Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Var sjølv nyleg ute å gjekk dette strekket og forholda er brukbare (19-21des). Imidlertid var føret, og vêret, slik at det ikkje gjekk særleg fort. Vi starta på ettermiddagen frå finse og gjekk 3 timar til det vart mørkt, dagen etterpå brukte vi så 5-6t til Krækkja. Når det gjeld mobildekning, er det faktisk ganske bra på dette strekket, men ingen dekning midt på. Basestasjonen på Finse dekker heilt fram til og med Brattfonnvatnet, og basestasjonen på Halnekollen dekker eit lite stykke nord for Drageidfjorden. Det dreier seg om 8-10km mellom desse to stadane som ligg heilt i skyggen. Resten av strekket har frå god til varierenda dekning, og det er sjølvsagt små områder utan dekning (f.eks. lågt i terrenget, eller inne i teltet!). Finse-Krækkja er ca 26km ifølge DNT. Ifølge telenors deknignskart har du dekning heile tida, så kanskje ikkje rart folk trur det er ok å ringe alltid. Men her var det snakk om anna kvar dag, så ikkje heilt urealistisk (men problematisk ved lite framdrift, som i dette tilfellet). Normalt skal du likevel kunne klare å få sendt melding minst 1 gong til dagen på strekket Finse-Kongsberg, men då må du utnytte dekningsområda som faktisk eksisterer. SPOT, satelitt-telefon eller PLB vil vera å foretrekka. Når det er sagt, kan det vera ganske "røft" å gå på fjelelt på denne tida av året. Har noko skjedd, kan det stå om lite tid. Ikkje alle søk-/ redningsaksjonar kan bli unngått, eller bør unngås. Blir terskelen for høg før ein meldar frå, kan det gå meget galt. Her er nokre som kanskje ikkje hadde klart seg, med mindre hjelp vart sendt ut (19-20.des): http://www.aftenbladet.no/lokalt/1132492/Overlevde_i_soveposer_i_en_snoeskavl.html Mobildekning vart redninga - sjølv om den var variendane/svak (Området dekkes frå Hilleknuten)
  2. Har akkurat gått ein del nede i Dolomitane, inkludert mykje av Alte Vie 1 og 2. På Alte vie 1 tok vi den omtalte alternative ruta på siste dag. Dvs travers over Monte Castello og Monte Caballo. Fabelaktig utsikt. Det var god sti oppover, men merkinga slutta på toppen så vi var litt usikre på ruta vidare. Det var to alternativ vidare: den eine ned ei litt guffen renne eller over ein liten topp og bratt ned frå denne. Vi valgte å gå over den siste toppen og følge "spor" nedover. Det var temmeleg laust og bratt, litt eksponert, men det går greit om du er forsiktig og godt fjellvandt. Anbefales ikkje for folk med høgdeskrekk. Stavar er til veldig god hjelp, hjelm anbefales, samt at det er ein fordel å ta på seg langbukser før ein tar fatt på mange hundre høgdemeter i steinrøysa. Eg ville nok ikkje ha tatt sjansen på å gå ned den ruta i regnvær, det blir nok lett sleipt nedover og fare for å skli. Vi overnatta på den private hytta "Malga fandes grande", Då var det ein passe lang tur over traversen og ned til bilvegen (der det går buss ned til Cortina, eller du kan gå vidare på Alte vie 2). Det er også mogleg å overnatte i den vesle hytta Bivacco Della Pace. Denne hytta ligg nesten på toppen av Monte Castello og står open for dei som ynskjer det, men låg standard (ikkje kokemoglegheit eller vatn). Alte Vie 2 byr på eit par stadar med wire, Via Ferrata grad 1A. Dette er på ruta mellom Rif. Novolau og Passo Giau. Om du er stø på foten kan dette bli gått utan utstyr, moderat bratt. I ei regnbyge og med tunge sekker var det eit par litt utsatte passasjar syntes vi, men stort sett greit. Når ein går Via Ferrata, eller ruter med wire, er det fordel med hanskar, for eksempel sykkelhanskar. Ein må også hugse at Via Ferrata med tung sekk, er noko heilt anna enn med ein liten dagstursekk. Reint generelt betyr "Bare for erfarne" at det er ein meir røff sti, men akkurat kor vanskeleg det er, varierer veldig. Nokre stadar var det veldig lett, medan andre stadar temmeleg luftig og smalt. I alle fall var det rimeleg utsatt på veg opp mot Pelmo fjellet, like ved Rif Venezia, og den stien har samme markering som relativt enkle fjellstier. Dei vanlege vandrestiane var generelt veldig enkle, ofte svært lettgåtte. Vi brukte denne boka for informasjon: http://books.google.no/books?id=avgMaXUOwlcC&dq=alte+vie+1&printsec=frontcover&source=bl&ots=1u2m7efo4t&sig=Gncn9WGI2CE9ebJH7kOUDc38PGk&hl=nn&ei=GjSISpX-DdCE-Abf5py7CQ&sa=X&oi=book_result&ct=result&resnum=6#v=onepage&q=alte%20vie%201&f=false Se side 38 for Monte Castello.
