-
Innlegg
3 662 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
67
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Nei val av hund er ikkje noko enkel oppgåve 🙉 men ein har igjen for å bruke god tid og forhøyre seg mange stader, så det er bra du gjer Lukke til!
-
Her finn du no mykje fin informasjon om Samojed. Å lese heile rasestandarden er faktisk ganske nyttig
-
Hardangervidda på langs, avbrutt pga. uvær.
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Turrapporter
Med tanke på vindretninga kan det sjå ut som du kan profitere litt på å gå frå Kjeldebu mot Finsbergvatnet ja, i staden for Krækkja. Kjipern med regn og overvatn. Håper du slepp unna for mykje slikt vidare, og at bakkane opp frå Finsbergvatn byd på godt føre!- 68 svar
-
- hardangervidda
- storm
-
(og 5 andre)
Merket med:
-
I utgangspunktet er alle polarhundane godkjent som rase i Norge i dag opprinneleg avla for trekk, dei fleste med eit meget intakt jaktinstinkt. Her er litt informasjon om Yakutian laika. Edit; ser at vi legg litt ulikt inn i begrepet polarhund. I min dagligtale er det tale om trekkhundar av type malamute, grønlandshund, sibirsk husky, laika og samojed (av dei ein finn i Norge).
-
Samojeden bør ikkje gå på langline men vere skikkeleg kopla heile tida, av hensyn til vilt. Eg har ved to høve opplevd at mine trekkhundar har snappa av solide liner, og ein gong også eit trekkbelte, berre så delane flagra. Eg tenker at for polarhundar er det nesten utan unnatak bandvtang heile året, og helst solid bånd Varmen er (som regel) ikkje eit problem i fjellet, men meir i høve trening i kvardagane, som det er mest av. Dette løyser ein som regel med å ha ein del treningsfri som sommaren, evt. korte turar tidleg morgon eller sein kveld/natt. Er det for varmt til å trekke (dei fleste eg kjenner sett ei grense for trening for polarhund på rundt 10 grader, 20 grader er altfor varmt!) er turar i hundeparken eller luffeturar alternativet. Luffeturar med trekkhund inneber ofte at hunden trekker meir enn den luffar 😅 I høve at du skriv at "Men som sagt skal ikke hunden min fokusere på trekk," så tenkjer eg at her ligg litt av nøkkelen til dine val. For det er altså diverre noko begrensa kor mykje du bestemmer kva hunden skal fokusere på....desse rasene er avla gjennom tusenvis av år på bestemte eigenskapar. Det er ikkje slik at dei vert trent opp til å ville trekke, dei er koda for det genetisk (sjølvsagt med litt variasjonar). Dersom ein gjerne vil unngå trekking og jakt, så bør ei prøve å kjøpe ein rase som ikkje er avla for det. Om ikkje er det ein fare for evig kamp, mistrivsel og usikkerheit. Gisle Uren har skrive ei god bok som heiter "Frossen friheit - håndbok i friluftsliv med polarhund". Her skriv han noko som eg synes oppsummerer godt, under "val av hund": "Skal du velge hund til et aktivt friluftsliv, så velg en hund som vil klare seg godt på grunn av sine egenskaper, ikke en hund som må klare seg til tross for dem". Eg trur at det beste valet best kan tas gjennom å snakke med dei ulike rasemiljøa spesifikt. Der er som regel veldig mange flinke folk, som er ivrige etter å hjelpe! Einskild personar sine anekdotiske observasjonar og erfaringar er verdifulle, men likefullt akkurat det; einskildpersonanes erfaringar og observasjonar. Rasemiljøa har som regel hatt meir av den bestemte rasen mellom hendene, og er dei fremste ekspertane på sine raser.
-
Finsk lapphund vart nevnt frå andre enden av sofaen her også. Eg har ikkje kjennskap til den, men det er vel ganske allsidige hundar ?
