-
Innlegg
3 667 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
68
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Det går 17. mai skitog frå Juvasshytta til Galdhøpiggen. Eg veit at Spiterstulen stengde tidleg i år grunna snømangel i dalføret. Var opp til Juvass for eit par dagar sidan, heile piggmasivet er snødekt. Sjølv om snøgrensa går høgt, så blir det meir trugetur enn fottur. Skal kanskje ein tur opp i helga. Kan då prøve å anslå betre kvar snøgrensa går langs den ruta du ynskjer gå.
-
Mi erfaring er at Arcteryx har normale storleikar. Alpha SV har plass til litt lag.
-
Mi erfaring er at til slik bruk skal du ha meir plass enn du trur. Lange dagar gir hovne føter og tung sekk gjer at føtene "sig" utover. I tillegg er det lurt å snøre skoa ved å bruke kameløyrer slik at ein held fotne på plass, men det veit du sikkert frå før.
- 12 svar
-
- 1
-
-
1. mai-turen var årets første kløvtur, til Blikufjell i Åmot kommune. Vekas søndagstur gjekk frå Krossbu til Veslbreatinden
- 108 svar
-
- 17
-
-
Ikkje meg du spør men eg svarar på mine erfaringar. Eg har lone peak og olympus i same storleik. Mogleg olympus er ørlite granne lenger, men forskjellen er ikkje større enn at eg altså kan ha same storleik.
- 17 svar
-
- 2
-
-
Brukar surefire ørepropper. Ein slags hendig mellomting, der du kan velge to nivå av beskyttelse (heilt tett propp eller semitett?. https://milrab.no/products/surefire-ep3-sonic-defender-svart-4be7d?attributionToken=pAHwowoMCPymzsAGEJuZqb0DEAEaJDY4M2I0ODQwLTAwMDAtMjM1Ny1hYzU5LWY0ZjVlODBhMDY0OCokNzU4NGIzZTctNTlkMy00MDgzLWI2MGEtYTczODBiMjFjMGZiMiyf1rcttreMLcXL8xfUsp0VwvCeFajlqi2c1rcto4CXIpD3sjD36MMwmu7GMDoOZGVmYXVsdF9zZWFyY2hIAVgBaAF6Andh
-
Med ETA påske for barnebarn nummer tre, og dei to andre framleis så små at dei må ha barnevakt når mor og far dreg på føden, vart det dagsturar og korte overnattingsturar i påska. Alt som innebar god dekning og kjapp utrykning, saman med @Sig Manog @graham. Det vart likevel både fjellski og randoski, tur med og utan bikkjer, slake turar og bratte turar, både til fots men også med isøksa framme. Eit lite biletedryss fylgjer. Floke nyt hytteliv og barflekk i Trøndelag. Ettermiddagstur på Sognefjellet, mot Skogadalsbøen. Slapp oss ikkje ned dit dog. Tur frå vinterparkeringa i Leirdalen og inn til Leirvassbu. Vaffel og kake til bursdagsbarn. Tur vidare inn i Gravdalen. Topptur til Rundhøe i Leirdalen, med påfylgjande telt og bål. Finfin dag på Leirbrean og Sokse. Bere føter i Bjørneskaret i strålande sol. Fottur for variasjon. Snøggtur "Tronoberget rundt" frå Tronoddbrue til Grjotheim. Skitur på Skaihøe. Ikkje nok snø til å ta strake råsa, men framleis mogleg å gå på ski nesten heile vegen frå Liasætre. Ein topp som ikkje gir spektakulær utsikt, men desto viare utsikt. Ein ser Rondane avd. nord og sør. Dovrefjellplatået med Snøhetta, Larstind og Storstygge. Jotunheimen avdeling aust og vest, Breheimen og Reinheimen "sør". Godkjent pluss.
- 108 svar
-
- 18
-
-
Ja eg likar dei godt, til sitt bruk. Lette og gode og gir adekvat beskyttelse i rufsete terreng. Eg ville eigentleg hatt 39. 5, men har mellom anna ein spesialsole som tek ein del plass nedi, og ei tå som må ha godt med rom. Eg trur at 40 bør høve deg, med mindre du skal bere veldig tung sekk med dei.
- 12 svar
-
- 1
-
-
5 mm er litt lite til sko som skal brukast lange dagar. Med sekk så vi foten sige enno litt meir. Eg 5 mm kortare føter enn deg (på begge faktisk), og har samme sko i 40. Det er meir enn raust nok, så tenker at 40 bør vere bra til deg.