  3. Ja, det er på sin plass å minne stortingspolitikarane om den håplause kartpolitikken. Kva er essensen i å frigje metrologiske-, geoglogiske- og alt av "natur"-data, men tviholde på at det skal vera full betaling for geografiske data? Statens inntekter frå lisensar på kart, er minimal (rundt 2 millionar sitt dei igjen med kvart år, om eg hugsar rett. Då kjem ein del administrasjon i tillegg). Det er visse krefter i Statens Kartverk og Norsk Eiendomsinformasjon som strittar imot, etter det eg har høyrt. Resten av bransjen er regelrett fortvila over situasjonen. Kartinformasjon i Norge er mykje dyrare enn i naboland, med dei følger det får for næringsverksemd og konkurranseevne. Den forrige regjeringa hadde moglegheit til å gjera noko med spørsmålet, men unnlot (med høyre i spissen). Denne regjeringa tok tak i problemstillinga i 2007-2008, men ombestemte seg på grunn av motkreftene i Statens kartverk. Det er indikert at ein skal sjå på saka til hausten - så det gjeld å presse på for å få prioritert denne saka. Dette er ikkje eit partipolitisk spørsmål i utgangspunktet, alle dei nåverande parti har eit ansvar for dagens ordning. Til dømes kunne dette ha blitt endra ved budsjettforlik, alle parti har bidratt i slike dei siste 15 åra (Både Høyre, AP, SP, V, KRF og SV har vore i regjering i samme periode, medan FRP har vore støtteparti i fleire omgangar). Poenget er at geodata er eit ikkje-tema på stortinget, uavhengig av partigrenser. Det tok mange år før det vart fart i sjøkart-produksjonen igjen (etter ulykker og nestenulykker). Farvatnet rundt Svalbard er vel framleis ikkje fullstendig målt inn med moderne teknikkar... Lisensiering Det betales både for å ha tilgang til data (pr år) og for kvar enkel visning. Det skilles ikkje mellom professjonell og privat bruk, satsane favoriserer sterkt dei større selskapa, som får enorme rabattar (langt under 1øre pr visning for dei store vs 10 øre for mindre kundar). Det er komplett umogleg for oss på fjellforum å ha kartverk her, det er snakk om rundt 100.000 kr i ÅRET + 10øre betaling pr viste utsnitt + mva (dette gjeld vektordata, dvs slike enkle kart som vises på Norgesglasset). Det tydar at ein enkelt brukar, som "zoomer" og flytter seg rundt i kartet, ville kunne koste fleire kroner i løpet av nokre minutt. Eller at ein enkelt diskusjonstråd med kartutsnitt kan koste fleire hundre kroner (1000 visninger = 100 kroner) i løpet av nokre dagar. Difor er det svært få som nyttar slike kart på nett, det er rett og slett for dyrt (også for bedrifter). Norge Digitalt Dei som stort sett brukar Statens Kartverks produkter på nett, er medlem i samansluttningen "Norge Digitalt". Dei slepp då unna mesteparten av utgiftene og betalar ein symbolsk sum. Dette gjeld alle statlige etatar, kommunar m.fl., samt utvalgte private verksemder. Telenor er medlem og treng ikkje å betala for kartgrunnlaget dei nyttar for sin applikasjon "Cellvision", eller for dei mange interne systema som nyttar terrengmodellar og kartdata. NRK har vurdert å bli medlem for å sleppe unna betaling for sin kommande portal. Turistforeningen er medlem allereie. Statskog kan reklamera med slagordet "Norges beste kart?" på Godtur.no utan vederlag pr visning (for all del: ei bra side og godt initativ). Det er stengt for alle andre å bli medlem...Les meir: norgedigitalt.no Mitt klare råd er: Enten ta vekk Statens kartverk sine produkt frå Norge Digitalt, eller frigje slike data for alle. Konkurransefordelen er uhaldbar idag. Statens kartverk sit forøvrig på alle rettar for ukommersiell bruk og kunne ha frigitt dette under vilkår om nettop slik bruk. Kartverket med nytt online-kart Statens Kartverk har brukt Opensource-miljøet og laga ein Openlayer-versjon av Norgesglasset: http://www.geonorge.no/cachedemo/demo?app=/geonorge/cachedemo/sk_stort.html . Praktfullt med 5 meters ekvidistanse og fullstendig vektorkart over det heile, ikkje den dårlege Java-koden. Forøvrig vises jo litt av stemningen i Statens kartverk for tida om du ser på "source".
  4. Heisann! Gratulerer med flott tur. Kor lenge lot du SPOT-boksen ligge ute for sending? Var det noko spesielt dei dagene meldingane ikkje kom gjennom: Kaldt, skog, høge fjell etc? Tviler på at batteriet skulle påvirke utsendingen. I så fall må det vera at den slår seg av under sending?
  5. No er det vel ingen godkjenningsordning og dermed utelukkande kva som blir kreditert og akseptert i miljøet. Turen til Ousland og Kagge er til dømes kreditert av dei aller fleste som den første unsupportet til Nordpolen. Men det eksiterer også ein del private nettstader der det blir påstått det eine eller det andre. Gjerne uten å sjekke kjeldene godt nok
  6. Verkeleg bra at det har kome fleire webkamera på plass! Dette er nok resultatet av breibåndutbygginga rundt om i distrikta. Til og med Sognefjellet/Krossbu har fått eigen wimax-sender (Eidsiva BB) - imponerande med kamera på Songefjellshytta. Kamera ute av drift og som nok kjem tilbake igjen: Tynholmen Tyin Panorama Håper dei andre betjente turisthyttene også kan skaffe seg webkamera snart: Krossbu Leirvassbu Gjendesheim (Gjendebåtane har rett nok eit dårleg kamera på gjende.no) Memrubu Glitterheim Bygdisheim Dei aller fleste av disse har både straum og god tilgang til internett. Faktisk er det vel nesten slik at det utelukkande er bygd dekning for nokre av desse turisthyttene - ein heilt eigen wimax sender for at Memrubu, Leirvassbu etc skal få internett!
