Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Og......alt er relativt og avhengig av tur. I sommar var eg på 12 dagerstur med familien min i isbjørnland. Me er tilsaman 6 stykker, men minstetausa vart att hjå besteforeldre i Lofoten, så me reiste 5 stk. Til tross for at me la ut depot, var 5 menneskje i eit 4mannstelt, ikkje hadde med noko snacks til oss vaksne, var særs disiplinerte på klesmengder, også til borna, vart sekkane første dagane kring 45 og 55 kg. Dei hadde vore 10 kg lettare kvar, hadde ikkje værtilhøva gjort at starten vår vart lenger sør enn planlagt, og me slik bar med oss første depotet i tillegg til utreisematen. Ungane bar 6 ,7 og 9 kg kvar. Gass, kokeutstyr, overnattingsutstyr, utstyr til isbjørnsikring, kommunikasjons/nødutstyr osv for ein familie på 5 så lenge, pluss dei påkravde sikringsdagane frå sysselmannen gjer sitt til at kg aukar uansett. Det me hadde med av luksus var ketchup, syltetøy på plastflaske, svartkjel, ei flaske solbærsirup, kaffi og ein pakke grillpølser til bursdagsfeiring. Kunne kanskje knepe inn 5-6 kg på luksusmaten, men litt må ein unne seg på tur med born over så lang tid, synes eg. Kunne sikkert knepe inn nokre få kg på andre ting og. Lettare rifle, ingen speilrefleks men berre kompaktkamera osv, men eg tvilar på me kunne kutta meir enn 3-4 kg på dette, utan at det hadde gått på bekostning av trivsel og tryggleik. Klesmessig var det akkurat perfekt. Ungane med to ulltrøyer kvar, ein stillongs, tre par sokkar ei varmejakke og skallkle, skallvottar, vottar og lue, kvar si superlette vindjakke. Den siste rein luksus, men du og du, når me fekk så fantastisk vær som me fekk, var det definitivt verdt dei ekstra 600 gr tilsamman. Dersom me fekk lagt ut depot 1, og hadde redusert dei vekk dei 10 kg med "luksus" vindjakker og svartkjel m.m., hadde vel startvekta vore på kring 35 kg og 45 kg i staden, noko som slett ikkje er verst. Ein kan også velje å sjå det frå andre sia. Hadde me ikkje vore so disiplinerte med kle, sovesystem og matplan, hadde det vegd betydeleg meir. Kvar ein minste luksusartikkel var "vegd og vurdert". Med unntak av glaset med pulverkaffi som sneik seg unna i ompakkinga, og aldri kom over på plastflaske Det agregerte nivå til ein familie på lengre tur er enormt!
  2. Eg er ingen lettpakker, men er bevisst på kvar eg kan kutte vekt, slik at eg kan ta med meir av "dei viktige' ting uten å ha med eit halvt flyttelass. Til dømes god mat. Nokre ting er dog alltid med: Ei 0,4 l Nalgeneflaske. Kopp til varme og kalde drikker og supper, drikkeflaske, desilitermål og varmeflaske i eit. Knevarmerar heile året og varmeskjørt vinter. Dei siste to gjer at eg kan bruke lettare sovepose. Ein tyngre sovepose gir meg same nattesøvn dog uten ekstra bruksområder på dagtid. Ullnetting vinter. Den tørker så fort på kroppen. Saman med knevarmerane som backup ved streng kulde, og varmeskjørt til pause og under rompa om natta, er nettingen alt eg treng.
  3. Hatt nokre fine toppturar med overnatting i det siste, sist i natt med min sønn på en minitopp nokre ekm frå huset. Flotte stjernehimlar for tida! Eit lite utvalg lågkvalitetsbileter frå mobil.
  4. Bergans har nokre baggar til frakt av sekk.
  5. Har også fyringsmoglegheiter med Helsport Valhall. Dog Inga erfaring med nokon av dei
  6. Skjønar. Dette med stormmatter er jo som baken Eg har hatt det fint i alt av værtilhøva utan stormmatter i mitt Keron. Ser klart den biten med vinter og lite snø, men då teltet i tillegg til langturstelt for meg/venner/sambuar vert brukt til familietelt både sommar og vinter vert det fort uaktuelt. Kan også sjå for meg at det hadde vore praktisk med stormmatter på enkelte vinterturar der me er 6 personar med to i fortelt, for å få forteltet tettare, men førebels er vinterurane me gjer med alle ungane av ein slik karakter at me fint kan ligge utan. Skulle det ruske til ei natt kan me trekke inn i innerteltet og ligg litt trangt. Fordelen med å være ein familie på 6 i eit firmansstelt er jo at der er mange kroppar til å varme opp, og innimellom er den vinden som snik seg inn alldeles velsigna
  7. Kan eg få spørje kvifor du ynskjer stormmatter på det?
  8. Har eit prosjekt på G her med byggrynsgraut. Forvelle heile byggryn og tørke dei att, for å lage porsjonspakkar med byggrynsgraut ti frukost. Godt med tørrmjølk i og salt.Lag til små vakumpakka posar med mørk sirup elle rliknande til å ha på, og pakk desse saman med grauten, som ei alt i eit løysing Enkelt, smakfult og nokså energirikt.
