Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Huff då! Nei til slikt er det vel kanskje greit med flasker med pakning i korken vil eg tru, haha
  2. Dette minner mistenkjeleg om jervespor ja.
  3. Gjer det enkelt når eg treng nye småflasker til oppbevaring på tur. Kjøper meg ein coop eller Bendit smoothie i liten str. Drikk den opp og vaskar Då det er pant på dei, kan du fint levere dei innatt når dei byrjar verte litt rufsete. Billig, bra og resirkulert.
  4. Herleg! Fekk umiddelbare abstinensar!
  5. Kanskje å få fleire til å handle? Enkelt og greit? Føresett lik kvalitet osv, dersom eg har valet mellom å handle ein barnehagedress til borna mine hjå ein produsent som driv aktivt inkluderande arbeidsliv og ein som ikkje gjer det, er valet enkelt. Og at dei reklamerar for det? Ser ikkje problemet. Dersom dei ikkje var ei verksemd som dreiv med varehandel, hadde dei jo ikkje hatt arbeidsstader og tilby. Og det handlar ikkje om å sko seg! Tvert om! Det handlar om å drive verksemda, og nytte seg av personalressursar, på ein måte som alle andre verksemder gjer, mest mogleg forsmålstenleg. Spør du meg er det myndiggjering i praksis! Med helsing frå eit brennande sosialarbeidarhjarte. Ps: Med dette har eg ikkje uttalt meg direkte om Stormber, men prinsippet om kva ein får lov til å "marknadsføre" og ikkje. Eg ser ikkje større problem med å marknadsføre dette enn noko anna.
  6. Eg skal også ha ny 80 lite. Har prøvd både Altra og Kajka. Kajkaen gav umiddelbart "godkjensle". Likevel endar eg nok opp med altra, då sekken også vil bli brukt til skiturar med breutstyr og ymse som gjer at den fort vert tyngre enn 25 kg. Då fell Kajkaen gjennom. Testa Kajkaen med 22 kg, supergod, med 27 var det "kollaps" slik eg opplevde det. Så om du stort sett ligg på kring 20 kg kan den kanskje være bra for deg om den elles passar din anatomi?
  7. Flott tur til Brekketindane saman med @LeneG Eit lite utvalg frå mobil.
  8. Ya think?
  9. Det finnast små lokale bedrifter rundt omkring i verda som leverar pelskant av jerv og polarrev, handmade i småskala. Sjølv holdt eg på med det same for nokre år sidan, og enda opp med revepels frå Farmhamna. Usikker på om det framleis held på. Har også ein syntetpels frå Bergans eller Norrøna. Revepelsen beskyttar langt betre er mi erfaring. Sjå vedlagte bileter for dimensjonar.
  10. Gass.
  11. + 1.
  12. Eg er dels samd og dels ikkje. Personleg eigde eg aldri ein slik device. No har eg ein rein nødpeil av typen fastfind. Kan ikkje sende mld med den eller legge spor. Den er til rein naud, og den er påkravd utanfor område 10 på Svalbard, difor har eg den. Eg ser også at når eg guidar grupper i enkelte områder her heime, og først har den, puttar eg den i sekken/kajakken. Det vil ikkje seie at vanleg HMS ikkje står i sentrum, det gjer den i aller høgste grad. Den utgjer berre eit suppplement. Eg vonar eg aldri får bruk for an. Litt som med skredsøkjaren. Som eg forøvrig brukte nokre år på å bestemme meg for om eg skulle ha. Nødpeilen er heller ikkje med på private turar der det ikkje er påkravd. Av ein eller annan grunn kjenner eg meg like "kontrollert" med denne som eg gjorde den gongen eg var på tur saman med ei vennine med spot. Gubben hennar satt heime og fulgte med på ruta vår. Men DERSOM eg skulle få bruk for an, er situasjonen kritisk. Då svarar eg neppe på SMS eller telefon. Hadde eg hatt dekning, hadde eg trykt fint på luftambulansen sin naud-app og prata med dei over førsthjelpa, eller fått andre til å snakka for meg. At responstida vil variere med årstid, vær og vind er eg heilt på det reine med. Det er ein del av vurderinga du gjer når du bevegar deg inn i fjella. EIn veit at risikoen for at noko skal skje også her er tilstades, men at hjelpa ikkje nødvendigvis er nær. Kan forøvrig sjå for meg andre situasjonar der eg ville sett pris på tryggleiken, og meinar det må være opp til kvar enkelt å vurdere. Helsetilstand, årstid, type tur og tilhøver heime er alle faktorar som i samspel verkar inn for dei som eg kjenner som brukar slike dippeduttar. Det må være lov. Litt som med bilbelte. Du er ikkje garantert noko som helst, men du aukar sjangsane litt. Dersom uhellet skulle være ute. Eller som eg likar seie; dersom livet skjer.