  7. Lysebotn-Haukeliseter er ein veldig fin tur! Terrenget er variert og kuppert. Til Lysebotn kan du ta båt frå Stavanger dagleg. Du kan eventuelt ta drosje opp eit lite stykke frå Lysebotn, til dømes til Nilebudammen, og sågar båttransport heilt fram til hytta om du vil. Så rulse vidare til Haukeliseter. Fleire alternativ og du kan gjerne gå utanom t-stien til tider om du er stødig på kart og kompass. Eksempelvis Lysebotn/Nilsebu - Eidavatn - Storesteinen - Hovatn - Vassdalstjern - Krossvatn - Mostøl/Bleskestadmoen - Holmavatn - Haukeliseter. Du kan hoppe over ein del av hyttene, og med ei veke burde det vera grei nok tid. Det burde vera greit nok utfordringar. Det er merka sti, men relativt lite trafikk så følg med på kartet. Nokre elver må vadast, men vanlegvis ingen store problem. I høgden kan det vera bra med snø til lagt ut på sommaren, dette gjeld særleg rundt Blåsjø. Frå Haukeliseter er det ekspressbuss mot Oslo fleire gonger pr dag. Alternativt Lysebotn-Litle Aurådal - Storesteinen - Hovatn etc. Ikkje rekn med for mange kilometer pr dag i slikt terreng. Det går mykje "opp og ned"!
  8. I) Slik er det idag i forhold til økonomiske ansvarsforhold, så reguleres av lokalt lovverk i den enkelte stat med mindre dette er avtalt ein internasjonal traktat. Det er også mogleg å krevje garantier for beløp, til dømes krev den danske stat garantier for ferdsel på Grønland, den norske stat garantier på Svalbard osv. Tibet og Nepal krev ikkje slike garantier, det får vera opp til dei. Den norske stat har ingen slik juridisk innflytelse for utanlanske forhold og eg kan vanskeleg sjå poenget med ein slik kontrakt. Truleg vil den ikkje vera gyldig ut over å gje informasjon. Einaste untaket blir kanskje for Antaktis, pga traktatens bestemmelser i forhold til lovverk for statsborgerens heimland. II)Det blir spekulasjon. Eg har ikkje sett at Svergie har mista særleg diplomatisk kapital av sin manøver. Forøvrig kan eg vanskeleg sjå at ein ikkje skulle kunne forsvare bruken av betydeleg diplomatisk kapital ved ein redningsaksjon om det skulle vera nødvendig. Dette er uansett ein liten sak. Det er også eit godt høve til å vise at ein ikkje er særleg glad for den kinesiske politikken generelt på dette punkt meiner no eg. Ifølge VG har Utenriksdepartementet sikra seg eit helikopter i beredskap (i Nepal) slik at eventuell evakuering kan skje straks tillatelse blir innvilga.
  9. Det må vera eit ufråvikeleg prinsipp at ein prøver å hjelpe alle i nød, sjølv om det ikkje nødvendigvis er ein "rett". Såklart må ein ta hensyn til tryggleiken til redningsmannskap osv, slik at det er avgrensningar på kva som er mogleg å få til. Eg trur svært få støtter opp om ein holdning om å ikkje bry seg, sjølv om ein skulle ha utsatt seg for frivillig fare. Kostnadsfordeling og erstattning er noko anna, men dette må i så tilfelle vera i etterkant. Skal det koste å bli redda, får det gjelde alle spør du meg. Det er også slik det blir praktisert dei aller fleste stadar. Den norske stat krev tildømes erstattning ved redningsaksjonar innanfor territoralfarvatnet på Svalbard uavhengig av grunn (med enkelte unntak for lokalbefolkning). Utanfor territorialfarvatnsgrensa på Svalbard, i norsk økonomisk sone, i terretorialfarvatn ved fastlandsnorge og på fastlandet blir det vanlegvis ikkje krevd erstattning. Det koster omlag 300mill kr årleg for Seaking beredskapen i Norge. Mesteparten av dette må ein uansett ha på grunn av internasjonale forpliktelsar, fiskeflåte, handelsflåte, oljeverksemd, suvrenitetshensyn og interesser i økonomiske soner (mellom anna er Norge del av International Convention for the Safety of Life at Sea). Det er beredskap som koster, ikkje sjølve aksjonane. Ein kan ikkje sjå fekk frå dette når ein kommenterer kostnader. ----- Når det gjeld kinesiske myndigheter så er det generelt sett på sin plass å kritisere dei for manglande hjelp under Søk- og Rednigsaksjonar. Dei fleste andre nasjonar tillet flygning ut over det som er vanleg i slike situasjonar (for eksempel Nepal). Det er ein oppgave for UD å legge diplomatisk press for å dette til i slike situasjonar. Det kan nevnast at Svensk UD i ein tilsvarande sak klarte å få fly-tilatelse av kinesiske myndigheter, eg har vanskeleg for å sjå at UD ikkje burde kunne oppnå det samme. Når det gjeld risikoen med å fly helikoptre til Basecamp og ABC, så er den ikkje spesielt stor slik eg forstår det. Det er fleire private operatørar basert i Nepal som jamleg opererer i slike høgder, og som kan påta seg oppdraget. Eg nevner Nepal Helicopeter Charter (MI-17) og Fishtail pvt Ltd (AS-350B3), som begge opererer til høgder over 5000meter. Kostnaden med ein slik aksjon får ein ta i etterkant, men det er ikkje snakk om store summar, 5-6 flytimar.
