-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Same her, alltid på lina. Nyttar spade, evt vrengt pose dei gongane eg gløymer spada/ikkje har kjørebelte på, og lempar i djupe grøfter eller under buskas/kratt. Likar dog best å ha med spaden, eg har bikkjer som ofte gjer frå seg i fart, då er det skikkeleg trasig å skulle saumfare 20 - 30 meters bremselengde med pose Å frakte med meg i pose nyttar eg berre i "byen" og dei gongane det ikkje er nokon stad å slenge ting. TIl dømes i dei fine opne glennene langs skiløypa der folk typisk grev seg dagcampar. Her hjå oss er det ikkje eit problem i dei store skiløypene knytt til skisenter osv, der er så mykje folk at eg trur det disiplinerar, ingen let skiten ligge att medan andre ser på....men i dei mindre løypene som dei ulike lokallag har, der den sosiale kontrollen er mindre pga mindre ferdsel, er det eit større problem. Eg må seie eg vert mektig irrritert på andre hundeeigarar som ikkje fjernar skiten etter seg, for det går utover oss andre og. Eg skjønar godt at folk vert fortvilte når dei skal putte skia i bilen og dei er fulle i møkk oppetter sidene eller i klisteret, eller når du heile tida må jobbe for å halde kiden unna dette spennande materialet som ligg der og innbyr til leik .
- 47 svar
-
- 3
-
-
Eg har ikkje nytta det, men eit kjapt blikk fortel meg at; Vaude må settast opp med innertelt først for så å tre på ytterduk. Mange synes det er eit minus, men det kjem an på bruksområde. Vaude har større golvareal og høgare takhøgde, kanskje er det nett det som årsakar at det ser ut som helsportteltet har brattare veggar? SOm igjen vil gi bra romkjensle (berre synsing).Ut frå bilete ser det ut som døra på vaudeteltet, og forsovidt dei andre veggane skråar meir innover teltet. Men, å sette opp eit reknestykke for dette for å finne ut av om det faktisk stemmer skal eg overlate til nokon av dei mange flinke nerdsa her inne Det kan sjå ut som Vaude har ein høg ventil som skal verke saman med eit oppløfta yttertelt (går ikkje heilt i bakken). Helsportteltet har ein låg ventil bak og ein høg framme. Plussar og minusar med det, men i dei tre sesongar stort sett pluss. Vaude har eit pittelite fortelt (plass til nokre sko og litt ymse? om det let seg bruke i til dømes sidelengs regn er ei anna sak, sidan det ikkje går til bakken). Helsportteltet har fleire bardunar/ankringspunkt. I tillegg kjem nok forskjelar i materialar. Eg trur Vadueteltet er eit greit telt, men ein må vite kva ein kjøper, og at det stettar behova dine. Eg ser dei ofte brukt rundtomkring i verda, så at Vaude kan å lage telt er det ikkje tvil om. Om denne modellen høver deg bra er ei anna sak kjem vel an på bruksområde.
-
Herreminhatt, no har google blitt aldeles fintfølande. B i staden for P Takk @Jan@
-
Eg finn ikkje den modellen frå Vaude ved Googlesøk? Har du ein link?
-
Eg vel å lås denne tråden til eg kan komme meg heim å rydde i den frå ein PC. Mvh Therese som moderator
- 229 svar
-
- 8
-
-
-
MSR Artic pump vs Vanlig MSR Pumpe
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Samsvarer god med det eg også har erfart, i tillegg til ising. Har gitt den tid i sovepose eller på kropp så kjem den. Det enklaste er å vere føre var og ha den på kropp gjennom dagen, evt ta den på kropp siste timen/-ane av dagens marsj. -
+ 1 . Stort sett om det er nødvendig med tørking, eller me har med slitne mannfolk som har brent for mykje i musklane før på dag
- 14 svar
-
- 3
-
-
Eg har hatt mange økter i trekket med mine Nansen. Eg synes det er moro! Får skikkeleg skijensle, om en noko slunken stilkarakterar for mitt vedkommende 🙈
- 4 598 svar
-
- 1
-
-
Eg kjøpte anorakk i ventile til mora mi på Svalbard. Den e knallgod iflg henne.
-
Ser ein del av dei på Svalbard faktisk. Eg har ikkje brukt dei i praksis, men ser fleire føremunar med dette teltet (std varianten eg har kika på).
-
Dette stadfesta mine tankar
-
Ja eg seier no beint fram at eg ikkje har prøvd dei, men at eg umiddelbart tenkte at det vart merkjeleg draretning, kunnskap overført frå andre ankringsmidlar. Det var ikkje mi meining å dra tråden over i andre baner, men spm mitt er faktisk meget relevant. KORLEIS fungerar desse i praksis mtp plassering. Skrivebordsteori er ein ting, men dette er faktisk erfaring med å plassere andre sikringsmidlar, og eg søkjer å finne ut av overførbarheit. Men det er mi meining. Ha ein fin dag
-
Eg vonar dei er i mindretal, og meinar bestemt at dei fleste som legg ut på tur i eksponert terreng har gjort seg nokre erfaringar på vegen dit som gjer at dei er i stand til å vurdere produkt og utstyr til sitt bruk.