- 12 svar
-
- 2
-
-
Kva som er stivt nok og held er så veldig individuelt. For meg ville vanlege litt stive fjellstøvler holdt lenge til detta, og eg hadde nok brukt det eg hadde frå før. Om dei er litt mjuke, så har Kayland etter mi erfaring ofte litt meir stivheit i sine lærstøvlar, samt breiare lest. Ein modell er Kayland Globo. Eg er nøgd med den. Elles ser Aku Superalp fine ut.
- 35 svar
-
- 1
-
-
...og eg kunne bruke dei over fleire dagar med sekk. Ikkje heilt enkelt dette, når folk sine føter er så ulike 😅 Eg digga raptor, og sleit ut fleire par, før eg diverre fekk problem med nokre tær, og måtte over på sko med barfotfasong. No går det mykje i Topo og Altra når eg skal ha lette sko. Kan også bruke La Sportiva Tx5 som nevnt over her, om eg kjøper dei eit nummer for store. Fleire av desse, samt raptor får du i skinn, som vil vere meir motstandsdyktig mot slitasje. 5-10 år er dog noko optimistisk for slike sko, etter mitt syn. Då trur eg du må over på stivare og meir solide anmarsjsko, ala til dømes desse eller La Sportiva boulder.
-
Hvor mye kunnskap har vi egentlig! (Snøskred)
Tessatroll svarte på tshansen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Samd. Vi har etterkvart tileigna oss mykje kunnskap. Ja det er fleire folk i fjellet. Men det er også fleire folk som tileignar seg informasjon og kunnskap. Eg tenkjer at risikoaksept og forventningsavklaring er eit underkommunisert tema når ein snakkar tryggleik på tur. Tek ein kurs eller utdanning som naturveileder, guide, tindeveileder osv. så stiftar ein ofte kjennskap til begrepet ferdaråd. Å halde ferdaråd er etter mitt syn eit av dei mindre brukte, men kanskje viktigaste tiltaka ein kan gjere for tryggleik for ei gruppe på tur. Elles så er det også mitt syn at så lenge det er mennesker og vurderingar involvert, så må ein kanskje berre akseptere at det innimellom skjer ulykker. Me er ikkje maskinar,og det er heller ikkje nødvendigvis ynskjeleg med utprega regelbasert tenking, som fjernar eller svekkar evne/rom for å samanstille informasjon og gjere vurderingar ut frå heile biletet. -
Pluss en til dette innleget. Å skulle ha bikkja til å vere roleg når du fiskar er eigentleg ei åtferd som er samansett av fleire ferdigheiter. Å bryte det ned slik som @heriks seier er nok ein god strategi, dog arbeidskrevjande som pokker.
-
Ikkje i dag men førre helg og i går. Hhv. rasesamling for Grønlandshund på Johnsgård, og nærtur etter jobb ein stad i Lom. Johnsgård (Engerdal) byd på fantastisk natur og skiløyper. Berre synd at eg driv og gløymer å ta bilde. Det er jo veldig flotte fjellområder der. Tur i Lom byd på utsikt same kor "nærtur" han er, då nærtur stort sett inneber høgdemeter. Perfekt for ein sunnmøring i eksil.
- 108 svar
-
- 15
-
-
Snøforhold og turvalg Hardangervidda påsken 2025
Tessatroll svarte på iselinhe sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det vert meldt at vestvidda held normale snøtilhøve og austvidda har dårleg med snø.- 12 svar
-
- 3
-
-
Samd. Det er ingen tvil om at kreftene som er sett i sving med bikkjer og nordisk slede eller snørekjøring på variert fjellføre er noko heilt anna enn det som vert sett i sving av ein vanleg skiløpar. Det er likevel krefter eg meinar ein kan forvente at både ski og binding skal tole. Sjølv eg som er ein del mindre enn @Sig Man ser at belastninga på skia eg brukar med robuste trekkhundar er vesentleg større enn på skia eg brukar utan. Dei vert også raskare slitt og uttråkka for spenn.
