-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Kva del av Sunnmøre? Her er no veldig mange flotte overgangsturar og dalar å gå.
-
Regnjakke eller kraftig skalljakke funkar betre under slike tilhøve. Mange skalljakker i dag er av den lette og mjuke sorten. Heilt ok som nødløysing under rette tilhøva, eller med nok kle under. Ved grisete forhold vil dei dog som regel klistre seg inn til kroppen som eit skinn i staden for å danne eit skall. Ofte då med påfylgjande sakte nedkjøling utanfrå og dårlegare prestasjona frå membran (litt alt etter type membran). Då er det betre å bli klam men halde varmen nokolunde gjennom dagen, og skifte til tørr trøye med det same ein stoggar. Denne fobien mot å bli klam har eg aldri forstått, når forholda tilseier at blaut er alternativet. At ein er klam betyr som regel at kroppsfukt ikkje fordampar, og slik kjøler mindre. Av alle tilhøve synes eg 2 grader og sidelengs nedbør er det vanskeligste å kle seg for ift til nedkjøling.
- 42 svar
-
- 2
-
-
Har ikkje vore innover i fjordane siste vekene og sett, men det er framleis bra skiføre i høgda her i regionen, så snø må du rekne med å møte. Generelt mykje snø i fjella framleis, spesielt i vestlege strok. Det er også meldt sludd i høgda komande veke. Snøgrensa varierar, men tippar pluss minus 1000 høgdemeter.
-
Har ikkje nytta telt like heftig trur eg, men noko har det blitt. Eg har mellom anna pendla i mange år. Har ungar med delt heim. Når ungane var yngre brukte eg bu ein del i telt på den øya eg jobba, når dei var hjå far. Hadde dusj i bygget som kontoret mitt låg i, når det var behov for slikt. Elles har eg budd i telt når eg har teke samlingsbaserte deltidsstudiar ved sidan av jobb. Då var det dog mest praktisk å bu i "nærskogen" til campus. Dette då vi hadde lange dagar og eg trengte internett til kveldsarbeidet (både skulearbeidet og det eg skulle følgje opp på jobb heime). Dette var før "uendelege datamengder" var ei sjølvfølgje, og det var verre å kople pc'en opp mot mobilt nettverk. Eg flytta difor camp nærare og nærare, og enda til slutt bak rosebuskene på campus i eit lite Hilleberg Niak. Funka igrunnen veldig bra. Ser stort sett ikkje mørkt på å bu i telt i noko høve. Praktisk og greit.
- 13 svar
-
- 3
-
-
- friluftsliv
- klima
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sluttrapport frå Jakt i Lierne prosjektet. Er no interessant å ha med seg. Og ikkje minst sjå korleis det tek form i det vidare. https://jaktilierne.no/2021/01/sluttrapport-fra-jakt-i-lierne-prosjektet-2014-2019/- 44 svar
-
- 1
-
-
Dette er ein veldig fin variant. Stadvis bratt men ein veldig fin tur. Lurt å gå litt seint på sesongen.
-
Liggeunderlag for oss med litt ekstra
Tessatroll svarte på Naturen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
....og så synes eg rett og slett det er meir komfortabelt- 22 svar
-
- 2
-
-
Liggeunderlag for oss med litt ekstra
Tessatroll svarte på Naturen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Tjukt oppblåsbart (med fyll) underst. Ikkje sprengfyll med luft. Legg eit skumplastunderlag (gjerne med struktur) på toppen. Eg likar godt det tynnaste og mjukaste varianten av therm-a-rest ridgerest. -
11 dagars skitur Finnmark (Tana-Skoganvarre)
Tessatroll svarte på theres.arulf sitt emne i Turrapporter
Såg ut som en super tur 🤩 -
Ved bruk av innbindingstau mellom bryst og sittesele så er ein jo ofte ute etter å finne nett rett plass for knute som fikserar belastningspunkt for hovudtau. Dette for å få draget på rett plass både med omsyn til kroppsorientering ved fall men også med omsyn til evt hengetraume om ein fell "langt" og heng (i praksis er det vel sjeldan med lange fall som fører til hengetid, men...). Med tung sekk ville eg ikkje gått utan brystsele. Så synes eg det er vanskeleg å trekke nett kvar grensa går, og kjører då heller brystsele ein gong for mykje enn ein gong for lite. Synes elles å hugse frå eit eller anna kurs å bli fortalt at ein gjerne kunne ha i bakhovudet at menn ofte er meir topptunge/har tyngdepunktet høgare oppe enn kvinner som naturleg "fell med raua først". Men dette blir no så generelt og med så store variasjoner at eg har vel eigentleg aldri tillagt det vekt i noko grad i høve utstyr.
