Gå til innhold
  • Bli medlem

Har allemannsretten gått til hodet på folk?


Anbefalte innlegg

Bingeline skrev (3 timer siden):

Eg lufta det litt for husbonden, og han foreslo at det er ein måte å hevde dominans på, "har du meir rett på stille enn eg har på å høyre på musikken min", liksom. Og eg får litt kjensla av at dei dreg til skaus for å unngå krava frå sivilisasjonen: om dette var naboene mine, ville dei fått politiet på døra. Men kan ein eigentleg ringe 112 når fem ulike leirar drit i bålforbodet?? 112, liksom? Samtidig, venninna mi fekk ei utblåsing frå ein brennar i går kveld, og bakken tok faktisk fyr, ho slokka som gal, så det ER tørt nok til at det fint kan ta fyr. Og luftgevær?? I fylla? Det er ein klar telefon til politiet. I skauen er det litt annsleis, og eg frykta for at dei skulle bli artige i løpet av natta om eg klaga på dei. 

Man får lyst til å gjøre artige ting tilbake mot sånne folk, men det er sjelden lurt. De fleste som oppfører seg bedritent mot andre tåler ikke at andre oppfører seg likeledes tilbake. De føler at de har enerett på å være idioter, og det har de sikkert rett i...

Men hvis du mente at det de gjorde var brannfarlig hadde det lureste vært, og helt greit også, å meddele sine bekymringer til brannvakta, 110. De er veldig godt i stand til selv å vurdere om de da skal ta affære eller ei. De ville jo være veldig synd om vi fikk en skogbrann i Østmarka.

Hvis de ikke hadde kontroll på hvor kulene havner er det forbudt å skyte, også med luftgevær. Hvis de festet og skjøt, og det var masse folk i området, så vil jeg nok anta at politiet dukket opp om du hadde ringt de.

;-)

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Skogens Stønn skrev (14 timer siden):

Man får lyst til å gjøre artige ting tilbake mot sånne folk, men det er sjelden lurt. De fleste som oppfører seg bedritent mot andre tåler ikke at andre oppfører seg likeledes tilbake. De føler at de har enerett på å være idioter, og det har de sikkert rett i...

Men hvis du mente at det de gjorde var brannfarlig hadde det lureste vært, og helt greit også, å meddele sine bekymringer til brannvakta, 110. De er veldig godt i stand til selv å vurdere om de da skal ta affære eller ei. De ville jo være veldig synd om vi fikk en skogbrann i Østmarka.

Hvis de ikke hadde kontroll på hvor kulene havner er det forbudt å skyte, også med luftgevær. Hvis de festet og skjøt, og det var masse folk i området, så vil jeg nok anta at politiet dukket opp om du hadde ringt de.

;-)

Du har gode poeng her. Ein skal kanskje ikkje vere så redd for å ringe. Men det sitt jo litt inne å ringe eit nødnummer, det gjer det. 

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bingeline skrev (3 timer siden):

Du har gode poeng her. Ein skal kanskje ikkje vere så redd for å ringe. Men det sitt jo litt inne å ringe eit nødnummer, det gjer det. 

Ja, når du ringer 110 er det fordi du mener det er overhengende fare for brann ute av kontrolll 8eller at folk blir skadet ved skytingen). Enig i at det sitter litt inne. Skjult lenke - logg inn for å se den har et godt tips, eller du kan kontakte grunneier (hvis du ikke vet hvem det er kan du finne det ut på norgeskart.no).

;-)

