Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

3 Neutral

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Var sjølv nyleg ute å gjekk dette strekket og forholda er brukbare (19-21des). Imidlertid var føret, og vêret, slik at det ikkje gjekk særleg fort. Vi starta på ettermiddagen frå finse og gjekk 3 timar til det vart mørkt, dagen etterpå brukte vi så 5-6t til Krækkja. Når det gjeld mobildekning, er det faktisk ganske bra på dette strekket, men ingen dekning midt på. Basestasjonen på Finse dekker heilt fram til og med Brattfonnvatnet, og basestasjonen på Halnekollen dekker eit lite stykke nord for Drageidfjorden. Det dreier seg om 8-10km mellom desse to stadane som ligg heilt i skyggen. Resten av strekket har frå god til varierenda dekning, og det er sjølvsagt små områder utan dekning (f.eks. lågt i terrenget, eller inne i teltet!). Finse-Krækkja er ca 26km ifølge DNT. Ifølge telenors deknignskart har du dekning heile tida, så kanskje ikkje rart folk trur det er ok å ringe alltid. Men her var det snakk om anna kvar dag, så ikkje heilt urealistisk (men problematisk ved lite framdrift, som i dette tilfellet). Normalt skal du likevel kunne klare å få sendt melding minst 1 gong til dagen på strekket Finse-Kongsberg, men då må du utnytte dekningsområda som faktisk eksisterer. SPOT, satelitt-telefon eller PLB vil vera å foretrekka. Når det er sagt, kan det vera ganske "røft" å gå på fjelelt på denne tida av året. Har noko skjedd, kan det stå om lite tid. Ikkje alle søk-/ redningsaksjonar kan bli unngått, eller bør unngås. Blir terskelen for høg før ein meldar frå, kan det gå meget galt. Her er nokre som kanskje ikkje hadde klart seg, med mindre hjelp vart sendt ut (19-20.des): http://www.aftenbladet.no/lokalt/1132492/Overlevde_i_soveposer_i_en_snoeskavl.html Mobildekning vart redninga - sjølv om den var variendane/svak (Området dekkes frå Hilleknuten)
  2. Har akkurat gått ein del nede i Dolomitane, inkludert mykje av Alte Vie 1 og 2. På Alte vie 1 tok vi den omtalte alternative ruta på siste dag. Dvs travers over Monte Castello og Monte Caballo. Fabelaktig utsikt. Det var god sti oppover, men merkinga slutta på toppen så vi var litt usikre på ruta vidare. Det var to alternativ vidare: den eine ned ei litt guffen renne eller over ein liten topp og bratt ned frå denne. Vi valgte å gå over den siste toppen og følge "spor" nedover. Det var temmeleg laust og bratt, litt eksponert, men det går greit om du er forsiktig og godt fjellvandt. Anbefales ikkje for folk med høgdeskrekk. Stavar er til veldig god hjelp, hjelm anbefales, samt at det er ein fordel å ta på seg langbukser før ein tar fatt på mange hundre høgdemeter i steinrøysa. Eg ville nok ikkje ha tatt sjansen på å gå ned den ruta i regnvær, det blir nok lett sleipt nedover og fare for å skli. Vi overnatta på den private hytta "Malga fandes grande", Då var det ein passe lang tur over traversen og ned til bilvegen (der det går buss ned til Cortina, eller du kan gå vidare på Alte vie 2). Det er også mogleg å overnatte i den vesle hytta Bivacco Della Pace. Denne hytta ligg nesten på toppen av Monte Castello og står open for dei som ynskjer det, men låg standard (ikkje kokemoglegheit eller vatn). Alte Vie 2 byr på eit par stadar med wire, Via Ferrata grad 1A. Dette er på ruta