-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Forslag til rundtur på ski i jotunheimen
Tessatroll svarte på KS10 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Mja, mykje fint i Jotunheimen. 12 april opnar jo Sognefjellet au. Kva med Krossbu, over Smørstabbrean, i retning Leirvassbu, Gjendebu'ish, og Veslådalen og Rauddalen tilbake. Evt frå Gjendesheim og innover Gjende, med ein runde nordvest opp Stordalen og Langvatnet, ned Gravdalen og attende Rauddslen? Er det fint føre kan du no gå avstikkere, er det utfordrande er det no fint med stikkaløypene -
Enkel pulktur for nybegynnere
Tessatroll svarte på Mettelangnes sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Siste rapporter frå Hardangervidda lyd på berande føre, hundespanna kjører uspora. Då går det fint med joggemeier og pulk -
Eg har sett opp begge deler under krevjande tilhøver. Det funkar greit etter mitt begrep. Kuppeltelt med lukka stangkanaler som må tres som eit tunelltelt med lukka kanal i eine enden og stangkopp i andre derimot... Hakket verre.
-
Eg er samd med deg. Eg harprøvd ulike telt i vind. Så lenge kuppelteltet har dei løysingane med klipsing på, er det faktisk kanskje ein av dei tryggare variantane mtp vind.
-
Sist eg såg to ridgerest var dei tapa saman og del av eit fartsprosjekt over Grønland via Nansenruta funka visst.
-
Når du skal sette opp Staika kan du plugge alle fester på teltet før du trer stenger og reiser det. Måten Hilleberg har løyst dette med lukka kanal nederst og klips i toppen gjer at ikkje ein først spenner opp eit stort vindfang som ein skal stå å plugge. Det gjer det ok å sette opp i vind, i forhold til ein del andre kuppeltelt. Fordel med kuppel ellers er at det toler større snøbelastning enn tunelltelt. Det er og mindre sårbart for endring i vindretning. Tunnelteltets overlegne representasjon i polområda skuldast vel nett behovet for raskt oppsett. Modell utan særleg stort fortelt ofte brukt i nord ser eg, pga mindre fotavtrykk i isen. Altså treng ikkje like stor tomt. I Syd/antarktis har ein jo ofte veldig dominerende vindretninger og føreseielege forhold akkurat kva gjeld det. I camp i høge fjell vil jo nett det med mellom anna snøbelastning vere ein føremun, samt at ein har andre vindtilhøver, og generelt skiftande forhold.
- 21 svar
-
- 3
-
-
Fleire forhold. For store flater relativt til talet på barduner. Må montere på fleire. For lite avstand ytter inner, evt store flater som enkelt blir trykt inn og tak som samlar vatn. Mtp kva det ikkje toler av vind/regn så tenkjer eg det som eit telt for 3 sesongar i terreng som ikkje er veldig eksponert. Då burde det hatt betre ventilasjon. Teltet er fint til vegnær camping, hybelliv bak rosebusken på Campus og evt ved vergaranti på tur.
- 252 svar
-
- 1
-
-
Eit eldre Helsport Romsdalshorn, i bruk når vekt ikkje er viktig. Typisk ekstra soverom til kids. Navn: Åmeskinnet. Eit Hilleberg Keron 4 GT. Mykje brukt. Navn: Casa Grande. Salewa Litrek 3 pro. Kjøpt for halv pris, til bruk som hybel når eg er på skulesamling. Omlag også det einaste teltet faktisk dug til. Navn: Hybelen. Ila våren blir det eit nytt Nallo 2, eit telt eg har hatt før og trives med. Navn på det forrige : Lykkebu. Då har eg 4 telt, hvilket er 2 telt for mykje etter mitt begrep. Dei to overflødige/ubrukelege er dog ikkje omsettelege i særleg grad, så då får dei slenge rundt som hybel og ekstra soverom til kids i hagen,til dei avgår med døden. Då endar dei nok omsydd til pakkposar. Ein Bergans tarp i M, påsydd ekstra bardunfester, for meir fleksibilitet i oppsett.
- 252 svar
-
- 1
-
-
svalbard Erfaringer fra Svalbard på langs?
Tessatroll svarte på Friliftsliv123 sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Det vert sett ein sum av sysselmannen, utfrå turens rute, antal personar, varigheit osv. Sumen kan settast mellom 50 000 til 200 000. For ein "pålangs"-tur bikkar du fort 100 000. Sumen du skal betale til forsikringsselskapet er 10 % av denne. Det er for heile gruppa, ikkje per pers som til dømes for Grønlandskryssing. -
Toppturer Sunnmøre med utgangspunkt Ålesund
Tessatroll svarte på Daniel A. Solheim sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Greit med snø i fjella kring Hjørundfjorden no. Under er bilete av Kolåstind sett frå Follestaddalen, i dag. (eg bur her, så ser rett i fjella kvar dag). Eg kan gå på ski på marka, dog er det nokså rett ned på bakken. Tenker det er betre allereie oppe på Standaleidet. Trur ikkje de får lange gåmarsjar nokon stad. Eg var på langrenn på 300-400 moh i går.- 4 svar
-
- 1
-
-
Takk for utfyllende svar! Såg desse hjå VPG, tenkte eg sku bestille. Crispi i 75 mm høver meg av ein eller annan grunn dårleg, til tross for at fjellsko og BC frå Crispi høver bra. Så det blir nok nokre gamle traverar, fram til eg får prøvd Andrews. Bindingen skal settast på eit par Nansen. Noko meir ski enn det har eg ikkje behov for hr brukt dei mykje til samme formål, men kjenner at det skal bli greit med litt meir hjelp og støtte til musklane i fotblad.
