Gå til innhold
  • Bli medlem

Store Soleibotntinden 14. oktober


ørjan

Anbefalte innlegg

Ein liten helgetur heimom foreldra mine og dermed var Turtagrø 35 minutt nærare. Av ymse grunnar har eg gått lite i traktene rundt Turtagrø og Soleibotntinden var eit fint alternativ ein haustdag. Stig plukka meg opp i 10-tida og litt før 11 var me i gang etter å ha parkert ved Tverrelvi. Veret var ikkje det heilt store, men me hadde eit håp om at det var sol over skyene sidan me såg enkelte solgløtt øvst i Soleibotnen. Enkel småklyving før me var oppe ved vatnet som på kartet har fullstendig feil høgde (512 moh). Breklatten i vestkanten av vatnet var langt mindre enn på kartet, men slik måtte det vel gå med ein slik sommar som me har hatt. No var det berre å rusle oppover grusryggen og håpe at veret vart betre. Og brått var me gjennom skyene og himmelen var blå og nysnøen kvit :arrow:

Trehundremetersbakken vart langt drygare enn den såg ut til ved første augekast. Det var eit gamalt spor som kunne følgjast i snøen, men det var noko isete å gå i det. Siste biten av bakken gjekk spora merkeleg nok ut på nordsida av ryggen og det vart noko småbratt og uggent. Her hadde ikkje sola byrja å ta tak, men eit fall ville truleg ikkje vorte så langt. Vel oppe på ryggen var det berre sjarmøretappen att dei siste par-trehundre metrane bort til toppvarden. Der møtte me to stykkjer som var i ferd med å gå ned att. Den eldste hadde forøvrig vore på toppen to veker tidlegare òg. Dei hadde følgt det same sporet som oss til topps og var like forundra over vegvalet til vedkomande som hadde gått der.

Utsynet denne dagen var sjølvsagt gnistrande, Storen rett i mot, Ringstind så nær at me nesten kunne ta på han og elles Jotunheimen bakanfor desse to. Fascinerande å sjå toppane stikke opp av skoddelaget som låg tett denne dagen. Store Midtmaradalstinden såg vanskelegare ut enn då eg hadde ein klyvetur der for nokre år sidan, men mykje vert ofte lettare på nært hald.

Indre Sogn låg også bada i skodde, men langt borte i horisonten stakk Kåpa og Brenibba opp. Dessverre for langt borte for at kameraet mitt skulle få eit brukbart bilete. Utruleg moro å få ein slik tur der skodda ligg på rundt 16-1700 meter og berre toppane stikk opp.

Nedturen vart fin. Dei to me hadde møtt på toppen hadde gått rett fram og laga fine spor midt på ryggen, så me slapp den skuggelagte nordsida. Deretter vart det ein liten tur og sjå på dei små isfjella som flaut rundt i vatnet ved Berdalsbreen. Så var det slutt på nysnøen og det vart tørt og fint ned til bilen og ein fin tur var diverre over.

post-7-133474440329_thumb.jpg

post-7-133474440337_thumb.jpg

post-7-133474440343_thumb.jpg

post-7-133474440348_thumb.jpg

post-7-133474440355_thumb.jpg

post-7-133474440361_thumb.jpg

post-7-133474440369_thumb.jpg

post-7-133474440381_thumb.jpg

post-7-133474440395_thumb.jpg

post-7-133474440401_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Du verden for fotoforhold! :arrow:

Både daltåke og melis på toppene! Dette må ha vært en nydelig dag ja! :wink:

Skulle ønske vi hadde fått sånne forhold på vår tur over Soleibotntinder i sept.

(https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6387)

Fint med en oppdatering på forholdene også.

Ser at særlig Loftet og Veslfjelltind begynner å bli temmelig hvite.

Bra det, jeg lengter til skia, og ikke minst har breene godt av myyyye snø i vinter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Store Soleibotntind ligger trygt innafor 10 på topp hos meg når det gjelder utsikter :( Var der under ganske like tåkeforhold på en ellers knalldag ganske nøyaktig 10.mars 2004. Gikk fra Turtagrø. Snakk om lettvindt måte teknisk sett å komme til makan til alpin utsikt. Spesielt var det Store Austabotntind og Store Ringstind som gjorde inntrykk, men alt var flott, og spesielt Storen virket mye nærmere i virkeligheten enn noe bilde uten zoom kan gi inntrykk av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.