Gå til innhold
  • Bli medlem

Bingeline

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Bingeline

  1. Elgjegarar sitt jo berre på postar som dei kan køyre til uansett, så det e berre å unngå grusvegar. Eg går med fargerike klede og har truffe på jegarar heile denne veka, alle i bil...
  2. Hø? Eg har berre årgangsbensin på brennarane våre, ingen av oss som hugsar kva tid alle den suppa blei kjøpt. Funkar som berre det, kva skulle eg eigentleg merke?
  3. Tja, eg trur hushaldet her eig fem eller seks brennarar, slik er det når to turkrabatar flyttar i hop i vaksen alder. Eg ELSKAR Omnifuelen min, som eg brenn alt mogleg på. ELSKAR! Men likevel, i det siste, har eg tatt meg i å lirke ut Trangiaen etter faren min og husbondens bensinbrennar til Trangiaen. Eg kjenner meg som ein forrædar kvar gong, men det er berre så DIGG å ha innebygd vindskjerm. Då eg jobba på XXL brukte eg å selje slike Omnifuel-liknanden varianter med argument om at tre bein er veldig mykje lettare å få til å stå støtt, og eg kjenner jo at eg hadde rett når heile sirkelflata
  4. Eg hadde jo ei liknande oppleving ved Ramstadsjøen førre helg, då ein gjeng apekattar spela musikk til langt på natt, då gjekk eg til sist og spurte om vi kunne få nokre timar med stille. Eg er ikkje så redd for å vere upopulær (eg har trass alt vore lærar), men dei hadde byrja å skyte med luftgevær tidlegare på kvelden (i fylla), så eg var litt redd dei skulle finne på noko "artig" om eg var ho sure nabokjerringa. Men det er ganske omsynslaust, synest eg. Det ER mange måtar å vere på tur på, men å ikkje uroe alle andre sin måte å vere på tur på, det skulle vere den eine regelen som var absolu
  5. Som om du har kokt graut på sauelort. Eg ler av deg. 🤣😉
  6. Hæ?!? Kaffien er jo ikkje ferdig før det er mjølk i han!
  7. Nei, gløym alt anna og kjøp ny kosepose, du får noko heilt ok til under 2000,-. Berre pass på lengda, så ho ikkje må varme opp for mykje pose.
  8. Eg har ein som heiter Conness, men som eg har oppdaga: alt eg har er jo gammalt, min er frå 2008, trur eg. Det er ein dunpose, då. Trur dei Mountain Hardwear-posene som heiter Lamina har ein pose som er om lag -1 i t-komf, slik som Alta. Men for stor pose er håplaust, altså. Lengda er mest eit problem pga vekt (ein kan alltid stappe klede nedi), men når heile posen er for svær blir det alltid meir luft rundt kroppen også. Eg har også ein eldgammal Quechua-pose som eg kjøpte for 249 francs (ja, eg sa han var gammal!), og som har -1 som komfortgrense. Men den posen er kjempeliten, mest lit
  9. Eg lyg! Det er Mountain Hardwear eg har som er 168cm.
  10. Marmot har personlengde 168cm på dei fleste damemodellane sine. Eg er 160cm og har det fint i ein slik. Då eg jobba på XXL brukte eg å tilrå Alta i kortversjon til små damer, men eg trur kanskje Marmot er enda betre tilpassa. Skal du ha dun, forresten?
  11. Sikkert bra den også. Eg anar ikkje om det er ein kopi vi har, den er husbonden sin, opphavleg. Og sikkert minst 20 år gammal.
  12. Hm, som eg no har avslørt i tråden om friluftsliv som klimaversting, så tenkte eg å komme med nokre (ganske sikkert heilt utdaterte) tips. Eg har i all hovudsak laga mat på Primus Multifuel og Omnifuel. Eg har den siste, den førstnemnte var den turkompisen min hadde då eg byrja å gå på tur, for 20 år sida. Både Omnifuelen min og Multifuelen hans er i full drift enda, forresten. Men i dei seinare åra har eg blitt meir og meir glad i dei lause brennarane til Trangia, eg. Står støtt, vindskjermen er innebygd og eg kan stappe alt i ein bylt (som eg som oftast skubbar over til husbonden for å
  13. Eg har berre vore på Fjellforum ein månad, og eg har dermed fått banka inn at eg ikkje er berre er utdatert, men at eg er i ferd med å bli mora mi: alt eg har av turutstyr (med undantak av litt ullundertøy og hengekøya eg kjøpte i vår) er heilt utdatert og over 15 år gammalt. Eg har jo alt, eg, kvifor skal eg byte ut det som funkar? Så eg har tvert i mot oppdaga at eg ikkje er utstyrsfreak lenger... Då reknar eg i grunnen med at alt kjem til å vare i 15 år til, eg meiner, Arch Wall-jakka mi er jo heilt ny (frå 2004)!
  14. Men i all verda, ein kan då ikkje drive og sprenge slik utan å dekke det til? Kommentaren, "å, herregud" var mildt sagt på sin plass, altså. Altså, eg er samd i at det er mykje gale med dette, men eg hengte meg opp i at dei let alt berre sprute ut.