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Lignende innhold

    • Av GrundeL
      Leseverdig artikkel om eiendomsretten: Skjult lenke - logg inn for å se den
    • Av Gaupe
      Hei, folkens!
      Eg har nokre ting som eg prøvar å finne ut av i samband med allemannsretten og hytte i utmark som eg vonar nokon her kan hjelpe meg å nøste opp i.
      Lat meg fyrst begynne med å seie at eg på ingen måte er nokon motstandar av allemannsretten – tvert imot, eg har hatt mykje glede av denne sjølv, og eg er sjeleglad for at folk heller tek ein tur ut i Guds frie natur enn å sitje inne framføre ein skjerm. Dette er ein rett me lyt hegne om og ta vare på. Når det er sagt så tykkjer eg nok stundom at det vert litt for mykje fokus på kva rettar ein har i høve til lovverket, og at det vert sagt for lite om pliktene.
      Eg vonar folk har tolmod til å lese alt eg skriv, då dette nok vert eit rimeleg langt innlegg. 🙂 Eg tykkjer likevel at eg lyt skrive såpass for at eg skal få fram alle aktuelle og relevante moment.
      Problemstillinga mi er som fylgjer: Me har ei hytte i utmark, som fram til for få år sidan låg 30-40 minutts gangtid frå næraste bilveg. Denne hytta har alltid vore «friplassen» til familien vår, der me reiser for å kople av i ro og fred. Slik har det vore heilt til for nokre år sidan, då det vart etablert eit stort hyttefelt i nærleiken. Hyttefeltet gjer at ein no kjem nærare hytta med bil, så no er det berre 10-12 minutt å gå opp dit.
      Vidare så er det slik at frå dette hyttefeltet så er der ein oppmerkt tursti til ein fjelltopp i nærleiken. Denne turstien er i periodar sterkt trafikkert av turgåarar. Frå turstien går der ein sidesti som går opp til hytta vår. Denne sidestien er ikkje merkt som tursti (og har ikkje tradisjonelt vore brukt som dette), men det tok ikkje så lange tida før folk begynte å ta denne i bruk.
      Så langt er for så vidt alt greitt. Problemet vårt er at stien som går opp til hytta vår vert brukt for å kome opp til eit fiskevatn i nærleiken (eller berre for generelt å gå tur i området). Denne stien går rett gjennom hyttetunet vårt, og på grunn av terrenget så vert folk gåande rett forbi hytta vår (og når eg seier «rett forbi» så meiner eg så nær at dei bokstaveleg tala kan leggje handa på verandarekkverket når dei går forbi).
      Då det i høgsesongane er veldig mykje folk som går denne vegen så har dette blitt særs sjenerande for oss. Det vert ikkje betre av at mange tykkjest meine at det er heilt greitt å stå og kikke inn vindaugo våre, fyre opp bål rett i nærleiken av hytta, forsyne seg med ved frå vedlageret vårt, bade splitter nakne i direkte utsikt frå stovevindauga vårt eller stele ei grillrist for å lage seg mat (alt dette er reelle ting me har opplevd, og noko av det skjer relativt ofte).
      Eg har mange gonger prøvd å prate med folk som går forbi og bede dei (på ein roleg og høfleg måte) om å i det minste gå på baksida av hytta når dei går forbi. Det svaret eg har fått frå dei fleste er at dei ikkje trudde det var folk på hytta, men dette er som oftast umogeleg å konstatere før ein er på framsida av hytta og kikkar inn stovevindauga, og då er «skaden» allereie skjedd.
      Etter å ha levd med dette i nokre år så ynskte me no å gjere tiltak for å prøve å avgrense denne ferdsla. Det me gjorde var å lage ein «tursti» på baksida av hytta, der me brukte eit par dagar på å rydde skog og merkje opp med blåfarge (slik som andre turstiar i området er merkte). For dei som skal til det tidlegare nemnde fiskevatnet eller berre generelt gå tur vidare innover heia så er denne nye stien eit både kortare og tørrare alternativ enn å ta vegen rundt hytta vår og vasse gjennom myra på baksida av denne.
      I tillegg til dette så sette me opp skilt med «privat veg» dei siste 50 meterane eller så frå hytta som ei ytterlegare bevisstgjering i høve til den nye turstien me hadde laga på baksida.
      (Her bør òg nemnast at hyttetomta ligg på ein plass rett attmed ein foss der det er fin badeplass og god utsikt, noko som gjer at folk trekkjer dit av dei grunnane. Me vona likevel at den nye turstien på baksida, samt dei skilta me sette opp, ville vere med på å bevisstgjere folk på vårt ynskje om privatliv på hytta vår.)
      Me var på hytta no i helga, og det fyrste som møtte oss var at nokon hadde rive ned det eine skiltet med «privat veg» og hiva det langt til skogs. Ikkje lenge etterpå begynte folkestraumen forbi hytta på same måte som tidlegare (inkludert dei nakenbadarane eg nemnde tidlegare). På veg ned att trefte me nokon som var på veg til å gå forbi hytta, og me spurde dei (igjen heilt roleg og høfleg) om dei kunne vere så greie å gå den nye turstien me hadde laga. Fyrst fekk me eit halvsurt svar om at det ikkje var godt å sjå denne stien (trass i at han er svært godt merkt der han begynner), og deretter ein like halvsur kommentar om at då fekk dei ikkje sett på utsikten utanfor hytta vår på vegen til fiskevatnet. Det vart likevel til at dei snudde og bruka den nye stien.