mellom Rif. Novolau og Passo Giau. Om du er stø på foten kan dette bli gått utan utstyr, moderat bratt. I ei regnbyge og med tunge sekker var det eit par litt utsatte passasjar syntes vi, men stort sett greit. Når ein går Via Ferrata, eller ruter med wire, er det fordel med hanskar, for eksempel sykkelhanskar. Ein må også hugse at Via Ferrata med tung sekk, er noko heilt anna enn med ein liten dagstursekk. Reint generelt betyr "Bare for erfarne" at det er ein meir røff sti, men akkurat kor vanskeleg det er, varierer veldig. Nokre stadar var det veldig lett, medan andre stadar temmeleg luftig og smalt. I alle fall var det rimeleg utsatt på veg opp mot Pelmo fjellet, like ved Rif Venezia, og den stien har samme markering som relativt enkle fjellstier. Dei vanlege vandrestiane var generelt veldig enkle, ofte svært lettgåtte. Vi brukte denne boka for informasjon: http://books.google.no/books?id=avgMaXUOwlcC&dq=alte+vie+1&printsec=frontcover&source=bl&ots=1u2m7efo4t&sig=Gncn9WGI2CE9ebJH7kOUDc38PGk&hl=nn&ei=GjSISpX-DdCE-Abf5py7CQ&sa=X&oi=book_result&ct=result&resnum=6#v=onepage&q=alte%20vie%201&f=false Se side 38 for Monte Castello.
  3. Ja, det er på sin plass å minne stortingspolitikarane om den håplause kartpolitikken. Kva er essensen i å frigje metrologiske-, geoglogiske- og alt av "natur"-data, men tviholde på at det skal vera full betaling for geografiske data? Statens inntekter frå lisensar på kart, er minimal (rundt 2 millionar sitt dei igjen med kvart år, om eg hugsar rett. Då kjem ein del administrasjon i tillegg). Det er visse krefter i Statens Kartverk og Norsk Eiendomsinformasjon som strittar imot, etter det eg har høyrt. Resten av bransjen er regelrett fortvila over situasjonen. Kartinformasjon i Norge er mykje dyrare enn i naboland, med dei følger det får for næringsverksemd og konkurranseevne. Den forrige regjeringa hadde moglegheit til å gjera noko med spørsmålet, men unnlot (med høyre i spissen). Denne regjeringa tok tak i problemstillinga i 2007-2008, men ombestemte seg på grunn av motkreftene i Statens kartverk. Det er indikert at ein skal sjå på saka til hausten - så det gjeld å presse på for å få prioritert denne saka. Dette er ikkje eit partipolitisk spørsmål i utgangspunktet, alle dei nåverande parti har eit ansvar for dagens ordning. Til dømes kunne dette ha blitt endra ved budsjettforlik, alle parti har bidratt i slike dei siste 15 åra (Både Høyre, AP, SP, V, KRF og SV har vore i regjering i samme periode, medan FRP har vore støtteparti i fleire omgangar). Poenget er at geodata er eit ikkje-tema på stortinget, uavhengig av partigrenser. Det tok mange år før det vart fart i sjøkart-produksjonen igjen (etter ulykker og nestenulykker). Farvatnet rundt Svalbard er vel framleis ikkje fullstendig målt inn med moderne teknikkar... Lisensiering Det betales både for å ha tilgang til data (pr år) og for kvar enkel visning. Det skilles ikkje mellom professjonell og privat bruk, satsane favoriserer sterkt dei større selskapa, som får enorme rabattar (langt under 1øre pr visning for dei store vs 10 øre for mindre kundar). Det er komplett umogleg for oss på fjellforum å ha kartverk her, det er snakk om rundt 100.000 kr i ÅRET + 10øre betaling pr viste utsnitt + mva (dette gjeld vektordata, dvs slike enkle kart som vises på