Gå til innhold
  • Bli medlem

Fagre fjellbotnar over halsbrekkande liar vest for Steinslandsvatnet, Modalen.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Modalen er ein av dei velkjende innfallsportane til Stølsheimen. I desse moderne tider er det både anleggsvegar, regulerte vatn, turre elvar og kraftlinjer som pregar innfallsporten. Dei som har levd ei stund og var i Stølsheimen før 1976 hugsar nok at turen til Stølsheimen starta med båt frå Bergen og innover Osterfjorden til Modalen. Deretter bar det oppover dalføret til Steinlandsvatnet. Før 1962 var det båt som trongs på turen innover vatnet, men sidan kom vegen til Steinsland. Uansett starta turen innover frå Heimdal på Steinsland. Då var det berre å ta beina fatt derifrå for å gå innover Steinslandsdalen til Stølsvatnet, og vidare mot Steinslandsstølen, Solrenningen, Halsetsstølen, Åsedalen, Rappen, Vikjafjellet, Arnafjorden, Ortnevik, osv. Det var óg sti frå Steinsland og innover Norddalen den gongen. I dag er stiane inntakt, og har tilpassa utbyggjingane som har funne stad her inne, med vekslande hell. Elvasusen i fjelldalane har stilna hen, sjølv i Norddalen der det ikkje kom veg. Uansett, dreg alle som startar/avsluttar turen på Steinsland forbi det 6 km. lange Steinslandsvatnet. Steinslandsvatnet ligg nede i noko som minnar om ei alpe-kløft. Styggbratte liar står mest loddrett ned i vatnet, men liane er påfallande jamne, og fjellandskapet er noko atypisk for området, med ein landskapsform som høyrer meir heime på Nord-Vestlandet, og endå er ein litt sør for Sognefjorden. Det er nok dei færraste som ser for seg at ein tur i fjella rundt Steinslandsvatnet i det heile verkar aktuelt. Det er jo ikkje der stiane, stølane og turlagshyttene ligg, sjølv om dei vestlege delane av Stølsheimen har fått 2 hytter dei siste 16 åra. Med Vardadalsbu rett vest for Steinsland kom turstien "Seljestigen" over "Stølsheimens Tak" mellom Straume i Modalen og Vardadalsbu. Denne stien følgjer høgste fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet, med dei sjeldant vide utsyna som til og med vart oppdaga av ein og annan i hovudstaden etter at stien var klar. Det var no det. Visst er det ein storslagen tur å gå med utsyn like frå hav til Folgefonna og Jotunheimen ein godvêrsdag. Frå stien kan ein få små glimt ned i botnane langs Steinslandsvatnet undervegs. Likevel er det noko heilt anna å vera nede i desse fagre perlene av nokre idylliske og fredelege botnar, der sauene beitar i fred og ro, og hjorten tuslar uforstyrra under rognetrea nedtyngde av saftige raude rognebær, så saftig raude at ein skulle ynskt at ein hadde elska smaken på dei. Derimot smakar fjellvatnet i småelvane i botnane så godt at ein hugsar at ein drakk vatnet der i all æva. Om det er eit faktum at øvre Modalen er tungt kraft-utbygd, har ein på vestsida av Steinslandsvatnet nokre fagre og bortgøymde villmarksperler i desse botnane. Det som er er at botnane er alt anna enn lett tilgjengelege. Landskapet gjer sitt med dei bratte liane opp frå Steinslandsvatnet fyllt med hamrar og lumske sprekker. Det verste er at alt av gamle stiar og dyretrakk er attgrodd nede i liane, og tett krattskog og 1-2 meter høgt gras gjer terrenget krevjande og risikabelt å ferdast i. (Og Stuttjukken ramla over nokre steinar på tur ned att til Steinslandsvatnet og slo seg kraftig for 3 veker sidan, men no har smertene endeleg sluppe taket). I sin iver etter raske pengar frå kraftutbyggjinga blant enkelte i lokalbefolkninga, har gamle stiar forfalle, liane gror att og botnane er i dag meir utilgjengelege enn dei nokon gong har vore. I dag må ein brøyta seg fram i liane der, så botnane har forsåvidt verna seg sjølve som dei villmarksperlene dei verkeleg er.

Turskildring i neste innlegg.