  9. Flott rapport fra regionens VAKRASTE område! Sprek paps!
  10. Aclima, Smartwool, devold osv har alle tynne tynne tilsittande ullinerar. Men, det beste eg har funne på vantefronten til bruk i våte/kalde forhold der ein treng fingrer som fungerer, er eit par mjuke neoprenhanskar frå Kokatat. Første paret neoprenhanskar eg har kontroll på fingrane i.
  11. Denne har vore pakka rimeleg hardhendt av oss, og flytta hit og dit, blitt trakka over, rundt og slengt hit og dit på tur over fleire veker. I telt, med 3 born. Dette var overhovudet ikkje nokon "blåbærtur" (misforstå meg rett, eg elskar blåbæretur), så alt av utstyr har fått juling. Denne har tolt det like godt som alt anna utstyr
  12. Har ymse brennerar i heimen, trangia stormkjøkken i ulike storleikar, toppmontert brenner og brennerar til vinter. Problemet med alle mine "sommarbrennerar" er at dei er crap på steiking. Har difor bestemt meg for å kjøpe ny brenner, for skikkeleg matlaging. Landa på Primus Gravity. Stort brennarhaud gir ENORMT mykje betre effekt og steiker jamnare, til dømes pannekaker. Betydelig forskjell faktisk, i tidsbruk. Eg hadde nyrensa gassbrennar i stormkjøkkenet på siste Svalbardtur, og så hadde sambuaren min ein lånt Gravity. Me såg str på hovudet på brennar, og bestemte oss for å "steike omkapp". Innan eg hadde steikt to hadde han steikt opp resten av røra (røre til 10 pannekaker). Hans var og betre og jamnare steikte. Og den som no kjem med ein kommentar om kokken får seg ein slapp
  13. Gjekk denne turen, dog frå vest til aust, med born i 2012. Grei tur, men djevelsk med klegg første to dagane på strekka stjørdal - kvitfjellhytta - prestøyhytta. For meg, som har eit lett anstrengt forhold til trøndermyra (beklager trønderar, eg er oppvokst i ura) var første delen av turen eigentleg berre måteleg sjarmerande. Delar av etappen mellom Kvitfjellhytta og Prestøy begyndte det komme seg, likeins vidare til Schultzhytta. Frå schultzhytta og vidare til Ramsjøhytta, Storerikvollen, Nedalshytta og grensa var den definitivt finaste delen av turen. Dei to første dagane av turen er områder eg neppe besøkjer på. Resten var flott, og vert truleg vitja igjen Dog med telt (utruleg mykje sjarmerande områder for telting). Borna har snakka om å gjere turen oppatt, men med ski. Om vi gjer det blir vi nok å gå frå aust til vest.
  14. Min Altra har ikkje noko dreiepunkt, det er vel først på dei større modellane at dei kjem med dei skivene på hoftebltet? Opp til 50 l er der ingen slike dreiepunkt.
  15. Eg var aldri plaga med slikt.....før eg fekk born. Eg drog dit eg ville, kva tid eg ville, og via det ikkje ein tanke. Så fekk eg born. Av ein eller annan grunn tynga ansvaret for ungane meg slik, at eg vart mykje reddare det meste. Desse kjenslene kom totalt overrumplande på meg, og første gong eg kjende på dei (eg og ungane på telttur i Huldreheimen) vart eg liggande med kniven under hovudet heile natta, klar for å stikke ned den første og beste som skulle komme for å ville skade borna mine....(???). Etter den episoden vart eg klar over at dette med å ha fått born hadde gjort noko med meg, og starta å jobbe med den mentale biten av det, systematisk. Gjennom vanleg "HMT" tenkning før turane me skulle på, fekk eg sila reelle og mindre sannsynlege farar frå kvarandre, og gjort tiltak for det som var reelt, og lagt frå meg tankane på dei mindre sannsynlege. Dette gjorde meg tryggare, og i dag gjer eg det aller meste åleine med ungane mine utan å kjenne på slike kjensler. Så kanskje det kan være ein idè for deg også, å sortere "farane" skriftleg på skjema, sjalte vekk dei usannsynlege og sette i verk tiltak/ha ein plan for dei sannsynlige? Eg trur at det å ha tenkt gjennom ting og ha ein plan for relle eventualitetar gir ein ei kjensle av litt kontroll, og då føler ein seg kanskje tryggare?
