Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Ser mot Gullfjellet dei fleste dagar. Det har snødd eindel dagar der oppe den siste tida, seinast i går. Sjølv om nysnøen tinar raskt, har den kome så ofte at den andre snøen frå vinteren har tint lite. Når det er sagt, har jo vinteren vore nedbørsfattig, så det er ikkje mykje snø, men kulden gjer at snøen har vorte liggjande, iallfall mykje av snøen høgast oppe. Trur i grunnen at ein Gullfjellstur no bør føregå på ski, alternativt tidleg på morgonen medan skaren held langt på veg. Alle skyfrie netter har vore frostnetter i det siste.
  2. Liknar på Kvænangstindane i Navuotna i Nord-Troms.
  3. Er ikkje så ofte innom no, men eg fann denne tråden. Når det gjeld store delar av Stølsheimen er det nok store snømengder der som vil verta liggjande til fram mot seinsommaren, iallfall i nord og vest som mellom Modalen og Masfjorden, og mellom Modalen og Sognefjorden. De brukar telt, nemner de. Kva med å ta turen til fjellpartiet mellom Eksingedalen sin midtre del og Modalen? Områda rundt Hesjedalsvassdraget innanfor Stamnes (innanfor Dale) er nok fine no. Så har me områda frå Bolstadfjorden mot Øvstedalen og vidare innover, men der må ein pårekna eindel vandring på veg. På Sognesida er framkomsten buss og eller båt/ferje. Kjem de inn til Ortnevik er nok Brydalen fin på denne tida. I Arnafjorden er det nok greitt å koma seg til Vatnane frå no av, reknar eg med. Vidare frå Vatnane og innover i Stølsheimen er det nok for mykje snø i vekevis endå. Gå heller ein tur på Fagerdalshalvøya og kikk ned i Finnafjorden, Stølheimen sitt vakraste og mest spektakulære skue. I Bergsdalen er det nok eindel snø i fjella endå, men held varmen på framover kan det verta aktuelt å gå i området mellom Hamlagrøosen (Alexander Grieghytten) ogBolstad eller Evanger. Det er omtrent ikkje bussamband i Bergsdalen heile sommaren, men det går ei postrute oppover frå Dale om føremiddagane. Ring TIDE i Lonevåg på tlf. 56 39 38 50 for informasjon om bussruter i området. Sundagen bør de gå mot Bolstad eller Evanger. I Bergsdalen går det ingen buss på sundagar, men frå Bolstad og Evanger går det både buss og tog. Ein kan óg gå både til og frå Bolstad eller Evanger. Har de tid nok til å gå ein langtur frå E 16 eller jernbanestoppet på Bulken, der ei lang vandring på veg må påreknast, kan de gå oppover vegen frå Bulken mot Hodnaberg (evt. tinga taxi). Når de er på Narheim kan de følgja ein sti som går mot sørvest til vakre Lundaholmen. Dette er ei vakker perle av dei sjeldne, der det er ein spreidd støl som ligg i området. Ta turen bort til selet på sjølve holmen. Derifrå kan de gå vestover mot Lonane, og så trekkja ned mot Evanger eller Bolstad. Helsing Stuttjukken.
  4. Ta kontakt med Kåre Egenberg på Rødland i Bergsdalen. Han veit nok litt om dette. Helsing Stuttjukken.
  5. Det går greitt å parkera ved Strynsvatnet (Erdal), og returnera med buss frå Sogndal. Hugs at det tek si tid, så overnatt i Sogndal og ta ein morgonavgang (skilta Førde/Florø) frå Sogndal. Gå av på Skei i Jølster. Derifrå tek de ein buss som går frå Skei til Stryn (via Utvik - Olden). I Stryn tek de ein buss som går mot Otta/Oslo eller Trondhjem, og går av ved Strynsvatnet. Ein buss som er grei og vita om er nattekspressen Bergen Trondhjem. Den passerer Skei om kvelden og går direkte til Strynsvatnet utan bussbyte i Stryn. Då gjer det ingenting om de tek ein ettermiddags- eller kvelds-avgang frå Sogndal med korrespondanse. Endar de opp i Fjærland er de midt i leia for bussruta Sogndal - Skei - Førde - Florø. Helsing Stuttjukken.