- 16 svar
-
- 3
-
-
Er ikkje styrken me er ute etter, me diskuterar prinsippet for draretning og plassering, fordi eg synes løysinga med dei tre linene er snodig.
-
Det meste kan faktisk brukast til ankring, om ein berre plasserar det greit og lagar ein kanal/eit spor til line/bardun. Sjølv ei huve fylt med snø kan ankre godt.
- 33 svar
-
- 1
-
-
Jepp. Har nokre vanlige snøanker eg og, og der er jo vaier plassert rett overfor kvarandre, så det er enkelt å lage "løpekanal" til dei. Det gjeld berre å finne rett vinkel på ankeret. Difor eg synes desse såg tungvindte ut.
-
Nei eg tenkte ikkje at ein skal henge noko etter dette, men snakkar om prinsippet for snøanker, same kva formål: ein må ha ein "kanal" der lånene går, for å få draget/belastninga på rett stad. Om ein grev ned og snorene går loddrett opp og så blir dratt sidelengs langs bakken/snøen så får ein feil dragretning. Men heilt korrekt, eg har ikkje sett desse i bruk, berre tenkte umiddelbart at eg ikkje skjønte korleis ein tenkjer draretning.
-
Eg har ikkje forstått korleis desse kan tene på skapeleg vis mtp å få plassert dei skikkeleg. Desse er jo (trur eg) for dei gangane det er påkravd med god ankring umiddelbart, og langvarig bearbeiding av snø med dårleg hald, er vanskeleg/for tidkrevjande? Når ein då veit kor kritisk korrekt plassering/vinkel av ein slik remedie er, og at ein bør lage kanal for bardun/tråd/slynge eller whatever du har festa til snøankeret ditt for teltbardunering, kameratredning på bre eller liknande, så framstår det som underleg at ein har velt tre festepunkt på ankeret? Eit vindkast frå feil retning så er dei rykte opp? Eg lurer på koreis dette faktisk er tenkt? Kva behov skal eigentleg desse møte?
-
MSR Artic pump vs Vanlig MSR Pumpe
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Eg var litt snar der. Det er eigentleg to problemstillingar : Lekkasje (fekk ikkje brennar til å slutte å brenne) gjorde at eg bytta ut o-ringen. Då vart det mogleg å stenge heilt og eg fekk sløkke brennar uten å hive på vatn. Vekslande forhold og temp fører innimellom til ising (eg har ikkje pumpa i flaska under forflytning), då må eg avogtil smørje både pumpcup og control valve o-ring. Er eg føre var går det som regel greit. Opplevde skikkeleg særiøs ising ein gong på Grønland i fjor, alle ringar/pakningar trengde oppvarming og smøring. Var dog ekstreme forhold. Pissregn og stiv kuling ein dag, nærare 30 minus og framleis kuling neste dag. Mange og førti effektive. Den som hadde kjøkkenteneste på morgonen tenkte ikkje over det og pakka pumpa i pulken. -
MSR Artic pump vs Vanlig MSR Pumpe
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Control valve o-ringen har eg og måtte bytte ut. Eg opplever ikkje at problemet med den vanlige pumpa er kulde, men vekslande tilhøver, altså vått og så sprengkaldt for eksempel. Er i alle fall då eg har opplevd problem, om eg ikkje har vore føre var og hatt pumpa på innerlomma. Har løyst det med tining på kropp og smøring. -
Pulksele til bikkja og ny sporline etter at den forrige rauk berre med eit lite "kast" med hovudet. Kalkpose til drittspada. Snørekjøring med fleire bikkjer og posar er ekstremt ineffektivt og mykje å oppbevare til søppelkasse etter endt tur, så ei drittspade hengande på beltet mitt har vorte løysinga. Tuppa sjiten kjapt og effektivt inn mellom buskene. Plast spart, blide småbarnsfamilier langs løypa og bikkje som ikkje forgår av utålmodigheit (med bikkjer som drit i fart er det nokre meter som skal skrapast 😂) Vinn-vinn-vinn
-
Den boka kjøpte eg for nokre år sidan, og det er ei bok eg gjerne leiter framatt med jamne mellomrom, mest knytt til ulike former for snøhuler og groper
-
Dagens bilde, med muligheter for bildekritikk/tips
Tessatroll svarte på aleks sitt emne i Foto/Video
Dette er Liadalsnipa ja -
Bergans superlett med lang glidelås. God kombo av slitestyrke /lett/vanntett. Styr unna Falketind. Toler ingenting.