Helsing Stuttjukken.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

På veg oppover Modalen i Nordhordland passerer ein Straume, rett før Steinslandsvatnet (120 m.o.h.). Dermed er det berre å køyra innover langs vatnet forbi Skavlane, det store skredområdet under Gråsio, og er av slike dimensjonar at det nærmar seg Velure på strekninga Odda - Utne i Hardanger. Det ber så vidare innover til ein kjem til ei lita bru over Tverråni. Stopp litt før og sør for brua. Sjå etter autovernet langs vegen, for det er greitt å starta like nord for der autovernet sluttar litt før brua. Det er ingen sti å finna i dag, så dermed er det berre å ta beina fatt opp den bratte skogalia. Dette er Tverrlii, og den er framleis mogleg å ta seg fram i utan store vanskar. Det er allminneleg og mjuk gras- og lyng-mark her. Sjølv om elva ikkje er å sjå, er det greitt å gå oppover slik at ein høyrer elva undervegs. Hamrane er greie å passera, då det er opningar i dei som ein kan gå opp. Her var det eit bergstykke som hadde opna seg ut ifrå resten av fjellet. Tankane gjekk til Åkernesrevna i Sunnylvsfjorden på indre Sunnmøre. Det skjer akkurat det same her, og sprekken er 1/2-1 meter brei. Det eg ikkje veit er om den er i rørsle slik som Åkernesrevna er, men det verkar ikkje slik. Vestlands-liane har svært mange slike, mange fleire enn folk anar. Eg visste ikkje om denne før eg såg den i haust.

Snart opnar skogen seg, og det tynnest ut med furutre, bjørk/rogn og myrmark. Etterkvart kjem svaberga opp i dagen. Utsynet utover Steinslandsvatnet i retning Straume er praktfullt og storslagent. Her heiter det Flædna, og her er det berre å traska oppover ryggen sør for Tverråni som renn nede i ei kløft. Først no er det sporadiske sauetrakk innimellom. Ein held fram så langt oppover ryggen at ein kjem opp til ei lita tjørn på ein knaus. Ser ein rett over Steinslandsvatnet no, ser ein Svartavatnet og Nystølen, samt Kvitavassdalen, Storfjellet, Sygnaskardet (norrønt for Sogne-skardet) og Blånipi. Dermed er det berre å trekkja skrått oppover, og gå innover ein avsats som heng litt høgt over elva i botnen, over 700 m.o.h.. Dermed er det berre å traska nedover mot elva i Tverråbotnen, 640 m.o.h. Innover i botnen ser ein mot det bratte berget som heiter Borgi, og bak der er Gråsio. Oppå Borgi går den merka turstien "Seljestigen" mellom Straume og Vardadalsbu. Går ein denne stien ser ein ned i Tverråbotnen der oppe frå. Vanlegvis ligg det fleire større snøfonner i Borgi, men no var alle borte, og det var ikkje snø og sjå nokon stad. I 1994 var det opp mot 20 meter snø oppå der, kun etter ein vinter. Ta ein pause her og smak på dette elvavatnet. Smaken er heilt eventyrleg god, så god at ein aldri gløymer det drikkevatnet.

Vidare kryssar ein så elva og går slakt oppover i skråninga i retning ut av botnen mot Steinslandsvatnet. Etter at ein har kome forbi svaberga over ein, er det berre å trekkja oppover mot ei tydeleg og smal grasbrekke som trekkjer heilt oppå fjellryggen med namnet Noltaberget (står ikkje på kartet), og vel oppe er ein litt over 800 m.o.h. No ser ein rett over i neste botn, nemleg Sæterbotnen. Her ser ein rett innover mot Steinsland inst i Modalen. Så trekkjer ein litt oppover ryggen i sørvestleg retning til ein er så høgt at ein ser bort på Sætertjørni, 824 m.o.h. Dermed er det berre å rusla bortover slakke svaer på ei hylle som fører mot vatnet. Gå så langs austsida av vatnet og kryss elveosen. Her er den finaste staden på heile turen, så staden er verd ein real pause. Dette er ei vakker tjørn i ein vill og fager botn under det snaue og grå Sæterfjellet, (der turstien "Seljestigen" går over, slik at ein såvidt ser mot botnen og tjørna der oppe frå). Det strekkjer eit graskledd nes ut i vatnet som kallast for Lindesnes, og er ein heldig beitar sauene her. Her er det heilt stille, og ved elveosen ser ein ut av Sæterbotnen, med fjella aust for Steinslandsvatnet som ein storslagen ramme i bakgrunnen.