  6. No har eg ikkje gått Nordland på langs eller noko slikt, men eg har budd nordaførr i 3 år tidleg på 90-talet. Budde på Sortland i nord-fylket den gongen, og fekk med meg bl.a. Møysalen, norges nest høgste øy-fjell som er på Hinnøya, 1262 m.o.h. Først må ein ha klart for seg kva tid på sommaren turen skal føregå. Nordland har svært skiftande snøforhold, og det er stor skilnad på snøforholda (eller kor langt snøtininga har kome) om ein snakkar om juni, første del av juli, siste del av juli, august. Dette er meir uforutseibart i nord enn i Sør-Norge. Dei lyse sommarnettene med sol døgnet rundt har mykje og sei for kor fort snøtininga går. Er det mykje godvêr i midnattsolsesongen, tinar snøen svært raskt, og det betyr flaumstore elvar om sommaren. Så er Nordland langstrakt på nord-sør-aksen. Lengst sør er det ikkje midnattsol, men ein skal ikkje langt nordover i Nordland før midnattsola når fjelltoppane ved solsnu (jonsok), for då kan det anast selvis midnattsol på toppane i Børgefjell óg. Så har me "Polarsirkel-landet", der midnattsola er delvis i havnivå, strekninga Vega - Sandnessjøen - Polarsirkelen. Frå Polarsirkelen og nordover er midnattsolsesongen lenger, jo lenger nord ein kjem. I Narvik er det vel midnattsol, kalibrert for havnivå, i 6-7 veker. (Nordkapp har midnattsol i 11-12 veker). Eg ville ha starta i sør og gå nordover, men det har vel mykje med smaksaken min som trivest best med sola i ryggen eller i sida. Går ein tidleg i juli bør ein starta i sør, men rikeleg med snø må påreknast uansett. Så tiner snøen nordover i takt med at turen skrir fram. Det går vel nokre veker. God tur! Helsing Stuttjukken.
  7. Kan Lindap vera på Helberghytta og Mattings på Bjordalsbu, tru.................... Vill tipping frå Stuttjukken. Helsing Stuttjukken.
  8. FU kan kikka på fjellet på andre sida av fjorden på biletet hans. Det er Kleivfjellet. Der er det ei flott rute over fjellet på gamle buførevegar frå Sylvarnes/Hanekamb og over fjellet til Hanekambdalen, der ein kan gå nedover forbi Alreksstølen til Solrenningan. Båt frå Ortnevik eller Vik, 3-4 dagar i veka. Overnatting mogleg på Strendene gamle skulehus på Sylvarnes. Helsing Stuttjukken.
  9. Torskanesglyvrao nord for Fagerdalsipi på austsida av Finnafjorden, Sognefjorden si sørside vest for Vik. Stuttjukken har vore der ute 2 gonger. Neste gong de er der oppe, FU, kan de gå frå Vatnane og rett over den slakke dalen mot nord og over ryggen nordaust for Vatnavatni. Treff ryggen på litt over 1000 m.o.h., og trekk litt nedover mot Finnafjorden (ikkje mykje). Der er det beste utsynspunktet mot heile Finnafjorden med Finden, Tåa og Finnabotnen. Så kan de tusla nordover mot Fagerdalsnipi. Gå via Ramnaberget som stikk framover mot fjorden, der Finnafjorden går i rett linje mot Finnabotn. Fjellryggen mellom Vatnavatni og Ramnaberget er "laust", og er spådd sin undergang med å ramla ned i Finnafjorden om ca. 6000 år. Store vassfylte "botnlause" sprekkar (Skarglyvrene) oppe på ryggen vert sjekka år om anna, men det har ikkje vore endringar der dei siste 100 åra heiter det seg. Andre fine turar frå Vatnane. -Gå nordaustover mot Vardeheii rett ovanfor Nese i Arnafjorden. Det er ein gammal stølsveg over høgda der og utover lia ned til Rosete (ope sel som kan overnattast i). Derifrå er det ein god sti ned den lange lia til Nese. Det går óg an å gå nordover frå Vardeheii, og forbi selet/hytta på Tuftene. Vidare nordover mot nordaust-hjørnet av Fagerdalshalvøya kjem ein til ein varde rett ovanfor Otterskred. Det går sti ned ryggen på hjørnet, og lenger nede svingar stien inn att mot Arnafjorden mot tuftene i Rotteskardet. Rett nedanfor tuftene er det ein svakt synleg stølsveg ned den bratte skogen mot Otterskred, som først går nedover og deretter inn i skogen med nasa vendt innover fjorden. Båtskyss trengs frå Otterskred til Nese eller Eitrestrondi, men det bur folk der, og hytter ein kan overnatta i har dei der. Akkurat Otterskred