Norgesglasset). Det tydar at ein enkelt brukar, som "zoomer" og flytter seg rundt i kartet, ville kunne koste fleire kroner i løpet av nokre minutt. Eller at ein enkelt diskusjonstråd med kartutsnitt kan koste fleire hundre kroner (1000 visninger = 100 kroner) i løpet av nokre dagar. Difor er det svært få som nyttar slike kart på nett, det er rett og slett for dyrt (også for bedrifter). Norge Digitalt Dei som stort sett brukar Statens Kartverks produkter på nett, er medlem i samansluttningen "Norge Digitalt". Dei slepp då unna mesteparten av utgiftene og betalar ein symbolsk sum. Dette gjeld alle statlige etatar, kommunar m.fl., samt utvalgte private verksemder. Telenor er medlem og treng ikkje å betala for kartgrunnlaget dei nyttar for sin applikasjon "Cellvision", eller for dei mange interne systema som nyttar terrengmodellar og kartdata. NRK har vurdert å bli medlem for å sleppe unna betaling for sin kommande portal. Turistforeningen er medlem allereie. Statskog kan reklamera med slagordet "Norges beste kart?" på Godtur.no utan vederlag pr visning (for all del: ei bra side og godt initativ). Det er stengt for alle andre å bli medlem...Les meir: norgedigitalt.no Mitt klare råd er: Enten ta vekk Statens kartverk sine produkt frå Norge Digitalt, eller frigje slike data for alle. Konkurransefordelen er uhaldbar idag. Statens kartverk sit forøvrig på alle rettar for ukommersiell bruk og kunne ha frigitt dette under vilkår om nettop slik bruk. Kartverket med nytt online-kart Statens Kartverk har brukt Opensource-miljøet og laga ein Openlayer-versjon av Norgesglasset: http://www.geonorge.no/cachedemo/demo?app=/geonorge/cachedemo/sk_stort.html . Praktfullt med 5 meters ekvidistanse og fullstendig vektorkart over det heile, ikkje den dårlege Java-koden. Forøvrig vises jo litt av stemningen i Statens kartverk for tida om du ser på "source".
  4. Heisann! Gratulerer med flott tur. Kor lenge lot du SPOT-boksen ligge ute for sending? Var det noko spesielt dei dagene meldingane ikkje kom gjennom: Kaldt, skog, høge fjell etc? Tviler på at batteriet skulle påvirke utsendingen. I så fall må det vera at den slår seg av under sending?
  5. No er det vel ingen godkjenningsordning og dermed utelukkande kva som blir kreditert og akseptert i miljøet. Turen til Ousland og Kagge er til dømes kreditert av dei aller fleste som den første unsupportet til Nordpolen. Men det eksiterer også ein del private nettstader der det blir påstått det eine eller det andre. Gjerne uten å sjekke kjeldene godt nok
  6. Verkeleg bra at det har kome fleire webkamera på plass! Dette er nok resultatet av breibåndutbygginga rundt om i distrikta. Til og med Sognefjellet/Krossbu har fått eigen wimax-sender (Eidsiva BB) - imponerande med kamera på Songefjellshytta. Kamera ute av drift og som nok kjem tilbake igjen: Tynholmen Tyin Panorama Håper dei andre betjente turisthyttene også kan skaffe seg webkamera snart: Krossbu Leirvassbu Gjendesheim (Gjendebåtane har rett nok eit dårleg kamera på gjende.no) Memrubu Glitterheim Bygdisheim Dei aller fleste av disse har både straum og god tilgang til internett. Faktisk er det vel nesten slik at det utelukkande er bygd dekning for nokre av desse turisthyttene - ein heilt eigen wimax sender for at Memrubu, Leirvassbu etc skal få internett!