  10. Det er fint å gå frå Preikestolen til Kjerag, men det er ein lang tur! Stavanger Turistforening har merka ei rute rundt heile Lysefjorden, med fleire aktuelle overnattingsplassar, sjekk http://stavanger-turistforening.no Eg ville nok ha lagt inn nokre ekstra dagar, gjerne 3-4 totalt for turen du skisserer F.eks. Dag1: Preikestolhytta-Preikestolen - Bratteli - Sognesand. Dag2: Sognesand-Lysebotn. Dag3: Lysebotn-Kjerag-Øygardstøl. Frå Lysebotn er det mest praktisk å gå langs vegen til Øygardstøl. Imidlertid går det buss Lysebotn-Øygardstøl 1-2gg pr dag, det er også taxi-tjeneste Det er også andre altenrnativ, du kan f.eks gå til Bratteli eller Sognesand og ta båten over til Flørli og gå til Kjerag derfrå. Flørli-Kjerag-Øygardstøl er ein lang og fin dagstur med kjempeutsikt (også Norges lengste trapp). Det er også fleire turisthytter som er aktuelle, f.eks. på Flørli og Langavatn. Mesteparten er merka turiststier, med nokre unntak. Fint å telte er det også. Eks: Dag1: Preikestolhytta-Preikestolen-Bratteli/Sognesand Dag2: Båt til Flørli, Flørli-Langavatn turisthytte eller Flørli-Kjerag-Øygardsstøl-Taxi til Lysebotn (f.eks. telte) Dag3: evt Langavatn-Kjerag-Øygardstøl-Lysebotn Dei aller sprekaste har klart Lysefjorden rundt på rundt 24 timar, men dette er temmeleg ekstremt!
  11. Var på Vangsen 3.mai og då var det gode snøforhold. Reknar med du kan kjøre heilt opp no. I nedre del har det nok smelta kraftig, men lengre oppe burde det vera bra.
  12. tsk: kan du bekrefte at det er Statskogs tilknyttning til "Norge Digitalt" som brukes for publiseringsrett til kart?
  13. Kan dette bety at Statens kartverk har opna for å tilby kart også til andre nettstader som er ikkje-kommersielle? Til no har det bare vore vanlige vilkår og det er svært dyrt (typisk over 100.000 pr år om vi skulle ha brukt det på fjellforum)
  14. Følger også med på NPL-turane i år. Fredrik Duun har tidlegare rapportert problem med SPOT Messenger i bloggen. Skal bli interessant å få innsikt i kva problemet skyldes (Kan jo hende det er oppstått ein feil på boksen, manglande batteri etc) Forøvrig er det ikkje mogleg for den som sender meldingen å vite om sendinga gjekk gjennom, det er utelukkande 1-vegs kommunikasjon. Særleg i Nord er det nok difor viktig å sende frå opne stadar og la den ligge i minst 20 minutt (melding sendes då fleire gonger). Ved Akkajaure (Ritsem) er det også mobildekning, men ikkje i fjellet ellers (ikkje før du nesten er i Abisko). Området har elles mange scooterløyper/skiløyper, hytter m/hyttevakter (som har telefon) og heilt sikkert ein del trafikk. Frå Akkajaure er det normalt 4-5 dager til Abisko på greit snøføre. Ved vanskelige forhold kan det jo ta lenger tid. James Baxter er også ute å går (skipaddlenorway.com) Hans SPOT er oppdatert: http://share.findmespot.com/shared/faces/viewspots.jsp?glId=0yvNoo1RsgJrmHLDqE4R1j6Kq8Ey864Ub
  15. Nødpeilesender mykje brukt? No har eg ikkje oversikt over alle redningsoppdrag eller ambulanseflygninar på Svalbard, men mitt inntrykk er at nødpeilesendar bare har blitt nytta i mindre grad, og då i 'passande' situasjonar. I Svalbardposten er det i alle fall bare referanse til 2stk aksjonar med varsling frå nødpeilesendarar den siste tida. Resten er oppdrag som er blitt varsla med Satelitt-telefon eller på anna vis. Sysselmannen seier også til Svalbardposten 17.04.2009: "– Dette var vårt 38. redningsoppdrag så langt i år, dobbelt så mange som på samme tid i fjor, sier Inge Meløy. Meløy vet ikke om dette skyldes økt turisme eller at været i år har vært dårligere enn i fjor. Han sier at folk som utløser redningsoppdrag, enten ved bruk av iridium-satellittelefon eller nødpeilesender, har hatt grunn til det og at ingen av alarmene er utløst på tull." http://www.svalbardposten.no/nyheter/frostskadde-spanske-skiturister Av artiklane i Svalbardposten kjem det jo også fram at oppdraga har mange forskjellige årsaker: skred, snøskuter-uhell, frostskader,uvær, sykdom m.fl. Ellers i Norge er det gjerne lite omtale ved mange mindre søk/redningsaksjonar, ambulanseflygningar o.l. Dette har nok også ein viss bakgrunn i at det er Luftambulansen som ofte flyr ein del søk- og redningsoppdrag, ikkje bare redningstenesta. På Svalbard derimot, flys Sysselmanen alle former for oppdrag. Det er nok også slik at det blir lagt litt meir merke til på Svalbard, av ein eller annan grunn. Ingen 1-1-2 på satelitt Det er desverre ein utbredt misforståing at det er mogelg å taste 112 på Iridium satelitt-telefoner (og mesteparten av andre satelitt-telefoner). Det er ikkje tilfelle, ingen norske nødnummer fungerer. Hugs difor på å ha eit av nummera til HRS, Sysselmannen, Legevakt eller tilsvarande tilgjengleg (må vera heilt vanleg 8-siffer). Du må også slå 0047 eller +47 foran norske nummer, sjølv om du er i Norge. Enkelte satelitt-operatørar har ein eigen alarmsentral som du kan ringe til. Når det gjeld nødpeilesendarar (EPIRB), så er dette mest utbredt på skip/båtar, få private som bruker dette. Det er vel slik at informasjon om kven som eig nødpeilesendaren ikkje alltid er like raskt tilgjengeleg for redningssentralen, då den ligg i mange ulike databaser (alt etter kor den er registrert). Det er vel også ein del tekniske aspekt, som kan føre til at posisjon ikkje nødvendigvis kjem samtidig med nødmeldingen, slik at aksjonen kan bli forsenka. Varsling gjennom systemet kan også ta litt tid (0-2t). Nødpeilesendar. Nødpeilesendarens store styrke er at den er svært robust, ekstremt påliteleg og enkel i bruk.