  15. Det burde ikkje vere eit problem å få fotposer i din storleik? Og det seier eg fordi EG har fotposar som passar, og eg brukar 36 i sko. No sjekka eg dei, og dei er 35/36. No skal eg leggje til at eg brukar ikkje fotposane mine over støvlar, eg brukar dei med dunsokk i leiren. Det er digg, det! Gå heile dagen på ski i stive skistøvlar, setje opp telt, fram med dunsokkar og fotposar og labbe rundt. Det er turlukke, altså.
  16. Forsvarsfolk gjer ganske ofte eit poeng ut av å snakke i forkortingar og interne uttrykk. Helsing gift med ein tidlegare offiser... Men til saka: eg elskar fotposane mine, fyllikvantane og NATO-genseren. Husbonden går framleis mykje i feltstøvlane (M77) og eit par grå tjukke sokkar som eg er skitmisunneleg på. Eg prøver dessutan stadig å snike til meg kommandolua hans, men eg blir ferska kvar gong.
  17. Eg bur på Romerike no, og trur kanskje det hadde vore nok med Lillehammer eller Hønefoss. Særleg Hønefoss har bra vegnett for landevegssykling, og kort veg til både skau og fjell. Lillehammer er jo meir snøsikkert, men vegnettet er vel litt tristare. Men der er det bra terrengsykling, bra skiføre og kort veg til fjells.
  18. Du har gode poeng her. Ein skal kanskje ikkje vere så redd for å ringe. Men det sitt jo litt inne å ringe eit nødnummer, det gjer det.
  19. Hæ? Nei, det var som sagt ein brennar som slo seg vrang. Men eg var ikkje der, vi var ikkje på same stad, så eg har ikkje andre detaljar enn det. Det er lov med primus sjølv om det ikkje er lov med bål, det er jo litt ulike ting.
  20. Eg lufta det litt for husbonden, og han foreslo at det er ein måte å hevde dominans på, "har du meir rett på stille enn eg har på å høyre på musikken min", liksom. Og eg får litt kjensla av at dei dreg til skaus for å unngå krava frå sivilisasjonen: om dette var naboene mine, ville dei fått politiet på døra. Men kan ein eigentleg ringe 112 når fem ulike leirar drit i bålforbodet?? 112, liksom? Samtidig, venninna mi fekk ei utblåsing frå ein brennar i går kveld, og bakken tok faktisk fyr, ho slokka som gal, så det ER tørt nok til at det fint kan ta fyr. Og luftgevær?? I fylla? Det er ein klar t
  21. No må eg berre rante litt etter å ha ligge ute i nærleiken av fire unge menn som heilt klart hadde fått allemannsretten i vegen for vettet. Det byrja med skrål, rundt Ramstadsjøen i Rælingen i går kveld. Det var folk på alle oddene rundt heile vatnet, så det var veldig klart at dei ikkje var aleine. Forresten, det byrja med at dei ropte "det er vår plass" ned til meg, der eg satt og las i boka mi. Deretter kom alle skrålinga. Eller, første del av skrålinga, den gjentok seg. Deretter på med musikk. Høgt. Og altså, det var ganske klart at det var lytt, alle høyrde folk frå alle plassane. Men Øst
  22. Kan eg berre heilt varsamt tipse om å sjekke personlengda på påsan og å ikkje velje for svær påsa? Eg snakkar av bitter erfaring, men eg er ganske lita. Eg trur Bergans sine småposar har personlengde opptil 175, Mammut 180. Berre eit lite tips altså, men dei færraste damer treng regularposen opptil 195cm, den blir fort litt diger å varme opp.
  23. Eg trur eigentleg ikkje at allemannsretten har gått til hovudet på folk, og heller ikkje at den er særleg trua. Det blir gjort, og har blitt gjort ein del veldig bra arbeid med å trygge til dømes tilgangen til strandsonene, og det trur eg er veldig bra. Men folketalet i Noreg er på veg opp, og det tyder også at talet på idiotar blir høgare, og ein skal ikkje ha meir enn eit par idiotar ekstra før driten deira blir meir og meir synleg. Eg veit neimen ikkje kva ein skal gjere med dei som ikkje bryr seg, for eg trur det er slike som er problemet, dei som ikkje synest regelen gjeld dei, fordi nett
  24. Var det spørsmål til meg? Eg har Explorer, trur eg. Men altså, eg er 160cm og 53kg, så eg trur ikkje køya har skulda for dette. Eg skal ut att i morgon, og då blir det med høgare fotende og høg slakk!
  25. Takk for gode tips! Eg er ganske viss på at eg ligg i rett retning, som du seier så er det ganske klart kva retning ein skal ligge i når ein ser på dei bardunane. Men eg skal prøve meg fram med litt slakkere køye. Skal ut i morgon natt, og då skal eg bruke litt meir tid på å ordne. Eg skjøner no at dei fleste har styra litt meir enn det eg har gjort til no, så eg får vere flinkare til å ta meg tid til å eksperimentere litt. Igjen: takk!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.