  7. Lysebotn-Haukeliseter er ein veldig fin tur! Terrenget er variert og kuppert. Til Lysebotn kan du ta båt frå Stavanger dagleg. Du kan eventuelt ta drosje opp eit lite stykke frå Lysebotn, til dømes til Nilebudammen, og sågar båttransport heilt fram til hytta om du vil. Så rulse vidare til Haukeliseter. Fleire alternativ og du kan gjerne gå utanom t-stien til tider om du er stødig på kart og kompass. Eksempelvis Lysebotn/Nilsebu - Eidavatn - Storesteinen - Hovatn - Vassdalstjern - Krossvatn - Mostøl/Bleskestadmoen - Holmavatn - Haukeliseter. Du kan hoppe over ein del av hyttene, og med ei veke burde det vera grei nok tid. Det burde vera greit nok utfordringar. Det er merka sti, men relativt lite trafikk så følg med på kartet. Nokre elver må vadast, men vanlegvis ingen store problem. I høgden kan det vera bra med snø til lagt ut på sommaren, dette gjeld særleg rundt Blåsjø. Frå Haukeliseter er det ekspressbuss mot Oslo fleire gonger pr dag. Alternativt Lysebotn-Litle Aurådal - Storesteinen - Hovatn etc. Ikkje rekn med for mange kilometer pr dag i slikt terreng. Det går mykje "opp og ned"!
  8. I) Slik er det idag i forhold til økonomiske ansvarsforhold, så reguleres av lokalt lovverk i den enkelte stat med mindre dette er avtalt ein internasjonal traktat. Det er også mogleg å krevje garantier for beløp, til dømes krev den danske stat garantier for ferdsel på Grønland, den norske stat garantier på Svalbard osv. Tibet og Nepal krev ikkje slike garantier, det får vera opp til dei. Den norske stat har ingen slik juridisk innflytelse for utanlanske forhold og eg kan vanskeleg sjå poenget med ein slik kontrakt. Truleg vil den ikkje vera gyldig ut over å gje informasjon. Einaste untaket blir kanskje for Antaktis, pga traktatens bestemmelser i forhold til lovverk for statsborgerens heimland. II)Det blir spekulasjon. Eg har ikkje sett at Svergie har mista særleg diplomatisk kapital av sin manøver. Forøvrig kan eg vanskeleg sjå at ein ikkje skulle kunne forsvare bruken av betydeleg diplomatisk kapital ved ein redningsaksjon om det skulle vera nødvendig. Dette er uansett ein liten sak. Det er også eit godt høve til å vise at ein ikkje er særleg glad for den kinesiske politikken generelt på dette punkt meiner no eg. Ifølge VG har Utenriksdepartementet sikra seg eit helikopter i beredskap (i Nepal) slik at eventuell evakuering kan skje straks tillatelse blir innvilga.
  9. Det må vera eit ufråvikeleg prinsipp at ein prøver å hjelpe alle i nød, sjølv om det ikkje nødvendigvis er ein "rett". Såklart må ein ta hensyn til tryggleiken til redningsmannskap osv, slik at det er avgrensningar på kva som er mogleg å få til. Eg trur svært få støtter opp om ein holdning om å ikkje bry seg, sjølv om ein skulle ha utsatt seg for frivillig fare. Kostnadsfordeling og erstattning er noko anna, men dette må i så tilfelle vera i etterkant. Skal det koste å bli redda, får det gjelde alle spør du meg. Det er også slik det blir praktisert dei aller fleste stadar. Den norske stat krev tildømes erstattning ved redningsaksjonar innanfor territoralfarvatnet på Svalbard uavhengig av grunn (med enkelte unntak for lokalbefolkning). Utanfor