Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Prøv ulike kajakkar før du handlar, det er heilt vesentleg for å finne ein du kan trivast med og sitte greit i over lenger tid. Også lurt å ha padla litt først, slik at du får litt kål på eigne preferansar.
  2. ...og så ikkje minst med omsyn til terreng...60 kg pulk er ikkje tungt på eit vindpakka vidde eller på eit scooterspor. Men det kan jammen fort verte nok å bakse med i botnlaus snø i bjørkelia eller om ein skal opp og over brattare lende. Men, alt går, om ein berre har tia og dagen
  3. Samd med Espen; prøv og sjå kva som høver deg. Kva vi ynskjer å oppnå på tur er så ulikt, og det er også kanskje ulikt frå tur til tur (i alle fall hjå meg). Ein gong veg pulken 35 kg for halvanna veke, ein annan gong 50 kg for ei veke. Nokre gonger er det eit mål med lange dagar der ein sluker kilometer, andre gongar er det andre ting som er målet. Du skal høgt i vekt før du får problem med å få det med deg. Men, eg personleg synes det er digg å halde pulken på moderat tyngde. Ikkje for at eg ikkje får dradd han med meg (eg har mellom anna i lange periodar trent med pulk på mellom 70 - 110 kg). Men, fordi eg for min del på dei type turar eg likar å gjere ikkje ser hensikta med å trekke tyngst mogleg. Så er det også diverre slik at det å trekke pulk belastar andre musklar enn vi er vane med. Dersom ein durar avgarde på lange turar med tung pulk utan å ha ein del pulk i kroppen frå før, så er det ein vesentleg større sjanse for vondtar, til dømes i akilles. (Eg seier ikkje at du ikkje har pulkmil i kroppen, men berre nemner at det er eit element å ta med når ein vurderer akseptabel vekt på pulk).
  4. Eg kjenner ikkje posen, men Thermarest sine soveposar har fått mange fleire gode skussmål som eg har høyrt i alle fall.
  5. 55 kg synes eg var mykje for 8-9 dagar men det kjem no litt an på kva du skal drive med. Trur eg har brukt å ligge omlag der for 14 dg men då har eg gjerne noko tilleggsutstyr (sikringsutstyr bre, isbjørn, våpen/jakt, fiske eller toppturutstyr i tillegg til fjellskitur...). Om det er for rein pulktur utan tilleggsaktivitet eller krav til ekstra tryggleiksutstyr ville eg slanka den litt. Kan greie seg med mindre enn det og framleis ha det meget komfortabelt. Så er det ofte slik at eg delar telt me nokon, slik at kok og telt vert fordelt på to. Har lagt på mellom 30 og 35 dei gongene eg har pakka for rein pulktur på halvanna veke. Ish' fem kilo om ein er åleine. Edit; ser du har med veldig mykje fuel. Det er no eit val ein tek. Eg har berekna alt frå 0.3 l per dag til 1 l per dag alt etter kva høgde over havet eg opererar på, og om det er langt til folk om noko uventa skulle oppstå. Reknar eg 0.5 per dag er eg riktig så komfortabel. 1 l er ein luksus som eg stort sett bedriv når eg er på tur med kjærast eller venner og det er ein del sosialt, eller på turar der det av ein eller annan årsak er ein del tid i teltet.
  6. Som ei forlenging av Kristian V sitt forslag kan eg nevne området søraust for Besso og Dimmedalen => Lakadalsberga og og Austre Lakadalen. Har gått gjennom der nokre gonger på vinter og tenkt eg må attende på sommar.
  7. ... Elles var jo også de andre pulkane inne på Jamtland pulkane sine sider artige.
  8. Denne er jo super på kombinasjonsturar som til dømes nokre av dei lange breskiturane. Der har jo babyakebrett stroppa på sekken vore ei vanleg løysing å sjå. Eg sjølv har nytta både det òg Parisbrett. Varianten i linken ser no fin ut mtp at ein slepp tenke på stropping osv, og det er enkelt å skifte mellom slep og bær.
  9. Nei og ja. Sokk for dampsperre er etter mitt begrep pengar ut vindauget for dårlegare dampsperre enn plast. Blir fort ødelagt. Vinmonopolets posar har fin storleik. Finn du i tillegg dei som ikkje er grøne så har du endå meir slitestyrke. I tillegg utgjer plast eit betre glilag, for den som skulle vere plaga av gnagsår eller trykksmerter.
  10. En tynn liner som transporterer vekk fukt frå foten (eg likar bridgedale sine), en frottéullsokk utanpå, typ denne til dømes. https://www.getinspired.no/herre/klaer/undertoy/sokker/smartwool-mountaineer-classic-maximum-cushion-crew-sw-b13300-003 Neste forsøk er Alpina eller lill sport sine overtrekk til å ha utanpå (berekna til kalde langrennsko). Evt en tjukksokk type "industri" utanpå skiskoen. Dampsperre i form av plastpose kna også hjelpe, då fordampar ikkje fukt frå fot. Brukar avogtil om det er veldig kaldt, og eg skal unngå sveitt og våt sko. Då har eg liner innerst, dampsperre/plastpose og isolerende tjuksokk utanpå plastposen.
  11. Bruker goggles når det er skikkeleg grisete, og ein gjerne må på med maske i tillegg til djup hette med pelskant. Då handlar det rett og slett om å dekke mest mogleg. Elles går det stort sett i sports/brebriller.