er det meir tilrådeleg å starta nede og gå opp lia. Stien er ikkje lett å finna der oppefrå, om ikkje det har vorte gjort noko med stien etter 1994 då eg gjekk ned der. -Gå ned mot vatnet og over elva. Følg sauetrakk som går oppover ryggen mot vest. Stien vert tydelegare lenger oppe, og det ber inn i Svartevassdalen. Stien svingar oppover den breie ryggen mellom snøfonnene, og vert svakare att lenger oppe. Det er nokre vardar vidare som ein kan følgja. Det ber over nordre enden av Urdeggi, vel 1260 m.o.h. og nedover på vestsida og nedover ryggen på sørsida av Tolleknivbotnen. Mot sør ser ein rett inn i Trollabotnen, truleg den villaste staden i heile Stølsheimen, og nedanfor botnen er det nokre brefonner som eg har sett blåis i. Det ber eit lite stykke framover Skrivareggi, men vardane bortover der kan vera grensevardar frå gammal tid. No vert det ein pause frå stiar ei stund. Trekk så ned på sørsida og gå ned lia til eit lite skard aust for Dunevollvatnet, der ein får ei avlang tjørn på nordaustsida. Så kan ein gå ned frå skardet mot tjørna mot nordaust, og passera på søraustsida. Rett forbi tjørna kryssar ein bekken som renn ut av tjørna. Så må ein finna sauetrakket som går over ryggen framfor ein. Ver merksam på at ein er nær kanten av Botnagavlen, det loddrette stupet med rundt 400 meter fritt fall mot Botnadalen som trekkjer ned mot Finnabotnen. Vel over ryggen ser ein at ein nærmar seg kanten. Passér botnen av søkket og trekk litt oppover på nordsida, der terrenget går flatt fram mot kanten av stupet. Der er staden ein kan stå for å betrakta den dramatiske Botnagavlen. OBS. Er det skodde, så gløym denne avstikkaren. Deretter kan ein gå vestover myrane og passera nordvestsida av Gavlavatnet til ein er framme på Dunevollen. Frå Dunevollen passerer ein Vaskevatnet, og elva kan kryssast der det er breie svaer i botnen. Elva kan vera ein utfordring i regnfulle periodar. Dessutan er jo Dunevollen og Trollabotnen ein av kjeldene til elva som renn ned Modalen. Vel over elva kan ein trekkja over eit lite skard skrått mot søraust. Så er det berre å gå ned bakkane sørvestover til Alreksstølen. Ein kan óg gå nedover dalen og passera Budeievatnet på austsida. Derifrå er turen kort til Solrenningen. Ein kan til og med trekkja oppover frå Gavlavatnet mot nord og gå over Orren til Fagerdalen mot nordaust. Derifrå kan ein gå rett ned til Finnabotnen, og stien skal visst ha vorte restaurert ein tanke. Ruta ned til Finnabotnen har eg ikkje gått endå. -Gå ned mot vatnet og over elva. Trekk oppover ryggen i retning vest mot Urdeggi og Dunevoll. Etter dei første bakkane passerer ein ein stor steinblokk, som ein ser nedefrå der ein går over elva. Då trekkjer ein mot venstre og går langs sørsida av ryggen og inn mot eit lite søkk. Passér bekken og trekk opp ei kort og bratt grasbrekke skrått opp mot venstre. Det er eit svakt sauetrakk oppover der. S¨kan ein trekkja over haugen og gå sørover på nokre flotte myrar. Er vêret svært bra med lang sikt, så hugs å snu dykk. De ser rett på Skagastølstindane i Hurrungane. Trekk innover mot elveosen frå Dagvatnet og kryss elva. Gå så opp den vetle bakken og passér nordenden av Dagvatnet. Trekk heilt inn mot fjellsida framfor ein. (Ein kan óg gå via Heststølen og opp dalføret mot nordausthjørnet av Dagvatnet). Gå bort til bekken som renn ned den bratte fjellsida. På nordsida (venstre) tett ved bekken finn ein eit tydeleg trakk som trekkjer oppover gjennom vierkrattet. Følg stien oppover i fjellveggen. Stien er smal og fjellhyllene er smale, og det er rett utfor på sida. Ta det med ro oppover her. Sjølv har eg gått der 5-6 gonger. Vel oppe frå fjellsida trekkjer det fint over ryggen og ned i eit nytt søkk. Vel forbi neste søkk er ein framme på Hestfjellstølen. Trekk nordover og over den vetle elva bak stølen. Passér dei store steinblokkene og gå opp snøfonna/grusbakken nord for steinblokkene og smett inn i skjeret ovanfor der ein snur seg raskt sørover. Så