  16. Bare for å vise eit eksempel på kva "Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester" kan innebære: Av konklusjonen går det først og fremst fram at (selskaet) hadde manglende internkontroll og risikoanalyse. Selskapet hadde mangelfull beredskapsplan og konkrete kompetansekrav til guidene. http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article547474.ece Dette var også tatt med som ei hovudvurdering i dommen. I den saka er det verdt å merke seg at den stoppa i Tingretten, så tida vil jo vise om ein høgare domstol vil stille seg annleis. Den er også ikkje nødvendivis heilt overførbar til fjellføring- Om du les sjølve dommen er den langt meir oppklarande enn det vesle som er referert i avisa, der er også forholdet mellom komersielle aktørar og frivillige organisasjonar omtala. Forøvrig er det verdt å merke seg at selskapets guider i dette tilfellet var svært kompetente (også dokumentert) etter det eg har forstått. Nortind ser fortsatt ut til å hevde følgande: "Norge er i dag ett av svært få land i Europa som ikke stiller noen krav til de som vil selge aktiviteter som innebærer risiko i fjellet." Det er då lite logisk å skrive: "Ved en eventuell rettssak etter ulykke må vi regne med at normer og retningslinjer fra organisasjoner som NF, NORTIND og NKF vil kunne ligge til grunn for vurdering av om kravene i produktkontrolloven er innfridd." Eksempelet ovanfør viser vel at det faktisk i stor grad stilles krav.
  17. Det fungerer ikkje å skifte nick/namn i profilen, så det må bli gjort manuelt av administrator Ta kontakt med [email protected]. Mvh, Ragnar Fjellforum
  18. Markere på kart? Kva med å teikne inn ein del skredutsatte område på kartet? På samme måte som skredkartet som NGU har laga for forsvaret, og som for eksempel dekker Tromsø og Lyngen. Eg tvilar på at dette kartet er særleg kjent eller brukt av toppturfolket. Det hadde vore noko heilt anna om det vart trykt på vanlege turkart, då hadde ein i alle fall markert enkelt og greit kva for område som er skredutsatte. Eg meinar på ingen måte at dette skal erstatte god skredkunnskap, utstyr, etc, eller at ein ikkje skal kunne kjøre på ski i "raude" område. Men eg har litt tru på at det vil sette ekstra fokus på å ta nødvendige forhåndsreglar, vera spesielt observant ved utsatte punkt og hjelpe til litt i forhold til eigne vurderingar undervegs. Ein del skisenter har jo laga samme type kart, og passer på at dei er godt synlege slik at alle burde vite kor det eventuelt er mogleg at det går skred (også langt utanfor løypene). Eg kom over NGI sine ulykkesrapportar om snøskred: http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2003.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2004.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2005.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2006.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2007.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2008.pdf http://www.ngi.no/upload/Sn%C3%B8skred/Ulykkesrapporter/ulykker2009.pdf Her er det bare ulykker med fatal utgong som er blitt tatt med. Mykje bakgrunnsinformasjon om skred her: http://www.skrednett.no/ Forsvarets skredkart: http://www.ngu.no/kart/skrednett/?map=Forsvarets%20sn%F8skredkart (nyttig for planlegging) Forøvrig: Eg håpar verkeleg at Luftransport snart får bruke redningsheisen ombord i sine Luftambulanser: http://vol.no/nyhet.asp?F=A&N=24298 No skal eg vera svært forsiktig med å kome med noko døme, men det er vel hendingar nokre dagar etterpå som understreker behov som kan oppstå. Her skal partiet til den omtalte ordføraren har ros for at dei faktisk har tatt opp saka, om ein noko seint. Alle Luftambulanser som flyr i Norge idag kan bli utstyrt med rednignsheis, men det er nok mest aktuelt i Nord-Norge.