-
Merket er Sidas, dei har mange ulike modellar. Den eg har i Skisko er Sidas merino mid. Eg har gjennom åra pga ymse fotproblematikk prøvd mykje forskjellig. Om det er nett Sidas eg ville valgt i arbeidsskoa er eg usikker på, kanskje hadde eg gått for ein endå meir støttande og dempande modell ved lange dagar på hardt underlag. Det viktigste er dog at ein veit kva ein skal ha av støtte, så dersom ein ikkje har kjøpt før eller har tilgang til butikk/kompetanse som kan fortelje korleis stillinga i foten er, kan det vere lurt å få det. Seinare veit ein då i grove trekk kva ein treng og det er lettare å handle på eiga han. Dersom du har tilgang til ein fysioterapeut med føter som spesialisering, ein ortoped eller annan fagperson som gjer analyser og sel til dømes Vasylisolar, ville eg prøvd det første gangen eg har fleire modellar frå Vasyli til ulike sko, veldig god. Men diverre ikkje noko med ull og så rekk eg aldri ti opningstid i travle periodar når eg pendlar. Gjekk på krykker få veker før eg skulle til Grønland på ski for nokre år sidan. Vasyli Dananberg fekk meg, saman med god viftetaping under fot, over isen. Dette var saman med eit to venninner, der den eine fekk trøbbel med kroppen kort tid inn i turen. Min og venninne nr 2 sine pulkar som i utgangspunktet var tunge, vart endå tyngre etter omfordeling, og eg var spent på om det kom til å "gå med" ein boks paralgin og betennelsesdempende i mengder innan vi kom fram. Men det gjekk utruleg bra, og det handla i stor grad om sålar og tape!
- 6 svar
-
- 1
-
-
Vpg har ein god ein som gir støtte og har gele i hæl, ullfilt på toppen. Ein av de betre eg har kjøpt.
-
Brebriller synes eg er eit must i slike forhold, altså briller med skikkeleg tetting rundt/klaffer. Tetting er faktisk så viktig, at dersom eg fekk velje kategori 3 med god tetting eller 4 med dårleg ville eg valgt det første. Det er også slik at mørke briller/kat 4 gjer at pupillen utvidar seg ein del. Når det då kjem inn lys frå sidene får du eit slags "skadepotensiale" likevel, i forhold til om pupillen var meir samantrekt pga litt lysare glas. Men du kan nok prøve å lage tetting på dei du har å sjå korleis du synes det funkar? Enkelt med litt tape. Så fekk eg eingong høyre frå ein brefører eg kjenner at polariserte brilleglas kan føre til at ein ikkje ser små nyanseendringar i snø som kan skuldast det som er under snøen. Eg har førebels ikkje opplevd det på bre (har prøvd båe) men det er no kanskje eit element å ta med dersom ein også ferdast ein del på snødekt bre.
-
2-manns lag på ski på snødekt bre? Hvor mange tau?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Nettopp denne eg tenkjer litt med mitt innlegg over også. Eg har til dømes dingla lenge nok nedi sprekk ved øvelse på redning av bevisstlaus kamerat, til å verkeleg ha kjent på kroppen (og ryggen) kva det krev, og kor blytungt og kanskje i enkelte tilfeller umogleg det det er, om om snøkanten i tillegg er vanskeleg. Eg kan levande sjå føre meg/kjenne korleis hengetraume skrid fram. Ein vil helst ikkje dit. Eg er kanskje litt konservativ, men meinar at ein før slike vurderingar på 2-mannstaulag og ferdsel, skal ha tileigna seg kunnskap og trent ferdigheiter på eit vis som gjer at ein eigentleg sjølv, eller innad i turlaget veit kva ein treng ta med. Gitt at ein har ok informasjon om breen og tilhøva. Det finnast sjølvsagt generelle tilrådingar for ferdsel bre i ulike variantar, men desse finn ein no enkelt på nettressursar eller i bøker. Så må ein justere dei råda og kople dei til eigne kunnskapar og vurderingar. Å tilrå ei rein "teknisk" løysing får det i alle fall til å rykke i den "konservative" nerven min 🙉- 10 svar
-
- 1
-
-
2-manns lag på ski på snødekt bre? Hvor mange tau?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg er ingen breførar, men har no etterkvart nokre timar på bre, hovudsakleg snødekt. Vurdering av mengde utstyr og nedkjøring i/utanfor tau er no ei vurdering for kvar tur. Men det er no vanskeleg å berge kameraten sin utan tau, så har ein vurdert å køyre utanfor tau og noko skjer, kan det no vere formålstenleg med eit kort halvtau på lur i sekken. Akkurat dette med tomanns taulag gjer no at det i utgangspunktet er duka for nokre avvegningar som er annleis enn i eit taulag på fleire. Og som alltid med spm knytt til bre er det umogleg å gje eit fast svar. Dagen, folka, kunnskapen, vêr, føre og breen er variablar som kan gi ulikt svar.- 10 svar
-
- 1
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hm, interessant. Kva kjem endring i farge på såle av då eigentleg? Berre det "ytre" laget? -
For min del synes eg det er mange høver til å høyre desse.