  13. Som eit apropos. Denne veka har det vore henta ned folk 3 gonger frå fjellet her På Sunnmøre, i mitt næraste område. Alle gongane med helikopter,alle gongane fordi dei har gått seg fast i fjellet. Alle gongane er folk uskadd og heile på alle vis når dei kjem ned. Det er bra folk ringer etter hjelp og ikkje utfordrar lukka, men eg er jammen litt betenkt. Skal det halde fram slik vil det være enorme ressursar i omløp ila eit år...
  14. Eg kjenner at eg har problem med å konkludere om generell Hillebergkvalitet tufta på eit tynt datagrunnlag. Om me byrjar leite trur eg me finn fleire historier om alt folk har utsett sine Hillebergtelt for, som dei har tolt godt, enn me finn slike historier som dette. Men det er berre gjetning, kanskj tek eg feil. Samd i at Hilleberg på forespørsel kunne vore litt meir serviceinnstilte, som eit minimum tilby seg å ta ein kik på det.
  15. Hvillket forsåvidt er fornuftig nok, dersom det av dekningskart osv går fram at det er dekning for å svare motta på SMS, og ventar på svar MEDAN ein mobiliserar til aksjon. Sjølv ferdast eg på sjø, og har hatt eit par runder på ski og til fots på Svalbard, med ein nødpeil. Eg har gått under den tru at den dagen eg trykkjer på nødpeilen så er det verkeleg naud, og at mobiliseringa skjer rimeleg kjapt. Eg synes det er skummelt å "tukle" med den greia.
  16. Arrow båtane som Miamaria her nevner er blandt dei eg meinar eg har nevnt til deg før. Bakdelen er som sagt at det er litt tidleg for å få tak i dei i bruktmarknaden. Om du tek kontakt med ein padleklubb, så kan du sikkert få prøve ulike kajakkar, slik at du har nokre referansar når du leitar internett/finn.
  17. Me har turka kyllingfiletar med suksess. Steikte dei først, for så å rive dei opp i små små målar. Supert til dømes saman med indiske gryter osv frå Toro. Treng noko lengre trekketid enn anna kjøtt, gir det gjerne eit oppkok, eller puttar det på matthermosen om morgonen om eg skal bruke det om kvelden.
  18. He du prøvd byggrynsgraut?
  19. Kva definerar du som lett? Det mange her inne definerar som lett trur eg vert vanskeleg å foreine med varmare enn compact 3 sesongs til den prisen. Men det kjem an på kva du definerar som lett
  20. Har denne sommaren prøvd den nye turbrødblandinga frå Møllerens (Turistforeningen og Mølleren i lag typ). Den er fin å steike brød av på tur. Lagar berre nok deig per dag til så mange rundstykker ein vil ha, slenger dei på steikepanna som tynne runde leivar, gjennomsteikt på kort tid. Elles et eg stort sett berre knekkebrød på tur, unnateke på vinteren, då har eg med polarbrød med kvitost og dansk salami, pakka parvis to og to, for lett tining på innerlomma. Inntas til lunsj saman med rett i koppen suppe eller liknande.
  21. Alphaserien er spesifikt retta mot klatring/alpinisme.
  22. Eg er motsett av deg (ja altså sånn reint sett vekk frå at eg er kvinne). Eg har typisk "nordisk" bygnad. Ein del merkjer kan eg berre gløyme å prøve noko som helst frå. Det er mellom anna Tierra, Mountain Equipment, North Face, Jack Wofskin. Evt kjem det vel meir og meir frå Direct Alpine (alpine direct) eller kva det no heiter. Tsjekkisk kvalitetsmerkje. Usikker på passform.
  23. Brødposane kan avhjelpe på to ting: 1 Gnagsår. For dei som er plaga av det. Eg er det ikkje. 2 Varmetap. Brødposane vil i stor grad fungere som dampsperre, og for dei som kjenner prinsippet frå vinterturar, veit ein at det gir redusert varmetap. Det krev dog eit meir omhyggeleg fotstell. Eg lev godt med våte føter, men for fleire av mine turkameratar vil det nesten konsekvent innebære gnagsår, eller kalde føter, sjølv når dei er i røyrsle. Me fungerar ulikt
  24. Er det vind: plukk ut solane og legg skoa på sida, med opningen mot vindretninga. Utruleg effektivt! Elles: brødposar. Om du tek på tørre sokkar, har tørre solar og går med brødposar på beina, vil du ofte gå støvlane tørre. For min del har eg funne ut at blaute bein berre er ein del av greia. Eg gidd ikkje styre så mykje med det.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.