føljger ein inn i dalsøkket oppå hammaren ovanfor Hestfjellsstølen. Ein kan sjølvsagt gå innover heile dalsøkket og trekkja over Hestfjellet til buførevegen mellom Indrefjorden og Aosdalen/Halsetdalen. Finare er det å gå opp dei bratte brekkene mot aust og over ryggen der. Der ser ein utover det fine Langavatnet med Skjellinganosi rett i front. Vatnet kan passerast i begge endar. Trekk så mot nemnte buføreveg. I sørausthjørnet av Langavatnet er det ei lita steinblokk som balanserar på ein liten haug. Steinen er kalla for Stabburet, og ligg rundt 50 meter aust for buførevegen. Sjå etter den. Derifrå kan ein anten gå sørvestover mot Aosdalen og Halsetdalen, og FU si webside viser at han har gått der nyleg. Ein kan gå austover og ned til Indrefjorden eller svinga sørover mot Rappen og halda fram mot Bjergane, Vikjafjellet eller Selhamar/Raudberget. Ein kan óg gå frå sørenden av Langavatnet og sørover mot Tindafarangen, gjennom skardet mellom Tindafarangen og Jørendalseggi, ned Dyredalen til Geitedalsbotnen og vidare på stien til Selhamar eller Holskardvatnet. Vatnane ligg rett nok "avsides" i Stølsheimen, men har sine korridorar mot resten av Stølsheimen, berre ein veit kor dei er, for området er utan merka stiar av betydning. Helsing Stuttjukken.
  10. Sjølv tek eg med heilt andre ting for bruk i sengene på DNT-hyttene. Eg brukar dynetrekk og putetrekk, samt laken. Dette legg eg på det sengetøyet som er der. Dermed er det berre å krypa til køys. Lett å bera er det óg. Ein skal jo ikkje leggja seg direkte i det sengetøyet som er på hytta, men denne metoden duger for iallfall 1-2 netter. No veit eg ikkje kor vidt det er sengetøy over alt på turistforeiningshytter landet over, men i Stølsheimen her vest er det sengetøy på dei fleste hyttene, med eit par unnatak på hytter i mindre besøkte område som krev litt meir av fjellvandraren. Helsing Stuttjukken.
  11. Eg la ikkje merke til at de spurde om det óg, men eg tenkjer då på Grim. SU har jo mange bilete frå dette området. Helsing Stuttjukken.
  12. Karaldenuten på Bordalen, mellom Voss og Hardangerfjorden. Helsing Stuttjukken.
  13. For å forvirra litt til når det handlar om når sola er i sør, så er tidspunktet vandrande fleire gonger gjennom året, og kan variera med rundt 20 minutt eller meir i løpet av året. Dessutan er ikkje vandringane alltid 20 minutt heller, og tida vandringane er på varierar óg. Så er det periodar der det omtrent ikkje er vandring i det heile teke. Skal ein forstå kva eg snakkar om når det gjeld desse vandringane, må ein kikka i ein almanakk som fortel og tidspunktet for kva tid sola står i sør. Bla deg så gjennom heile året og sjå at tidspunktet vandrar det meste av tida. Spesielt omkring vintersolkverv er vandringa kraftig, med ca. 1/2 min. seinare tidspunkt for sol i sør i snitt i løpet av ein månads tid. Det er faktisk slik at sola står opp pg går ned ganske nøyaktig 15 minutt seinare den 5. januar, samanlikna med 8, desember. Desse 2 datoane byr på nøyaktig like lange dagar, eller minutt/timar som sola er over horisonten, fordi tidsavstanden mellom desse datoane og vintersolkverv (oftast 22. desember) er den same. Når skodda er tjukk har eg mine tvil på at det eg har skrive over her er særleg vesentleg. Helsing Stuttjukken.
  14. Blant betente hytter trivest eg godt på Innerdalshytta (privat) i Sunndalsfjella/Trollheimen. Mellom Hardanger og Sogn der eg gå til vanleg er det ikkje betente hytter, men det er stundom hyttevakt på Selhamar i Stølsheimen, som óg vandrar rundt til andre hytter for tilsyn. Eg kan berre understreka det Dag G - Evje nemner om dei ubetente hyttene i Troms. Sjølv var eg innom eit par ubetente hytter nordaførr i ferien, 1 i Vest-Lofoten (godt alternativ til overprisa rorbuer for meg som var på tur nordaførr åleine), og 1 eit stykke utpå Senja. Hyttene er heilt utmerka der, og hytta på Senja hadde eg heilt for meg sjølv. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.