territorialfarvatnsgrensa på Svalbard, i norsk økonomisk sone, i terretorialfarvatn ved fastlandsnorge og på fastlandet blir det vanlegvis ikkje krevd erstattning. Det koster omlag 300mill kr årleg for Seaking beredskapen i Norge. Mesteparten av dette må ein uansett ha på grunn av internasjonale forpliktelsar, fiskeflåte, handelsflåte, oljeverksemd, suvrenitetshensyn og interesser i økonomiske soner (mellom anna er Norge del av International Convention for the Safety of Life at Sea). Det er beredskap som koster, ikkje sjølve aksjonane. Ein kan ikkje sjå fekk frå dette når ein kommenterer kostnader. ----- Når det gjeld kinesiske myndigheter så er det generelt sett på sin plass å kritisere dei for manglande hjelp under Søk- og Rednigsaksjonar. Dei fleste andre nasjonar tillet flygning ut over det som er vanleg i slike situasjonar (for eksempel Nepal). Det er ein oppgave for UD å legge diplomatisk press for å dette til i slike situasjonar. Det kan nevnast at Svensk UD i ein tilsvarande sak klarte å få fly-tilatelse av kinesiske myndigheter, eg har vanskeleg for å sjå at UD ikkje burde kunne oppnå det samme. Når det gjeld risikoen med å fly helikoptre til Basecamp og ABC, så er den ikkje spesielt stor slik eg forstår det. Det er fleire private operatørar basert i Nepal som jamleg opererer i slike høgder, og som kan påta seg oppdraget. Eg nevner Nepal Helicopeter Charter (MI-17) og Fishtail pvt Ltd (AS-350B3), som begge opererer til høgder over 5000meter. Kostnaden med ein slik aksjon får ein ta i etterkant, men det er ikkje snakk om store summar, 5-6 flytimar.
  10. Det er fint å gå frå Preikestolen til Kjerag, men det er ein lang tur! Stavanger Turistforening har merka ei rute rundt heile Lysefjorden, med fleire aktuelle overnattingsplassar, sjekk http://stavanger-turistforening.no Eg ville nok ha lagt inn nokre ekstra dagar, gjerne 3-4 totalt for turen du skisserer F.eks. Dag1: Preikestolhytta-Preikestolen - Bratteli - Sognesand. Dag2: Sognesand-Lysebotn. Dag3: Lysebotn-Kjerag-Øygardstøl. Frå Lysebotn er det mest praktisk å gå langs vegen til Øygardstøl. Imidlertid går det buss Lysebotn-Øygardstøl 1-2gg pr dag, det er også taxi-tjeneste Det er også andre altenrnativ, du kan f.eks gå til Bratteli eller Sognesand og ta båten over til Flørli og gå til Kjerag derfrå. Flørli-Kjerag-Øygardstøl er ein lang og fin dagstur med kjempeutsikt (også Norges lengste trapp). Det er også fleire turisthytter som er aktuelle, f.eks. på Flørli og Langavatn. Mesteparten er merka turiststier, med nokre unntak. Fint å telte er det også. Eks: Dag1: Preikestolhytta-Preikestolen-Bratteli/Sognesand Dag2: Båt til Flørli, Flørli-Langavatn turisthytte eller Flørli-Kjerag-Øygardsstøl-Taxi til Lysebotn (f.eks. telte) Dag3: evt Langavatn-Kjerag-Øygardstøl-Lysebotn Dei aller sprekaste har klart Lysefjorden rundt på rundt 24 timar, men dette er temmeleg ekstremt!
  11. Var på Vangsen 3.mai og då var det gode snøforhold. Reknar med du kan kjøre heilt opp no. I nedre del har det nok smelta kraftig, men lengre oppe burde det vera bra.
  12. tsk: kan du bekrefte at det er Statskogs tilknyttning til "Norge Digitalt" som brukes for publiseringsrett til kart?