  19. Eg tykjer Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap utalar seg ganske klart: "Som det fremgår av våre skriftlige redegjørelser overfor forskjellige bransjeaktører innebærer virksomhetsansvaret under produktkontrolloven § 3, jf. internkontrollforskriften § 5, en særlig aktsomhets-/kunnskapsplikt. I lys av dette må blant annet krav til nødvendige kvalifikasjoner vurderes konkret og ut i fra arten av tjeneste og variasjoner innenfor denne, se også produktkontrolloven § 3b, der det gis anvisning på relevante (men ikke uttømmende) vurderingstema for oppfyllelse av nødvendige sikkerhetskrav." Og vidare: "Det er ikke vedtatt særlige forskriftregeler for fjellklatring, fjellføring, brevandring og lignende, men den særnorske forskrift om systematisk helse-, miljø og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) stiller krav til løpende sikkerhetsarbeid, herunder krav til avklaring av nødvendig kompetanse, til opplæring, fordeling av arbeidsoppgaver, ansvar for risikovurderinger, iverksetting av risiko- og konsekvensreduserende tiltak m.v. At det ikke gis spesifikk krav, innebærer ikke at den kan tilbys forbrukertjeneester fra tilbydere uten tilstrekkelige kvalifikasjoner, men at tilbyder selv er ansvarleg for for å vurdere og etablere tilstrekkelig kvalifikasjonsnivå ut fra en lovpålagt særleg aktsomhetsplikt. Dette innebærer forutsettningen om fagkunnskap så vel som kunnskap om metoder for risiko- og sårbarhetsanalyse og forebyggende og beredskapsmessig arbeid. Direktoratet er kjent med Norsk Fjellsportforum (NF) og Nasjonal standard for instruktører, fører og kursarrangerer av risikofyllte forbrukertjenester og DSB hadde blandt anne møte med NF under utarbeidelsen. http://nortind.no/images/stories/Nortind/diverse-nyheter/dsb_side_1.pdf http://nortind.no/images/stories/Nortind/diverse-nyheter/svar-dsb.pdf (mine uthevingar) I mine innlegg, så vil du raskt sjå at eg har vist til Direktoratets utsagn om kva som er gjeldane norske reglar. Som det blir påpeika, sjølv om det ikkje er ei særleg forskrift for akkurat fjellklatring eller fjellføring, så er det absolutt krav om kvalitet,kvalifikasjonsnivå, risikovurdering, aktsomheitsplikt med meir. Slik eg har oppfatta det, meiner Nortind (eller ein del av medlemmane av nortind) at dette regelverket ikkje er godt nok, underforstått å ENDRE på det? Ein må jo uansett halda seg til dei lovane og reglane som gjeld, det er jo det sentrale. Arbeidet som aktørane gjennom Norsk Fjellsporforum utfører, synes eg er både fornuftig og bra. Eg ser ingen problem med å prøve å innføre ei brei bransjenorm, standardisere kurs, fremme tryggleiksarbeid med meir. På sikt blir det kanskje mogleg at NF-standarden blir tatt inn i regelverket. http://www.fjellsportforum.no/ http://www.fjellsportforum.no/files/NF-Standarden/Nasjonalstandard2009.pdf Andre Horgen sin kronikk har blandt anna bakgrunn i det som skjer i Sverige. Svenska bergsguideorganisationen, motsvaret til Nortind og IFMGA/UIAGM sin medlemsorganisasjon i Sverige, har i fleire år hatt ein kampanje for å få det offentlege Konsumverket (tilsvarande vårt Direktorat for Samfunnsikkerhet og Beredskap) til å innføre strengare reglar for brevandring og ferdsel i bratt terreng. Og då ved å innføre IFMGA/UIAGM "Code of conduct", slik som i alpane. Konsumverket har frå 1.oktober 2008 vedtatt dette: http://www.konsumentverket.se/Documents/kovfs/2008/Kovfsar2008/Kovfs_2008_5_Glaci%C3%A4rs%C3%A4kerhet.pdf Kort oppsumert betyr dokumentet følgande, slik eg ser det: 1) Næringsdrivande og andre som driv organisert aktivitet på breer eller i høgfjellet der det er ein særskild fallrisiko, blir pålagt å bruke ein godkjent guide. Dette gjeld også organisasjonsformer som driv utan kommersielt tilsnitt 2) Denne guiden skal vera UIAGM/IFMGA godkjent eller tilsvarande Høgfjell med fallrisiko referer til noko slikt som klyving/forsering av utsatte punkt (bruke både hender og føtter) ("Råd" i denne samanhengen kan ha ei langt strengare meining. Utan at eg har sjekka kva slags juridiske implikasjonar det medfører i Sverige, reknar eg med at det må bli meir forstått i rettning av ei presisering til ei forskrift. Derav også i praksis eit krav ein må følge, men at det kanskje er ope for visse tolkningar og tilpassningar. Korriger meg gjerne om eg tar feil) Edit:skriveleif
  20. Her er vi nok ganske ueinige. Både ein lærar frå ein skule, ein turleiar frå ein frivillig organisasjon og ei kommersiell bedrift har til dels ganske så samanfallande arbeidsoppgåver. Ein skule er ikkje bare ein grunnskule om ein legg ein vanleg forståing til grunn (folkehøgskular, høgskular, univesitet etc). Min påstand er at både skular og frivillige organisasjonar har ein temmeleg stor andel samanfallande aktivitetar med mange førerfirma. Eg kan nevne ting som opplagt overlappar: turer i blåis, over snødekka bre, skiturar, isklatring, toppturar i skredfarleg terreng, alpine toppar, klatring, elvepadling, havpadling, turar i arkiske strøk, kiting, segling, hundespannkjøring etc (og den lista kan bli gjort veldig lang). Frivillige organisasjonar har ganske stor spennvidde, det er alt frå klatring på Storen vinterstid, til bålbrenning i nordmarka. Ikkje gløym fjellsportlaga, studentforeningane, klatreklubbane etc, her er det mange. Når det gjeld deltakarar så kan det vera litt forskjell til tider, men også her meiner eg det er meir samanfallande enn det blir kommunisert. Eg håpar verkeleg å sjå statistikkar på kort stort marknad som ikkje overlappar i Norge, om den no er laga ei slik oversikt. Er ikkje tjenestene i norge regulert av lov? Eg ser ikkje at det skulle vera dekning for å ymte frampå at det ikkje er krav til kommersielle kurs eller kommersiell fjellføring i Norge. Akkurat korleis den aktuelle lova/forskrifta blir fulgt opp, er opp til den enkelte. At det er forskjell på alpeland og Norge, er ikkje omstridt, men det er ikkje dimed sagt at den trengs å endrast. Som påpeika, er det store forskjellar. Norge har også lite føring som burde kunne forsvare minimum 3års formell utdanning etter mi meining. Om kommersielle bedrifter vil lage sin eigen bransjenorm, så har eg ingenting imot dette (og det er jo ganske vanleg). Det blir straks meir problematisk for min del, når ein tilsynelatande samtidig ynskjer å endre lovverket (Det blir oppfatta slik av meg - men korriger gjerne)
  21. Ja, det er ikkje uvanleg at kvistinga gjerne skjer ei veke i forkant, eller i det minste nokre dagar før oppsatt dato
  22. I følge DNTs løypekart er ikkje ruta Haukeliseter-Sandhaug kvista før til påske: Alle rutene på kartet er merket i påsken fra og med 4. til og med 13. april 2009. De rutene som er merket lengre enn i påsken er listet opp nedenfor. http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/Vintermerking%202009%20(datoer).pdf Alle ruter som ikkje er spesifikt blitt nevnt i oversikta, kvistes altså ikkje før til påsken. Kvistekart og forklaring 2009: http://turistforeningen.no/article.php?ar_id=6617 Det er verdt å understreka at store deler av rutene i fjellet kun er merka til påsketider. Finse-Sandhaug er kvista frå 06.03.2009 ifølge samme oversikt. Er du heldig kan det tenkast at det på denne tida er scooterspor/oppgått spor Haukeliseter-Hellevassbu.
