Gå til innhold
  • Bli medlem

Stølsheimen og Hardangervidda i august


thrill

Anbefalte innlegg

Driv så smått å planlegg ein 7-10-dagarstur frå Stølsheimen inn i Hardangervidda (vest og/eller aust) i august. Me skal bu i telt, ha med mat sjølve og kan gå dagsetapper på 20-30 km. Problemet er at me er ukjende i området og ser gjerne å få innspel på ruter og anna sjåverdig. Turen startar i Vik/Vangsnes i Sogn og endar same stad.

Takk for innspel.

KR / RF

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ta turen innom den uferdige heimesida mi, der kun linkane som ikkje inneheld æ-ø-å verkar tilfredsstillande. Gå inn i biletarkivet og sjå om de finn nokre stader der som de har lyst til å oppleva på turen. Det er eigne linkar for Vik kommune der inne. No veit no ikkje eg korleis de tenkjer å kombinera både Stølsheimen og Hardangervidda på same tur med telt over kun 7-10 dagar, med start og avslutning i Vik/Vangsnes. Det er ikkje små fjellområde det er snakk om, men området er kløyvd av fjordarmar og djupe dalføre både i nord og sør. Dagsetappar på 20-30 km. er OK på Hardangervidda. I Stølsheimen er det mykje meir opp og ned, så stundom vil det vera meir enn nok med 10-15 km. for dagen i dei mest krevjande områda, sjølv for godt trente folk. Vel, eg veit om to karar som gjekk heile runden utan oppakning på 1-2 døgn utan overnatting, og med runden er det meint frå Masfjorden i vest, nord for Modalen og aust for Eksingedalen til Voss, på merka stiar frå hytte til hytte undervegs. Dei gjekk kun innom hyttene og skreiv seg inn, og gjekk vidare. For andre er dette ein 8-dagars tur med 7 hytteovernattingar. Vik er eit eineståande utgangspunkt for turar i Stølsheimen, og Fresvikhalvøya., og eg har starta og avslutta turar frå/til mange ulike destinasjonar i Vik kommune, frå Sylvarnes i vest til Fresvik i aust. Sist sommar tusla eg frå støl til støl i Vangsnesmarki, frå Fosse/Varpet (Vik) til Trona (Vangsnes).

Mitt råd er at de tek båten "m/s Sylvarnes" frå Vik til Ortnevik ein ettermiddag (går må., on. og fr.), ruslar opp i Brydalen og overnattar der. Så trekkjer de over i Norddalen, held fram til Solrenningen, trekkjer mot nordaust og går over Urdeggi sør for Finnafjorden til Vatnane (med pause frå raude T-ar). (Startar de ikkje frå Ortnevik, kan de gå frå Nese i Arnafjorden og opp til Vatnane, god stølsveg). Bruk ein del av ein dag ute på halvøya mellom Finnafjorden og Arnafjorden, og opplev utsynet ned i fjordarmane der. Dette er (etter mi meining) det vakraste området i Stølsheimen. Hald fram mot Hestfjellet (PS., her må det treffa ein oppgang, og det kan de få via PM, om de treng det, ein stad ukjende ikkje har sjansen til å finna utan vidare), trekk austover mot Rappen og gå til Selhamar. Gå så mot sør og over i Grøndalen og Torvedalen, og rusla over i Myrkdalen på Strónde (Vossestrand). Så kan de rusla oppover til Årmot i Myrkdalen og rusla austover, kryssa oppheimsdalen og gå over i Brekkedalen, og kanskje Jordalen óg. Minkar det på tida, er det berre å rusla nordover Fresvik-Jordalen og gå over til Seljedalen i Vik, eller forbi Fresvikbreen til Fresvik, eller ned til Dyrdal ved Nærøyfjorden (men pass ferjetidene der).

Vil de trekkja vidare, går de til Stalheim og over til Fyrde. Då er det berre å rusla Øvsthusdalen og Skjerpisdalen til Grindafletna. Det ber så vidare sørover til Upsete (togstopp) og Kaldevasshytta, Over Vossaskavlen til Hallingskeid, rallarvegen til Finse, eller via Rembesdalen (vest for Hardangerjøkulen) og inn mot Hardangervidda den vegen. Kryss så rv. 7, og dermed ber det innover Hardangervidda. Då er det best å avslutta turen i Hardanger, Haukeli, eller Uste - Geilo - Dagali - Uvdal. Frå Finse går det an å trekkja inn i Skarvheimen i staden, via Geiteryggen og ned Aurlandsdalen, eller gå nordover til Fillefjell.

Vonar desse "litt lause trådane" her set dykk på sporet, og det er berre å kontakta meg nærare (t.d. PM). Mange av namna eg har nemnt her, er mynta på turlagshyttene i fjellområda. Med telt stoppar de der de sjølv ynskjer.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre hyggjeleg det. Høyr gjerne innom om eg er på tur ut ein stad utover sommaren og hausten. Mine framtidige turmål er oftast utanfor allfarveg, då eg har gått allfarvegane før........rusle, rusle........

Hugs, gå ikkje opp til eller ned frå Hestfjellet i nordvest, før de veit kvar de skal gå. Første gongen eg var der, ringde eg til ein kjenning på Nese i Arnafjorden, og fekk ei god skildring på dette, og den held stikk.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.