  12. Ingen problem. Legg alt eg skal ha fremst i pulkbag, sørger for å ha glidelåsdrager heilt fremst. Stroppar bagasje med strekk. Når det er pause sett eg meg på pulken, løyser ein krok og vippar opp bedding, så har eg full tilgang til stormpose, mat, dunjakke m.m.
  13. @graham og @Hammer kan vel seie noko om tilhøva i Langsua når denne helga er over. Eg veit det var snakka om noko dårleg føre oppi Femundsmarka, i alle fall avd. nord. Ellers er Hedmarksvidda veldig fin om dagen!
  14. Ah, synd. Hadde vore enno betre om dei var produsert i Norge. Prøvde å sjå på en YouTube snutt for å sjå løysinga med kortfeller. Vanskeleg å bedømme på film, men kunne verke lovande ja, og potensielt mindre lugging enn Åsnes. Dei har to modellar med dette systemet trur eg? Med ulik midtbreidde. Auto BC er diverre hyppig å sjå i ein del fjellskipakkar...om enn mindre no en før. Har sett mange Åsnes-pakkar med auto også, merkjeleg opplegg.
  15. Har Finnmark, i tillegg til ei lite utval av andre fjell- og langrennski. Likar Finnmarkskia veldig godt. Opplever også at dei har grei bæreevne sjølv om dei er smale, men eg har kompansert ut med litt god lengde (er 166 cm høg og har 190 cm i Finnmark).
  16. Det stemmer ikkje. Eg kjøpte nettopp ski som ikkje er racingski som er produsert på Biri Men eg har forstått at delar av produksjonen ligg utanlands. Likevel betre enn at heile ligg utanlands vel? Og uansett synes eg det er kjekt at fleire gode skiprodusentar prøver konseptet.
  17. https://www.dntoslo.no/artikler/føremeldinger/8121-fremelding-for-rondane/ Her er nokså oppdatert føremelding. Går også fint å ringe Rondvassbu eller Dørålseter og spørje om tilhøva nordover.
  18. https://madshus.com/no-no/p/panorama-T55-intelligrip-transition-skis-2023 Alltids kjekt når fleire leverandørar kjører på med gode konsept, som kortfellesystem jo er Funkar det bra kan det forhåpentleg utfordre Åsnes og Fischer litt? Madhus produserar jo også ein del modellar i Norge...får eg kjøpe norskproduserte ski med kortfellesystem som funkar, så er det eit brennheitt alternativ når utslitte fjellski skal byttast ut/degraderast til grusski.
  19. Tidlegare stoff og stil, trur dei no heiter Self made eller noko slikt, har både microfleece og polar fleece.
  20. 170 meinar eg ikkje blir for langt. Eg er 166 og har fjellski på 185 cm, 187 cm og 190 cm. Altså frå 19-25 cm lenger enn meg. Tabellen til Åsnes oppgir anna Finnmark i 170 som høveleg for ein person opptil 60 kg og mellom 150-160 cm høg. For korte ski er ikkje noko særleg, det kan fort oppleves litt vinglete i unnarenn.
  21. Det kjem litt an på type ski, oppakning osv., og ikkje minst skidugleikar. Men eg vil tru at 170-175 kan høve deg? Kjem litt an på kor mjuk den er. Sidan du er ganske lett kan det vere greit å styre unna dei stivaste modellane. Har du sett på Åsnes sine sider? Dei har nokre rettleiande tabellar med utgangspunkt i vekt og høgde.
  22. Har eit par stavar frå Åsnes (gammel modell expedition/polar) som har fått så mange hundre kilometer og juling at det er underleg dei framleis heng saman. Dei har vore langt og lenger, på alt slags føre, panser, sastrugi, pudder, you name it. Eg har skifta ei trinse, og det var bikkja mi som greidde å få til (i tillegg rauk ei skalljakke frå Arcteryx og eit par klatresko.....den bikkja var dyr ). Teleskopfunksjonen svikta på den eine, men det var den gamle "skrutypen", ikkje flip lock som dei har no (og som er mykje betre). Når det skjedde sett eg i skruar så dei fekk fixed length, og dei har jaggu fått nokre hundre km etter det også, i tillegg til mange kveldar med dekktrekk i grus og på asfalt. Stikk motsett erfaring som @vatn med andre ord. Men ein kan no vere uheldig med eit par sjølvsagt. Eg kjem uansett til å plukke med meg eit par når eg ramlar over ein fin pris, eg likar dei så godt, og det er langt mellom dei verkeleg gode stavane. Her har Åsnes og Leki sine med puddertrinser vore gjengangarar, alt etter kva eg ramlar over.
  23. Lange ski kan vere utfordrende i utforkjøringer, men korte ski kan også oppleves mer ustabilt. I tillegg får du dårligere bæreevne. Selv er jeg 166 cm og har fjellski i 185,187 og 190 cm. 165 cm ville aldri falle meg inn. Du er ikke nybegynner på ski, og ikke nybebynner med oppakning for alltid, og for korte ski er ikke godt å gå med i lengden. Jeg tror du vil angre på å kjøpe for korte ski. Har de dem i 180 ville jeg hatt det som minst lengde, men står valget mellom 165 og 175 så ville jeg definitivt sagt 175.
  24. Ah, må vere i det siste. Kjøpte i lær hjå needle sports for nokre år sidan.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.