- 97 svar
-
- 1
-
-
Fjellpulken Transportpulk vs Pariserpulk
Tessatroll svarte på Bokhylla sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Dette er så individuelt korleis ein opplever. Eg har slitt ut nokre Parisbrett, med taudrag. Eg har ferdast i alt av terreng og forhold med det. Eg har hatt moglegheit for å ha på fastdrag for dei turane det skulle vere ynskjeleg. Noko det sjeldan/aldri har vore. Eg kjøpte også etterkvart ein glasfiberpulk (Acapulka Scandic Tour 150). Kva tid eg synes det funkar med taudrag og ikkje, ser eg er veldig ulikt for desse to, noko som hovudsakleg skuldast meiane/kor retningstru dei er. Acapulkaen med taudrag har lettare for å velte under nokre tilhøve, fordi den har veldig retningsgjevande meiar. Så, mitt val av drag heng saman med ikkje berre terreng, men terreng, føre og type pulk vurdert saman. Men, i høve Parisbrett, er mi erfaring at det stort sett funkar gull med taudrag og er meir fleksibelt enn å ferdast med stive drag.- 13 svar
-
- 1
-
-
Ei lita veke med nordisk slede i Rondane på meg og @Sig Man, som første litt lengre tur for to unghundar på 7mnd og vel halvanna år. Start Måndag vart forskyvd til Tysdag grunna matmors behov for litt kiropraktisk assistanse før ei veke med kjørebeltet på. Med ein hund mindre i hushaldninga enn ved inngangen til vinteren, og to skiløparar på ein slede, var målet kos og hygge, god tid til samvær og innarbeiding av langtursrutinar hjå dei unge. Planen var Høvringen - Vetåbua - Øksendalen. @Hammer hadde ein dag mindre til disp, og gjekk oss i møte frå Venabygdsfjellet Med ein binding som rett og slett losna heilt frå skia, og medførte ein kveldstur med snørekjøring til Venabu for å leige eit par ski, tapte vi endå ein halv dag. Vi enda difor opp med Høvringen - Jammerdalsbu - Øksendalen. Ein veldig flott tur med mykje god tid og godt samvær. Vi har hatt alle sortar føre, og eg har sjeldan vore så glad for xplorebinding og stive Lundhagsstøvlar som eg har vore denne veka, i skarpe unnarenn med sterke bikkjer framfor sleden. Liten stemningsrapport under. 20250327_130056.mp4
- 108 svar
-
- 23
-
-
-
Hiv meg på denne tråden, då eg er uroa over kva eg skal gjere når mitt tredje og siste par Bolé travers går tapt. Eg har desperat leita etter erstatning i fleire år, men finn ikkje noko som funkar. Oakley sine synes eg ikkje vert mørke nok for bre/vårski. Cebe høver meg dårleg, det samme med dei mest aktuelle modellane til Julbo. Bolé har nokre nye modellar som ser fine ut, men håplaust å ikkje få prøvd. Førebels er Smith Embark den heitaste kandidaten den dagen mine kjære travers ryk. (At ein i det heile teke slutta å produsere denne fantastiske klassikaren er forbi mi fatteevne). Tips til mindre kjende men gode kandidatar mottas med takk (fotokromatiske til kat. 4 eller rein kat. 4 er båe aktuelt).
-
+ 1. FP må skjerpe seg.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Detta meinar eg faktisk at ikkje er godt nok. Yste laget på skroget bør definitivt tole sopass. For meg hadde detta vore ein no-go i forhold til å stole på doningen til dømes på ein langtur. Vonar du får godt svar frå FP. Må ha vore ei svakheit i skroget der.
-
Det kjem rett og slett an på kva du er van med å gå med og kva terreng du er van med å ferdast i. Nokre vil sverge til stødige skinnstøvlar på ein slik tur, andre vil gå i joggesko. Eg ligg nok nærast det siste. Så eg personleg ville teke den lettaste.
-
Kjøpe mine første fjellski og sko - hjelp?!
Tessatroll svarte på Drømmeren sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg synes tipset du har fått om Åsnes Gamme er bra. Dei har nok spenn til å å halde på smurning og ta kilometer greit, på same tid som dei har spesifikasjonar som gir noko meir køyre/skiglede/manøvrerbarheit enn til dømes ei veldig rank og stiv ski som Åsnes Amundsen (som elles er ei fantastisk ski om ein berre skal sluke km på vidda).- 21 svar
-
- 1
-
-
Fint vêr og ingen møter på jobb = avspasere siste to timar av dagen, hive bikkjer i bil og komme seg avgarde.
- 108 svar
-
- 13
-
-
Spiterstulen eller Senja i slutten av April?! (Rando)
Tessatroll svarte på martinjahr sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det løner seg elles å fylje turisthytter og skiløypelag på facebook for å få oppdateringar på snøtilhøve. Edit: samt webkamera Leirvassbu m.m.- 11 svar
-
- 1
-