Gå til innhold
  • Bli medlem

thrill

Aktiv medlem
  • Innlegg

    160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thrill

  1. Kva eg forbinder med DNT? Djuptrakka stiar, kanskje over tre og fire spor, skrålete hytter og tomme raudvinskartongar om kvelden.
  2. Har aldri forstått meg på DAB-utbygginga, og trur det vil vise seg å verta gårsdagens teknologi når me er i 2017. Det er mogleg ein ikkje ynskjer belaste mobilnettet med denne typen tilleggstrafikk, men eg høyrer kun radio over internett og mobil. Både heime som borte. I fjellet hender det ein har edge-dekning, og nrk har ein godt bortgøymt link som er fin for lytting: http://www.nrk.no/mp3aac/ Velg NRK Px (lav) for utmerka god lytting via edge.
  3. No bevegar eg meg mykje åleine utan å seie i frå. Mellom anna dreg eg 10 km kvar veg for å koma meg til jobb. Og det utan å seie i frå. Vurderar å skaffe meg ein spot i tilfelle bilen streikar.
  4. Denne saka er nok eit døme på at det "å betale for kvalitet" ikkje lønner seg i lengda, for så dårleg er ikkje kvaliteten på dei telta som går til 1/3 eller 1/2 av prisen av Hilleberg! Eg har framleis mitt North Face-telt til 1.200 kr i god behald etter 100-150 liggedøgn på 10 år. Alle døgn frå 1100 m og opp til 1600 m.
  5. Jo, det er til sjuande og sist Spot det er noko feil med dersom leverandørane ikkje klarar og "gjera seg lekre overfor HRS". Det systemet Spot byggjer på, utanom sjølve apparaturen, er då nettopp tillit og eit godt forhold til redningssentralane. Feilar dei her, veltar heile Spot som produkt. Eg er framleis der eg alltid har vore, skal ein fyrst vera tilgjengeleg i fjellet er det satellittelefon som gjeld. Sjølv likar eg meg best utanfor dekning, berre så det er sagt.
  6. Merka meg sjølv dette lange tidsforløpet, omlag 5 timar, og vart noko overraska i det eg las dette då det står i nokså skarp kontrast til korleis Spot normalt vert framstilt i ulike samanhengar. Falsk tryggleik, kanskje ikkje, men (sett på spissen) Spot er kanskje framleis best eigna til å roe ned den betre halvdelen...
  7. No er det gjerne brot på andre reglar enn berre nr 7, som gjer at det går gale for dei som velger å ikkje følgje nr 7. Det er ikkje farleg å gå åleine, så framt ein ikkje gløymer dei andre reglane på same tid - og evt trossar turleiaren sine stadige formaningar...
  8. No har det vore fleire netter med kuldegrader enn varmegrader i høgfjellet denne sumaren, ihvertfall der eg har vandra, og på Hardangervidda i oktober er du garantert frosne netter og morgonar - samt kalde (og truleg våte) dagar. Du kjem ikkje til å fryse ihjel, men eg likar og ha det behageleg på tur. Ein brukar gjerne fjellet for å lade batteria, og det skjer då best utan å ligge og fryse om natta.
  9. Det er nok fleire etterpåkloke nissar som neppe hadde gått opp renner som dette etter slikt ver, og lærdomen får vera at det er betre å halde kjeft enn å skrive om slike hendingar her inne.
  10. Eg stod sjølv over nokre turar i same terreng, jamfør det eg skreiv om "veret me har hatt"...
  11. Ja, når ein ser slikt skjønar ein kvifor det av og til går gale.
  12. Det er visst ikkje grenser for kor fjellvande folk vert rapporterte å vera, men å gå i slike sider som tilfellet i Sunndal etter det veret me har hatt, vitnar diverre om store manglar i vurderingsevna.
  13. Har gode erfaringar med Varg på vått fjell.
  14. Fins det soveposar med opning for armane? Perfekt for kalde morgonar i teltet. Takk for tips.
  15. Sjølv ein hare som står og trampar med bakbeina kan høyrast ut som menneskeføtter. Det same gjeld også storvilt, som eg har hatt tett på teltet fleire gongar. Sanseapparatet vårt er så svakt, at me ikkje har store sjansen til å finne ut kva som romsterar utanfor teltet vårt. Fantasien derimot, den er meir velutvikla.
  16. Eg surfar gjerne på yr.no på langturane. Er eit must å ha nokonlunde kontroll på verutviklinga, men er det ikkje dekning i området - får det klare seg med å sjå opp mot himmelen......
  17. Steinar som glepp med fare for kvesting er så langt det einaste eg har opplevd. Eitt og anna kraftig vridd bein på vinterføre har då også skjedd, men aldri meir alvorleg enn at ein har kome seg ned ved eiga hjelp. Derimot har eg som også Kjell Iver er inne på, hatt hjarta i halsen og fått fart i blodpumpa ein handfull gongar på norske bilvegar.
  18. Korleis og kvar gjekk turen?
  19. thrill

    Island

    Fantastisk, takk skal du ha!
  20. Det viktigaste her er at du legg godt med store steinar over maten så dyr ikkje kjem til og kan grave den fram.
  21. Denne harepesten forstod eg ingenting av i fjor, og då vandra eg både vest og aust i sørnoreg eit par veker.
  22. Rennande vatn er sjølvsagt det beste, om du skal prøve vatn frå innsjøar bør det ikkje vera hytter i det omkringliggande terrenget (avløp).
  23. thrill

    Island

    Takk, eg skal sjå nærare på dette området. Turen går til Reykjavik, og med leigebil så står i grunn heile øya til disp.
  24. thrill

    Island

    Har satt av ei veke på Island, og minst 4 dagar til fjellvandring. Nokre tips til korte og lange turar? Heile øya av interesse. Takk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.