-
Ingen raser kan Kløve ubegrensa utan trening, og mange raser kan Kløve med trening. Kor mykje dei kan Kløve kjem an på storleik, vekt og trening. Kløving er noko som går føre seg på barmark. Kva skal du evt bruke samojeden til på vinteren om den ikkje skal nytte trekkeigenskapane sine? Å irritere seg over ein hund sine kjerneeigenskapar vert slitsamt i lengda, både for hund og eigar. Eg tenkjer framleis det er lurt å henvende seg til dei ulike raseklubbane for å få best mogleg informasjon. Elles er det også slik at ein del oppdretterar stiller krav når dei sel hund. Til dømes vil fleire som eg kjenner som avlar polarhund typisk brukt til trekk vegre seg mot å selje til personar som ikkje skal nytte hunden til trekk. Det verkar som du har eit veldig klart bilete av kva du vil ha i ein hund. Det er bra! Det gjer det lettare å henvende seg til ulike rasemiljø med spørsmål om den einskilde rase kan høve deg, og legg grunnlaget for å gjere eit godt og informert val. Lukke til, hund er gøy! 🥳🐶
-
Dersom du ikkje skal bruke bikkja til trekk ville eg latt vere å kjøpe brukshund som typisk er brukt til trekk. Eg tenkjer at hundar bør få gjere det dei er avla til, sjangsen er elles stor for mistrivsel for båe den ein og den andre. Har du vurdert eurasier? Eg har sjølv polarhund og har aldri eigd eurasier, men har venner som har slik hund. Verkar som ein fin tur og familiehund som fint kan Kløve.
-
Er der eg også har handla før eg flytta til Hedmarken. Men no er det altså samme lukt frå kle både frå outlet og frå fjellsport. Luktar ikkje surt, meir som ei slags dårleg parfyme/noko kjemisk som minner om veldig konsentrert lukt av møllkuler i kombinasjon med "syntetisk roseduft". Kanskje dårleg skildra, men greier ikkje komme på noko betre
-
Er det fleire enn meg som har erfart at Devold har gjort ei endring/starta med ei slags behandling av ulltyet sitt, som luktar veldig? Første gang eg reagerte var på noko ulltøy eg handla på outlet på Vestby. Trudde kanskje det var noko som var brukt for å behandle kle for røyklukt, etter at det var tale om ein lagerbrann. No har eg dog handla nye Devold ulltrøye frå Fjellsport, som luktar like ille. Frå førre runde veit eg at det ikkje forsvinn ved vask (vaska buff og balaclava manger ganger men stinka framleis, endte med å gi dei bort...). Eg vurderer å sende ein epost til Devold for å spørje kva i all verda det er som luktar slik, men tenkte først høyre om andre erfarer det samme?
-
Eg ville teke kontakt med raseklubbane for dei respektive rasene, og snakka med dei som er god på sine raser. Polarhundklubben er den rett for samojed.
-
Hardangervidda på langs, avbrutt pga. uvær.
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Turrapporter
Vinden er ikkje det heilt store problemet, eit godt telt toler slike vindstyrker godt om det er sett opp rett. Sludd og regn derimot er no heller usjarmerende, og kan påverke holdt i snøen (utan at eg har snødekkehistorikken for området).- 68 svar
-
- 1
-
-
- hardangervidda
- storm
-
(og 5 andre)
Merket med:
-
Som vestlending med 38 av mine snart 43 år på Sunnmøre og med ein kjærleik for bre, så har goretex som bekledning på turar utan tørkemoglegheit nesten alltid vore svaret for meg. Dette til tross for at det i ein del kretser er utskjelt og har fått mange fine "kjælenamn" 🤣 😅 no bur eg på innlandet. Eg brukar gotexen eit hakk mindre, men skal eg i fjellet over dagar blir den med. Det er dei einaste plagga som ikkje "taper seg" på tur synes eg, og eg veit nøyaktig kva som venter meg, også under skiftande verforhold. Å brekke på meg bomull eller noko anna fuktig om morgonen vert berre altfor energikrevende både mtp å varme opp/gå tørt, og berre rett og slett ubehageleg...om goretexen skulle ise til, så held det stort sett å banke den, brette den saman og legge den mellom liggeunderlaga. Så er den god som ny neste morgon. Eg er altså av den sjeldne arten gtx-entusiast 😬
-
Hardangervidda på langs, avbrutt pga. uvær.