  23. Eg synes dette det var ein god kronikk frå Andre Horgen der det reises interessante spørsmål. Det er heilt klart at det er sterke krefter i sving for å prøve å forandre systemet i Norge. No går ikkje det bare på tilrettelegging av utsatte passasjar, men vel så mykje på kor store formelle krav det er til å vera ein fjellførar, turleiar og liknande. Her er det tydelegvis nokre som meiner komersielle hensyn bør gå foran tradisjonelt friluftsliv, at ein må vera internasjonalt godkjent guide for å ha med seg ei gruppe på fjellet eller over ein bre. Eg håpar vi unngår slike tilstandar. Det er sterke tradisjonar i Norge for å velge turar etter evne, sjølv med grupper. Det er også ein sterk tradisjon med frivillig å vera turleiar i turistforeningen/turlag og tilsvarande, noko som vel ikkje er særleg utbredt i typiske alpeland som Nortind gjerne ynskjer å samanlikna seg med. Det er svært beklageleg om ein skulle miste slike tradisjonar, og gå for eit regelrett proffesjonelt friluftsliv. Det kan fort bli slik, om ein fortsett på den tankegongen som Horgen tar opp i kronikken. Eg har heller ikkje inntrykk av at dei førararne og guidane som opptrer i Norge idag, skulle vera uansvarlege, heller det motsatte. Når det gjeld ulykkestatistikk har eg ikkje fått inntrykk av at den er høgare eller lågare enn i samanliknbare land, men korriger meg gjerne. Svaret på kronikken frå Nortind, er slik eg ser det, ikkje særleg oppklarande om kva dei eigentleg meiner. Dei få svara som blir gitt, er til de grader pakka inn. Eit lite utdrag frå nortinds nettsider: "Kravet fra myndighetene som stilles til de som skal arbeide med tindevegledning er høyere i alpelandene enn i Norge. Dette kan sees på som et problem slik Horgen gjør, eller en kan velge å se det som en ressurs for hele fjellsportmiljøet slik vi gjør det (...) NORTIND står for den samme kvaliteten i sin kvalifisering som for eksempel Tyskland, Frankrike og Sveits (...) Det skal naturligvis heller ikke være slik at de fjellføringstjenestene som tilbys i Norge skal ha lavere kvalitet enn i EU (....) De som tar ansvaret for å ta med deltakere i utsatt og krevende terreng må vi stille krav til." Dette kan vel på ingen måte tolkast annleis enn at Nortind/IFMGA ynskjer å heva kravet generelt i Norge tilsvarande nivået i Alpeland, og underforstått Nortinds/IFMGAs sertifisering av fjellførarar på dette feltet. Det kan fort føre til ein slags monopol for godkjenning, all den tid det bare er ein IFMGA representant pr land. Sjølv ei ordning med fleire som godkjenner, vil såpass høge formelle krav fort føre til eit de-facto monopol for Nortinds førarar, i alle fall på kort sikt. Forøvrig er det jo interessant at ein ynskjer å endre på dette no. Tradisjonen i Alpene, med UIAGM/IFMGA-familien, og i Norge er ganske forskjellige. Det er ingenting nytt i dette, slik sett kunne vi gjerne ha hatt denne debatten i 1990. Andre Horgen skriv i kronikker på utemagasinet.no "Vi trenger ikke å se lenger enn til Sverige for å skjønne hva NORTINDs ambisjoner er, nemlig monopol på å tilby ”risikofylte forbrukstjenester” på fjell og bre. Jeg vil i den sammenheng advare mot å gi en relativt liten organisasjon som NORTIND all makt i fjell- og bre-landskapet. Ved å gjøre noe slikt vil man sparke ben under svært mye av den allerede trygge og gode virksomheten som foregår rundt omkring i fjellheimen og på breene. Leirskolelæreren som tar med seg skoleklassen sin på bretur på en utmerket, trygg og god måte, må plutselig hyre inn en internasjonalt godkjent tindevegleder til å gjøre jobben, til tross for at han selv er breinstruktør etter Norsk Fjellsportsforums nasjonal standard. Det faller på sin egen urimelighet." Her reiser Horgen det mest fundementale spørsmålet. Skal verkeleg ein folkehøgskule, ein leirskule, eit fjellsportlag mv måtte leige inn ein oversertifisert guide for ein bretur, tinderanglingstur eller skitur der dei sjølv innehar kometanse på høgt nivå? Det største marknaden er kanskje på slike lettare turar, der den som er instruktør ikkje burde trenge ein 3års utdanning. Nortinds argumentasjon fører fort til at det kan bli slike tilstander i Norge, om ein kanskje det ikkje det var meininga i utgangspunktet frå organisasjonen. Kva er problemet med dagens ordning? Kan Nortind vise til noko statistikk eller undersøkelse som skulle tilsei at tryggleiken ikkje er vel så god som i "Alpeland"? Ein stor risikofaktor er jo faktisk å auke mengden av føring, det er tross alt ein del faktorer som ikkje særleg lett lar seg kontrollere. Eg noterer meg at forøvrig at Nortind ikkje svarer på dette med monopolstilling på ein seriøs måte. Kvifor ikkje imøtegå IFMGAs svenske organisasjons praksis/haldning? Har Nortind ingen meining om det som skjer i den svenske fjellheimen? Forøvrig er Nortind på kollisjonskurs med Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Nortind hevdar vidare på nettsida: "Uten formelle krav til hvem som kan tilby høgfjellsføring i Norge blir vi et rent dumpingland. De som ikke er kvalifisert for å tilby førings og opplevelsestjenester i resten av verden, kommer til oss. Utenlandske såkalte ”førere” med manglende formell og reell kompetanse kan per i dag arbeide tilnærmet fritt i norske fjell." Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) skriv i sitt svar: "...men redegjorde per e-post for norsk regelverk i produktkontrolloven og tilhørende internkontrollforskrift og konkluderte med at Norge allerede har et regelverk som beskytter mot ”dumping”. Vår redegjørelse var generell, men også en respons i forhold til en umiddelbar forståelsen av Nortind sin beskrivelse i vedlegget, som ble forstått som en anbefaling av å legge IFMGA-standarden til grunn." Om Nortind har tenkt å bidra til ein sakleg debatt, så får ein då også underbygge påstanden om at det skulle vera nødvendig å endre på krava. DMB bemerker også at det innanfor EU ikkje er ein felles standard for krav til sikkerhet ved forbrukertenester, noko ein nesten for inntrykk av på nettsidene til Nortind.
  24. Som ellers, når du sjekker vêrmeldinga på yr.no: sats på at det er tekstvarselet når det gjeld vind på fjellet. Simuleringen som gjer time-for time varsel og fleirdagers detaljvarsel tar ofte feil når det gjeld vindstyrken, må legge på minst "1 vindstyrke" når du går i vindutsatt terreng (slik som ein topp, eit skar, høgfjellsområde etc). Eksempel, tekstvarsel: Søndag og mandag: Helgeland og Saltfjellet: Sørlig frisk bris 10 m/s, mandag morgen dreiende vestlig. Litt sludd og snø, til dels regn på kysten. Mandag ettermiddag økning til nordvestlig liten kuling 12 på kysten. Snøbyger. På kysten regnbyger, senere snøbyger. Detaljvarsel Varsel for Øvre Fiplingvatnet mandag 23.02.2009 Morgen kl 6 – kl 12 Snø. Lett bris, 3,5 m/s fra sør-sørøst. 1 mm nedbør. Dagtid kl 12 – kl 18 Snø. Lett bris, 5,2 m/s fra vest-sørvest. 2 mm nedbør. Kveld kl 18 – kl 24 Snø. Laber bris, 6,5 m/s fra sørvest. 2 mm nedbør. http://www.yr.no/sted/Norge/Nordland/Grane/%C3%98vre_Fiplingvatnet/ Mi vurdering av eit slikt varsel: Eg ville ha forventa opptil frisk bris 10m/s-12m/s, ikkje 3,5m/s - 5,2m/s. Dette er jo avhengig av lokale forhold, men eg har ialle fall erfart at det stemmer i mange tilfelle. Sidan det er meldt snøbyger, kan det gjerne blåse i periodar rundt dette, men også vera meir rolege tider. Vel så interessant er sikta, dette varselet seier lite om dette, men ville ha foventa moderat dårleg sikt til tider i bygene, men gjerne opplett mellom. Rekn med overskya vêr. I dette vêret ville eg ha gått om terrenget var nokonlunde enkelt eller at eg var kjent. Alpinbriller/stormbriller vil du få brukt for om vinden og snøen kjem imot. Eg håpar veldig på at Metrologisk institutt og yr.no snart forstår at brukarane vil ha bedre vindvarsel. Det er etter det eg kjenner til svært enkelt å plukke ut eit anna datasett frå modellen, slik at du også kan få ein vindvarsel som er korrekt for vindutsatte område (velge verdien for 50m over bakken til dømes). Då kunne ein ha fått to vindstyrker: 1 for dalstrøk/lite utsatte område 2: for høgfjell og utsatt område.
  25. Litt info i denne tråden også: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7519 Forøvrig bra at dette temaet dukker opp innimellom, diverre ser det fortsatt ut til at det er lite fokus på masker i sportsbutikkar som sel vinterutstyr. Burde jo vera lurt å foreslå dette når du kjøper alpinbriller, votter, luer eller fjellski? Balaclava/skjerf/hals etc fungerer godt til å dekke ansiktet på litt kalde dagar, særleg om det ikkje bles så alt for mykje. På dei verkeleg kalde dagane (med vind) er det fint med ei skikkeleg maske. Det treng forsåvidt ikkje vera så kaldt i temperatur viss det er vind eller snø i lufta, -10 med liten kuling og snø i mot er verkeleg kjøleg. Sjølv nyttar eg stort sett ei halvmaske av windstopper med frontdel av neopren (merke Gator). Akkurat kva som passer best er nok litt individuelt. Eg synes også reine neoprenmasker er lit mindre komfortable, men det gjer nytten den også. Har ikkje prøvd reine masker av windstopper. Det er viktig å passe på at det ikkje er ei glipe mellom maska og brillene
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.