      (Det skal seiast at me ser at ein del har brukt den nye stien, men tydelegvis vel mange å berre ignorere han.)
      Eg tykkjer ikkje noko av dette er noko moro, for både eg og kona mi er i utgangspunktet blide og folkekjære menneske, og eg har liten lyst til å verte oppfatta som «han sure hytteeigaren» (eller som «Skjult lenke - logg inn for å se den» for dei av dykk som høyrer på Hellbillies 😉). Problemet er berre at alternativet (i alle fall for oss) er verre, og det er å misse store delar av privatlivets fred på hytta vår, samt å leve med kraftig auka slitasje og anna ugreie som den store trafikken fører med seg.
      Det eg lurar på er i botn og grunn kva mogelegheiter eg har til i høve til lovverket, både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt.
      Eg har lese grundig gjennom «Skjult lenke - logg inn for å se den» utan å verte heilt klok på kva som gjeld i dette høvet og ikkje. Under her har eg lista opp utdrag av enkelte paragrafar, samt dei spørsmåla eg har i høve til desse. Vonleg er det nokon her som har noko å fare med i denne samanhengen:
      Frå § 1 a: «Som innmark eller like med innmark reknes i denne lov gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker.»
      Kan hyttetunet vårt, når hytta ligg i utmark, definerast som «gårdsplass»/«hustomt», eller i det minste som «liknende område», og såleis gjelde som innmark? Vil det, ut frå det eg har beskrive ovanfor, vere rimeleg å seie at «almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker» i dette høvet? Frå § 2: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.»
      Vil det vere rimeleg av meg å hevde at den trafikken og åtferda eg har beskrive ovanfor ikkje skjer «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (mest relevant viss hyttetunet vårt ikkje kan definerast som innmark i høve til § 1 a)? Frå § 8: «Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.»
      Vil det ut frå denne paragrafen vere rimeleg å vise bort folk som badar i elva rett attmed hytta vår? Er i underkant av 50 meter frå hytteveggen å rekne som kortare enn det ein kan rekne som «rimeleg avstand»? Er ei hytte «bebodd» berre når der er folk, eller gjeld det så lenge hytta er i jamleg bruk (eg ville no til dømes meint at eit bustadhus framleis er «bebodd» sjølv om husfolket er bortreiste på ferie)? Frå § 11: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen.
      Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe.»
      Vil det vere rimeleg å seie at den framferda eg har synt til over her er som «hensynsløs» eller «utilbørlig atferd» å rekne, og at eg såleis ville kunne vise bort folk frå hyttetunet vårt på bakgrunn av dette? Frå § 13: «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett.
      Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.»
      Kan nokon ut frå dette hevde at dei skilta eg sette opp på siste delen av vegen inn til hyttetunet med «privat veg» er ulovlege, trass i at eg har laga alternativ sti for turgåarar, og trass i at stien som er merkt som privat berre går til hyttetunet vårt og direkte nærliggande område? Frå § 16: «Blir en eiendom i særlig grad utsatt for almenhetens ferdsel kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren bestemme hel eller delvis sperring av eiendommen, når ferdselen gjør nevneverdig skade på den eller er til vesentlig hinder for den bruk som eieren eller brukeren gjør eller ønsker å gjøre av den.»
      Er der noko opning i denne paragrafen for at eg kan søkje kommunen om eventuelt å setje opp gjerde eller tilsvarande stengsle for å hindre ferdsle over hyttetunet vårt? Det var det i denne omgang – då lyt eg seie takk til dei som orka å lese så langt! 😃
      Eg vonar verkeleg at dette ikkje berre vert oppfatta som klaging og syting frå vår side, det som går føre seg opplevast verkeleg som eit stort problem for oss, og som at hytta og hyttetunet vårt (i alle fall i store periodar av året) er mykje mindre attraktive enn før.
      Eg understrekar enno ein gong at eg ikkje er ute etter å hindre nokon i å nytte allemannsretten for å ferdast i området generelt, noko som skulle vere bevist av den tilrettelegging me har prøvd å få i stand. Det einaste me ynskjer er å kunne ha normalt privatliv, ro og fred på hytta vår.
      Ha ein flott dag vidare, og takk for alle svar! 🙂
    • Av elgen
      Hei
      Her står ganske nyansert om allemannsretten av dr. jus. i allemannsrett Marianne Reusch, som også driver nettsted om allemannsretten.
      Skjult lenke - logg inn for å se den
       
      Hilsen Elgen
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.