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Turrapporter
Sjølvsagt! My bad, gjekk fort i svingane når eg las gitt.- 68 svar
-
- hardangervidda
- storm
-
(og 5 andre)
Merket med:
-
Hardangervidda på langs, avbrutt pga. uvær.
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Turrapporter
Ville i mange tilfelle vore samd med deg, men akkurat Finse-Haukeliseter er ei av rutene eg ville teke dei med, av to årsaker; 1. Alt etter rute er det nokre bratte kneiker ein skal opp, som eignar seg måteleg å baute opp. Til dømes om ein går via Hellevassbu og skal opp til Mannevatn. 2. Dersom ein får fine dagar vêr- og føremessig, er det lite som slår å gå høgt når ein går sørover. Altså over fleire skar, og følge ryggar der ein kan framfor å gå i dalfører og over vatn. Då gjer det seg med langfell- 68 svar
-
- 2
-
-
- hardangervidda
- storm
-
(og 5 andre)
Merket med:
-
Jepp... no er det vel litt folk som reiser mellom både samlingar og parringar, så skulle vel fått til noko frakt, i alle fall i etappar. Men klart, lettare å få reparert meir lokalt.
-
Har du vurdert å spørje deg for inne på dei ulike gruppene for hundekjøring på facebook? Evt kan det vere at @Gisle Urenveit om nokon.
-
Eg har også brukt både ultra Raptor og TX4 og 5, samt Bushido. Den siste vert i underkant om det er steinet og ein har ein del oppakning, men dei to andre er supre sko med godt grep. Raptor har best demping, men det er også enkelt å få til med sålar i TX. Eg likar betre tåboksen i TX (eg har føter som er breie heilt fremst, omlag som ei and).
-
Eg har women's Skare expedition. Varm og god støvel, på samme tid som det går an å bevege seg i den. Eg kjøpte den i høve feltarbeid om vinteren, med ein del scooterkjøring og opphald på forblåste fjelltopper. Heilt super.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Mindre bøyemotstand under sjølve fotbladet når eg går. Med hammertå + sårbar for plantar fascitt så er det mykje betre. Mindre drag gjer det også mindre belastande på akilles.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Kjøpe vanleg skiskostorleik ja, og det er den som er tilrådd i tabellen. God plass til meir sokk om eg vil. Ski er verkeleg mi store forbrukersynd. Eg har mange par, ulike oppsett og er nok innanfor "alle" bruksområde då eg er veldig aktiv på ski i alle variantar. Lundhagsen var ny for meg i år. Der eg synes han verkeleg kjem til sin rett er på eit par Finnmark med xplore, når eg har trekkhundar på lina på krevjande føre. Dette krev ekstra god overføringskraft. Så tippar eg han kjem til sin rett på eit par Nansenski eg skal sette xplore på. Eg hadde tidlegare 75 mm på dei, men grunna trøbbel med føtene har eg måtte gi opp 75 mm. Desse skia er typisk nytta i meir krevjande/kupert fjellterreng/vestlandsterreng og vårskiturar på bre, ofte med tung sekk.
- 14 svar
-
- 2
-
-
Dersom det er 75 mm binding, så har desse ofte meir bøyemotstand enn BC. Dette kan gi eit anna drag i sener og musklar i foten både ved gange og fall
- 28 svar
-
- 1
-
-
Kva binding tenker du? Eg har Abisku expedition i xplore binding. Vridningsstiv, varm og romsleg. Litt låg over vrista med det samme men det går seg til merkar eg.