  16. Nickwax har aldri funka for meg, hverken på kle eller sko eller noko. Har byrja å kjøpe Toko til kle og tekstilsko, og sett skinnskoa mine, inkl nubuck, inn med Mink olje/feitt kjøpt på gul rund boks (hugsakje kvar). Det held læret i skoa mine tørre veldig lenge. Var sist på 12 dagers fottur i vått område, tok mange dagar med tramping i veta før skinnet var skikkeleg vått. Først etter ei god veke burde eg ha sett inn skinnet att, då hadde eg bak meg fleire elvekryssingar.
  17. Berre ein så enkel post som SAR forsikring kan være ganske dyrt,og skal du kjøpe den som enkeltperson til ei Grønlandskryssing snakkar me fort kring 15 000. Ein tur på Svalbard nokre veker kostar fort alt mellom 2 - 10 000 kr i SAR forsikring. Så kjem sikringsremediar i isbjørnland. Dersom du ikkje eig noko av det som trengs, og skal leige alt du treng vert det fort 10 000 kr berre for to veker. Dette for eit "sett". (ei rifle, ein signalpistol, snublebluss, nødpeilesendar, satelittlf og ammunisjon). Leige av bikkje om ein vil ha det. Skyss inn og ut frå start på Svalbard. Innenlands skyss med helikopter og fly på Grønland. Lønn til guide, gjerne to stk for ei større gruppe. Administrative kostnader. Berre nokre dømer på utgifter ein ikkje tenkjer over
  18. Han er vel i ein alder no der det mest truleg er lengda som aukar meir enn breidda, så om du kjøper ein som er 150, og så legg du på 4 cm i breidda (tilsaman 8 cm meir rundt) så kan det kanskje være fornuftige mål? Ellers er mi erfaring at dei er veldig flinke med slikt på Isbjørn, om du ringjer dei. Eg har i alle fall fått god hjelp der, både til å handle mindre posar og "oversized" posar til min tidlegare sambuar som var ein røsleg kar.
  19. Kan kanskje være vanskeleg å kombinere at den ikkje skal være for lang på same tid som den skal vare i 2 - 3år? Dei første posane til mine born var 150 cm lange. Det var i overkant langt når dei var 110-120 cm, men det løyste eg med å bruke ei lita varmeflaske i fotenden og nokre superbillige duntøflar frå Jysk, slik at lufta stod stille nede i fotenden. Dette gjekk fint då posane ikkje var for vide. No heiter ikkje eg @virrma altså, men delar no mi erfaring likevel
  20. Kva med å erstatte det med eit firesesongs Nallo 3 eller Nallo 3 Gt?
  21. Dette brukar eg også om eg er åleine eller me er to. Den er også stor nok dersom ein skulle ha behov for ein oppvask eller to med varmevatn etter nokre dagar
  22. Desse setta droppa eg for lenge sida, mange delar og mykje kjas. Droppa dei til fordel frå etebolle med handtak frå Chlas Ohlson og thermokopp eller foldekopp alt etter årstida. Har ein slik "knappebolle" som det er vist til i innlegg lenger oppe, den er også fin, men ikkje like stødig. Det fine med chlas holson sine er at dei kjem i mange ulike fargar, så me har fargekode til alle 6 i familien. Samme farge thermokoppar frå lifeventure også, det siste eit stunt før siste familieutflukt til Svalbard. Lurte på om det berre var jåleri, men den visuellen hjalp nok. Ungane hadde langt betre kontroll på tinga sine enn tidlegare, og det vart også tydeleg kven som ikkje hadde gjort oppvasken
  23. Ein goretex sko med sole som går litt utover (om du forstår) slik at sidestabiliteten aukar kan kanskje være ein tanke? Type Viking eller Salomon. Evt ein av dei mange lette støveømodellane som sorterar under "markastøvel".
  24. Eg er ingen lettvektspakker, men då ein del av turane mine går føre seg i alpint terreng, kan det være greit å tenke litt fornuftig kring vekt på enkelte turar. Eg har ved nokre høver brukt kortare oppblåsbart, av typen frå rompa og opp, saman med lang skumplast. Eg har også gjort andre vegen, brukt eit relativt lett oppblåsbart underlag i full lengde, og hatt med eit halvt skumplast. Båe delar funkar gull. Har brukt Exped downlite 5, i xs og m. Edit: Downlite 5 eller Downmat lite 5 eller kva den no heiter i M, Downmat 7 UL XS. Downlite 5 i XS er ønsketenkning.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.