Vidare er det berre å trekkja på det gode sauetrakket frå elveosen og innom vatnet til det vetle skardet bak haugen innanfor vatnet, nestan 840 m.o.h. Ingen høgde å snakka om for fjellsportarar, og langt langt under 2k, men så er no gjerne villmarksperlene gøymt nede i holer i fjellområda. Derimot kan ein berre gå opp på toppane mot vest (Taket, 1211 m.o.h.), så kan ein sjå fleire 2k-ar. Vel innom haugen ber det slakt nedover til ein kant i botnen lenger inne i retning Steinslandsvatnet. Der møter ein det mest storlagne og vakre utsynet på heile turen. Endeleg fekk eg fotografert eit av dei motiva eg hadde drøymt mest om i alle dei åra sidan eg var der sist. Her ser ein nedover Sæterbotnen og rett ned i Steinslandsvatnet med den vetle Tausaholmen. Dette er den finaste vinkelen for fotografering av fjellandskapet rundt Steinslandsvatnet med holmen i fokus. No ber det bratt nedover ei lang fjellside med lyng, steinurdar, bregner og gras. Ein held fram til ein er heilt nedst i Sæterbotnen, litt over der elva renn ut, ca. 500 m.o.h. Dermed er det berre å følgja eit suaetrakk til venstre mot nord og trekkja ut av botnen og inn i skogen. Litt lenger nede er det spreidd med storstamma bjørketre. Her forsvinn sauetrakket og all komforten. Sidan er det ikkje så mykje anna å gjera enn å ta seg ned den ville og tette skogalia med svært høgt gras som best ein kan. Alt er gjengrodd, og finn ein trakk innimellom har ein flaks. Her er det langt vondare å ta seg fram enn i Tverrlii der ein gjekk opp. Sæterlii var før i tida den beste oppgangen mellom Straume og Steinsland, men er i dag eit ekstremt villniss. Ikkje rart at det vart nokre fall nedover, med eit smertefullt slag til følgje, og først no etter 3 veker er eg nokolunde smertefri. Det gjekk no over dette óg. Villnisset held fram heilt ned til bilvegen. Her er ein nede mellom brua over Sæterelvi (vatnet er under steinrøysa i turre tider) og Straumsstølen (litt restaurering for tida).

Ein flott tur inn i nokre av dei fagraste villmarksperlene i Stølsheimen er til ende, om enn avslutningen ikkje vart heilt god.

Bilete kjem i seinare innlegg.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har lasta opp 39 bilete tilsaman frå denne turen, i 800x600, og ordnar til 13 stk. i 3 innlegg.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

1. Tverråni ved Steinslandsvatnet, der brua går over elva.

493fced3.jpg

2. Vegen i Tverrlii ved Steinslandvatnet, der ein kan starta ved enden av autovernet.

8a332956.jpg

3. Gamle merke etter tidlegare bruksgrenser i skogen er framleis råd i finna, (uklart bilete).

74a72a33.jpg

4. Stolte furutre i skogen oppover Tverrlii.

4db7b826.jpg

5. Fjellet opnar seg oppe i Tverrlii. (Viser til trådane "Se opp og løp", og "Åkernesrevna").

96fb2fc6.jpg

6. Oppover myrane på Flædna ser me utover Steinslandsvatnet mot Straume. Frå venstre ser ein Geitnipa og Stimmi nærast, og Vardafjellet (overgang til Fjellanger og Lavik midt i Eksingedalen) og Sørskardfjellet.

3d4efe31.jpg

7. Tverråni kastar seg villt nedover kløfta her nedanfor Tverråbotnen.

29da1677.jpg

8. Eg er takknemleg for at far min klarar å vera med på tur oppi botnane der han hadde sauer for mange år sidan. Han er 76 år, men dette gjekk fint.

cbe8f251.jpg

9. Utsyn frå øvst i Flædna og ned mot Steinslandsvatnet, med Smørstakken (frå venstre), Storfjellet, Svartavatnet og Nystølen i bakgrunnen.

8b396449.jpg

10. Tjørna på berget der ein er på tur inn i Tverråbotnen.

4a878eb5.jpg

11. Utsyn frå kanten ved Tverrabotnen mot Norddalen, Måni og Steinslandsdalen på Steinsland, med Smørstakken til høgre. Folk flest køyrer oppover Steinslandsdalen til Stølsvatnet og traskar innover i Stølsheimen derifrå, men dette fine utsynet ser nestan ingen i dag.

d4fc344c.jpg

12. Utsyn innover mot inste Tverråbotnen med Borgi mot Gråsio er i bakgrunnen. Dei store snøfennene som har lagt her i "alle" år er borte. Føresommaren 1994 var det opptil 20 meter snø oppå der. Turstien "Seljestigen" frå Straume til Vardadalsbu går ovanfor Borgi i bakgrunnen.

67eae060.jpg

13. Tverråbotn, mot grasbrekka oppover mot Noltaberget, og Sæterfjellet.

5ff8956c.jpg

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14. Tverråni i Tverråbotnen, med det uallminneleg og eventyrleg gode drikkevatnet.

e9c64cbc.jpg

15. På fine flatar i Tverråbotn, med Smørstakken og Kvitavassdalen i bakgrunnen.

2e4e617f.jpg

16. Sauene har det fint her på dei saftige beitene i desse fredelege botnane.

162fe59f.jpg

17. På veg opp grasbrekka frå Tverråbotnen er det fint utsyn austover mot Gavlafjellet (aust for Nygard/Krossen i Modalen), Nåmdalsfjellet, Reinsnovi og Blånipi.

