Gå til innhold
  • Bli medlem

Januar-tur inn til Sandvatn, Ryfylkeheiane (02-03.01 2005)


Ragnar

Anbefalte innlegg

Målet for turen var Sandvatn turisthytte i Ryfylkeheiane. Vèrmeldinga var alt anna enn god, med moglegheit for liten storm, snø og etter kvart omslag til mildvèr. Pakka difor med alt nødvendig utstyr for snøhuleovernatting og rekna med at det kunne bli nødvendig å snu eller å grave seg ned pga vèret.

Fekk skyss opp til Lortabu øvst i Hunnedalen og la iveg innover litt over kl 13. I den første motbakken oppover, skilte metalldelen og trinsa/tuppen på staven lag. Sportstape måtte til for å fikse - ikkje lett å gå utan tupp og trinse i djup snø. Høgare oppe og lenger inne vart sikta betrakteleg dårlegare og vinden auka på. På grunn av den nedsatte sikta, snøen og "flatt lys", var det vanskeleg å finne ein farbar veg, sjølv om eg hovedsakleg prøvde å følge trasèen som ofte blir brukt som kvisterute (ruta blir kvista i normalår mellom vintarferie og påske). Ved Mangærnane var elva open, som forventa. Sommarbrua var tatt inn, men klarte likevel å balansere på skia over dei to skinnene som går over, men det var såvidt det gjekk greit. Alternativet hadde vore å vade, noko som ikkje var fristande.

Det siste stykket til hytta tok veldig lang tid. I perioder var det absolutt ingen sikt i det heile. Viden var også på sitt kraftigaste, det røska skikkeleg. Snudde og gjekk ned igjen til elva etter å ha kome for høgt opp i ei bratt fjellside. Klokka halv fem vart det også mørkt og hovudlukta måtte fram. Framleis var det ca 1 km igjen. Problemet var bratte skrenter og snøfenner, samt å finne ein farbar veg ned på eit vatn som strekk seg opp til hytta. Her er det både innos og utos, som heilt sikkert ikkje var sikkere, isen såg forøvrig grei ut. Ca 300 meter frå hytta tok eg av frå vatnet og satte kursen rett mot hytta. Imiddlertid var det ein forholdvis bratt snøbakke opp frå vatnet som eg ikkje såg først. Etter å ha rota mykje oppi bakken kom eg opp, men kom ikkje vidare på grunn av ein bekkedal. Gjekk tilbake eit stykke og var deretter meir heldig med kursen mot hytta. GPS punktet hadde eg tydlegevis lagt inn frå kartet for fleire år sidan (og gløymt det ut), og det var ca 120 meter feil.
Det var godt å kome inn i hytta etter 5 timar ute i blåsten og etter å ha brukt nesten ein og ein halv time på den siste kilometeren. (I fint vèr så tar turen omtrent 2-3 timar). Eg var åleine på hytta og var første gjest i 2005. Kvelden blei tilbrakt foran ovnen med lesing av hyttebøker. Pannekaker til middag. Heile natta kunne eg høyre vinden ta skikkeleg tak i hytta.

Dagen etter var sikta noko betre, men fortsatt snø i lufta og vind (liten kuling kanskje?). Det var mykje lettare å gå denne dagen, men særleg fort gjekk det ikkje. Feller var nødvendig heile tida, då føret varierte for mykje til at smurning ville sitte. Flatt lys var også eit problem. Ved Mangærnane vassa eg over elva, då det var uråda å prøve brua frå den kanten på grunn av ein bratt snøkant. Ved nedgangen til eit vatn var det umogleg å sjå om det var bratt ned dei siste metrane. Det var det tydelegvis og eg løyste ut ein liten skavl, men det var heldigvis ikkje langt ned. Tydlegvis at snøen var godt lagdelt og eg var veldig observant på skredfaren. Prøvde så godt som rå å unngå heng og bratte bekkedalar. Eit stykke frå Lortabu stoppa eg for å grave snøhole, då det var litt tid før transporten heim.

Sjølv om eg har gått store delar av denne ruta før, både sommars- og vintarstid, hadde kart, kompass og gps (gps utan kart), så var det noko problematisk å ta seg fram i dei gjeldane vèrforholda. Dette var forsåvidt som forventa. Det var spesielt "fin navigering" som var problemet, noko som var vanskeleg å lesa ut frå kartet. Utruleg mange små bekkedalar, snøfenner, skrenter og bakker som ein "ikkje legg merke med" i fint vèr, men som ved dårleg sikt gjer det vanskeleg.

For ca to år sidan overlevde ein mann frå Bryne 3 dagar i ei lita snøhole i området ved Sandvatn turisthytte, med svært lite utstyr og mat. Han var bare på dagstur. Sandvatn turisthytte har forøvrig no fått nødtelefon.

Legg ved nokre bilde (kjem i større format seinare)
Fleire bilde på breogfjellsport.no:
http://breogfjellsport.no/dir/pictures/album_window.php?albumID=245

post-5-133474388687_thumb.jpg

post-5-133474388697_thumb.jpg

post-5-133474388707_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.