-
Kva eg tenkjer om det som potesielt kan skje i mitt område? Jau, at eg skal skunde meg å nyte utsikta...... ....for her kan det visst komme eit hav av møller.... Ikkje ein plan my ass. Eg som vanlegvis arbeider hardt for å vere systemtru og open. Eg er heilt desillusjonert kva gjeld desse tinga. Så får me håpe at denne krabaten under, som skal hekke berre få mil unna, kan greie seg.
- 110 svar
-
- 9
-
-
-
Toppturer Sunnmøre med utgangspunkt Ålesund
Tessatroll svarte på Daniel A. Solheim sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Med snøforhold, tenkjer du då på snømengder? -
Ta med et par brodder av typen Chainsen pro så er du hjelpt
- 24 svar
-
- 2
-
-
Hola Tenkjer å sette 75 mm binding på eine paret mitt med fjellski. Desse vil hovudsakleg bli brukt til typiske vastlandske vårskiturer med tung sekk, og ved snørekjøring etter hundespann overlengre distansar. Begge deler gjer fotblada ganske møre, i alle fall mitt høgre som eg har litt trøbbel med, og det er greit å få så mykje hjelp og støtte som ein kan. Eg er i tvil om eg skal gå for traversen eller ikkje. Eg køyrer normalt tele på topptur, og er kjend med fordelane til traversen mtp kraftoverføring. Det eg lurer på er kor vidt det vinkla tåjernet påverkar gå-comforten i nevneverdig grad, då desse vårskiturane rundt/over og i området til dei større bresystema ofte fører med seg nokre km i tillegg til høgdemeter. Eg er ganske stødig på fjellski også med BC, det handlar meir om å føre ygge skader i det utsatte beinet mitt. Eg mistenker at forskjela frå BC uansett er så stor, at eg vil profittere merkbart ved å gå frå dette til 3 pin og ein Andrew-støvel, men at forskjela frå 3 pin til 3 pin travers vil bli mindre for mitt bruksområde.
-
Mitt Keron får lenger stenger, med nokre cm. I snilt terreng gjer det dog ingenting.
-
Kva lengde er det du treng?
-
Nei. Det kan eg ikkje sjå føre meg er spesielt gunstig på tur, men eg er no ingen fotterapeut. Trykkavlastningsplater er noko anna enn solar. Det er ei plate i eit material laga for trykkavlastning/spre trykk. Til dømes desse: https://www.torshovsport.no/klubbservice/assist-sport-gnagsarplate Kaffekopp vil gå dårleg. Meir irritasjon for hud, gå i oppløsning, trenge mange lag m.m. Då trur eg tilogmed vanleg skumplast liggeunderlag av typen svart tradex er betre.
- 49 svar
-
- 1
-
-
Slike kransar for å feste rundt gnagsår kan du også lage av trykkavlastningsplater. Då kan du tilpasse str etter gnagsåret og kvar på foten det sitt. Du kan au legge fleire lag, og slik få trykket vekk frå sjølve gnagsåret. Evt kan du lage en heil helkopp for riktig god trykkavlastning, og lage hol der evt gnagsår oppstår/har oppstått. Helkopp lagar du enkelt ved å klippe plate i T-form og brette rundt og under hælen og tape.
-
Kjem vel litt an på type terreng en går i, men for det meste går det jo greit.
-
Problem med å opprette Garmin inreach konto
Tessatroll svarte på TonePåTur sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Kan du skrive noko på Facebook-sida deira? Brukar vere effektivt. -
Oftast samd med deg om dette, men sist eg gjekk der var det jaggu lite le å få. Kastevindar frå Jøkulen på natta vart avløyst av jamn vind på kring 20 m/s. Ein del nysnø gjorde at føyka piska iherdig, og det var heftig også å ha han i ryggen/skrått inn bakfrå. Såg ikkje bæra nesten av kvar me gjekk eller forflytta oss. Dei unge bikkjene som verkeleg vart gåande i føykehøgde synes berre det var måteleg sjarmerende. Me hadde nok fått knokla opp telt åleine, men jaggu var det godt å vere to au, så gjekk det raskere.
- 24 svar
-
- 4
-
-
Ja ho ligg nok der og er passe lunken fordi ho ikkje når bort til han som har slik laaaaang og breeeeei bedding 😂
-
Røverkjøp og funn fra bruktmarkedet (Finn.no e.l)
Tessatroll svarte på zimwalker sitt emne i Alt annet utstyr
Knapt brukt Helsport Spitsbergen Pro. Hadde eg ikkje framleis hatt att ein sesong eller to i mitt Keron hadde dette funne vegen hit til meg. Røverkjøp. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=143590624- 12 svar
-
- 1
-
-
- røverkjøp
- bruktmarkedet
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Nei eg snakker om det samme, berre skrivefeil. Skal sjå om eg finn ein link til deg, men ein tapar i vifteform under heile fotbladet.
- 49 svar
-
- 1
-