  13. Kan dette bety at Statens kartverk har opna for å tilby kart også til andre nettstader som er ikkje-kommersielle? Til no har det bare vore vanlige vilkår og det er svært dyrt (typisk over 100.000 pr år om vi skulle ha brukt det på fjellforum)
  14. Følger også med på NPL-turane i år. Fredrik Duun har tidlegare rapportert problem med SPOT Messenger i bloggen. Skal bli interessant å få innsikt i kva problemet skyldes (Kan jo hende det er oppstått ein feil på boksen, manglande batteri etc) Forøvrig er det ikkje mogleg for den som sender meldingen å vite om sendinga gjekk gjennom, det er utelukkande 1-vegs kommunikasjon. Særleg i Nord er det nok difor viktig å sende frå opne stadar og la den ligge i minst 20 minutt (melding sendes då fleire gonger). Ved Akkajaure (Ritsem) er det også mobildekning, men ikkje i fjellet ellers (ikkje før du nesten er i Abisko). Området har elles mange scooterløyper/skiløyper, hytter m/hyttevakter (som har telefon) og heilt sikkert ein del trafikk. Frå Akkajaure er det normalt 4-5 dager til Abisko på greit snøføre. Ved vanskelige forhold kan det jo ta lenger tid. James Baxter er også ute å går (skipaddlenorway.com) Hans SPOT er oppdatert: http://share.findmespot.com/shared/faces/viewspots.jsp?glId=0yvNoo1RsgJrmHLDqE4R1j6Kq8Ey864Ub
  15. Nødpeilesender mykje brukt? No har eg ikkje oversikt over alle redningsoppdrag eller ambulanseflygninar på Svalbard, men mitt inntrykk er at nødpeilesendar bare har blitt nytta i mindre grad, og då i 'passande' situasjonar. I Svalbardposten er det i alle fall bare referanse til 2stk aksjonar med varsling frå nødpeilesendarar den siste tida. Resten er oppdrag som er blitt varsla med Satelitt-telefon eller på anna vis. Sysselmannen seier også til Svalbardposten 17.04.2009: "– Dette var vårt 38. redningsoppdrag så langt i år, dobbelt så mange som på samme tid i fjor, sier Inge Meløy. Meløy vet ikke om dette skyldes økt turisme eller at været i år har vært dårligere enn i fjor. Han sier at folk som utløser redningsoppdrag, enten ved bruk av iridium-satellittelefon eller nødpeilesender, har hatt grunn til det og at ingen av alarmene er utløst på tull." http://www.svalbardposten.no/nyheter/frostskadde-spanske-skiturister Av artiklane i Svalbardposten kjem det jo også fram at oppdraga har mange forskjellige årsaker: skred, snøskuter-uhell, frostskader,uvær, sykdom m.fl. Ellers i Norge er det gjerne lite omtale ved mange mindre søk/redningsaksjonar, ambulanseflygningar o.l. Dette har nok også ein viss bakgrunn i at det er Luftambulansen som ofte flyr ein del søk- og redningsoppdrag, ikkje bare redningstenesta. På Svalbard derimot, flys Sysselmanen alle former for oppdrag. Det er nok også slik at det blir lagt litt meir merke til på Svalbard, av ein eller annan grunn. Ingen 1-1-2 på satelitt Det er desverre ein utbredt misforståing at det er mogelg å taste 112 på Iridium satelitt-telefoner (og mesteparten av andre satelitt-telefoner). Det er ikkje tilfelle, ingen norske nødnummer fungerer. Hugs difor på å ha eit av nummera til HRS, Sysselmannen, Legevakt eller tilsvarande tilgjengleg (må vera heilt vanleg 8-siffer). Du må også slå 0047 eller +47 foran norske nummer, sjølv om du er i Norge. Enkelte satelitt-operatørar har ein eigen alarmsentral som du kan ringe til. Når det gjeld nødpeilesendarar (EPIRB), så er dette mest utbredt på skip/båtar, få private som bruker dette. Det er vel slik at informasjon om kven som eig nødpeilesendaren ikkje alltid er like raskt tilgjengeleg for redningssentralen, då den ligg i mange ulike databaser (alt etter kor den er registrert). Det er vel også ein del tekniske aspekt, som kan føre til at posisjon ikkje nødvendigvis kjem samtidig med nødmeldingen, slik at aksjonen kan bli forsenka. Varsling gjennom systemet kan også ta litt tid (0-2t). Nødpeilesendar. Nødpeilesendarens store styrke er at den er svært robust, ekstremt påliteleg og enkel i bruk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.