69f8ba1c.jpg

18. Høgt oppe i grasbrekka frå Tverråbotnen ruslar far min på 76 år, og det gjekk ikkje så verst heller.

89f29d5f.jpg

19. Noltaberget mot Tverråbotnen og Gråsio.

9541d7b3.jpg

20. Noltaberget oppover mot Snjodalen og Seljestigen innanfor Seljedalsvatni.

ff311867.jpg

21. Lita pytt på Noltaberget, utsyn nordover mot Nordalen, Måni og Smørstakken innanfor Steinsland.

4bbeb92d.jpg

22. Utsyn frå Noltaberget og nedover Sæterbotnen mot Steinsland.

c3a22a9d.jpg

23. Sæterbotnen mot Seglbrekko (til venstre) og Steinsland. Seglbrekko har dei høgstveksande trea i Modalen kommune, med tre som veks i 900-1000 m.o.h. Når ein veit at havet kun er 5 mil unna i luftlinje lenger vest, skal ein vera klar over at dette er høgt for skogen i slike kystnære område. Neste skogholt i slik høgde er eit godt stykke lenger inne (mot aust) i Stølsheimen, t.d. omkring Dunevollen og Gavlen nært Finnafjorden (1,5 mil mot nordaust).

ef937b17.jpg

24. Øvste Sæterbotnen mot kanten der Sætertjørni er oppom. Her trekkjer ein opp Noltaberget utanfor venstre biletkant, og følgjer fjellhylla frå venstre i biletet mot tjørna.

aba39b79.jpg

25. Nedover Sæterbotnen mot inste enden av Steinslandsvatnet ved Steinsland Kraftverk under Smørstakken.

30a8b848.jpg

26. Sætertjørni (824 m.o.h.) mot Sæterfjellet (1191 m.o.h.). Turstigen "Seljestigen" går over toppen av Sæterfjellet, der ein såvidt ser ned i Sæterbotnen ovanfrå.

c5924fcb.jpg

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

27. Sætertjørni med Lindesnes borte i vatnet. Her er det gode sauebeiter, men tilkomsten er no alt anna enn lett då.

4f2940ff.jpg

28. Elveosen ved Sætertjørni, med flott innraming av Smørstakken, Sygnaskardet (det høgre av dei 2 skarda attmed kvarandre) og Storfjellet i bakgrunnen. Her er Paradiset i botnane.

b692521b.jpg

29. Sætertjørni i motlys.

e551307b.jpg

30. Pyramiden i Sæterbotnen, litt nedanfor Sætertjørni.

74048c10.jpg

31. Utsyn nedover Sæterbotnen mot Steinslandsvatnet med Tausaholmen, med Smørstakken, Bjørnskardet og Storfjellet i bakgrunnen. Dette er eit av motiva eg har drøymt om i årevis, og endeleg vart turen noko av.

b2fa39ec.jpg

32. Steinslandsvatnet med Tausaholmen, sett frå Sæterbotnen.

e3e737bf.jpg

33. Nedste Sæterbotnen og innover botnen.

7cfcebbc.jpg

34. Nedste Sæterbotnen mot Sæterfjellet, og utsynspunktet mot Tausaholmen i Steinslandsvatnet er oppe på knausen nært venstre biletkant, og til venstre for der Sæterfjellet stuper ned mot venstre der oppe.

1626179d.jpg

35. Nedste Sæterbotnen mot Seglbrekko, der dei kanskje høgstveksande trea vest i Stølsheimen er å finna.

82272dc7.jpg

36. Nedste Sæterbotnen mot Storfjellet, og Steinslandsvatnet er nede i kveldskuggen.

02884c90.jpg

37. Frå Sæterlii mot Tausaholmen i Steinslandsvatnet.

cdc05266.jpg

38. Villskogen er tett og vanskeleg framkomeleg her i Sæterlii, med utsyn utover Steinslandsvatnet i retning Straume.

bc2acbab.jpg

39. Vel nede frå Sæterlii, kraftig forslått, med tilbakeblikk mot den langt på veg uframkomelege Sæterlii. Heldigvis hende det ikkje far min nok, og sjølv er eg omtrent bra att etter dette.

f1d1273c.jpg

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Biletserien er sikkert altfor grundig, men men. Får eg rettleiing, kan eg sikkert gjera det på ein meir fornuftig måte neste gong. Slik er det når ein såvidt har byrja digitalt. (Då vert det gjerne "Å nei, ikkje han óg").

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.