Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Stuttjukken

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Ser mot Gullfjellet dei fleste dagar. Det har snødd eindel dagar der oppe den siste tida, seinast i går. Sjølv om nysnøen tinar raskt, har den kome så ofte at den andre snøen frå vinteren har tint lite. Når det er sagt, har jo vinteren vore nedbørsfattig, så det er ikkje mykje snø, men kulden gjer at snøen har vorte liggjande, iallfall mykje av snøen høgast oppe. Trur i grunnen at ein Gullfjellstur no bør føregå på ski, alternativt tidleg på morgonen medan skaren held langt på veg. Alle skyfrie netter har vore frostnetter i det siste.
  2. Liknar på Kvænangstindane i Navuotna i Nord-Troms.
  3. Er ikkje så ofte innom no, men eg fann denne tråden. Når det gjeld store delar av Stølsheimen er det nok store snømengder der som vil verta liggjande til fram mot seinsommaren, iallfall i nord og vest som mellom Modalen og Masfjorden, og mellom Modalen og Sognefjorden. De brukar telt, nemner de. Kva med å ta turen til fjellpartiet mellom Eksingedalen sin midtre del og Modalen? Områda rundt Hesjedalsvassdraget innanfor Stamnes (innanfor Dale) er nok fine no. Så har me områda frå Bolstadfjorden mot Øvstedalen og vidare innover, men der må ein pårekna eindel vandring på veg. På Sognesida er framk
  4. Ta kontakt med Kåre Egenberg på Rødland i Bergsdalen. Han veit nok litt om dette. Helsing Stuttjukken.
  5. Det går greitt å parkera ved Strynsvatnet (Erdal), og returnera med buss frå Sogndal. Hugs at det tek si tid, så overnatt i Sogndal og ta ein morgonavgang (skilta Førde/Florø) frå Sogndal. Gå av på Skei i Jølster. Derifrå tek de ein buss som går frå Skei til Stryn (via Utvik - Olden). I Stryn tek de ein buss som går mot Otta/Oslo eller Trondhjem, og går av ved Strynsvatnet. Ein buss som er grei og vita om er nattekspressen Bergen Trondhjem. Den passerer Skei om kvelden og går direkte til Strynsvatnet utan bussbyte i Stryn. Då gjer det ingenting om de tek ein ettermiddags- eller kvelds-avgang f
  6. No har eg ikkje gått Nordland på langs eller noko slikt, men eg har budd nordaførr i 3 år tidleg på 90-talet. Budde på Sortland i nord-fylket den gongen, og fekk med meg bl.a. Møysalen, norges nest høgste øy-fjell som er på Hinnøya, 1262 m.o.h. Først må ein ha klart for seg kva tid på sommaren turen skal føregå. Nordland har svært skiftande snøforhold, og det er stor skilnad på snøforholda (eller kor langt snøtininga har kome) om ein snakkar om juni, første del av juli, siste del av juli, august. Dette er meir uforutseibart i nord enn i Sør-Norge. Dei lyse sommarnettene med sol døgnet rundt ha
  7. Kan Lindap vera på Helberghytta og Mattings på Bjordalsbu, tru.................... Vill tipping frå Stuttjukken. Helsing Stuttjukken.
  8. FU kan kikka på fjellet på andre sida av fjorden på biletet hans. Det er Kleivfjellet. Der er det ei flott rute over fjellet på gamle buførevegar frå Sylvarnes/Hanekamb og over fjellet til Hanekambdalen, der ein kan gå nedover forbi Alreksstølen til Solrenningan. Båt frå Ortnevik eller Vik, 3-4 dagar i veka. Overnatting mogleg på Strendene gamle skulehus på Sylvarnes. Helsing Stuttjukken.
  9. Torskanesglyvrao nord for Fagerdalsipi på austsida av Finnafjorden, Sognefjorden si sørside vest for Vik. Stuttjukken har vore der ute 2 gonger. Neste gong de er der oppe, FU, kan de gå frå Vatnane og rett over den slakke dalen mot nord og over ryggen nordaust for Vatnavatni. Treff ryggen på litt over 1000 m.o.h., og trekk litt nedover mot Finnafjorden (ikkje mykje). Der er det beste utsynspunktet mot heile Finnafjorden med Finden, Tåa og Finnabotnen. Så kan de tusla nordover mot Fagerdalsnipi. Gå via Ramnaberget som stikk framover mot fjorden, der Finnafjorden går i rett linje mot Finnab
  10. Sjølv tek eg med heilt andre ting for bruk i sengene på DNT-hyttene. Eg brukar dynetrekk og putetrekk, samt laken. Dette legg eg på det sengetøyet som er der. Dermed er det berre å krypa til køys. Lett å bera er det óg. Ein skal jo ikkje leggja seg direkte i det sengetøyet som er på hytta, men denne metoden duger for iallfall 1-2 netter. No veit eg ikkje kor vidt det er sengetøy over alt på turistforeiningshytter landet over, men i Stølsheimen her vest er det sengetøy på dei fleste hyttene, med eit par unnatak på hytter i mindre besøkte område som krev litt meir av fjellvandraren. Helsing
  11. Eg la ikkje merke til at de spurde om det óg, men eg tenkjer då på Grim. SU har jo mange bilete frå dette området. Helsing Stuttjukken.
  12. Karaldenuten på Bordalen, mellom Voss og Hardangerfjorden. Helsing Stuttjukken.
  13. For å forvirra litt til når det handlar om når sola er i sør, så er tidspunktet vandrande fleire gonger gjennom året, og kan variera med rundt 20 minutt eller meir i løpet av året. Dessutan er ikkje vandringane alltid 20 minutt heller, og tida vandringane er på varierar óg. Så er det periodar der det omtrent ikkje er vandring i det heile teke. Skal ein forstå kva eg snakkar om når det gjeld desse vandringane, må ein kikka i ein almanakk som fortel og tidspunktet for kva tid sola står i sør. Bla deg så gjennom heile året og sjå at tidspunktet vandrar det meste av tida. Spesielt omkring vinterso
  14. Blant betente hytter trivest eg godt på Innerdalshytta (privat) i Sunndalsfjella/Trollheimen. Mellom Hardanger og Sogn der eg gå til vanleg er det ikkje betente hytter, men det er stundom hyttevakt på Selhamar i Stølsheimen, som óg vandrar rundt til andre hytter for tilsyn. Eg kan berre understreka det Dag G - Evje nemner om dei ubetente hyttene i Troms. Sjølv var eg innom eit par ubetente hytter nordaførr i ferien, 1 i Vest-Lofoten (godt alternativ til overprisa rorbuer for meg som var på tur nordaførr åleine), og 1 eit stykke utpå Senja. Hyttene er heilt utmerka der, og hytta på Senja hadde
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.