fleire. Ei linegrøft frå pluggen og fram som du uansett må ha, og bardun tredd inn på med dobbel runde funka gull. Nett som du ville gjort det med ei ski, berre at du der ikkje får tredd dobbel runde.
  15. Det kan ein jo enkelt måle, men aller enklest er det jo å ta det på visualen når dei tek sekken på. Ein veit jo omlag koss sekken skal sitte med last i .
  16. Nei, det er ikkje noko søknadsgebyr eller liknande om det er det du tenker på.
  17. De kan no velge det, men då er ein inn på prinsipielle spm som krev ei heilt anna behandling, og helst ein annan tråd (som truleg hadde blitt både heit og god, sidan eg kjende eg vart heit i toppen berre av kommentaren 😅). Her var det vel snakk om samanhengen betaling/kva ein betalar for
  18. Så bra at du blei hjelpt ❣️
  19. Hei. Eg er 166 cm og har et par Arcteryx Theta sv som eg er veldig happy med. Solgte eit par Klattermusen Freke som eg ikkje likte så godt, av fleire grunna, men den var også alt for lang på beina. Hadde tidligere en RAB salopette som eg likte veldig godt, men den modell finnes ikkje lenger trur eg.
  20. Ja det vert gjort mykje bra rundtomkring.
  21. Kva gjeld ytterstoff; no er eg ikkje inne på WM term og produkt, men tenker slik om eg skulle kjøpt meg ny pose; Bruk under varierte forhold, med stor sjangse for både fukt men og solglytt, stoff som pustar og tørkar fort, helst med svart for som kan vrenges mot sola. Er ikkje mange min i lett trekk og litt sol som skal til for ta knekken på ganske mykje fukt. Ver flink å få han til lufting på pulken under stroppene så snart høvet byd seg, om det så berre er ei 20-minutts luke i veret. Evt dandert på sekken om det går. Å kjøpe ein pose med veldig tett stoff ville eg vore skeptisk til, då eg hadde følt at eg hadde lite kontroll på den akkumulerte fukta over tid. Men, eg antek at ein slik dyr pose har tett stoff yst, og veldig pustande godt stoff innvendig, noko som mogleggjer strategi med vrenging av pose og uttørking av denne ved verhøve.
  22. Eg har i alle fall til gode å oppleve det som ei problemstilling, og per dato er dampsperre ikkje eingong noko eg vurderer til vanlige vinterturar på det norske fastlandet. Andre stader eg har vore/skal er ytre fukt/luftfuktigheit over lang tid noko å ta stilling til, men då vil eg før gjere tiltak mot den totale fuktmengde på andre vis. Ser at dampsperre kan ha noko for seg på nokre turar, i heilt spesielle områder under spesielle tilhøver.
  23. No skal eg ikkje spore av fullstendig (slik eg eigentleg har lyst til 😬) men spørje, om det er mange som har opplevd kollaps av dunpose i en problematisk grad, pga fukt innanfrå over tid? Eg ser heil klart dunkollaps som eit problem i enkelte områder av verda, då pga totalfukt. Eg vurderar ein tur i havisen, då vert det heilsyntet. Men då er me tross alt inne på nokre andre rammer.
  24. Veit ikkje koss det ligg an i resten av landet, men her er regelen meir at det vert fiska for lite med garn, og at det i ein del vatn som ein gong var gode vatn no er alt for mykje fisk, og stort sett småtterier. Så her tenker eg omvendt ; å løyse fiskekort i vatn som sårt treng å verte fiska i, står for meg som dumt. Anten bør grunneigar då ta jobben med ei viss kultivering, eller så bør ein invitere til storstilt gratis fiske, noko som kanskje kunne fungert på nokre av dei meir tilgjengeleg vatna.
  25. Eg er samd i at ein bør kunne forvente etterettelege svar når ein spør seg føre hjå dei lokale aktørane, som ofte oppfordrar nett til å spørje dei. Eg har hatt liknande oppleving ned i Simadalen frå Demmevasshytta. Fekk melding frå DNT Oslo om at stien var rydda etter orkanen som herja det året, og framkomeleg. Eg kom der i mellomsesong, frå Finse, med ganske tung sekk med ski på. Det vart mange hundre høgdemeter buskeklatring, ei rås som berre dukka opp i ny og ne. Eg var glad for at eg er van med å lese kart også der kurvene ligg tett i tett, og fann att noko stiliknande greier etter ei utradisjonell kryssing av et elvegjøl. Det gjekk greit for 2 av oss, for den tredje vart det blytungt, og noko ganske anna enn forespeila. Så, sjøl om eg er godt vandt med bratt og kronglete, er feilinformasjon utruleg irriterende. Ein strekker jo seg mot å få til ein trygg og triveleg tur. Du kan trygt seie at dei som gav ut skråsikker og feil informasjon følgande dag fekk ein e-post med "hard empiri".
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.