-
Synes programma er fine eg. Gode samtalar med folk som ikkje representerar eit ekkokammer, det er friskt og deilig. Det vil ikkje seie at eg forstår alt, tvert om er det mykje eg ikkje forstår. Ser ein del "kjendisar" og tek meg sjølv i å tenkje "dersom eg hadde levd slik/tenkt slik er eg usikker på korleis min trivsel og mi mentalhelse hadde sett ut". For meg blir det då desto viktigare å prøve å forstå. Det er vanskeleg å få til ei deltaking i samfunnsliv som stettar opp under ei god utvikling, dersom ingen skal forstå noko anna enn eiga verd. Korleis skal ein då finne felles grunn i dei store spørsmåla? Og då tenkjer eg både på micro- og makronivå. Detta blei litt svulstig, avsluttar no før eg tek heilt av 😂🙉
- 703 svar
-
- 9
-
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Du kjem langt med blå, blå spesial og lilla. Hurtigglider på flaske. Felleglider i stykke eller flytande. Å få ein skikkeleg prepp kan vere greit, men viktigste er at du sett dei inn med opplagsglider ved endt sesong. Prøv å unngå å tørke ut sålen. Kortfellar i løyper er for meg KUN ved klisterføre. Klister har eg ikkje tålmod til. Å gå på blåswix-føre med fellar ville gitt meg vondt i magen 🙉 og forringa skigleda mi. Startar du enkelt så sankar du erfaring etterkvart og heile "smørjesirkuset" vert litt mindre overveldande og pesete enn det kan verke ved første augekast.- 32 svar
-
- 1
-
-
Eg har ikkje hatt denne erfaringa men det ser eg føre meg er tungt ja.
- 8 svar
-
- åsnes ingstad
- langfeller
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
Har silvretta mohairmix langfell som har både meget god glid og har tålt mange, mange km framfor pulken. Kanskje det paret med fellar eg har som har vore mest slitesterke med unnatak av gamle Montana syntetfeller. Eg og @graham er sjeldan samde om feste på tur, ei heller no 😂 (til TS må eg seie at vi er gode og venner og har vore mykje på tur saman så dette er godmodig erting). Eg tenkjer det er eit poeng med så smale fellar som ein kan tole utan å miste feste. Eg opplever at det ved lange dagar framfor pulken er mykje krutt å spare i beina ved å til ei kvar tid velje det alternativet som gir best gli utan å miste feste. Men kanskje er det viktigare for meg fordi eg er dame og og ikkje like sterk som dykk. Er viktig for meg generelt å "spare energi" der eg kan, og enno viktigare på tur der eg skal henge med menn.
- 8 svar
-
- åsnes ingstad
- langfeller
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
Eg diggar Nallo 2, og har nytta det mykje gjennom åra i alle slags tilhøve, både åleine og to. Har også eit nallo 3GT, eller for å vere korrekt, eg eig eit halvt 🤪😂Det har vorte ein favoritt hjå båe impliserte partar. Kondens har ikkje vore eit problem. Elles er eg 166 cm så dette med lengde/fotende/innertelt erkje så relevant for meg
- 48 svar
-
- 1
-
-
Fekk ny sole og kalosjering på mine La Sportiva Trango hjå Hillroy i Lillehammer. Vart bra, men eine solen løsna litt på første fjelltur. Det fiksa dei oppatt og sidan har den holdt. Trur maskinene og produktet var ganske nytt for dei då eg gjorde det, så det skulle vel lærast Elles alltid høg kvalitet på det dei gjer, har brukt dei til å reparere Skisko, selskapssko, seletøy, kle osv. Du finn Hillroy både på Facebook og Instagram.
-
Veldig enig ang for høg såle. Raptor er heilt akkurat innanfor for meg. Kunne også tenkt meg ein raptor utan gtx, eller ein raptorliknande sko.